Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Dyrs eigenverdi heng til avbløding

Apar kan læra teiknspråk og laga reiskapar, elefantar syrgjer over sine døde, ramnar planlegg framtida. Me må tenka nytt om dyra – og om menneska.

Av Oda Malmin                              

Ein grå januardag, mens eg sit og jobbar med denne teksten, tikkar det inn ein e-post frå Dyrebeskyttelsen. «Pelsdyrnæringen er historie!» er overskrifta. Nokon dagar før blei det klart at dei to siste attverande pelsdyrfarmane i Noreg no avviklar drifta.

Morfar min var ein av mange bønder på Jæren som dreiv med mink. Sjølv i dag kan eg framkalla den ramme, harske lukta av ammoniakk, ekskrement, brunst og død. Rommet der bura stod, var mørklagt, ein kunne så vidt skilja liv og rørsle bak nettingen. Men ein trong ikkje sjå dei, for ein høyrde dei: ein kakofoni av ilske, oppspilte pip, kvinande som usmurde sykkelbremser.

Sjølv i dag kan eg framkalla den ramme, harske lukta av ammoniakk, ekskrement, brunst og død.

Då eg var om lag ni år, fekk mor mi tri skinn frå morfar, som ho skulle sy noko til meg av. Eg tok dyrevernsaka i eigne hender og kvitta meg med dei. Den moralske fana var høgt heva, det økonomiske medvitet openbert fråverande – me bada ikkje i pengar. Då, som no, var eg opptatt av at dyr hadde høgare verdi enn det samfunnet tilkjente dei. Men så kan ein spørja seg kor mykje eg respekterte den verdien ved å hiva resten av dei tri minkane som måtte bøta med livet, i bosset.

Kva betyr eigenverdi?

Inntektene i pelsdyrnæringa var små samanlikna med andre delar av landbruket. Kostnadene for dyra som sat innesperra i dei tronge bura, derimot, var enorme. Og det me fekk igjen for det, var ikkje mat, slik ein får frå moderne landbruk, og som for mange fullt ut rettferdiggjer denne utnyttinga av dyr. Gevinsten var pels, eit luksusprodukt – døde kroppar slyngde rundt halsen på rike fruer frå Eiganes, Frogner og Singsaker. Vanlege folk trong ikkje pels, det hadde låg nytteverdi for samfunnet. Dessutan var det noko unaturleg med å halda ville dyr i bur: Rev og mink var ikkje domestisert slik ku og sau var det. Smått om senn vaks avvikling av pelsdyrhald fram til å bli den fyrste store dyrevernsaka i Noreg.

Synet vårt på dyra og kva verdi dei hadde, var i endring. I ei spørjeundersøking frå 1998 svarte heile 41 prosent at dei var einige i utsegna: «Moralsk sett bør dyr ha de samme rettigheter som mennesker.»[1] Sjølv om det er vanskeleg å vita kor mykje dei som svarte, hadde reflektert rundt kva dette i praksis innebar, er det tydeleg at svært mange av oss iallfall i teorien meinte at dyr har krav på høg moralsk status og tilhøyrande rettar.[2]

Kampen mot pels vart den første store dyrevelferdssaken i Noreg. Foto:Unsplash

Dette synte seg òg i arbeidet med den nye dyrevelferdsloven som kom i 2010, der det heiter at «dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker». Men nettopp dette omgrepet, eigenverdi, blei ei varm potet. Dei seier ein ikkje søv godt om natta viss ein veit koss pølser og politikk blir til, men nattesøvnen blir endå verre om ein studerer koss politikk for pølser kjem i stand. For at dyr har eigenverdi, det ser jo fint ut på papiret, men det viser seg at det ikkje var meininga at det skulle bety noko: Då loven blei diskutert i Stortinget, understreka den eine etter den andre at omgrepet «ikke skal tolkes så vidtgående at det kan stilles spørsmålstegn ved normalt husdyrhold slik som vi kjenner det i dag». Landbruksminister Lars Peder Brekk frå Senterpartiet slo fast: «Det vil ikke ha noen dyrevelferdsmessige konsekvenser å ta inn begrepet egenverdi i lovteksten. Begrepet vil kun ha en symbolverdi og ikke i seg selv bidra til bedre dyrevelferd.»

Nesten 100 millionar individ med eigenverdi, redusert til ein grå og raud daud graut – eller svinn, som ein kallar det.

Kognitiv dissonans

Men har dyrevelferda blitt noko betre på dei 13 åra som er gått? Det skulle me få svar på denne våren i ei ny dyrevelferdsmelding, men det arbeidet låg visst ikkje øvst i bunken til landbruks- og matminister Sandra Borch, og det er no forventa at meldinga kjem til neste år. Noko seier meg at dei heller ikkje der kjem til å stilla spørsmål ved om dagens bruk og hald av dyr er i tråd med lovteksten.

For glyttar ein ut over dyreriket her i landet, er det ikkje akkurat eigenverdi som spring ein i auget. Kvart år blir til dømes 3,6 millionar hannkyllingar kverna levande i ein maskin med roterande knivblad, omtrent som i ein blender. Denne praksisen er forbydt i land som Tyskland og Frankrike, men altså fullt lovleg i Noreg. Filosof Arne Johan Vetlesen ser det som eit døme på at kyllingar for dei aller fleste eksisterer som masse heller enn som sjølvstendige individ med eigenverdi.[3]

Heile 58 millionar laks døydde i merdane langs norskekysten i fjor, og når det er for mykje lus på fisken, vedtar Mattilsynet at oppdrettarane må syrgja for lågare MTB – «maksimal tillaten biomasse», det vil seia færre individ i kvar merd. I tillegg kjem reinsefisken: Over 40 millionar leppefisk og rognkjekse blei sett ut i merdane i 2020, og kvar einaste ein av dei døyr. Nesten 100 millionar individ med eigenverdi, redusert til ein grå og raud daud graut – eller svinn, som ein kallar det. Og det er berre den fisken frå oppdrettsanlegga som ikkje blir eten.

Men eta dyr, det gjer me – faktisk et me meir enn dobbelt så mykje kjøtt no som i 70-åra. Dei færraste har likevel lyst til å besøka eit slakteri og få innblikk i koss grisen blir til bacon, slik antropolog Runar Døving har poengtert: Me vil heller ta ungane med på ein koseleg besøksgard og lata som det er slik livet artar seg for dyr på norske gardar, og så snakkar me ikkje så mykje om det som skjer etterpå.[4] Å vera vitne til grisane like før dei døyr, stressa og skrikande, klatrande oppå kvarandre for å sleppa å gå inn den siste gangen mot gassfella mens dei tilsette på slakteriet stikk dei med straumstavar, kan jo verka direkte traumatiserande på oss menneske.[5]

Me har utvikla ein kognitiv dissonans der det at eg et ei pølse i brød på Narvesen, er fullstendig fråkopla at ein gris blir gassa hos Nortura. På den måten slepp me å sjå konsekvensane av eiga kjøttlyst og eigen kultur i auga. Unntaket er jakt, som er rekna som ei meir eteleg, ja nesten edel form for drap. Me kan godt sitta rundt middagsbordet og fortelja om koss elgen segna saman då me skaut han, eller koss du skal bruka kniven gjennom sener og ledd for å komma til flatbiffstykket på hjortelåret. Men begynner nokon å diskutera koss grisane blir gassa, stukne og så heng til dei blør i hel, er ikkje stemninga rundt koteletten like god. Så er det likevel slik at det som ligg på tallerken, er individ med eigenverdi. Det er vedtatt i norsk lov.

Om lag 75 millionar dyr blir slakta kvart år her i landet.

Dagens praksis

Om lag 75 millionar dyr blir slakta kvart år her i landet. Og éin ting er koss alle desse dyra døyr, men endå viktigare er det koss dei har det mens dei lever. Derfor må me snakka om forholda i norsk landbruk. Der tilbringar nemleg forløparane til skinke, servelat og karbonadedeig og produsentane av mjølk, ost og egg heile sitt korte liv, i omgivnader som altfor sjeldan kan definerast som «miljø som gir god velferd ut fra artstypiske og individuelle behov», som det står i loven.

Grisar er svært intelligente dyr. Dei lever helst i stabile grupper, er aktive og rotar i jorda store delar av dagen. Når dei skal føda, trekker purkene seg tilbake og lagar eit reir på ein skjerma plass. I tillegg er dei reinslege og har «latrina» si eit godt stykke unna fellesområdet. Men ikkje i eit typisk norsk svinehald. Der er grisane, som veg opp mot 100 kilo, innestengt i betongbingar heile dagen, stua saman på 80 kvadratcentimeter per gris. Rastlause og utan stimuli et dei halen av kvarandre; ungar blir klemt i hel av den stressa mora fordi ho ikkje klarer å røra seg ordentleg. Mange blir gåande sjuke og skadde utan tilsyn i lang tid, slik me har sett hjarteskjerande bilde av i dokumentarar som Griseindustriens hemmeligheter og frå dei nylege inspeksjonane til Mattilsynet.[6]

Kalvar blir skilt frå mor si like etter fødselen. Det skaper tydelege reaksjonar hos dei begge, og i mange tilfelle store problem og unaturleg åtferd hos kalven.[7] Kua går drektig like lenge som mennesket, og i naturen vil kalven dia hos mora mellom sju og fjorten månader. Det bør ikkje vera så vanskeleg, då, for oss, å setta oss inn i fortvilinga til kua og forvirringa til kalven når dei etter få minutt blir tatt frå einannan, etter nesten eitt år som éin organisme.

I tillegg er det over to millionar dyr – primært fisk, mus og rotter, men òg hund og sau – som kvart år døyr i dyreforsøk som er velsigna av norske myndigheiter. Meir enn 76 000 av desse blei i 2020 brukt i forsøk som kunne gi alvorleg smerte, liding, ubehag og varig skade.[8] Ei anna årsak til liding er skadeskyting på jakt, der dyr blir gåande halvdøde i timar eller døgn, ofte i sterke smerter, før hjartet til slutt ikkje klarer meir. Mattilsynet har kalla det «et dyrevernproblem av stort omfang». Og enno har eg ikkje nemnt rovdyr, sirkusdyr, dyrehagar, fuglesmadrande vindturbinar eller øydelegging av habitat til fordel for industri og hyttebygging.

Dyrevelferd kontra eigenverdi

Det er i det heile tatt svært mykje av dagens praksis – både den lovlege og den ulovlege – som vanskeleg kan sameinast med at dyr har eigenverdi. For eksempla over er skildringar av koss me meiner dyra skal ha det. Men berre det siste året har me lese om tusentals av vanskjøtta dyr – særleg grisar og kyr, men òg hundar, hestar og kattar – som er funne døde eller har måtta bli avliva etter besøk frå Mattilsynet. Besøk som blir stadig sjeldnare, sjølv om tragediane ikkje er færre, for også dette er eit kostnadsspørsmål. På toppen av det heile kjem mishandling i private heimar og annan ulovleg praksis som me berre unntaksvis får avdekt. Eg klarer ikkje å forstå koss nokon med vitet i behald kan ta inn over seg all denne lidinga, og samtidig seia at i Noreg, der har dyr eigenverdi uavhengig av nytteverdien dei har for menneske.

Grisar er svært intelligente dyr. Foto: Stefanie Poepken/Unsplash

Kva meinte dei eigentleg då dei insisterte på å ha med dette omgrepet? Det er ikkje godt å seia, for eigenverdi er ikkje definert eller forklart nærmare i innstillinga til loven frå 2010. Det er visst ikkje nødvendig, for «begrepet egenverdi sammenfaller med dyrevelferdsmeldingens begrepsbruk og antas å være lett forståelig». Dyrevelferdsmeldinga, ja. Der står det at «dyr har egenverdi. Håndtering av dyr skal skje med omsorg og respekt for dyrs egenart. Dette innebærer å ta utstrakt hensyn til dyrs naturlige behov og aktivt forebygge sjukdom, skader og smerte». Men dette er ikkje ein definisjon av eigenverdi, det er ein definisjon av kva som kan reknast som god dyrevelferd.[9]

Formål i seg sjølv

Det står vidare i innstillinga at «departementet er enig i at begrepet dyrevel­ferd dreier seg om hvordan det individuelle dyret har det». Omsynet til dyra skal settast i sen­trum, og «det er lagt vekt på at loven skal være en moderne lov som beskytter dyrene ut i fra faglig viten og med utgangspunkt i hva som er i dyrenes interesse». Det blir slått fast at det på bakgrunn av forsking er «naturlig å anta at dyr kan sanse og føle eksempelvis sult, frykt, smerte, tilfredshet, glede og raseri». Dette er innsikt som kunne ha danna grunnlaget for ein definisjon av eigenverdi, med utgangspunkt i filosofien, der ein i fleire tusen år har diskutert koss eigenverdi heng saman med omgrep som sjel, fornuft, rasjonalitet, smerte, glede, interesser og kognitive evner. Men den koplinga blir aldri gjort.

Og det er synd, for kva eigenverdi er, og kva tyding det har for samfunnet og vår felles moral og etikk, er grundig behandla nettopp i filosofien. Aristoteles laga for 2300 år sidan ei hierarkisk inndeling av verda med menneska på toppen, under der kom dyra, deretter planter og til slutt det som ikkje har sjel – det livlause. Det som skil menneska frå dyra, ifylgje han, er evna til å tenka fornuftig og rasjonelt. Denne posisjonen på toppen inneber for Aristoteles ein naturleg rett til å utnytta alt som kjem under oss i hierarkiet. Så, på 1600-talet, dukkar Descartes opp og seier at berre mennesket har sjel, det finst ikkje noka gradering. Alt anna er dødt og automata – kjenslelause maskinar – og kan behandlast som det.

Om lag 100 år seinare kjem Kant, ein filosof som i stor grad har prega moderne, vestlege tankar om rettar og menneskeverd. Han meiner at fordi menneska (i motsetning til dyr) er fornuftsvesen – i stand til å ta rasjonelle val – gjer det dei til autonome skapningar og dermed til «formål i seg sjølv». Det vil seia noko med ibuande verdi, ikkje til nytte for nokon andre. Ganske samtidig med Kant argumenterer den britiske konsekvensetikaren Jeremy Bentham, rekna som grunnleggaren av utilitarismen, mot vilkårleg misbruk og drap av dyr. Han er kjent i denne samanhengen for linjene: «Spørsmålet er ikkje: Kan dei tenka? Eller: Kan dei snakka? Men: kan dei lida? »[10], og har vore viktig for seinare moralfilosofar som har engasjert seg i dyrs rettar, slik me skal sjå om litt.

me MÅ snart innsjå at mennesket ikkje er aleine her på jorda: Me inngår i eit system, me deler verda vår med fleire.

Eigenverdi kontra instrumentell verdi

Sjølve Bibelen i filosofifaget, Stanford Encyclopedia of Philosophy, skildrar filosofiens syn på dei ulike typane verdi slik: «Den ibuande verdien av noko kan vi kalla den verdien som den tingen har ‘i seg sjølv’, eller ‘for si eiga sak’, eller ‘i seg’, eller ‘i form av eigen verdi’. Instrumentell verdi er det som ikkje er ibuande verdi.»[11]. Dette er reflektert i den norske ordboka, der det står at eigenverdi betyr «indre verdi». Innføringsbøker i filosofi på norsk skil òg mellom eigenverdi og instrumentell verdi. Eigenverdien blir då definert som «ibuande verdi» og forklart som noko som vil fortsetta å eksistera òg den dagen det ikkje lenger er menneske på jorda. Det som har ibuande verdi, treng altså ikkje å tilskrivast verdi frå oss menneske – slik verdi gir uansett krav på moralsk status.[12]

Men som vanleg gjer me som me vil. For den dominerande posisjonen i vestleg tenking og i dei monoteistiske religionane, i tradisjonen etter Aristoteles, har vore antroposentrisk: Mennesket er plassert i sentrum (av gud), og naturen er rekna som ein ressurs me både kan og har rett til å utnytta (helsing gud). Slik er det berre, seier me og trekker på skuldrene. Men dei same religionane, og Aristoteles sjølv, trudde òg at jorda var universets midtpunkt. Så viste det seg jo, slik Copernicus og fleire før han skjønte, at jorda berre var ein liten del av eit stort system – ei sanning som ei maktvaklande kyrkje prøvde å stansa i det lengste, men som enda opp som eit av dei mest fundamentale paradigmeskifta i historisk tid. På same viset må me snart innsjå at mennesket ikkje er aleine her på jorda: Me inngår i eit system, me deler verda vår med fleire. Det er ein realitet, ikkje eit synspunkt.

Andre religionar, regionar og nyare vestlege filosofar har i større grad skjønt dette og fylgjeleg lagt ei heilt anna vekt på verdien til natur og ikkje-menneskelege dyr. Den mest kjente for oss i Vesten er truleg utilisten Peter Singer, som bygger sin etikk mellom anna på nemnde Jeremy Bentham. Singer er både hylla og kritisert, men det er liten tvil om at arbeidet hans har vore banebrytande for koss me ser på forholdet mellom dyr og menneske. Hans utgangspunkt er at dyr er sentient beings – vesen med evne til å oppleva både liding og glede, og at dei nødvendigvis har interesser på bakgrunn av den evna – interesser som må takast omsyn til på lik linje med andre sentient beings, deriblant menneske.[13]

The Great Ape Project arbeider for juridiske rettar for dei store apane. Foto: Simone Scholten/Unsplash

Singer har i snart tretti år drive The Great Ape Project, som arbeider for juridiske rettar for dei store apane – primatar som er meir eller mindre genetisk identiske med oss. Andre stader i verda skjer det liknande arbeid for å heva statusen til ikkje-menneskelege dyr, til dømes gjennom The Nonhuman Rights Project. Sjimpansar, oksar og elefantar har i enkeltsaker i rettssystemet oppnådd juridisk status som personar i land som Argentina, India og Pakistan. Også i Europa er det rørsle: Sveits anerkjente dyr som vesen, ikkje ting, i 1992, og respekt for dyrs rettar blei del av grunnloven i Tyskland i 2002. I Frankrike skifta dyr status frå «ting» til «êtres vivants doués de sensibilité» – «sentient living beings»[14] – i 2014. New Zealand fylgde på året etter, og i 2021 kom den same endringa inn i britisk lov.

Eigenverdi når det passar

Forsking har allereie synt oss at apar kan læra teiknspråk og laga reiskapar, elefantar syrgjer over sine døde, ramnar planlegg framtida, og blekksprutar lagar skjold av kokosnøttskal.[15] Tida framover vil heilt sikkert visa at dyr har eigenskapar som langt overgår det me kan førestilla oss her og no. Dette, saman med ei større erkjenning av dyrs ibuande verdi etter den etiske linja til Singer, må ha som sin logiske konsekvens at me tilkjenner andre artar juridiske rettar og moralsk status på eit heilt anna nivå enn i dag. Kva dyra kan og ikkje kan, er likevel ikkje avgjerande for koss dei bør og skal behandlast. Men det kan vera med på å rokka ved vår forståing av andre artar, og dermed ved vår sjølvutnemnde posisjon som både gud og bøddel.

Verdien me i realiteten tilskriv dyra, er relativ til og avhengig av våre eigne behov til kvar tid.

I Noreg er dyr framleis rekna som ting reint juridisk, men samtidig altså ting med eigenverdi. Og kanskje er det på det juridiske området kampen må stå. Fleire av dei mest ambisiøse forsøka på å tilkjenna dyr vern og verdi skjer, som me har sett, i rettssalar verda over. Då miljørørsla stemna staten for brot på miljøparagrafen i grunnloven i 2019, blei spørsmålet om rettsleg vern av eigenverdien til norsk natur aktualisert for alvor. Det er freistande å spekulera på kva som hadde blitt utfallet dersom paragrafen om dyrs eigenverdi i dyrevelferdsloven blei testa på same viset. Eg trur ikkje dei enorme lidingane som går for seg i statsfinansierte fjøs og laboratorium, i nytteverdiens teneste, vil bestå den prøven. Me har hengt omgrepet eigenverdi opp til avbløding og tappa det for innhald. Verdien me i realiteten tilskriv dyra, er relativ til og avhengig av våre eigne behov til kvar tid. Dyr har eigenverdi når det passar, nytteverdi oftare, men sjeldan trumfar eigenverdien nytteverdien.

Me må stikka trynet i jorda og rota litt i den etablerte sanninga om eigenverdi. For sjølv om vegen til kraftig forbetra tilhøve i landbruk og laboratorium verkar lang og seig, har me sett kva omgrepet kan bety: Til slutt kunne me ikkje forsvara mishandlinga av pelsdyr lenger, og forbydde det. Og kanskje var edle formuleringar om ukrenkeleg eigenverdi mest meint som symbolske, innhaldslause flosklar frå politikarane si side. Men dei hadde heilt rett: Dyr har eigenverdi, og det må få konsekvensar. Me må snakka om kva tyding det skal ha, og kva endringar me må gjera både frå politisk hald, i industrien og som forbrukarar for å respektera det.

Eg trur eigenverdien berre vil veksa seg sterkare framover, same kor mykje landbruket, Senterpartiet og legemiddelindustrien protesterer. Gode krefter er allereie i gang: Aktivistar som Norun Haugen og Nettverk for dyrs frihet, filosofar som Singer, eit verdsomspennande auka medvit om dyrs evner og eigenskapar og utviklinga i lov- og regelverk for dyr og dyrehald, blant anna i EU, dyttar samfunnet i den retninga. Ein gong meinte folk at avvikling av pelsdyrhald var både uynskt og umogleg. Dei tok feil. Tida er moden for eit nytt paradigmeskifte.

Oda Malmin (f. 1987) voks opp i Stavanger og bur i Oslo. Ho er forfattar, sist utgitte bok er Skinliv (Aschehoug 2021). Malmin har også jobba for Arbeidarpartiet på Stortinget og vore politisk rådgjevar for kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Foto av Malmin: Oda Berby/Aschehoug

Notar


[1] Om dyrehold og dyrevelferd, St.meld. nr. 12 (2002–2003) s. 19–20.

[2] Samanhengen mellom moral og rett er ikkje sjølvsagt, men spørjeundersøkinga gjer denne koplinga eksplisitt, og ho eksisterer nok på eit eller anna nivå hos dei fleste av oss.

[3] Arne Johan Vetlesen, Dyreetikkonferansen 2022, opptak tilgjengeleg her: https://www.radetfordyreetikk.no/dyreetikkonferansen/

[4] Runar Døving, ibid.

[5] https://www.dyrsrettigheter.no/landbruk/grisen-vet-at-han-skal-d%C3%B8/

[6] https://www.landbruksdyr.no/fakta/dyr-i-landbruk/griser/gris-i-kjottindustrien/; https://www.nrk.no/norge/ny-rapport-fra-mattilsynet_-avdekket-regelbrudd-i-over-halvparten_av-svinebesetningene-1.16259720.

[7] https://www.agropub.no/fagartikler/hvordan-skille-ku-og-kalv

[8] https://www.forsoksdyrkomiteen.no/bruk-av-forsoksdyr-i-norge/

[9] Kristian M. H. Elvsveen (2014). Dyrs rettigheter – En analyse av egenverdibestemmelsen i dyrevelferdsloven § 3, masteroppgåve ved UiB.

[10] Sitatet er omsett frå engelsk av Aud Søyland.

[11] Sitatet er omsett frå engelsk av Aud Søyland.

[12] Bjørn Thommesen og Jon Wetlesen (1996). Etisk tenkning: En historisk og systematisk innføring. Oslo, s. 199, og Per Ariansen (1992). Miljøfilosofi, Oslo, s. 111–112, begge referert i Elvsveen (2014). (At verdi er ein del av det menneskelege omgrepsapparatet og dermed mistar sin funksjon når me ein dag er vekke, er for så vidt ei innvending, men så lenge me lever og omgrepet er i bruk, seier det noko om kva slags status me erkjenner at noko har her og no.)

[13] Peter Singer (2015). Animal liberation, 4. utgåve, 2015: s. 8–9.

[14] Den bokstavelege norske omsettinga «sansande vesen» dekker ikkje det som er meint med sentient beings, slik det er brukt i litteratur og diskusjonar om dette temaet, derfor bruker eg det engelske omgrepet her.

[15] https://www.nationalgeographic.com/animals/article/animal-intelligence-is-hard-to-measure-photo-gallery

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar