Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Bør vi tenkje nytt om tryggingspolitikk, Linn Stalsberg?

I ei tid med krig i Europa, Nato-utviding, geopolitisk rivalisering mellom stormaktene, energikrise og matpriskrise, må vi tenkje nytt? Kva er det i så fall vi bør tenkje på?

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Bør vi tenkje nytt om tryggingspolitikk?

– Eg er ein vanleg borgar, ikkje fredsforskar eller tryggingsanalytikar. Mitt utgangspunkt er at folk flest vil leve i fred, utan krig og konflikt. Det er våre søner og døtrer som blir sendt i krigen for å døy og sivile som blir offer i konfliktar. Spørsmålet vi bør stille oss handlar om korleis vi skal få den freden vi ønskjer oss til å vare. I dag har opprusting blitt den nye norma. Det er både forvirrande og fortvilande at ikkje vi vanlege borgarar ikkje er meir sinte og opprørte over det, seier Linn Stalsberg. Ho er forfattar og fredsaktivist.

Bør Noreg ta ei anna rolle?

– Det at vi igjen diskuterer stormakter og stormaktspel, når det store, altoppslukande spørsmålet i vår tid handlar om klima og natur, er fortvilande. Det er trist at vi ikkje klarar å sjå framtida gjennom ei anna matrise. Det er så lite rom for å diskutere Nato, men kva er Nato? Nato har i sine statuttar, som den einaste militæralliansen i verda, at dei kan bruke atomvåpen først. Det må vi kunne diskutere politisk utan at du straks blir skulda for å gå inn for utsletting av Europa. Inntrykket mitt er at det er ein opnare debatt om Nato, og om Nato sine budsjett, i andre land. Eg har diskutert både rasisme og feminisme før, tema som ofte får debatten til å ta fyr. Men dette er noko anna. Karakteristikkar som putinist, idiot, forrædar femtekolonnist og skuldingar om å ikkje vere antifascist sit laust. Eg har hatt nazistar på døra mi før, men denne gongen kjem karakteristikkane frå folk eg hadde respekt for og trudde eg var alliert med. Det er urovekkande når det kjem krav om at folk må miste tillitsverv eller at dei skal miste jobben på grunn av meiningar dei har om Nato.

Har du tips til korleis ein skal klare å halde hovudet kaldt i debatten?

– Eg prøver alltid å vere hyggeleg på sosiale medium. Eg tenkjer alltid at ein ikkje veit kva dag den andre personen har, eller kvar han er i livet. Då er det bra å vere sakleg, sjølv om ein er ueinig.

– Bør vi tenkje nytt om tryggingspolitikk?

– Eg er ein vanleg borgar, ikkje fredsforskar eller tryggingsanalytikar. Mitt utgangspunkt er at folk flest vil leve i fred, utan krig og konflikt. Det er våre søner og døtrer som blir sendt i krigen for å døy og sivile som blir offer i konfliktar. Spørsmålet vi bør stille oss handlar om korleis vi skal få den freden vi ønskjer oss til å vare. I dag har opprusting blitt den nye norma. Det er både forvirrande og fortvilande at ikkje vi vanlege borgarar ikkje er meir sinte og opprørte over det.

Bør Noreg ta ei anna rolle?

– Det at vi igjen diskuterer stormakter og stormaktspel, når det store, altoppslukande spørsmålet i vår tid handlar om klima og natur, er fortvilande. Det er trist at vi ikkje klarar å sjå framtida gjennom ei anna matrise. Det er så lite rom for å diskutere Nato, men kva er Nato? Nato har i sine statuttar, som den einaste militæralliansen i verda, at dei kan bruke atomvåpen først. Det må vi kunne diskutere politisk utan at du straks blir skulda for å gå inn for utsletting av Europa. Inntrykket mitt er at det er ein opnare debatt om Nato, og om Nato sine budsjett, i andre land. Eg har diskutert både rasisme og feminisme før, tema som ofte får debatten til å ta fyr. Men dette er noko anna. Karakteristikkar som putinist, idiot, forrædar femtekolonnist og skuldingar om å ikkje vere antifascist sit laust. Eg har hatt nazistar på døra mi før, men denne gongen kjem karakteristikkane frå folk eg hadde respekt for og trudde eg var alliert med. Det er urovekkande når det kjem krav om at folk må miste tillitsverv eller at dei skal miste jobben på grunn av meiningar dei har om Nato.

Har du tips til korleis ein skal klare å halde hovudet kaldt i debatten?

– Eg prøver alltid å vere hyggeleg på sosiale medium. Eg tenkjer alltid at ein ikkje veit kva dag den andre personen har, eller kvar han er i livet. Då er det bra å vere sakleg, sjølv om ein er ueinig.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar