Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Bør vi tenkje nytt om tryggingspolitikk, Cecilie Hellestveit?

I ei tid med krig i Europa, Nato-utviding, geopolitisk rivalisering mellom stormaktene, energikrise og matpriskrise, må vi tenkje nytt? Kva er det i så fall vi bør tenkje på?

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Bør vi tenkje nytt om tryggingspolitikk?

– Ja, det bør vi. Vi er i ein alvorleg situasjon. Det vil bli rufsete framover. No handlar det meste om Kina og USA, stormens auge er Taiwan. Noreg har hamna i den strategiske periferien. Dette handlar om store strukturelle endringar som eksponerer oss på ein måte vi ikkje er rusta for. Eg går ikkje rundt og fryktar atomkrig eller at Russland skal invadere oss, berre så det er sagt. Det handlar om at vi har ein open økonomi, eit ope samfunn og at vi kan bli ramma av sabotasje mot røyrleidningar eller cyberangrep. I Ukraina fører Russland ein skitten konvensjonell krig. Men dei driv også med cyberoperasjonar. Straumnettet er mål for russiske angrep. Det rammar sivile, men det rammar også militæret, seier Cecilie Hellestveit. Ho er jurist, samfunnsvitar og forfattar av fleire bøker om internasjonal tryggingspolitikk.

– Bør vi tenkje nytt om Noreg? 

– Vi må tenkje nytt om sivil og militær infrastruktur. Vi kan bli ramma av militæroperasjonar. Det er sjølvsagt eit skrekkscenario. Men vi treng å bu oss og ha både brannstige, røykvarslar og sløkkingsapparat. Vi kan kome til å sjå hybride angrep til dømes på røyrleidningar. Vi må ha prosedyrar for handtering av denne typen hendingar. Det gjeld ikkje berre i operasjonsrommet, men også i det offentlege rommet. Dei kan lett bli utgangspunkt for spin om at norske styresmakter er udugelege. Det er lett for andre å utnytte det opne samfunnet og den frie samfunnsdebatten vi har. Dette er vanskeleg tematikk, korleis vi skal balansere omsynet til ytringsfridomen i ei hardare verd.

– Har du eit tips til korleis vi kan halde hovudet kaldt? 

– Sjølvsagt kan Russland og andre makter utnytte og påverke debatten vår. Men å seie at andre nordmenn går Putins, Natos, Kinas eller Fandens oldemors ærend har sete altfor laust den siste tida. Å skulde andre for å vere nokons klakkør eller agent bør takast som eit teikn på at ein er gått tom for argument. Alle resultat kan tene andre makter også. Det er sjølvsagt. Vår oppgåve er å vurdere kva som tener Noreg. Sår vi mistanke og splid mellom kvarandre, kjem vi til å bryte ned tilliten heilt på eiga hand.

– Men vi veit jo at russiske agentar opererer i Noreg? 

– Nettopp, men det er ei oppgåve for dei hemmelege tenestene. Dei har utvida fullmakter til å gjere vurderingar av kven som ikkje lenger er lojale til Noreg. Det er ikkje opp til folk flest å vurdere.

Foto: Erik Hannemann

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar