Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ein ekte pakistansk oslogut

Gulraiz Sharif skreiv ein innvandrarroman fordi han trudde det var det han måtte. Men eigentleg meiner han at forfattarar må kunne skrive om akkurat kva og kven dei vil.

Av Janne Nygård

– Ikkje gløym at Mahmoud kan norsk! Det er eg beinhard på: Ikkje gløym det, han kan norsk. Det kan søren meg hende Mahmoud kan bøye ord betre enn etniske nordmenn!

15 år gamle Mahmoud er hovudpersonen i ungdomsromanen Hør her’a!, debutboka til Gulraiz Sharif. Det er sjeldan ein litterær debutant har fått like mykje merksemd som det Sharif har fått denne hausten. Eit nesten unisont meldarkorps har gitt strålande kritikkar, og han har blitt nominert til prestisjetunge prisar som Brageprisen og Bokhandlarprisen. Kva er det ved denne boka som gjer at ho skil seg sånn ut? 

Ved første augnekast er handlinga klassisk nok: Det er sommarferie og Mahmoud har ikkje nokon spesielle planar. Han ser for seg at han stort sett skal henge litt med den einøygde kompisen sin Arif utanfor blokka der han bur med far, mor og ein yngre bror. Så kjem onkel ji på besøk frå Pakistan, og det blir Mahmoud si oppgåve å vise han rundt i Oslo. Men oppfører ikkje veslebroren seg litt rart? Snart må Mahmoud bere på ein løyndom som får det til å sprengje på innsida – og til slutt smell det. 

Vil få folk til å le

Det er oktober og haustferie i Oslo. Regnet som har falle dei siste dagane, har skylt bort siste rest av sommaren, i dag vakna vi opp til klårvêr og eit friskt drag i lufta. Eg møter Sharif på Universitetet i Oslo, Blindern. Vi helser på avstand med eit nikk og eit smil. Rett ved oss, midt på Frederikkeplassen, har dei sett opp eit digert, kvitt telt som fungerer som teststasjon for koronasmitte. Nokre hastar forbi med ansiktsmaske på, elles er det merkeleg folketomt ved eit av Noregs største universitet.  

– Eg trur folk trong denne boka no, seier Sharif og siktar til det mange opplever som ein vanskeleg vår og sommar: pandemi, protestar, demonstrasjonar, krise og politisk uro. – Folk må roe seg ned!

Mange har fått kronisk høge skuldrer og konstante stresshormon i kroppen. Annleisåret. 

Vi går til kafeen ved universitetsbiblioteket for å prate, og eg spør om han vil ha ein kaffi. Det vil han. Cappuccino – dobbel! Ikkje det at han hadde trunge det. Sharif snakkar tydeleg og med masse energi og utropsteikn, han er ikkje ein som pakkar inn det han har på hjartet. Han understrekar at han ville skrive ei bok som harselerer med alle og får alle til å le. Ved å sparke i alle retningar får han folk ned frå deira høge hest. Og det gjer han altså på eit språk som ville fått norsklærarar til å klusse med raud penn nedover sidene. 

Språk med trøkk og energi

Frå første setning i Hør her’a! blir lesaren dratt med inn i tankestraumen til Mahmoud og får sjå verda, Noreg og Oslo gjennom auga og språket hans. Det er det personlege ungdomsspråket til femtenåringen vi møter i teksten, ein språkleg variant som ofte har blitt kalla kebabnorsk. Det er eit uttrykk som ofte har blitt brukt nedlatande, og det er vanlegvis ikkje brukt av språkbrukarane sjølve. Forskarar byrja etter kvart å kalle det for «multietnolektisk norsk». Det er i aller høgste grad eit munnleg språk som ikkje så ofte er å sjå i skrift, og fordi det ikkje er normert, er det ein del variasjon i skrivemåtar. Dei siste åra har det kome fleire romanar som brukar språklege innslag av multietnolekt som eit verkemiddel, som til dømes Tante Ulrikkes vei (2007) av Zeshan Shakar og Alle utlendinger har lukka gardiner (2015) av Maria Navarro Skaranger.

Det er ikkje snakk om å berre bruke eit låneord her og der. Her har både syntaks og ordforråd fått seg ei skikkeleg vitamininnsprøyting, og ord blir bøygde i alle retningar. For lesarar som ikkje har kjennskap til språket frå før, kan det sikkert vere utfordrande å henge heilt med i svingane. Fleire stader i boka blir språk eit tema i seg sjølv. Mahmoud gir råd til den somaliske venen sin, som lurer på korleis han bør oppføre seg i eit jobbintervju:  

– Bærur, hør, lek norsk nordmann. Snakk som gååra, skjønner du? Ikke bruk ord fra gata, ok? Snakk som en Olav eller en Preben, eller enda bedre, som en Axel. Ha flyt, ha flow. Norske nordmenn skal tro du er norsk nordmann, men med feil farge, han må få inntrykk av at du er adoptert, brur. Du må vise at du er hardartbeidende, eller de vil tro med en gang du får første lønna du tar ut sånn sykemelding, for det er i blodet ditt! Latskap, du vet. Du er jo første somalieren som vil jobbe selv, Erna Solberg burde dele ut marsipankake på Stortinget, brur!

– Eg har ikkje noko problem med at folk kallar det for kebabnorsk, det er berre ein kul måte å snakke om det på. Å gå rundt og seie «multietnolekt», det er så kleint. Det er akkurat som å seie «kohort», føkk kohort, ikkje bruk eit så vanskeleg ord! Sei gruppe då, slutt med dei der romerske greiene. Vi prøvde å snakke med kidsa på skulen og seie at dei måtte inn i kohorten sin, og dei skjønte jo ikkje kva det var!

– Du er altså ein tilhengar av klarspråk?

– Eg møtte ein lege ein gong, vi var på grill-party, og så sa han om stykka med kjøt som vi skulle legge på grillen: «Legg dei på den laterale sida.» Så utruleg nørd, ass, kan du ikkje berre seie at vi skal legge dei på sida? 

Sharif slår ut med hendene i frustrasjon. 

– Eg får lyst til å seie: Kan du ikkje halde kjeft og berre vere litt enkel?

– Språket du brukar i boka di, er det ditt språk? Hadde du det under huda, eller måtte du lære deg det? 

– Eg hadde mykje av det inne, sjølv om eg nærmar meg 40! Eg snakka vel sånn då eg var 17-18 år. Men nokre ord som eg brukte på 90-talet, blir ikkje brukt lenger. For eksempel schpaa. Og flus om pengar, det brukar ikkje kidsa lenger. No er det lægs. Eller berre ka-ching. Det måtte eg lære meg! Eg høyrde på kva elevar sa, kva folk i familien brukte. Før så sa vi kanskje at han tæsja meg, han lurte meg. No brukar dei å jinne. Jinn er jo eit spøkelse i Pakistan og islam. Det måtte eg lære meg. Tisjar trur eg vi kan bruke framleis. Noko henta eg faktisk attende frå 90-talet, og noko måtte eg oppdatere. 

– Men mange ord som blir brukt som utanlandske innslag i norsken, er rett og slett bannord?

– Inngangsporten er ofte banning. Du lærer deg å banne på andre språk. «Kva heiter det på tyrkisk»? Og så lærer du deg fire–fem frasar. Og så spør du ein vietnamesar om det same. «Du, korleis seier du …» Og så spør dei deg: «Kva er det på urdu eller punjabi?» Og så går plutseleg alle rundt og bannar på punjabi! Mykje av det er skjellsord. Kæbe, til dømes, det er frekt. Men mæbe! Det betyr fin jente. 

– Men korleis var det å skrive på eit så munnleg språk?

– Det var veldig frigjerande å skrive på den måten, det er liksom meir sving over det. Det er lettfatteleg, og du treng ikkje følgje alle reglane i norsken. Og eg har undervist i norsk, det er eit jævla vanskeleg språk, veldig strenge reglar. Berre tenk på artiklane! Eg høyrer nordmenn gjere feil på TV og radio heile tida. 

– Trur du at det er lett å tenke at dei som snakkar slik, ikkje kan skikkeleg norsk?

– Ja, og det irriterer meg. Eg snakkar sjølvsagt heilt presist som lærar og kollega. Du veit, innvandrarar er ofte veldig opptekne av å snakke rett, gjere eit godt inntrykk. Eg vil at folk skal tenke: Gulraiz, han kan norsk! Han snakkar vakkert! Ein sveittar litt ekstra når ein skal møte ein nordmann, ein tenkjer «no må eg snakke presist»! 

– Måtte du ta ein kamp med redaktør og språkvaskar?

– Eigentleg ikkje. Dei såg at det svinga bra, det var ein rytme der. Og dersom språkvaskaren prøvde seg, så var eg hard tilbake. Då sa eg at eg skulle ha det sånn. Mahmoud kan norsk. Om han har ein ordstillingsfeil samanlikna med normert språk, så er det berre kult, det er sånn det skal vere. Men når det er sagt, så var førsteutkastet til boka mykje drygare enn det som vart sluttresultatet. Eg måtte moderere meg litt!

Ein sjølvoppfyllande profeti

«Grunnen til at jeg skriver denne boka er at norske nordmenn digger sånt», seier hovudpersonen i ein sekvens som kan lesast som ei slags programerklæring for boka. Og det viser seg at det er akkurat det dei gjer. 

– Eg er overraska over at boka vart ein bestseljar, eg. Altså, Frøydis på 85 sende meg melding på Facebook og skreiv berre: «Unge mann, eg er lettare raudvinsinfisert, men eg må berre få seie at eg digga boka di!». Bente på 65 kalla meg «bror»! Men eg kalla jo ordføraren i Oslo for «bror». Eg tenkte: Vi køyrer ein tilbakelent stil, null stress. Og ho digga det! Ho sende meg to hjarte tilbake. Eg tenkte at no kan alle berre slappe litt av, senke dei jævla skuldrene! 

Sharif skildrar det som ei surrealistisk oppleving å gå inn på Ark og Norli og sjå si eiga bok på toppen av bestseljarlista, men at det gjer han veldig stolt. Han har ikkje alltid trudd at «ein som han» kunne få det til. Han veit at det finst folk i det norske samfunnet som ikkje likar han – berre på grunn av korleis han ser ut. 

– Men hei! Det er ikkje min feil at folk kjøper boka! 

Sharif ler hjarteleg. Han seier at han veit at det òg kan vere viktig for mange å sjå at du både kan vere pakistanar og vere ein bestseljande forfattar.

– Visste du at boka kom til å slå så godt an?

– Det kan ein kanskje aldri vite sikkert. Men eg hadde jo trua på det, eg leverer ikkje frå meg noko sånt utan å ha trua! Men det å få utgitt ei bok er søren meg ta eit nålauge du må gjennom. Det har eg lært mykje om. Det å få telefon frå forlaget om at dei vil satse på boka di – det trur eg må vere den same kjensla som om Brann ringjer for å spørje om du vil spele for dei! 

– Var det tilfeldig at det var ei ungdomsbok, eller kunne det like gjerne vore ei vaksenbok du debuterte med?

– Eg har skrive litt før som aldri har blitt noko av. Men då fekk eg attendemeldingar på at eg var flink til å skrive med «barnets røst». Så byrja eg å eksperimentere med stadig nye røyster, som til slutt vart til Mahmoud. Men eigentleg, heilt ærleg, så ville eg bli ein krimforfattar, som Jo Nesbø. 

– Kva var det som stoppa deg i det?

– Eg trudde genuint at ein med min hudfarge ikkje kunne få innpass i forlagsverda med å skrive alt mogleg, dei vil ha noko frå meg først. Eg hadde veldig få førebilete som såg ut som meg då eg vaks opp. Eg tenkte: OK, eg må få foten innanfor først. Ein innvandrarroman, det er vel det dei vil ha? Så då skreiv eg det, eg tenkte at eg måtte skrive ein tekst som kunne vekke eit av forlaga nede i byen. Men det var absolutt intensjonen min at boka skulle bli lesen som ein såkalla innvandrarroman, det visste eg at ho ville bli uansett.

– Du tenkte at du måtte gjere det folk forventa av deg?

– Ja, denne boka blir på ein måte CV-en min. Hør her`a! Du merkar at det er mykje frustrasjon i den boka. Og så tenkjer eg at eg no kan skrive noko anna. Ein forfattar skal kunne skrive om det han eller ho vil, og no vil eg kanskje skrive om ein som heiter Preben, og som kjem frå vestsida av byen. Ja, eg er brun, men eg må vel få lov til å skrive om det eg vil? Mahmoud treng ikkje alltid vere med, eg tenkjer at eg ikkje treng å mjølke den kua kvar gong.

– Eg må seie at medan eg las boka, så kjende eg av og til på ein tvil, eg kjende meg nesten lurt. At eg som kvit, etnisk nordmann har blitt lurt til å tru at dette er ein roman som kan lære meg om korleis det er å vere innvandrar i Noreg …

– Og så kan du snakke om den viktige boka i boksirkel! Sharif ler høgt.

– Det er jo meir behageleg å lese ei slik bok enn å faktisk snakke med innvandrarungdom. Det kan kjennast tryggare. Kva tenkjer du om vestkantfrua som sit heime under pleddet med tekoppen og kjenner at ho blir så klok av å lese om Mahmoud?

– Eg trur heilt ærleg at ho har godt av å lese boka mi. Eg trur at ho får utvida horisonten sin litt. Eg har ikkje noko imot nokon av lesarane mine, eg vil berre at alle skal kose seg. 

Skriven i frustrasjon

Sharif legg ikkje skjul på at han har vore frustrert. Og den frustrasjonen har ikkje berre vore negativ, det har òg vore ei drivkraft i skrivinga av boka. 

– Du veit, mesteparten av boka har eg skrive på mobilen! Samsung s8! Det å skrive på mobilen hjelpte meg å halde den same rytmen i teksten, han måtte bli tettpakka og energisk. Eg skreiv ned innfall og anfall. Eg fekk idear når eg køyrde bil, då måtte eg berre stoppe og skrive! Mykje av boka vart til medan eg stod parkert i garasjen på eit kjøpesenter. Det vart mykje musikalitet i språket når eg gjorde det på den måten! 

– Hovudpersonen din er frustrert òg?

– Det ser ein tydeleg at han er! Det har vore veldig frigjerande å kunne skrive med blikket til ein femtenåring, for kven skal liksom seie imot ein som han? Det er slik han opplever livet sitt. Han må få lov til å vere frustrert. La han prate ut! La han snakke rett frå levra! Eller rett frå magen, som vi seier i Pakistan. Eg trur òg at eg har klart å ta litt tak i frustrasjonen som fleire i Noreg kjenner på gjennom Mahmoud. 

– Kva er det som er så frustrerande?

– Det er klart at du blir frustrert når du heile tida tenkjer på deg sjølv som ei byrde i samfunnet. Mange kjenner seg som ein drit frå vogge til grav. Du blir snakka om i media som om du var ein liten drit. Tenk deg dei som er unge i dag! Dei kjenner på annleisheit og utanforskap, høyrer at politikarar omtalar deg som noko som ikkje er verdt noko. Heile livet går du der som ei byrde, men så trøystar du deg med at du er norsk. Du prøver å finne ut av identiteten din, men du veit at inst inne …

– Du ser på deg sjølv som ein pakistanar?

– Foreldra mine kom hit som innvandrarar frå Pakistan på 70-talet, då var eg fem månader gamal. Eg ser på meg sjølv som pakistanar, ja, eg tenkjer at ein må vere stolt av opphavet sitt. Det å migrere er ikkje lett! Du kan framleis finne folk i USA som ser på seg sjølv som irar eller italienarar. Eg likar ikkje at folk kallar meg norsk sånn utan vidare, eg vil ikkje bli definert av andre. Ein klappar med begge hendene, sant? Vi gløymer at Noreg er eit samarbeidsprosjekt. Vi kom kanskje fordi vi ville ha eit betre liv, men Noreg har vore heilt avhengig av innvandring. Dei galningane som sit framfor dataskjermane sine i mørket og spreier hat, dei har gløymt det. Dei har sånn noia! Og eg får sånn noia av sånne noia-folk!

Sharif ler.

– Folk må roe seg kraftig ned! Gå ut og møt folk, for faen, snakk med folk! Kva er det med dykk, bli kjent med nokon! Herregud. 

– Mahmoud omtalar seg sjølv som «oslosk», heller enn norsk?

– Ja! Eg òg har ein identitet som oslogut. Denne byen er referansepunktet mitt, eg er vel ein pakistansk oslogut! På same måte som folk frå London er londonarar og dei frå Paris er parisarar, folk frå New York kallar seg newyorkarar … Eg er oslosk. 

– Det er langt frå Oslo til Nord-Noreg?

– Eg tenkjer at det er vanskeleg å vere frå heile det langstrekte landet vårt. Det var ein etnisk nordmann som sa til meg ein gong at han ikkje hadde reist så mykje, og at han òg eigentleg kjende seg mest oslosk. Det er frigjerande på eit vis, å kjenne seg som byen ein er frå. Mange nordmenn tenkjer nok at vi innvandrarar blir glade om dei kallar oss for norske, men det er litt frekt å berre gå ut frå det. 

Ingen politisk roman

Det er ikkje tilfeldig at vi møtest på Blindern. Det er nettopp her hovudpersonen i romanen Hør her a´ drøymer seg bort til, han drøymer om å bli student. Det er her mor til hovudpersonen arbeider som reinhaldar, og ho drøymer òg om å sjå sonen sin gå rundt i gangane på veg til førelesing. 

– Du studerte på Blindern sjølv?

– Eg studerte sosialantropologi, det elska eg! Eg hadde eigentleg lyst til å studere juss, ein fetter av meg er advokat. Men så fann eg ut at eg hadde lyst til å bli lærar. Favorittfaget mitt er samfunnsfag. Å snakke om sosialdemokratiet og velferdsstaten … Elevane vaknar litt opp. Det er eit fag som tvingar deg til å sjå verda frå fleire perspektiv.

Som så mange andre som endar opp som lærarar, så byrja det òg med ein lærar som sette djupe spor i oppveksten. Sharif hugsar godt læraren på Manglerud videregående i Oslo, ho som enda opp med å bli eit stort førebilete.

– Anne Kathrine Fuglem. Ho gjorde at eg hadde lyst til å bli lærar. Det var rett etter drapet på Benjamin Hermansen, ho såg oss og møtte oss på ein fantastisk måte. Det var så kult å bli tatt imot på ein så human måte av ein etnisk nordmann. Då tenkte eg: Sånn lærar vil eg òg bli. Eg har seinare jobba i barnevernet òg. Det å arbeide med barn og unge er så givande, berre det å få ungar som har det vanskeleg, til å smile. Sjå dei komme seg opp og fram i livet. 

– Mahmoud har lyst til å bli lærar, men i boka reflekterer han over at det er lågstatus?

– Det har jo ikkje så høg status. Vi har ikkje fått så mykje takk no under pandemien. Ein kan bli utbrend. Eg har aldri blitt utbrend før, men eg opplevde det først som lærar. Det er verkeleg hardt arbeid. Og blant innvandrarar er det nokre yrke som har høgare status enn andre – ein er jo nesten lei av å høyre om pakistanarar som blir legar! Ein blir ikkje like imponert lenger. Dei vil ha eit betre liv enn det foreldra hadde. Eit tært liv – kan ikkje bli lærar då!

– Før eg møtte deg i dag, skreiv du til meg på e-post: «Dette er ingen politisk roman!» Kva meinte du eigentleg med det?

– Eg skriv satire og harselerer med alle – på ein måte har eg skrive boka litt på pur faen. Ja, eg skriv mykje om Siv Jensen og Erna Solberg, men eg skriv òg om polakkar, somaliarar, pakistanarar, ingen går klar. Eg går ikkje djupt inn i norsk innvandringsdebatt, men skrapar litt i overflata. Eg er ikkje så oppteken av kva som er politisk korrekt, kva som er tabu. Eg vil berre tulle med alt og alle – eg meiner 2020 treng det. Tenk at eit så lite virus kan vise oss kor samanfiltra vi eigentleg er – ingen er meir spesielle enn andre, alle kan døy av korona. Det er litt klisjé, men det er fakta i dei setningane der! Vi har same farge på blodet. Og ved å bruke humor på den måten eg gjer i boka mi, håpar eg at eg klarer å få folk til å slappe litt meir av. 

I boka blir vanskelege tema tatt opp på ein lett måte. På mange måtar er det ei forteljing vi har høyrt mange gongar før, men så snur Sharif det heilt på hovudet då veslebror til Mahmoud kjem ut som transperson – han blir til ho. 

– Eg trur at akkurat det med å vere trans, ordskiftet om kjønnsidentitet, det er like vanskeleg å takle for alle familiar, det avgrensar seg ikkje til innvandrarfamiliar. Eg har snakka med etniske nordmenn som har sagt at dei er så glade for at dei berre har søner. Hæ? Tenk om eg hadde sagt noko sånt?

– Du er ikkje redd for å spele på stereotypiar! Det er late somaliarar, thai-damer, pakistanske ungar blir banka opp av foreldra … I tillegg brukar du ord som svarting og n-ordet. Og det i ei tid då det kanskje er lite kult å gjere det. Når eg les boka, kan eg av og til føle at det er litt ubehageleg å lese, det er nesten litt forbode. Har du tenkt over det?

– Eg tenkjer at det er uskuldig humor. Det var ei som sa at ho følte eg «kledde av alle». At alle stod nakne att, både nordmenn og andre. Då tenkte eg at her er det ei som har skjønt det. Det er den klisjeen, sant, at vi er alle menneske. I alle kulturar og samfunn er det folk som alltid har noia, som skriv hat på nettet, som ikkje likar dei som ikkje liknar på dei sjølve. Dei burde jo eigentleg ha styrt verda, veit du! Dei er så skumle. Eg vil få folk ned frå deira høge hest, få folk til å le av seg sjølv. Prøve å vere ei motvekt til dei som tar alt veldig, veldig alvorleg. 

Men Sharif er rask med å understreke at han synest Black Lives Matter-demonstrasjonane i år har mykje for seg, og at han støttar dei som står opp mot urett i samfunnet.

– Det eg diggar med #metoo og #blacklivesmatter, er at gjennom internett så klarte vi å ta tak i ting. Tenk på kor mange kvinner som no tør å stå fram og seie ifrå, det er så tøft gjort! Det same med demonstrasjonane mot rasisme, eg trur folk har fått litt auga opp for at mange blir sett på som dårlegare menneske berre fordi dei kjem frå eit varmare land. Det er ein vekkingsprosess. Men vi har alle fordommar, vi må kunne snakke om dei. Tenk på ein utlending som går nedover gata klokka to på natta, møter ein gjeng med kvite ungdommar, han tenkjer kanskje med ein gong at det er nazistar, ei rasistgruppe, sant? Men kanskje dei berre er på veg til fest? Vi treng å opne gluggane litt! 

Og måten Sharif vil opne gluggane våre på, er å bruke mykje humor.

– Du veit, eg melde meg på eit stand-up-kurs, men torde aldri gå på scenen. Eg har høyrt at den verste kjensla som finst, er den du får når du står der og ingen ler av vitsane dine. Men så tenkte eg at eg kunne prøve å gjere det same, berre i bokform. 

– Det blir kanskje mindre skummelt når fleire les manuset på førehand?

– Akkurat! Det er veldig godt å arbeide med ein tekst, det at ein kan gå tilbake og endre ting som ikkje fungerer, før ein slepper det ut i verda. Det går ikkje når ein framfører det munnleg på ein stand-up-scene. 

– Men du har halde på ein munnleg stil i boka?

– Stilen er veldig munnleg, og boka har mykje humor. Det er eigentleg veldig mykje pakistansk komedie i Hør her`a!, komedie som eg har omsett til norsk. Pakistansk stand-up sparkar skikkeleg frå seg. Først var eg redd for at ingen ville skjønne det, at det berre var eg som likte det. Men eg trur kanskje folk oppfatta det som friskt og nytt. 

Svingar mellom språk

– Eg kan urdu, punjabi, hindi, kashmiri, engelsk, eg kan litt fraser på svensk og dansk, eg kan norsk, kor mange er eg oppe i no? Fy søren, det er allereie sju–åtte språk i hjernen min! Som pedagog trur eg hovudet må jobbe litt kjappare når ein heile tida må svinge mellom språk. 

Sharif seier at då han var liten, så måtte han kunne alle desse språka for å kunne kommunisere med familien. 

– Eg snakkar i telefonen med mamma på punjabi, og så skal eg plutseleg snakke med søstera mi på norsk, vi bøyer til og med pakistanske ord på norsk av og til, fordi det er sånn hjernen vår fungerer! Eg er fleirspråkleg, og det gjer noko med måten du tenkjer på. Det går fort unna. 

– Er det noko du føler det norske språket manglar av ord eller uttrykk, som du kanskje finn i urdu eller punjabi?

– Når eg bannar, bannar eg alltid på pakistansk! 

Sharif ler hjarteleg. Han hugsar at han las mykje i barnemagasin på urdu då han var liten, i bøker med vitsar og gåter. Han hadde òg morsmålsopplæring i urdu i nokre år. 

– Urdu er vakkert og poetisk, medan punjabi er meir røft. Det er veldig forskjellige stilar. Vi snakka mest punjabi heime, og så plutseleg skulle vi lære eit anna språk på skulen. Det starta allereie der! Allereie der måtte hjernen byrje å stille seg inn på fleire språk. Det er ganske kult! 

– Kva andre ting las du i oppveksten?

– Eg las mykje Jo Nesbø. Du veit, Harry Hole har ein pakistansk nabo! Det var så kult å føle seg inkludert. Eg har fått tilbakemeldingar frå ungdom som har lese mi bok, og som takkar for å bli nemnt i boka. Slike ting betyr mykje! Og så hadde eg ein fetter som introduserte meg for Dostojevskij! Eg elska Forbrytelse og straff. Tenk å skrive så tidlaust! Ein kan lese den boka i dag og tenke at ho verkar så moderne og framleis veldig aktuell. 

Men ein ting er sikkert, han let seg ikkje skremme av suksessen, han blir inspirert. Og han tenkjer allereie på neste bok. 

– Denne boka har eit veldig tempo! Den neste romanen min får kanskje vere litt rolegare. Eg har veldig lyst til å skrive krim, det er draumen. Eg elskar makta eg får som forfattar: Skal eg skremme livskiten ut av lesaren no, eller skal eg vente to sider? Kva skal eg gjere med lesaren no?

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar