Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ein perfekt storm

Av Reidar Almås

Distriktsopprøret som slår inn over landet vårt, er i høgste grad eit varsla opprør. Det er ein reaksjon på Erna Solbergs reformer og på fleire tiår med økonomiske strukturendringar.

Vi har ikkje hatt berre eitt, men ei lang rekkje distriktsopprør dei siste åra. Dei fleste av desse opprøra har sprunge ut av motstand imot dei sentraliserande reformene som har vore gjennomførte av regjeringa Solberg, og som toppa seg med kommune- og fylkesreforma. Alle endringar, det vere seg endringar i ein marknad eller politiske reformer, vil skapa vinnarar og taparar. Kvar for seg var dei solbergske reformene utgreidde og grunngjevne med rasjonelle argument, men utan avbøtande tiltak. Dersom det blir eit tydeleg og systematisk mønster i kven som vinn og kven som taper, vil det blåse opp til ein perfekt storm.[1] Der er vi no.

Lagt saman og oppå kvarandre, utan vesentlege kompenserande tiltak, har reformene dei siste åtte vorte tunge å bera for Bygde-Noreg. Det er ikkje berre folk i distrikta som har reagert, men bygdevenlege byfolk har skifta side i båten og fått det borgarlege regjeringsprosjektet til å krenge. Det vart ikkje betre av at FrP forlet Solbergs regjering og gjekk over streken i Stortinget og forma ein fleirtalskoalisjon, også kalla firarbanden. Denne koalisjonen manifesterte seg først under revisjonen av regjeringa sine tiltak imot pandemien hausten 2020. Seinare har denne grupperinga diktert regjeringa i ei rekkje saker. Erna Solberg er no i den same posisjonen som Torbjørn Jagland var i da han i valkampen i 1997 formulerte det ulykksalige ultimatumet om at Ap måtte ha 36,9 prosent oppslutning for å halde fram å regjere etter valet. Erna Solberg kjem neppe til å formulere seg slik.

Ei ekstrem effektivisering

Det er ikkje berre Solbergs sentraliserande reformer som har skapt frustrasjon og sinne i distrikta. Det er lett å gløyme at før dei statlege reformene var det tiår med økonomiske strukturendringar som både var resultat av sektorinterne faktorar, norsk politikk og konkurranse frå utlandet. Internt i bygdenæringane jordbruk, skogbruk og fiske har den teknologiske utviklinga mangedobla produktiviteten dei siste tiåra. Det er ei suksesshistorie når knapt 40 000 årsverk i dagens jordbruk produserer omtrent like mykje på det same arealet som 237 000 årsverk i 1949. Like etter krigen produserte ein bonde nok kaloriar til seg sjølv og fire andre. I dag produserer ein norsk bonde nok kaloriar til meir enn 50 personar. I 1946 måtte det 800 000 kyr til for å dekke det innanlandske behovet for mjølkeprodukt, i dag held det med 208 000.

Digital analfabetisme er ein understraum i sinnet som har reist seg imot ekspertveldet.

Denne suksessen har kome til ein pris. Framgangen i avl og avdrått, traktorisering og skogsmekanisering har skuva mange arbeidshender ut av landbruket. Moderniseringa av jordbruk, skogbruk og fiske har rive grunnlaget bort for 685 000 arbeidsplassar i bygdenæringane dei siste 75 åra. I dei første 20 åra, frå 1946 til 1966, forsvann 320 000 bønder, landarbeidarar og fiskarar. I dei neste tiåra og fram til i dag forsvann nye 365 000 frå primærnæringane.[2]

Flukta frå landsbygda

Dette er ei utvikling fleirtalet har ønskt, og som enno går sin gang. Både landbrukspolitikken, industripolitikken og fiskeripolitikken har stimulert desse strukturendringane i landet vårt. Formålet var å flytte arbeidskraft geografisk og mellom næringar for å få til større økonomisk vekst og meir velstand, og det har vi fått. Det var eit sug etter arbeidskrafta, først i industrien, så i offentleg og privat tenesteyting. Arbeidsplassane i industrien kom gjerne på industristader langs kysten og i innlandet der det var rikeleg med vasskraft. Overgangen frå landbruk og fiske til industri førte til den første og største folkeflyttinga like etter krigen. Han fekk òg eit slåande namn: «flukta frå landsbygda».

Landbruket har vore gjennom ei enorm effektivisering. Foto: Daniel Sandvik / Unsplash

Seinare vart det utvikla kompenserande tiltak som Nord-Norge-planen og Distriktsutbyggingsfondet. Gjennom utvikling av verkemiddel som den differensierte arbeidsgjevaravgifta og bygging av institusjonar som det kommunale tiltaksarbeidet, regionale næringshagar og Selskapet for industrivekstanlegg (SIVA) kom det offentlege inn med avbøtande tiltak for å skapa nye arbeidsplassar i distrikta. Dette kan seiast å vera den norske utviklingsmodellen, som med avbøtande distriktspolitikk tok sikte på å bevara busettingsmønsteret gjennom desentralisert industrireising. I motsetning til den norske modellen stod den svenske utviklingsmodellen, som i langt større grad hjelpte marknadskreftene med å flytte folket til byar og vekstsenter i Sør-Sverige.

Fordelane med sentraliseringa

Samtidig som strukturutviklinga i næringslivet har vore sentraliserande, må ein òg hugse på at det har vore motkrefter. Utan oljenæringa med tyngde i sør og vest og store investeringar i veg, bygg og anlegg ville nedgangen i folketal og sysselsetting i distrikta ha vore enda meir dramatisk. Dessutan førte utviklinga av velferdskommunen frå 1970-talet av til ein raskt veksande offentleg sektor. Dette gav arbeid til mange frå dei nye utdanningsgruppene og opna for ein storstilt innmarsj av kvinner i arbeidslivet, også på bygdene. Likevel førte summen av næringsutviklinga til sentralisering i kommunesenter, bygdebyar og byar med utdanningsinstitusjonar. Dei kompenserande tiltaka med til dømes industrivekstanlegg som stat og kommunar gjennomførte i regi av distriktspolitikken, bidrog òg til lokal sentralisering og regional urbanisering.

Det er minst eitt «Senterparti» både i Arbeidarpartiet og i Høgre.

Det har vore liten folkeleg motstand imot dei sentraliserande konsekvensane av flyttinga av arbeidskraft over til tenesteytande næringar. Ettersom bygdebyar og kommunesentra gav folk betre service, fleire butikkar og fleire arbeidsplassar ikkje minst for kvinner, vart moderniseringa på 1970- og 1980-talet helsa velkomen av dei aller fleste. Det er først med reformene på 2000-talet og særleg med Solbergs reformer at stadig fleire i distrikta har reist bust imot utviklinga. Dei som opplevde at bygda deira fekk kontor for tannlege og lege på 1970-talet, at kommunen vaks fram til å bli den største lokale arbeidsgjevaren på 1980-talet, og at aldersheimen vart utbygd til sjukeheim på 1990-talet, hadde nok forventa at utviklinga av velferdskommunen skulle halde fram, og at det heller vart fleire enn færre statlege arbeidsplassar. Teknisk sett kunne den digitale revolusjonen ha gjort det enda enklare å desentralisere tenestetilbodet. I staden vart det meir sentralisering.

Eit stort bål

Etter kvart som Erna Solberg sine ekspertutval for reformer i offentleg sektor la fram innstillingane sine, vart det klart at mange statlege etatar ville forlata distriktskommunane, og at mange kommunar vart rådde til å slå seg saman med naboen. Kvar for seg var ikkje endringane så store at dei ville ha utløyst eit distriktsopprør. Lagt oppå kvarandre og som politisk styrt prosess over tid har statleg politikk bore ved til eit kjempebål som har aktivert konfliktdimensjonen mellom sentrum og periferi i norsk politikk. Den summerte effekten av endringane i bygdenæringane og dei statlege reformene har ikkje berre vore sentraliserande. Dei solbergske reformene har òg bidratt til større ulikskap mellom by og land og mellom taparar og vinnarar i prosessen. For seint har dei store partia innsett at det trengst fleire og større avbøtande tiltak for å gje kompensasjon til taparane. Det er når avbøtande tiltak uteblir, at veljarane i distrikta tar til å sjå seg om etter politiske alternativ.

Politiske konkurrentar har vore ivrige

etter å plassere hatten «populist»

på Trygve Slagsvold Vedum.

Senterpartiet har lova politiske alternativ til fleire av desse tapargruppene. Tradisjonelt har Sp hatt høg legitimitet på kamp mot sentralisering, og i stigande grad har dei fremja kampen mot geografisk og sosial ulikskap. Partiet sin eigarskap til distriktspolitikk og landbrukspolitikk har vore udiskutabel, og med sine mange ordførarar har partiet hatt kommunalpolitikken som heimebane. Når det gjeld ulikskap, har dette før vore heimebane for Arbeidarpartiet og andre parti til venstre. Etter at Senterpartiet har tatt fleire steg til venstre i det politiske landskapet og skreva over midten, har det falle naturleg for den sittande partileiaren å argumentere imot stigande geografisk og sosial ulikskap som sentralisering. Mantraet om «tenester nær deg» har vorte som manna for folk, ikkje minst for dei som strevar med å henge med i den digitale revolusjonen. Ein skal ikkje snakke lenge med eldre i dag, og det gjeld ikkje berre på bygda, før dei fortel om ein frustrasjonen over at alt skal løysast med å logge seg inn med eit passord på nettet. Digital analfabetisme er ein understraum i det sinnet som har reist seg imot ekspertveldet, elitane og sentralmakta.

Den distriktspolitiske verktøykassa har vore tømt over fleire år. Verkemidla for regional utvikling som fylkeskommunane forvaltar, har vorte redusert år for år. Av effektive verkemiddel er det snart berre den differensierte arbeidsgjevaravgifta att. Men utan distriktsopprøret, ingen distriktspolitisk debatt. Dette er ikkje eit opprør i gule vestar eller ein marsj imot Stortinget for å stanse politiske vedtak med okkupasjon og vald. Dette er eit opprør i bunad, med humor, men òg i djupt alvor.

Kvifor Senterparti-bølgje?

Studerer vi dei tre siste vala, ser vi at vandringa av veljarar til Senterpartiet har bygd seg opp over dei tre siste vala. I boka Distriktsopprør (Almås og Fuglestad 2020) drøftar valforskaren Anders Todal Jenssen (2020) to hypotesar for å forklare den framgangen Senterpartiet har hatt ved dei tre siste vala.

Den ene har pekt på at Senterpartiet har presentert et populistisk budskap med betydelig gjenklang i befolkningen. Partiet har framstilt seg som forsvarere av folkeviljen i strid med det politiske establishment, «Oslo-eliten». Denne forklaringen har ikke minst vært populær blant Senterpartiets konkurrenter og blant enkelte kommentatorer i mediene … Den andre forklaringen peker på at regjeringens politikk har vekket til live en gammel konfliktlinje i norsk politikk, striden mellom «sentrum» og «periferi». Denne konfliktlinjen ble i høy grad aktivert av striden om EU-medlemskap i 1972 og 1994 og bidro vesentlig til Senterpartiets beste valgresultater til da, i 1971 og 1993 (Jenssen 2020).

Senterpartiet kallar seg gjerne ordførarpartiet og er stolt av sin tradisjon for politisk hestehandel. Foto: Senterpartiet

Etter ein grundig analyse bygd på valforsking konkluderer Todal Jenssen (2020) med at Senterpartiets framgang er

uttrykk for en periferiprotest, men det er en protest med betydelig støtte i store deler av landet, ikke bare i de geografiske periferiene. Sympatien med distriktene er sterk i Norge, og regjeringen har etter alt å dømme, utfordret denne sympatien. Analysene tyder på at dagens sentrum-periferikonflikt følger et velkjent historisk mønster, periferiene står mot Oslo-regionen og by mot land. Samtidig er det tydelig at sympatien med distriktene ikke er begrenset til den geografiske periferien. Også i områdene rundt Oslofjorden, selv i byene, gir mange uttrykk for periferiholdninger. Kanskje har distriktsbefolkningens barn og barnebarn beholdt mye av sin periferiidentitet, selv om de har bosatt seg i storbyene? (Jenssen 2020)

Senterpartiet har stole kleda til

Arbeidarpartiet mens dei bada.

Her kan eg med grunnlag i eiga erfaring og forsking støtte Todal Jenssen. Ein skal ikkje snakke mykje med byfolk i fleire landsdelar før ein finn at mange av dei slektar frå gard i ei eller fleire bygder. Dette har gjeve seg utslag i ein bygdesympati som fargar måten dei tenker om landet vårt på, og bidrar til ein meir bygdevenleg og landbruksvenleg opinion enn i mange av nabolanda våre. Eg brukar å seia at det er minst eitt «Senterparti» både i Arbeidarpartiet og i Høgre. No har mange av desse veljarane vandra over til Senterpartiet.

Ein Senterparti-kode

Fleire kommentatorar i Oslo-pressa og politiske konkurrentar har vore ivrige etter å plassere hatten «populist» på Trygve Slagsvold Vedum og hans parti. Spørsmålet er kor treffande denne påstanden er, uansett kva definisjon av populisme ein brukar.[3] Svaret til Vedum har vore at «vi sier bare det vi alltid har sagt». Langt på veg er dette rett. Som nemnt ovanfor har Senterpartiet stort truverde blant veljarane på kamp for distrikt og landbruk og mot sentralisering. Over tid har det kome nye moment til som delvis har gått under radaren til kommentariatet. Litt tabloid kan ein seia med Jan P. Syse sitt uttrykk at Senterpartiet har stole kleda til Arbeidarpartiet mens dei bada. I den grad Senterpartiet har endra profil dei siste 30 åra, har dei gått frå å vera eit borgarleg parti til å bli eit reinhekla sosialdemokratisk parti. Det starta med at partileiar Anne Enger tok partiet ut av Syses borgarlege regjering hausten 1990. Etter det vart Sp støtteparti for Gro Harlem Brundlands budsjett i Stortinget.

Partiet vart vidare radikalisert under EF-kampen i 1993–94, der nye medlems- og veljargrupper vart rekrutterte, mange av dei kvinner i offentleg sektor. Dette passa godt til profilen som kommunane sitt parti. Etter eit intermesso i sentrumsregjeringa til Kjell Bondevik (1997–2000), der ein ny partigenerasjon fekk regjeringserfaring, tok partiet steget fullt ut til venstresida under Odd Roger Enoksen som partileiar. Dei neste partileiarane Åslaug Haga og Liv Signe Navarsete personifiserte den nye, radikaliserte profilen til Senterpartiet. Resultatet vart åtte år i regjering med Arbeidarpartiet og SV (2005–2013), der til og med Ola Borten Moes trønderfløy treivst godt.

Dei som vart rekrutterte til Senterpartiet under EU-kampen i 1993–94, har no tatt over mykje av makta i Senterpartiet. Denne grupperinga skil seg på tre avgjerande måtar frå tradisjonelle medlemmar i det tidlegare Bondepartiet. Det er fleire kvinner, det er fleire som arbeider i offentleg sektor, og det er langt færre aktive bønder. Rekrutteringa den gongen har utvida veljarbasen til partiet og la grunnlaget for at det gjekk relativt smertefritt å ta partiet over frå borgarleg til sosialistisk side. Dette er Slagsvold Vedums generasjon.

Den distriktspolitiske verktøykassa

har vore tømt over fleire år.

Som sagt har Senterpartiet skreva over Arbeidarpartiet og plassert seg til venstre for dei i norsk politikk i viktige saker som statleg eigarskap, ressursforvalting og internasjonal handel. Det var ikkje berre det at Senterpartiet stal nokre av kleda til Arbeidarpartiet. Ap hadde sjølv forlate delar av den politiske habitten sin. Særleg under den første og kortvarige Stoltenberg-regjeringa (2000–2001) forlet Ap fleire tradisjonelle standpunkt til offentleg eigarskap, helse- og velferdspolitikk. Dei reformene denne regjeringa gjennomførte med Statoil, Telenor og helseføretaka, vart gjennomført med applaus frå høgresida og peika fram imot Solbergs reformer 12–15 år seinare. Dette gav eit inntrykk hos veljarane av at dei to styringspartia Ap og Høgre stod saman i mange saker om korleis Noreg skulle moderniserast. Denne samforstanden mellom Ap og H vart kamuflert under Stoltenbergs raudgrøne regjering, der mellom anna kommune- og regionreforma vart sett på vent på grunn av motstand i etatane og indre usemje.

Blå-blå dans

Da dei raudgrøne tapte valet i 2015, baud Erna Solberg Siv Jensen opp til dans. Til overrasking for mange viste Framstegspartiet seg som eit disiplinert styringsparti. Særleg før dei to støttepartia i Stortinget kom inn i regjering, Venstre i 2017 og KrF i 2018, gjekk samarbeidet mellom H og FrP godt. Dei to småpartia fekk stansa nokre av reformene i Stortinget. Jordbruksavtalen vart ikkje skrota, og konsesjonslova for landbrukseigedomar vart ikkje oppheva, men viktige reformer av politi, forsvar, sjukehus, kommunar og regionar vart gjennomførte. Frå første stund stod Senterpartiet fram med den tydelegaste opposisjonen til dei solbergske reformene, mens Ap anten støtta reformene eller gjekk stille i dørene. Det sat att eit inntrykk hos veljarane av at partileiinga under Støre syntest det var like greitt at dei blå tok støyten. Da dei sentraliserande konsekvensane av reformene vart tydelege, og Ap gjekk over til kritikarane sine rekkjer, var det for seint. Dei sosialdemokratiske kleda var borte. Sp hadde tatt eigarskapet til motstanden imot høgrepolitikken, og Ap sitt truverde som opposisjonsparti vart svekt.

Det er opprørsstemning rundt om i distrikta. Biletet er frå Bø i Vesterålen. Foto: Vidar Nordli Mathisen/Unsplash

I tillegg til denne plateforskyvinga i det politiske landskapet, som vart aktivert av konfliktdimensjonen mellom sentrum og periferi, braut det ut open fløykamp i Ap. Den underliggande konfliktlinja mellom synspunkta til godt vaksne menn i industrien og yngre kvinner gav næring til den mest skandaliserande og profilerte metoo-saka i norsk politikk. Trond Giske var ikkje berre klåfingra mot damene. Han var samtidig den mest debattsterke og truverdige representanten for den radikale distriktsfløya i partiet, med sterke band til fagrørsla og Nei til EU. I og med at Giske vart pressa ut av partileiinga og etter kvart den sentrale stortingspolitikken, fekk mange Ap-veljarar ein grunn mindre til å røyste på Arbeidarpartiet.

Den underliggande fløykampen i partiet, som leiaren Jonas Gahr Støre slit med å dempe, forverra seg i løpet av kampanjen imot Giske. I tillegg har samarbeidet og rivaliseringa med Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Oslo gjort at Ap har måtta gå langt i deira retning i klima- og miljøpolitikken. Her har det opna seg ein ny lekkasje for arbeidarstemmer i industrien og i distrikta, som er så avhengige av oljenæringa og fossile transportmiddel. Det står att å sjå om forslaget om ei statleg finansiert halvering av ferjeprisane kan stanse lekkasjen av Ap-veljarar til Sp og FrP. Effekten blir nok mindre no når FrP ikkje lenger sit i regjering og både dei, SV og Sp vart med på ferjeforliket.

Det nye Senterpartiet

Den interne maktforskyvinga i Ap og lekkasjen til Sp toppa seg etter at Oslo-representanten Jan Bøhler gjekk over til Sp hausten 2020. Studerer vi overgangane mellom partia i Pollofpolls, får Senterpartiet veljarar frå alle dei andre partia, men prosentvis flest frå Frp (13,3 %), KrF (10,9 %) og frå Ap (9,6 %). I reine tal får Sp naturleg nok flest frå dei store partia, 69 000 frå Ap, 55 000 frå FrP og 44 000 frå H.[4] I tillegg til at dei hentar veljarar frå alle andre parti, held Sp i størst grad av alle på dei veljarane dei fekk i 2017. Ser vi på gjennomsnittet av alle målingar siste året som Pollofpolls publiserer, har Senterpartiet ein veljarlojalitet på rundt 80 prosent, mens Ap ligg rundt 60 og Høgre rundt 70 prosent. Denne veljarlojaliteten er ein tydeleg trend gjennom heile 2020-talet.

Den mest markerte stigninga for Senterpartiet på gjennomsnittet av alle partimålingar har skjedd frå september i 2020 til mars i år. Det er tydeleg at partibyttet til den markerte bypolitikaren Bøhler har utløyst eit skred av overgangar, også frå andre parti enn Ap. Veksten frå september 2020 til no svarar til omtrent ein fjerdedel av dagens veljarmasse i Senterpartiet, som no er på mellom 17 og 20 prosent. Mest markant er framgangen i storbyane. Både i Oslo, Bergen og Trondheim har Senterpartiet gått meir fram det siste halvåret enn elles i landet. Det betyr at Sp for første gong kan bli eit betydeleg byparti.

Det står att å sjå om denne trenden held seg til valet i september 2021. Sikkert er det i alle fall at partiet har fått valkampen over på sin heimebane, i og med at distriktsopprør og distriktspolitikk har vorte eit tema. Etter at partia har lansert utkast til valprogram, ser ein at dei kappast om å legge fram dei beste forslaga til ny distriktspolitikk. Alle vil fylle opp den distriktspolitiske verktøykista. Dette er bra, både for distrikta og for landet vårt.

Å skremme med storbonden

Her må ein spørja seg kvifor skremslene om at Senterpartiet er eit storbondeparti, og at partiet har ei mørk fortid før og under krigen, ikkje verkar på dagens veljarar. Nationens redaktør under krigen var nazist, og partiets statsminister 1932–33, Jens Hundseid, melde seg inn i NS. Det ser ikkje ut til å verke avskrekkande på dagens ungdom, delvis fordi korkje partiet eller den tidlegare partiavisa Nationen har lagt skjul på dette. Andre parti og aviser har også sine lik i skapa. Ap var lenge eit revolusjonært parti. Aftenposten, Høgres avis på 1930-talet, såg med forståing på Hitler. Slike historiske røter ser ikkje ut til å vera relevante når folk vel seg politisk parti i 2021. Forsøk på «brunskvetting» ser ut til å falle til jorda. Påstanden om at Senterpartiet er eit storbondeparti, slår heller ikkje an. Kven er storbonde i dag? Ein «Listhaug-bonde» med 45 mjølkekyr, mjølkerobot og ti millionar i gjeld?

Opprøret liknar tidlegare opprør. Biletet er frå Lofoten. Foto: Luke Stackpoole/Unsplash

Dagens distriktsopprør har likskapstrekk med tidlegare politiske opprør i norsk politisk historie, slike som opprøret mot gjeldskrisa på 1930-talet, Hitra-aksjonen for betre kår for bøndene i 1975 og kampen mot norsk medlemskap i Dei europeiske fellesskapa (EF) i 1972 og EU i 1994. I eit komparativt perspektiv fekk desse fire distriktsopprøra ulikt utfall. Bygdefolkets Krisehjelp, som vart danna for å slåst imot gjeldskrisa, enda i eit ulykksalig samarbeid med Nasjonal Samling. Saka, derimot, vann fram til løysing etter kriseforliket mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet i 1935. Skattestreiken som bøndene på Hitra starta, vart nedlagd etter få månader, men saka vart ført fram til siger med vedtaket i Stortinget om å trappe opp bøndenes inntekter til industriarbeidarnivå i desember 1975. Opptrappinga vart elles erklært oppfylt i 1982 med Willoch frå Høgre som statsminister. Dei to EU-kampane vart førte fram til siger av dei organisasjonane som kjempa saman: ein allianse av bonderørsla, miljørørsla, den radikale delen av fagrørsla og partia i sentrum og lengst til venstre. Distriktsopprør har ei sigerrik historie i Norge, men kan dette gjenta seg?

Vil distriktsopprøra føre fram?

Som ein ser, er det ein viss tradisjon i moderne norsk politisk historie for at distriktsopprør fører fram når dimensjonen sentrum–periferi blir aktivert. Det er enno for tidleg å spå om kor mange av dagens distriktsopprør som vil føre til politiske endringar. Det er òg for tidleg å spå om Sp-bølgja blir eit varig fenomen. Ho kjem i alle fall til å vara til over valet, sjølv om partiet ikkje vil bli større enn Ap. Slagsvold Vedum blir nok ikkje statsminister, men talet på statsrådar og gjennomslaget for Sp’s politikk blir nok langt større enn under Stoltenbergs raudgrøne regjering.

For å halde på veljarane må Sp (og Ap) lansere sine eigne reformer, ikkje berre reversere dei blå. Her ligg nøkkelen til om Senterpartiet vil klare å stabilisere seg som eitt av dei tre store partia i Norge. Dei har klart det i mange bygdekommunar og er langt på veg i fleire mellomstore bykommunar. Det er ingen ting i vegen for at vi kan få «finske tilstandar», der det gamle bondepartiet, Centern («Suomen Keskusta»), har vore eit av dei store partia sidan 1920-åra, også i byane. Det kan skje, men det kan også skje at det norske Senterpartiet fell tilbake i oppslutning dit dei var, med mellom fem og ti prosents oppslutning, omtrent som dagens Centerpartiet i Sverige (tidlegare Bondeförbundet).

Ein syretest

Sjølve syretesten på om Senterpartiet blir eit mellomstort sentrumsparti med eigarskap til rettferdig fordeling i tillegg til distrikt, kyst og landbruk, blir om dei i koalisjon med Ap og eventuelt SV greier å gjennomføre sosiale og økonomiske reformer som veljarane deira likar. Sp kan ikkje berre streva med å få tannkremen tilbake i tuben ved å reversere reformer som har ramma mange i distrikta. Slagsvold Vedum og hans flokk må også levere løysingar på nye utfordringar. Da må partileiinga makte å finne kompromiss langs nye og gamle konfliktlinjer i partiet, ikkje minst i klimapolitikken og i konflikten mellom by og land. Å halde saman ein koalisjon som femner både by og land, kan vise seg å vera like vanskeleg for Sp som for den sosialdemokratiske storebroren deira. Den dyktige partileiaren har alt tatt grep om denne utfordringa med å kople distrikts- og klimapolitikken i motstanden imot ei tredobling av CO2-avgifta.

Enno er Senterpartiet berre midt i svevet.

No er det slik at det å vinne val er noko heilt anna enn å gjennomføre politikk. For å bli populær hos veljarane må ein partileiar gripe tak i konfliktar i samfunnet, slåst imot politiske konkurrentar og peike på løysingar for dei veljarane ein frir til. Valkamp er per definisjon ein konkurranse i polarisering. Nokre hevdar at dei som fremjar den distriktspolitiske debatten, er «populistar» og har polarisering som mål. Men kven skal stå opp for distrikta sine interesser, om dei som bur i distrikta og deira representantar ikkje gjer det? Det er ikkje «populisme» når folk kjempar for Høgskolen på Nesna, for å bevara fødeavdelinga i Kristiansund, for å oppretthalde kommunen sin eller for å få ta førarprøve eller å få skaffe seg pass innanfor rimeleg avstand. Å kjempe for interessene sine er ikkje «populisme», men demokrati.

Det er ei tid for å danse og le og ei tid for hardt arbeid. Det er ei tid for å mobilisere ein stor nok flokk til å få makt og ei tid for kompromiss og gjennomføringskraft. Vellykka styringsparti har makta å kombinere desse kunstene, slik som dei nordiske sosialdemokratia, Merkels parti i Tyskland og det konservative partiet i Storbritannia. Denne politiske kunsten kan gjerne samanliknast med vinteridretten kombinert. Enno er Senterpartiet berre midt i svevet, og det ser bra ut. Til hausten startar kanskje langrennsdelen i raudgrøn parstafett.

Reidar Almås er professor emeritus i bygdesosiologi og grunnleggar av Senter for Bygdeforskning (i dag Ruralis).

Artikkelen var på trykk i Syn og Segn 2/2021

Notar

[1] Med ein perfekt storm meinest at mange faktorar samtidig legg til rette for at det skal gå slik det gjer (Meir vanleg på engelsk, henta frå filmen «The perfect storm» (2000))

[2] Kjelde: SSB Historisk statstikk 1968 og Sysselsetting etter næring 2019. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar

[3] Populisme definerer Cas Mudde som «ein tynn ideologi som ser på samfunnet som delt inn i to homogene og antagonistiske grupper, ‘folket’ og ‘eliten’, og som argumenterer for at politikk skal vera eit uttrykk for folkeviljen» (mi omsetting). Sjå Cas Mudde (2004): The Populist Zeitgeist. Government and opposition 39 (4): 542–563. The Populist Zeitgeist | Government and Opposition | Cambridge Core

[4] Pollofpolls Februar 2021. http://www.pollofpolls.no/?cmd=Stortinget

Leiarar i Senterpartiet

  • Odd Roger Enoksen (1999–2003)
  •  Åslaug Haga (2003–2008)
  • Liv Signe Navarsete (2008–2014)
  • Trygve Slagsvold Vedum (2014-)
- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar