Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Eit europeisk storverk

Magnus Lagabøter er kongen som ikkje vann heider og ære på slagmarka, men gjennom lovarbeidet sitt. Arbeidet hans var så godt at paven lova nedkorta tid i skjærselden for alle som bad for den norske lovkongen.

Jørn Øyrehagen Sunde

I 1269 erklærte pave Nikolaus 3. at alle som bad for kong Magnus 6., dronning Ingeborg og baronane deira, skulle få 100 dagar avlat. Med andre ord fekk dei fritak frå 100 dagar med synd, og slik fekk dei eit kortare opphald i skjærselden som løn for at dei gjennom forbøn gjorde opphaldet kortare for kongen og hans næraste. Det var ikkje mange europeiske fyrstar på 1200-talet som fekk eit slikt privilegium av paven. Det plasserer kong Magnus Lagabøter i eit europeisk politisk toppsjikt. Landslova av 1274 er einaste mogelege årsak til paven sin handlemåte.

I 2024 er Landslova av 1274 750 år. Dette vert markert nasjonalt, og sentrale institusjonar som Storting, Høgsterett og Slottet bidrar inn i markeringa saman med universitet, museum, kommunar og lokale lag. Men kvifor skal ein bruka ressursar på ei markering av denne 750 år gamle lova i ei tid med store samfunnsendringar som fortener merksemd? Forklaringa er at Landslova var eit europeisk storverk, slik paven sitt privilegium viser. Ho gav vidare bidrag inn til den norske politiske og rettslege kulturen som pregar Noreg i dag. Men for å få innsikt i dette må vi fyrst sjå på framveksten av ein lovgjevingstradisjon i Europa og Noreg, kva behov Landslova var meint å stetta, og Magnus Lagabøter sin personlege motivasjon for å leggja så store ressursar ned i lovgjevingsarbeidet. For trass i at denne lovboka kan sjåast på som viktig for etableringa av det moderne Noreg, har ho vore lite påakta, og er difor lite kjent.

Detalj av Codex Hardenbergianus, ei spesielt vakker utgåve av Magnus Lagabøters landslov, som for tida utstilt i Nasjonalbiblioteket. Foto: Nasjonalbiblioteket

Den norske tradisjonen

Landslova av 1274 var den tredje av i alt fire riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder. Alt dette burde vera nok til at Landslova vert rekna som eit høgdepunkt i norsk mellomalderhistorie. Men lovgjeving var i seg sjølv ikkje noko nytt med Landslova av 1274, verken i Noreg eller i Europa. Romarane hadde styrt samfunnet gjennom enorme mengder skriftlege lover som var like avansert og like velutbygd som romersk betong og romerske vegar. Med Vestromarriket sitt fall i 476 kollapsa også tradisjonen for skriftleg, verksam lovgjeving i denne delen av Europa. Sjølv i Austromarriket vart den romerske lovtradisjonen sterkt redusert, og nedbygginga skulle halda fram heilt til denne delen av det ein gong så store Romarriket fall i 1453. I vest tok dei innvandrande folkegruppene i bruk skrift for å skriftfesta eigne lover. Men det var då tale om nedskriving av sedvanar tilpassa samfunn der normene til ætta og landsbyfellesskapen var langt viktigare enn dei lovene som vart skrivne ned av ei form for sentralmakt.

             Ei viktig endring kom med Karl den store. Ikkje berre samla han seg eit gigantisk rike og let seg krona som romersk keisar i år 800, men han lovgav i den romerske tradisjonen. Samstundes vart det i Irland utvikla ein lovgjevingstradisjon. Dermed kunne kongar læra lovgjevingshandverket frå Irland, ein kunnskap som gjekk tapt då Vestromarriket fall, samstundes som dei hadde Karl den store som førebilete. Noreg var ikkje noko unnatak.

             I Noreg var det tinget som var det viktigaste samfunnsstyringsorganet. Ting fanst på mange nivå, frå tunfellesskapen og bygdetinget, og opp til dei store lagtinga Gulating og Frostating, og seinare Eidsivating og Borgarting. Tinget avgjorde konfliktar og sikra slik fred og samhandling. Men gjennom å handheva avgjerdene sine, og gjennom å bruka dei på nytt i nye tilsvarande konfliktar, fekk tinget på mange måtar det vi i dag kallar dømmande, utøvande og lovgjevande funksjon. Då ei kongsmakt vaks fram, overtok den tinget sin utøvande funksjonen på 1100-talet, og den lovgjevande på 1200-talet, medan tinget heldt fram med å ha ein dømmande funksjon fram til 1796. Men sjølv om mellomalderkongar lenge ikkje hadde noka lovgjevingsmakt, kunne dei føreslå lovreglar som tinget vedtok. Det kan sjå ut som om det stort sett var tale om mindre samlingar av reglar som konge og ting utarbeidde saman, og ikkje meir omfangsrike lover. Men det finst tre viktige unnatak før Landslova av 1274: Håkon den gode og leidangsordninga i 954, Olav den heilage og kristenretten på Moster i 1024, og Magnus Erlingsson og lovreforma i 1163/1164.

Detalj frå Codex Hardenberianus. Foto: Nasjonalbiblioteket

             Det er ei kjent sak at Håkon den gode var i oppfostring hos kong Adalstein i England på byrjinga av 900-talet. Det er mindre kjent at Adalstein i si samtid var ein stor statsmann, og at fleire kongar sende sønene sine til han for at dei skulle læra statsmannskunst. Noko som gjorde han til ein stor statsmann, var at han lovgav, slik Karl den store og romerske keisarar hadde gjort. Likevel var det snakk om korte og enkle lover. Men det må ha vore ein slik kunnskap Håkon den gode tileigna seg, som igjen gjorde at han om lag midt på 900-talet prøvde å laga ei sjøforsvarsordning for det norske riket gjennom lovgjeving. Vi veit ikkje kva for reglar Håkon den gode forhandla fram på Gulating på den tida. Rettskulturen var nemleg munnleg, noko som igjen gjorde retten fleksibel, slik at han endra seg over tid. Men ifølgje den anonyme personen som rundt 1260 skreiv ned Den eldre Gulatingslova slik vi kjenner ho i dag, vart reglane for leidangen, som sjøforsvarsordninga vart kalla, endeleg utforma i ein lovtale halden av den lovkloke Atle rundt 1040. Det er i alle høve eit svært omfattande sett med reglar som sjølv kong Adalstein ville ha vore stolt over å vera opphavet til.

Karl den Store (748-814), portrettert av biletkunstnaren Albrecht Dürer malt rundt år 1511.

Sankt Olavs lov

Det er ei kjent sak at Olav den heilage vart døypt i Rouen i Normandie vinteren 1013–1014. Det er mindre kjent at kongeleg lovgjeving var eit samtaletema i krinsen rundt erkebiskop Robert i Rouen på den tida. Erkebiskopen var Olav sin oppdragsgjevar, han var bror til hertugen, men ikkje minst var erkebiskopen ein som samla rundt seg lærde frå område i Europa som Irland og Italia. Her vart det sagt at den lovgjevinga som Karl den store hadde utført, skapte ein kongeleg rett til å gje lov, ein rett som franske kongar framleis hadde.

Det er ein påstand som mildt sagt kan diskuterast. Men i ein norsk samanheng er det viktige at Olav den heilage må ha fått eit inntrykk av at ein stor konge var ein lovgjevande konge. Dette kan ha motivert han til å kalla saman til eit riksmøte på Moster på øya Bømlo sør for Bergen i 1024, eller rundt den tid. Gjennom å lovgje på eit riksmøte og ikkje på lagtinga prøvde Olav den heilage å setja til sides etablert, regional makt. Dette var nok ei av årsakene til at han vart driven ut av riket i 1028. Samstundes var det ei av årsakene til at han kunne leva vidare som Noregs evige konge. For då norske kongar for alvor tok til å lovgje på 1200-talet, hevda dei å stå i tradisjonen etter Sankt Olav, og berre gjorde betre den lov og rett han gav for Noreg 200 år tidlegare.

Heilt utan grunn var nok ikkje denne påstanden, for Den eldre Gulatingslova gjev grunnlag for å hevda at det var ei ganske omfattande lovgjeving Olav den heilage forhandla fram med stormennene som møtte på Moster. Så omfattande var ho at sjølv Karl den store kunne ha vore nøgd med henne. Rett nok veit vi ikkje eksakt kva som vart vedtatt på Moster. Rettskulturen var framleis munnleg, med den tilhøyrande fleksibiliteten som gjorde at retten kunne endra seg ganske umerkeleg over tid. Likevel må Sankt Olavs lov og rett ha fått ein ganske fast storleik ved inngangen til 1100-talet, sidan kong Magnus Erlingsson fann det nødvendig å gjera endringar i lova med meir formelle lovvedtak på eit riksmøte i Bergen i 1163 eller 1164.

Den italienske tradisjonen

Magnus Erlingsson vart tatt til konge i 1163/1164 då han var 7–8 år gamal. Lovgjevinga i hans namn stod faren, jarl Erling Skakke frå Etne i Sunnhordland, og erkebiskop Øystein Erlendsson for. Delvis var denne lovgjevinga endringar i det ein rekna som Olav den heilage sine lover, og delvis var det heilt ny rett. Den nye retten er mest interessant i vår samanheng, fordi han avslører kvar inspirasjonen til lovgjevinga kom frå denne gongen: Bologna i Nord-Italia. Etter at Vestromarriket kollapsa i 476, vart essensen i romersk rett samla av keisar Justinian i Austromarriket mellom 529 og 532. Denne vart òg kjent i dei delane av Italia som han gjenerobra. Då desse erobringane snart gjekk tapt, låg samlinga av romersk rett igjen i norditalienske bibliotek. Romersk rett var tilpassa handelslivet i eit bysamfunn, og avhengig av eit doms- og forvaltningssystem, og passa dårleg i det jordbrukssamfunnet som prega Europa i den tidlege mellomalderen. Men med byveksten frå byrjinga av 1000-talet, og med den gryande statsdanninga frå 1100-talet av, vart romersk rett derimot stadig meir aktuell. På 1120-talet var studiet av romersk rett og kyrkjerett i gang, og frå 1140-talet vart viktige nye juridiske verk produsert her, som Decretum Gratiania. Dette er verk ein veit kom til erkebispesetet i Nidaros, oppretta i 1153. Med kunnskap om romersk rett kom også kunnskapen om romersk lovgjeving. Når Magnus Erlinsson lovgav i 1163/1164, var det altså i tradisjonen direkte tilbake til dei romerske keisarane. Lovgjevinga hans var prega av den siste kunnskapen innanfor romersk rett og kyrkjerett. Lovene vart forhandla fram med eit knippe stormenn i Bergen, og seinare vedtatt på Gulating.

             Den norske lovgjevingstradisjonen vaks altså fram gjennom at norske kongar hadde lært lovgjeving i England på 900-talet og Frankrike på 1000-talet, og direkte frå jusstudiet i Bologna på 1100-talet. Den irske tradisjonen med lovgjeving spelte nok ei rolle både på 900- og 1000-talet, men ikkje lenger på 1100-talet, då jusstudiet i Nord-Italia produserte ny kunnskap, samstundes som den irske tradisjonen kollapsa med den normanniske erobringa av øya. Håkon Håkonssons lovgjeving på fyrste halvdel av 1200-talet står i gjeld til den norske lovtradisjonen som vaks fram på dette grunnlaget, men òg til ein kyrkjeleg tradisjon.

Det verkeleg store ved Landslova er at ho faktisk vart brukt.

I mellomalderen var statsmakta delt. Men ho var ikkje delt i ein lovgjevande, utøvande og dømmande del, slik som i dag. I staden var statsmakta delt i ein verdsleg og ein åndeleg del, der kongen sat med den verdslege og biskopen den åndelege makta. Dermed hadde både kongs- og kyrkjemakt eigne lover, eigne domstolar og eigne dommarar. Ut av den kyrkjelege tradisjonen vaks fredslovsprosjektet fram på 900-talet i Sør-Frankrike. Det var eit forsøk på å avgrensa valdsutøvinga i samfunnet. Det gjorde ein gjennom å gjera det ekstra alvorleg å utøva vald på særlege tider og særlege stader. Til dømes måtte den som braut heilagdagsfred, julefred, kyrkjefred, arbeidsfred og husfred, betala dobbelt så høge bøter, fordi dette var tidspunkt og stader der alle hadde særleg rett til å vera trygg mot valdsutøving. Av ei samling av Håkon Håkonssons lover frå 1260 ser vi at det er nettopp det å få bukt med valdsbruken som er kongen sitt føremål med lovgjevinga. Slik plasserer han seg klart i fredslovstradisjonen, slik Magnus Erlingsson delvis òg gjorde alt i 1163/1164, og ikkje minst slik til dømes kong Ludvig 9. den heilage gjorde om lag samstundes i Frankrike.

Håkon Håkonsson og svigerfaren Skule Bårdsson. Illustrasjon frå Flatøyboka. Foto: Fri lisens

Nye lover for ei ny tid

Då Landslova av 1274 kom, fanst det altså alt ein ganske etablert lovgjevingstradisjon i Noreg der kongar i samarbeid med tinget laga lover. Men ingen av desse lovene var heile lovbøker som regulerte alle samfunnsområde. Det var tale om einskildlover mynta på å endra retten på eit særleg område der behovet for ny rett var stort. Til dømes var Håkon Håkonssons nye lov frå 1260 på 25 kapittel, medan Landslova av 1274 hadde om lag 220 kapittel og var nesten ti gonger så omfattande. Trass i den etablerte lovtradisjonen var Landslova altså i ein heilt annan liga enn lovgjevinga til tidlegare norske kongar. På den eine sida er det juridisk-teknisk vanskelegare å få store mengder reglar til å henga saman og dra i same retning. Men den verkeleg store utfordringa er å få forhandla fram politiske kompromiss som gjer at ulike samfunnsgrupper opplever lovgjevinga som god, og dermed tar henne i bruk. At Landslova er den tredje av i alt fire riksdekkjande lovbøker laga i høgmellomalderen, gjer henne til eit storverk i seg sjølv. Men det verkeleg store ved Landslova er at ho faktisk vart brukt.

             Kong Magnus Lagabøter plasserte seg, som namnebror Magnus Erlingsson før han, direkte i den romerske lovgjevingstradisjonen som vart kjent med studiet av romersk rett frå fyrste halvdel av 1100-talet. Dette kan ein sjå av i alle fall to trekk ved Landslova. Det eine er sjølve inndelinga av lova i ni delar, på norrønt kalla bolkar, med ein tiande tilleggsdel med rettarbøter. Dei som studerte romersk rett i Bologna i Nord-Italia, studerte der mellom anna Codex, som var ei samling romersk lovgjeving delt i nettopp ni delar. I tillegg studerte dei Novellae, som var eit tillegg til Codex med keisar Justinian si lovgjeving, og dermed stod fram som ein tiande del med rettarbøter. Kor viktig det var for Magnus Lagabøter å imitera det romerske førebiletet på den måten, ser ein av at reglane i rettarbøtene delvis alt var tatt med i sjølve Landslovs-teksten i dei ni føregåande delane. Men skulle han stå fram som ein romersk keisar, måtte han ha ein tiande del med rettarbøter, og då fekk han heller bruka rettarbøtene to gonger.

Vidare står kongen fram som ein lovgjevande romersk keisar ved at det tidleg i Landslova står at kongen står over lovene. Dette er den norske versjonen av den romarrettslege maksimen princeps legibus solutes est, som i mellomalderen vart brukt til å forklara at sjølv om ein fyrste var bunden av lovene, kunne vedkomande likevel gje nye lover som erstatta dei gamle. Den som las Landslova av 1274 og hadde kunnskap om romersk rett, var dermed ikkje i tvil om at Magnus Lagabøter var konge i sitt rike på same vilkår som den romerske keisaren hadde vore i det romerske riket.

Magnus Lagabøter kan ha følt at namnet forplikta, utan at vi kan vita dette sikkert.

Juridisk finesse

             Mindre sikkert, men likevel verdt å trekka fram, er at Magnus kanskje også indirekte stilte seg i den romerske lovgjevingstradisjonen gjennom Karl den store. Alt Olav den heilage var klar over at namnet Magnus var latin for ‘stor’, og dermed tilnamnet til den legendariske franske kongen Carolus Magnus. I Snorre Sturlasons saga om Olav den heilage heiter det at kongen sov då sonen vart fødd. Han vart døypt Magnus i hui og hast av Sigvat skald, som seinare rettferdiggjorde namnevalet med at Karl den store var den største mannen i verda. Ved hoffet har det nok i Magnus Lagabøter si tid ikkje berre funnest manuskript av Snorres kongesoger, men òg av den skandinaviske Karlamagnus saga. Det var ein saga om Karl den store som mellom anna bygde på Rolandssongen, der Karl den store si lovgjeving vart trekt fram. Magnus Lagabøter kan ha følt at namnet forplikta, utan at vi kan vita dette sikkert.

Juridisk finesse

Trass i den norske lovgjevingstradisjonen var det ingen i Noreg som kjente lovgjevingshandverket godt nok til å laga ei lovbok. Dette var altså ein kunnskap irane hadde hatt, og som vi kan tru påverka engelsk lovgjeving på 900-talet, og som spelte inn på franske lovgjevingstankar på 1000-talet. Men trass i tett kontakt mellom Noreg og Irland i desse hundreåra, og trass i at det er tydeleg at ein i Noreg kjente den irske rettstradisjonen, påverka ikkje irsk rett den norske. Dette kjem truleg av at irsk rett tidleg vart profesjonalisert, medan norsk rett lenge var uløyseleg knytt til tingtradisjonen. Den juridiske finessen som kunne utviklast i ein juridisk elite i Irland, kunne ikkje brukast på dei norske tinga. Lovgjevingskunnskap måtte difor lærast ein annan stad. Dette vart Castilla i dagens Spania.

Den fyrste lovboka som vart laga i europeisk høgmellomalder, var Liber Augustalis, gjeven av den tysk-romerske keisaren og kongen over Sicilia, Fredrik 2. Lovboka vart kalla Liber Augustalis, eller Augustus si bok, fordi ho vert innleia med at Fredrik 2. seier at han som konge gjev lover for Sicilia, slik den romerske keisaren Augustus gav romarane lover. Lovboka står dermed solid planta i den romerske tradisjonen, vekt til live igjen med studiet av romersk rett og kyrkjerett frå tidleg på 1100-talet. Men innhaldet i lovboka er mest av alt ei samling eldre rett, mynta på å få bukt med valdsbruken i samfunnet. Slik står lovboka òg solid planta i fredslovstradisjonen frå 900-talet. Den som frigjorde seg frå begge desse tradisjonane, og tok steget frå å samla eldre rett til å gje ny rett for å regulera alle samfunnsområde, var kong Alfonso 10. av Castilla.

Fredrik II (1194-1250) var tysk romersk keisar. Biletet er frå Manfred-manuskripta. Foto: Wikimedie commons

Då Fredrik 2. døydde i 1250, vart ein ikkje samd om kven som skulle ta over etter han som tysk-romersk keisar. Ein av kandidatane var nettopp Alfonso 10. For å visa seg verdig gjorde han som Fredrik 2. og lovgav. Hans Las Siete Partidas, som tyder dei sju bøkene, vart laga mellom 1255 og 1265, og var det mest omfattande og kompliserte lovverket som vart laga i Europa fram til den prøyssiske landretten i 1794. Det aleine var nok til at lovarbeidet hadde vorte kjent i Noreg. Men ein fekk fyrstehands kunnskap om det gjennom at Magnus Lagabøter si søster, prinsesse Kristin, i 1257 reiste til Castilla med 100 personar frå det norske hoffet for å gifta seg med prins Filipe, bror til Alfonso 10. Dei som var med til Castilla i prinsessa sitt følgje, kunne dermed med eigne auge studera korleis ein der laga ei lovbok.

Hausten 1258 kom dei fyrste tilbake til Noreg frå Castilla og kunne fortelja kva dei hadde sett og opplevd. I 1260 samla Håkon Håkonsson tidlegare lover i den alt omtalte Håkon Håkonssons nye lov, og i 1261 laga han og sonen Magnus ei straffelovsreform. Truleg fekk inspirasjonen frå Castilla straks verknadar i eit norsk rike med eit stort behov for ei stor samfunnsreform.

Landslova av 1274

Den norske rettstradisjonen med tinget som det sentrale samfunnsstyringsorganet hadde over tid produsert lover, delvis i samarbeid med kongsmakta og delvis på eiga hand. Desse vart truleg nedskrivne på 1100-talet, og vi har i dag bevart komplette manuskript av Den eldre Gulatingslova og Frostatingslova frå ca. 1260, og små delar av Eidsivatingslova og Borgartingslova. Problemet på midten av 1200-talet var at føresetnadene for lovene hadde falle bort, og at det var behov for ei omfattande samfunnsreform av eit omfang som langt, langt overgjekk den lovgjevande rolla tinget var eigna til å ha. Utfordringa var mellom anna at i løpet av 1100-talet gjekk trælsamfunnet i oppløysing fordi økonomien endra karakter. Kanskje så mykje som 20 prosent av innbyggjarane i det norske kongedømmet gjekk frå å vera tvungen arbeidskraft til å verta fri. Men når trælane fekk fridom, fall omsorgsinteressa og -plikta òg bort hos dei tidlegare eigarane. Dermed stod ein delvis overfor eit fattigdomsproblem. På 1100-talet vart også ætta sine strukturar svekt, og ætta sitt omsorgsansvar vart tilsvarande redusert. Det auka fattigdomsproblemet. Men oppløysinga av trælsamfunnet og reduksjonen i ættestrukturane hadde òg mange andre konsekvensar. Til dømes gjorde utviklinga det heilt nødvendig å utvikla ein jordleigerett og reglar for kvinners arverett og eigedomsrett. Det var ikkje lenger nok å bøta på situasjonen med nye lover for mindre område. Ein måtte gjera som ein hadde lært i Castilla: Ein måtte samla inn eldre rett, studera han for å finna manglar og utviklingspotensial, og så laga ei heilt ny lovbok.

             Tradisjon for lovgjeving, ny kunnskap om lovgjevingshandverket og eit akutt behov for ei samfunnsreform gjorde det mogeleg for Magnus Lagabøter å gje Landslova av 1274. Men det var ikkje eit lett arbeid. Det fyrste kong Magnus gjorde då han vart einekonge i Noreg etter at faren døydde i desember 1263, var å slutta fred med Skottland og England i traktatar frå 1264, 1266 og 1269. Han hadde òg i heile si regjeringstid fred med Sverige og Danmark, og han er den einaste kongen i norsk mellomalder som aldri var med på eller sjølv førte krig. På den måten kunne Magnus Lagabøter konsentrera riket sine ressursar om det store lovgjevingsprosjektet.

Kongen som ikkje skulle bli konge

Lovgjevingsprosjektet var ikkje berre politikk for kongen, men meir eit kall. Magnus var kongen som ikkje skulle ha vorte konge. Han hadde ein eldre bror i Håkon unge, som alt i 1239 vart hylla som konge ved sida av faren Håkon Håkonsson. I 1252 fekk Håkon unge sonen Sverre, og dermed var Magnus den tredje i kongerekka. Han var til og med ein ganske usynleg figur ved hoffet. I staden fekk han, som særleg Alf Tore Hommedal har lagt vekt på, si utdanning hos fransiskanarane i Bergen. Dei heldt til i byen sitt slumstrøk, som låg der domkyrkja i Bergen i dag ligg. Gjennom utdanninga fekk nok Magnus Lagabøter eit noko anna perspektiv på samfunnet enn han elles ville ha fått ved hoffet. I tillegg ser kong Magnus ut til å ha vore sjukleg, og i alle høve ved to høve låg han for døden. Dette, saman med at han så vidt berga livet då Bergen brann i 1248, ser ut til å ha gjeve han ei kjensle av at Gud hadde ein plan for livet hans, og den var å betra stillinga for dei svake i samfunnet.

             Magnus vart kåra til konge i 1261, etter at både broren og brorsonen døydde unge. Ved sida av tradisjon, kunnskap og behov var altså kongen si kjensle av å ha eit lovgjevingskall avgjerande for at Noreg fekk den tredje av i alt fire riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder. Det var mange kongar som i denne perioden tok mål av seg til å vera romersk keisar i sitt rike og lovgje, men dei flest lovbøker gjaldt berre for regionar eller byar, og altså ikkje heile rike. Det å laga politiske kompromiss for så omfattande lovgjeving var rett og slett for vanskeleg. Men endå vanskelegare enn å laga lovbøker var det å sikra at dei faktisk vart brukt. Liber Augustalis for Sicilia frå 1231 vart truleg aldri brukt utanfor kongen sine slott, og Las Siete Partidas for Castilla frå 1265 vart trekt tilbake etter kort tid, sjølv om ho på ulike vis skulle ha ein verknad i hundreåra som kom. Landslova av 1274 vart for det fyrste vidt distribuert. På bakgrunn av bevarte manuskript kan ein rekna seg til at det har vorte produsert Landslovs-manuskript sentralt, for at dei skulle distribuerast rundt i riket. I 1350 har det truleg funnest eitt manuskript av Landslova per 1150 innbyggjar. Det gjorde igjen at Landslova kunne brukast, noko ein finn fleire konkrete eksempel på frå rettspraksis på 1300-talet. Fyrst med Kristian Vs norske lov i 1687 gjekk Landslova ut av bruk, etter over 400 år. Men til dømes legdsordninga, som var ei lokal fattigomsorgsordning, stod i realiteten ved lag like fram til 1900.

             Alt dette bidrar til Landslova sin stordom. Men det viktigaste er likevel at Landslova var med på å etablera ein politisk og rettsleg kultur i Noreg. No skal ein vera varsam med å overdriva, for det fanst altså alt ein veletablert rettstradisjon før Landslova, og mange politiske regime og rettslege reformer ligg mellom Landslova og situasjonen i dag. Men Landslova gav likevel eit visst bidrag til ein politisk tradisjon for politiske kompromiss, der ikkje berre dei med lobbyerande makt har påverknad. Dei fattige hadde til dømes ingen plass i lovgjevingsprosessen, men vart sett i ei klart betre stilling med Landslova. Dei politiske kompromissa Landslova byggjer på, gav igjen eit visst bidrag til at lova vart oppfatta som god og for alle, og ikkje som eit undertrykkjande eliteprosjekt. Dette er arven etter Landslova av 1274, som gjer det viktig å markera at ho i 2024 rundar 750 år.

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Han har skrive fleire bøker om norsk rettshistorie. I fjor gav han ut bok om Magnus Lagabøte, med tittelen Kongen, lova og landet (Kagge forlag).

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar