Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Frå Søv berre når du søv

plommetreet ber ikkje frukt

denne hausten

det blømde før frosten i år

du er stadig lang og tynn

under den lause bomullsskjorta

liggande i skuggen av plommetreet

med auga opne og lauvet skjelvande

over deg

handa di i mamma si

ho liknar framleis

på ho med det korte bleika håret

søv mest berre når du søv

*

det er ei stund

før dagsljoset kjem

at hjarta dunkar lett

at det hugsar seg sjølv

at det vrenger seg

opnar seg

du sit i skuffa på ein traktor

med hendene fulle av måling

nei av molter

med sko som kan tola litt myr

med dagen over deg

ein vanleg himmel med skyer og vind

skuggane på marka som eit kart

over landskapet over deg

hugsar du vinden

korleis den børsta deg blank

Ellen Løvhaug Harrison (f. 1994) voks opp i Kabelvåg, har vore student ved Skrivekunstademiet i Hordaland og studerer i dag litteraturvitskap i Bergen. I år debuterer ho som skjønnlitterær forfattar med boka Søv berre når du søv (Det Norske Samlaget 2023)

Foto: Emma Sucalic

Trykt i Syn og Segn 3/2022.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar