Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Bør vi tenkje nytt om tryggingspolitikk, Svein Erik Tuastad?

I ei tid med krig i Europa, Nato-utviding, geopolitisk rivalisering mellom stormaktene, energikrise og matpriskrise, må vi tenkje nytt? Kva er det i så fall vi bør tenkje på?

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Er tida inne for å tenkje nytt tryggingspolitisk?

– Det viktigaste er å forstå kor mykje eit sterkt Europa, i samarbeid med USA, betyr for oss. I delar av norsk og skandinavisk venstreside må det tenkjast nytt, jamfør dei svenske sosialdemokratane som snudde heilt og fekk sendt av garde søknad om Nato-medlemskap. Eit anna døme er SV, der det er tale om å legge bort Nato-motstanden. På venstresida handlar det om å korrigere ein tidvis realitetsfjern idealisme. Ta til dømes dei patetiske diskusjonane i Raudt, som stør Ukraina, men ikkje vil gi våpen. Men utan våpenhjelp vil jo Russland vinne fram i Ukraina, seier Svein Erik Tuastad som er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger.

– Bør vi tenkje annleis om Noreg si rolle?

– Vi er alt godt integrerte i Nato. Men meir forpliktande samarbeid kan gjere forsvaret vårt meir effektivt. Det gjeld både ved ei nordisk samordning og det same på europeisk nivå – ikkje som eit alternativ, men som eit supplement til Nato.

Det vi bør tenkje annleis om i Noreg, er kva suverenitet betyr. I Noreg er suverenitet eins med nasjonal sjølvråderett som forpliktande internasjonalt samarbeid liksom svekkjer. Men til dømes Nato gjer oss jo sterkare enn ved åleinegang. Vi vert på eit vis meir suverene på lag med andre, då kan vi få til meir. Her er Nato og EU like. Både Nato og EU gir oss fellesgode, som klårt er i vår interesse.

– Har du eit tips for korleis ein kan halde hovudet kaldt når ein diskuterer tryggingspolitikk?

– I hissige, polariserte diskusjonar må vi verne om to ting. Det første er retten til andre meiningar. Offentlegheita vår er ofte slik at ingen må kome her og forstyrre den etablerte sanninga, same om ein faktisk har velgrunna poeng. Eg hugsar då Julie Wilhelmsen, NUPI-forskaren, forklarte korleis Russland tenkjer. Då sa mange at det var apologetisk. Men det ho gjorde, var viktig. Vi bør jo forstå korleis russarane tenkjer.

Og så, for det andre, må ein presentere folk sine argument rett. I stad omtalte eg sjølv Raudt på ein krass måte. Då må attgivinga vere korrekt. Når ho er det, må det vere rom for harde ord i debatten.

Foto: Universitetet i Stavanger

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar