Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Jon Fosse – frostvar og lettkokt

Av Cecilie Seiness


– Eg var redd for å døy før Septologien var ferdig. Eg hadde noko eg måtte seia, og det kjendest som ei plikt å få sagt det, seier Jon Fosse.

Ein gong for lenge sidan var han eit langt, mørkt hår som flagra i vinden. Han trødde tungt langs landevegen på ein blåmåla damesykkel. Alle i bygda visste at han med håret var Jon Olav Fosse. Kanskje skulle han på speleøving med gitarkasse i handa. Kanskje var han på veg heim til småbruket ikkje langt frå fjorden og bølgjene. Kanskje duskregna det. I Strandebarm syklar ein anten innover eller utover fjorden, på ein veg som snirklar seg gjennom tun, forbi småbruk, kyrkje, ungdomshus og busstopp. Jon Fosse var barn og ung gut på Fosse i Strandebarm på 1960- og i første halvdel av 70-talet. Han hadde sykkel, gitar, kjende seg som ei kunstnarsjel og hadde det lengste håret nokon i Strandebarm nokon gong hadde sett på ein gut.

Det er lenge sidan dette no. Årevis. Nesten alt er annleis. Jon Fosse fyller snart 60 år. Dei siste 40 åra av livet har han skrive profesjonelt. Han har skrive og skrive, romanar, dikt, dramatikk, barnebøker, essay, journalistikk, han har omsett og gjendikta, er sjølv omsett til over 50 språk og vert nemnd i samband med Nobelprisen i litteratur. Komande haust blir noko heilt særskilt for Jon Fosse. Han skal blant anna feirast med Fossefestivalen på Det Norske Teatret i Oslo, og lanserer første boka i romanverket Septologien både her i landet og internasjonalt på bokmessa i Frankfurt.

Eg møter Jon Fosse på kaffibaren Dagny’s i enden av St. Olavs gate i Oslo. Og før me går vidare, må eg seia kven eg er. Eg har vore Jon Fosses redaktør i Det Norske Samlaget sidan 2012. Då Fosse fylte 50 år i 2009, gav eg ut portrettboka Jon Fosse. Poet på Guds jord. Eg arbeider tett med Jon Fosse og kjenner han godt. Eg er såleis ingen journalist i denne samanhengen.

Frå Dagny’s ser ein over mot katolske St. Olavs kirke. Der går katolikken Fosse til messe når han er i Oslo, når han er i Grotten og er Kongens nabo. Fosse bur fleire stader, i Grotten i Slottsparken, men også på Frekhaug, han har ei hytte på Dingja i Sogn, og han bur i Hainburg an der Donau i Austerrike. Dei sju siste åra har Fosse budd delar av året i Hainburg, ikkje langt frå Wien. Der bur han i eit område med lange og solide kulturelle tradisjonar, ein stad der både klassisk musikk, teater og katolsk tru står sterkt. Men litteraturen er minst like viktig i Noreg som i Austerrike, meiner Fosse. Tida har gått sidan Fosse sykla langs vegane i Strandebarm, og i ein e-post nyleg skreiv han: «Eg er visst vorten gammal og frostvar, og gler meg til det vårast og lysnar!» Men noko er som den gong. Håret til Jon Fosse er framleis langt, langt og grått og samla i ein hestehale.

– Tida går. No blir du snart 60 år?

– Det er ikkje stas. Då eg vart 40, tenkte eg at det var på høg tid. Det hadde skjedd så mykje. Då eg vart 50, kjendest det også greitt.

– Det har no skjedd ymse etter 50 også, vil eg seia.

– Ja, det har skjedd endå meir, seier Fosse og humrar.

– Men kvifor likar du ikkje å bli 60?

– Eg veit ikkje. I gamle dagar var ein gammal når ein var 60. Slikt har jo endra seg litt. Det som før var 70, er no 80, og ein 60-åring er kanskje ikkje ein gammal mann. Eigentleg har eg ikkje noko imot å bli gammal. Men eg har vore nær venner som har slite med store helseproblem. Det er det fælt å vera vitne til. Men det er godt å ha ro, ha levd lenge og ha gjort mykje. Eg har aldri hatt det så godt som no.

– Du er 60 år og har seks barn. Den minste er baby!

– Ja, det er det beste som kunne skje meg. Eg opplever det å ha spedbarn på ein annan måte enn før i livet. Eg er til stades på eit anna vis. Men det er sjølvsagt betre å ha ein ung far. Min avdøde venn Lars Roar Langslet hadde òg gammal far. Han sa til trøyst då eg klaga meg, at «det ble da menneske av meg også»! Forresten finst det fedrar som er langt eldre enn meg. Eg klaga meg også til ein svensk skodespelar. Då fekk eg svar på tiltale. Han var 75 og i same situasjonen. Kven trudde eg at eg var, liksom.

– Kanskje nye barn om 15 år, då?

– Livet får leva, og det som skjer, det skjer, seier Fosse og ler.

– Å bli eldre handlar same kor me snur og vender på det, om å vera nærare døden. 

– Eg har aldri hatt dødsangst. Nokre har det, andre ikkje.

– Du kan tenkja på døden med ro?

– Ja, men det kompliserer det at eg er blitt far igjen. Det er ulempa med å bli far når ein er gammal, men mi haldning er å la livet leva, la barn bli fødde. Leva og lata leva. Dødsangst har eg ikkje, men det er mykje smerte i livet. Og i meg er det mykje sorg. Som Ibsen sa: «Jeg fikk sorgens gave, og så var jeg skald.» Smerte, sorg, det melankolske og depressive er også ei gåve. Ein kan gjera noko godt ut av det.

HISTORIA om Jon Fosse er underleg, og kanskje særleg forteljinga om dramatikaren Fosse. Han vart dramatikar nærast mot eigen vilje. Den unge Fosse syntest teateret handla meir om jåleri enn om kunst. Han var overtydd om at han skulle halda seg borte frå den verda. Instruktøren Kai Johnsen prøvde fleire gonger å få Fosse til å skriva dramatikk. Han hadde lese romanane til Fosse og var overtydd om at Fosse var dramatikar, men Fosse sa nei og atter nei. Likevel, i 1993, vel ti år etter at Fosse romandebuterte, skreiv han for første gong eit teaterstykke. Kvifor i alle dagar lét han seg lokka? Jo, Fosse trong pengar. Han var blakk. Han skreiv for første gong replikkar, starten på Nokon kjem til å komme, og det viste seg å gli merkeleg lett. Fosse har skildra det å skriva dramatikk for første gong som «den største openberringa i mitt forfattarliv».

Eit Fosse-stykke vart sett opp første gong her i landet på Den Nationale Scene i Bergen i 1994. Det første stykket vart spelt i utlandet i 1997. 40-åringen Jon Fosse stod framføre det store internasjonale gjennombrotet. I 1999 var Fosse godt etablert som dramatikar her heime og hadde fått innpass i mange land. Han var ein suksess. 28. september 1999 hadde Nokon kjem til å komme premiere i Nanterre like utanføre Paris. Regissøren var den verdskjende og legendariske regissøren Claude Régy. Den oppsetjinga la grunnlaget for Fosses store gjennombrot i Europa. Det var ei rar og overraskande framsyning, og Jon Fosse vakna på eit hotellrom i Paris dagen etter premieren. Det var førtiårsdagen hans, og han visste at akkurat den oppsetjinga var ein døropnar for han som dramatikar.

Men då Fosse fylte 50, var han matt. Han hadde skrive dramatikk som ein galen i årevis. Det eine stykket hadde teke det andre, på ein sommar kunne han gjera ferdig to skodespel. Rundt 50-årsdagen melde han frå om at den dramatiske raptusen gjekk mot slutten. Han som valde skrivinga for å vera aleine og trekkja seg tilbake, hadde blitt eit midtpunkt. Han kunne leva i sus og dus og rus året rundt, men Fosse var lei. Han som slett ikkje likte å opptre, bestemte seg for å slutta med det. Han ville ikkje reisa og heller ikkje skriva dramatikk. I alle fall for ei tid. Tretti teaterstykke. Åtte kortare stykke. Det fekk halda.

– Etter at eg hadde skrive teaterstykket Eg er vinden, gjekk eg rett over til å skriva prosa. Eg skreiv Andvake, starten på Trilogien. Der ligg overgangen frå teater til prosa. Etter Eg er vinden måtte eg skriva teaterstykket Desse auga. Det var ei bestilling eg hadde takka ja til. Det var forferdeleg tungt.

– Du var ferdig som dramatikar då?

– Ja, eg hadde ikkje lyst, det var på overtid. Når ein har vore dramatikar i mange år, så kan ein skriva stykke. Det eine stykket liknar på det andre hos meg. Og det er bra, det! Hos distinkte diktarar glir det eine verket over i det andre. Sjå berre på dikta til Georg Trakl, som eg nettopp har gjendikta til norsk. I mitt fall kan ein tenkja at somme av stykka er ulike akter i same stykke. Namnet kan vera første akt, Natta syng sine songar andre, til dømes. Vinter er første akt, Nokon kjem til å komme er andre.

DET ER ingen løyndom at Jon Fosse ei tid drakk mykje, altfor mykje. Men aldri når han skreiv, då måtte han vera klink edru. Alkoholen var i mange år nyttig for han som hadde angst for nesten alt utanom det å skriva, men etter kvart tok alkoholen styringa. Han var aldri rusa, men måtte drikka for å vera normal, som han seier. Fosse drakk døgnet rundt i eit par månader, og kollapsa. Det skjedde våren 2012. I ein e-post frå den gong skriv han: «Eg har teke den bratte avgjerd at eg sluttar å drikka (alkohol er som det meste både av det gode og av det vonde), så kanskje vi neste gong kan treffast på Kaffistova?!»

– Eg hadde kraftig delirium og alkoholforgifting. Eg har lese at 30 prosent døyr av det om dei ikkje får behandling. 15 prosent døyr med behandling.

– 2012 vart eit vendepunkt. Du slutta å drikka i mars og konverterte til katolisismen den sommaren. 

– Ja, det vart eit skifte. Eg tok tak og snudde skuta.

Fosse slutta å gå på bar, slutta nesten heilt å sjå produksjonar av eigne stykke, slutta å lesa opp og vera på scenen. Han valde eit anna, mindre sosialt liv. No har han ikkje drukke på sju år.

– Ein kan spørja kva slags alkoholisme det var eg hadde. Eg drakk altfor mykje, men det var ikkje vanskeleg å la vera å drikka når eg først var blitt frisk att. No set eg meg ikkje på pub. Eg går på ei kaffistove i staden. Først tenkte eg at eg skulle vera edru i fem år, og så kunne eg kanskje ta meg nokre glas att. Men eg har ikkje hatt lyst til det. Tanken er likevel framleis før eller seinare å ta seg eit glas eller to i ny og ne. Mange kan leva fint med eit stort alkoholforbruk, men eg passerte den grensa. Per Olov Enquist sa at det å drikka ei flaske vin dagleg er å vera alkoholikar. Eg trur at for somme kan det vera fint med ei flaske vin kvar kveld. Men ein bør nok ikkje plussa på med ei flaske whisky! Alkoholen er for mange eit stort gode, berre for relativt få eit stort problem. Eg har ingen vanskar med å vera saman med andre som nyt sine glas, sjølv om eg ikkje drikk sjølv. Men det seier seg sjølv at det ikkje blir fleire nachspiel på meg. Den tida er forbi.

– Det er eit før og etter på denne tida, rundt 2012?

– Ja, mange ting fell saman. Eg møtte også Anna, og me gifta oss. Me fekk vår første dotter, Erli. Og så vart eg tildelt Grotten. Der har me stort sett budd halve året. I fjor budde me der fast, og no frå hausten kjem me til å bu der heile tida.

VESTLENDINGEN Fosse vart tildelt Grotten i 2011. Korleis skulle det gå, spurde ein seg på Vestlandet. Kom den litterære åra til å tørka inn utan jamt pissregn og utsikt mot fjell og fjord? Fosse var slett ikkje overtydd då tilbodet kom. Han skreiv slik på e-post i april 2011: «Dette er ikkje offentleg, og hemmeleg, men eg var i går og såg på Grotten. Har fått tilbod om å bu der. Lurer fælt på kva eg skal svara.» Fosse kjende etter kvart at det var bra med tanke på kva han representerer, nemleg nynorsken.

– Ja, det har skjedd så mykje dei siste ti åra. Det skjedde så mykje at eg måtte ha ein pause frå skrivinga. Eg røyner ting i livet, og eg røyner ting i diktinga. For meg er det eg røyner når eg skriv, minst like sterkt, ja eigentleg sterkare, enn det eg røyner i livet. Å skriva er å drøyma i vaken tilstand, å setja seg sjølv i ein styrt draumetilstand der ein lyttar seg framover, kan eg kanskje seia. Difor ville eg ikkje skriva i ein skjør periode etter at eg slutta å drikka og konverterte. Då måtte eg først koma tilbake til den vanlege røynsla.

– Du frykta skrivinga på den tida?

– Nei, men eg kvidde meg. Eg hadde ikkje lyst til å sleppa meg laus. Og det å skriva er jo å utsetja seg for det ukjende. Det var nok utryggleik som det var.

Fosse hadde skrive seg ferdig i dramatikken og gjekk etter kvart tilbake til prosaen, han gjekk tilbake der han kom frå. Og AndvakeOlavs draumar og Kveldsvævd vart til Trilogien, eit verk Jon Fosse fekk Nordisk råds litteraturpris for i 2015. Han vart nominert og glad for det, men hadde ingen planar om å ta turen til Reykjavík der prisutdelinga skulle skje. Arrangørane lokka og lura og fekk Fosse til å reisa. Han hadde klare mistankar om at han kom til å få prisen. Fosse landa like før seremonien i konserthuset Harpa og tok imot prisen. Han var glad og mild og takksam, men då Erna Solberg gratulerte og ymta frampå om at det også var ein pris til Bergen, var alt det milde borte. Nei, det ville ikkje Fosse ha noko snakk om. Prisen var til Vestlandet og nynorsken, ikkje Bergen, der riksmålet og bokmålet dominerer. Fosse gav Solberg ein verbal smekk, snakka med journalistane og hasta til hotellet. Han la seg lenge før festen hadde kome skikkeleg i gang. Morgonen etter stilte han grytidleg til frukost, godt nøgd med både prisen og det nye livet.

Nordisk råds litteraturpris gjorde godt. Og i takketalen sa Fosse at prisen kom på eit heldig tidspunkt for så langt framover som Fosse kunne sjå, så kom han til å skriva prosa. Fosse hadde nokre år der han vegra seg for å skriva, men sommaren 2015 hadde han bestemt seg for å pressa seg i gang igjen. Han fekk god hjelp av ei hetebølgje. «Nei, no hadde vore godt med litt regn!» Slikt seier Fosse når folk nyt sol og sommar. Fosse er ingen sydenfarar, ingen kortbuksemann. Sommaren 2015 var Fosse invitert til Château de Brangues i Frankrike, slottet til den avdøde franske diktaren Paul Claudel. Fosse vart invitert av etterkomarane hans, ein av omsetjarane hans er inngift i familien. Han hadde ein plan om å starta opp att med prosa, og slottet var eit høve utanom den daglege tralten.

– Det var hetebølgje medan me var der. Det var så varmt at når ein gjekk ut, kjendest det som å bli møtt av ein vegg av varme.

– Varme er ikkje noko for deg? 

– Nei, nei, eg toler varme så dårleg. Folk var utslått, og det var heilt ille for meg. Heldigvis hadde me rom på ei sval side av slottet. I kveldinga bevegde eg meg ut. Om dagen skreiv eg opninga på Septologien. Eg berre byrja med Mac-en på magen i senga. Eg har lett for å skriva. Noko kjem når eg set meg ned for å skriva. Eg har aldri hatt skrivesperre.

HAN HADDE ein start, men hadde ingen planar om å skriva nokon roman, likevel skreiv og skreiv han. Etter kvart la teksten seg til rette i sju delar, difor kalla Fosse verket Septologien. Hovudpersonen og eg-forteljaren heiter Asle. Han er målar, enkjemann og lever einsamt i Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen og med galleristen Beyer. I Bjørgvin bur ein annan Asle, han er også målar. Eg-forteljaren Asle og den andre Asle er på eit vis dobbeltgjengarar, eller to versjonar av det same livet. Livet til dei to Aslane blir vert fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie. Dei er både éin og to personar.

– Eg byrja med berre éin hovudperson, men dei to Aslane skilde lag medan eg skreiv. Dei er den same, og dei er ikkje den same. Det er grunngrepet i romanen. Det er vel eigentleg ein klassisk dobbeltgjengarroman.

Diktinga har Fosse gjort i Hainburg. Der har han eit arbeidsrom med utsikt rett over gata, mot ei blokk, men lener han seg litt mot vindauget, så ser han ruinane av mellomalderborga i byen.

– Noko av det gode med å bu i Hainburg er at der har eg berre kontakt med næraste familie, eg går til messe ein gong i veka, og ja, så handlar eg inn ein gong i veka. For no å overdriva litt. Det er roleg og fredeleg. Eg legg meg klokka ni og står opp i fire–fem-tida. Heile Septologien er skriven mellom fem og ni om morgonen. Diktinga er gjord seint på natta og tidleg om morgonen.

– Kvifor skriv du på den tida av døgnet?

– Slikt endra seg då eg slutta å drikka. Tidlegare var eg B-menneske. Eg likte eit glas om kvelden. Det var ein god måte å leva på. Men då eg slutta å drikka, byrja eg å leggja meg tidleg. Og så tek eg meg ein lur på ettermiddagen. Septologien er eit resultat av nattarbeid i ein småby ved Wien.

– At du er langt heimanfrå, har det noko å seia for diktinga?

– Ja, her er eg knytt til så mangt som ikkje er der. Det gir ein fridom og eit tomrom som eg ikkje opplever heime i Noreg. Men no når eg har gått gjennom heile verket, heile elendigheita, så har eg tenkt: At eg orka! Manuset var først på 1750 sider. No er det 1500.

Fosse kjende trong til det langsamt fløymande, og han såg føre seg å skriva det han tenkte på som «langsam prosa». Han hadde dette omgrepet, og kva handlar det om? Jo, om prosa som tek tid, er litt omstendeleg, som ikkje hastar av garde frå det eine til det andre. Prosa som sakte svingar eller buktar seg framover, med «transportetappar» og «skildringar» og «refleksjonar».

– I mange år hadde eg arbeidd intenst med teaterstykke. Min måte å skriva teater på handlar om avgrensing for å oppnå konsentrasjon og intensitet. Dramatikk krev ikkje nødvendigvis mykje ytre drama, men det krevst sterk indre spenning, intens lading. Langsam prosa er negasjonen av det raske dramaet. Prosaen tek mykje lengre tid enn stykka og krev meir ro i meg sjølv og i kvardagen.

JON FOSSE trong ein hovudperson i Septologien, men ville ikkje at han skulle vera forfattar. Det som låg nærast då, var biletkunstnar. Han har alltid vore interessert i biletkunst, særleg i målarstykke, olje på lerret. I tenåra måla han sjølv. Og tidleg i 30-åra både teikna og måla han mykje.

– Men eg øydela bileta, eg klarte ikkje å slutta i tide. Eg har fuska i faget sjølv, ja, og vore mykje på galleri og museum. Eg har også fleire venner som er biletkunstnarar.

Jon Fosse sette seg inn i det praktiske ved å vera målar gjennom samtalar med kunstnarane og vennene Håvard Vikhagen, Oddvar Torsheim og Camilla Wærenskjold. Han spurde og grov om alt praktisk som har å gjera med faget, utdanning, utstillingar, korleis blanda fargar, korleis bruka lerret.

– Min viktigaste samtalepartnar har nok vore Håvard. Det det eigentleg dreiar seg om, er det same om ein er målar eller forfattar eller musikar.

JON FOSSE har ved fleire høve karakterisert seg som ein poet av legning. Han er poet i alt han skriv, er oppteken av rytmen i setningar, form og innhald er ikkje åtskilde, det glir saman og skal snakka på same nivå. Innhaldet er så å seia ein del av forma. Det er poetmåten. Fosse har gjerne snakka om måten han diktar på, som noko anna enn det mange romanforfattarar driv med. Dei gjer research. Men til Septologien har Fosse arbeidd slik mange av kollegaene gjer.

– For første gong i all mi dikting er det essayistiske innslag, og dessutan viser eg til reelle personar her, om ikkje så mange. Det er Samuel Beckett, Georg Trakl, Lars Hertervig, alle kunstnarar som har vore svært viktige for meg, og eg syner til bilete som «Brudeferden i Hardanger». Dessutan er Meister Eckhart med. Kanskje den tenkjaren som har vore viktigast for meg.

– Det kjennest radikalt å visa til den reelle verda i diktinga di? 

– Ja, det kjennest faktisk nesten radikalt å ha med slike røynlege referansar. Alt eg har skrive, kan vel kanskje kallast for ein slags mystisk realisme, ikkje «magisk», men mystisk. Litt difor har eg vel unngått direkte referansar, og essayistiske innslag. Men nettopp Septologien er så utprega mystisk realisme at det liksom kjendest rett med røynlege referansar, og også med essayistiske innslag, som etter mitt syn er heilt knytte til måten eg-forteljaren i romanen tenkjer på, hans tankar er ikkje nødvendigvis mine tankar. Berre så det er sagt.

– Septologien handlar mykje om kva kunst er, men også om Gud og alkoholisme. Er du samd?

– Ja, men det handlar like mykje om å døy. I romanen er det døden alkoholen er knytt til. Det handlar også om det sjølvdestruktive. Det er eit sjølvmord som går føre seg. Det er havet, døden og kjærleiken.

– No igjen?

– Ja, no igjen, seier Fosse og ler. – Heile Septologien er kanskje eit augeblikk, eit fortetta no, eit dødsaugeblikk. Når folk døyr, blir det sagt at ein får livet i repetisjon. Septologien kan kanskje sjåast på som eit slikt augeblikk. I Septologien brukar eg ulike røynsler, frå bøker eg har lese, frå ting eg veit noko om, men å skriva er først og sist ei eiga røynsle. I skrivinga skjer ein transformasjon av det eg har lese, lært, høyrt frå andre og vore med på. Det er den transformasjonen og det løftet som skjer i transformasjonen, som er diktinga, og som gjer det møda verdt.

– Du skriv om ein kunstnar som tenkjer mykje på Gud og slit med alkoholen. Kor tett er du på eige liv her?

– Element her er tett på eige liv, men er sjølvsagt heilt omskrivne. Men eg flørtar med det! Hovudpersonen har grått hår i hestehale. Det har eg også. Han har to svarte fløyelsjakker. Det har eg også no skaffa meg. Først skreiv eg om desse fløyelsjakkene, så kjøpte eg meg to slike sjølv! Liva eg skildrar, er moglege variantar av meg. Eg kunne vore biletkunstnaren Asle. Eller blitt som ungdomsvennen Sigve, som arbeider på ein møbelfabrikk.

– I Septologien er det mykje bilkøyring. Du er også glad i å køyra bil og fortel om bilturar og bilar. Her er ein annan parallell til livet ditt?

– Ja, eg likar langkøyring. Men eg kan ikkje fordra bykøyring, det stressar meg meir enn godt er. Oslo er ein umogeleg by å køyra i. Eg har lært meg å køyra til og frå Grotten, og det er det. Skulle eg hatt eit meir vanleg yrke, så kunne eg tenkja meg å vera trailersjåfør og køyrt langdistanse gjennom Europa. Men det måtte ha vore då eg var yngre. No hadde eg ikkje hatt ork til det.

– Ville du lytta til lydbøker då?

– Ja, favoritten av alle lydbøker er Vesaas som les Fuglane. Den er nydeleg. Eg høyrer gjerne på lydbøker når eg køyrer langt, som mellom Oslo og Bergen.

– Kjenner du deg letta no når Septologien er ferdig?

– Ja, det var utruleg viktig for meg ikkje å døy før dette verket var ferdig. Det kan høyrast sprøtt ut, men eg var redd for ikkje å koma i mål. Me skal jo alle vekk, og eg var redd for at helsa og kreftene ikkje skulle halda. Eg har jo opplevd det eg har opplevd. Men slik har eg forresten hatt det heile tida, eg hugsar at eg alt då eg skreiv dei første bøkene mine hadde tankar om at eg ikkje måtte døy før eg var ferdig med skrivinga.

– Men kvifor tenkjer du slik?

– Kanskje fordi det kjennest så viktig å seia det som må seiast. Det er mi plikt å få det sagt.

– Du måtte skriva Septologien fordi du hadde noko du skulle seia?

– Ja, det handlar om forma, men også om å ha noko på hjartet, noko som ikkje kan seiast på annan måte enn i diktinga med sin einskap av form og innhald. God dikting er like unik som eit andlet. Kvart nytt verk er eit nytt andlet, for å seia det slik.

60-ÅRINGEN Fosse har eit gigantisk prosaverk klart. Då han var 50, var han på veg ut av dramatikken. 40-åringen opplevde sjølve gjennombrotet i Paris. Men kva med 30-åringen? Kva med han? Kva skjedde i 1989? Underleg nok var også dette runde talet eit vendepunkt. Fosse var ein godt etablert forfattar på den tida. Han debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart, som handlar om ein unggut, ein gymnasiast i ei vestlandsbygd. Han følgde opp med fleire romanar, og i 1986 gav han ut dikt for første gong. Men først hausten 1989 kom det verkelege gjennombrotet for Fosse som forfattar her i landet. Det skjedde med romanen Naustet med den karakteristiske opninga: «Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.» Med Naustet vart Fosse nominert til Kritikarprisen og meld på dei rette plassane. Han var med, han var innanfor. På denne tida var han også lærar. Jon Fosse ville ikkje bli lærar, men vart det likevel, på Skrivekunstakademiet i Bergen. Der hadde han blant andre eleven Karl Ove Knausgård. Og skrivelæraren har fått sin plass i Min kamp.

Fosse var 20 år i 1979. Våren det året var han ferdig på gymnaset i Øystese. Han hadde budd på hybel der, og hausten 1979 flytta han til Bergen. For studeringa hadde han ingen plan då han flytta, men han enda opp som cand.philol. med sosiologi, filosofi og litteratur. Første hausten i Bergen fekk Fosse også arbeid i avisa Gula Tidend. Han vart frilansar med eit solid handikapp: Han likte svært dårleg å snakka med folk, men han likte å skriva. Han likte å sitja der framføre den digre skrivemaskina. Og sidan den gong har han skrive og skrive og skrive.

Og sjølv om Fosse har sagt at den dramatiske raptusen er over, så har han forsyne meg skrive eit teaterstykke til. Det heiter Sterk vind. Stykket blir spelt på Det Norske Teatret i 2020 eller 2021.

– Det gjekk som ein leik å skriva det! Og det var ei stor glede igjen å skriva dramatikk etter den lange pausen, og å få det til. Det er noko heilt anna å få form på eit teaterstykke enn på den langsame prosaen. Eit teaterstykke brukar eg berre nokre veker eller månader på. Det er skrive meir som i eit sveip. Litt som eit dikt. Ofte stemmer då nesten alt etter berre éi gjennomskriving. Men også stykka er – ja mystisk realisme, som eg no brått har fått føre meg at eg kan kalla det for. Men eg angrar alt på at eg har nytta det uttrykket.

– Kjem du til å skriva meir for teater no framover?

– Det blir nok fleire teaterstykke, vil eg tru. Men sikkert er det ikkje. Eg ser på skrivinga som ei gåve, og ein kan ikkje vera sikker på at ein får fleire gåver. Sikkert er det likevel at eg no vil ta pause mellom stykka, eg vil ikkje ha same farten som eg ein gong hadde.

– Kva med å bli pensjonist etter kvart? 

– Nei, det går nok ikkje. Somme sluttar å skriva, andre skriv så lenge dei kan. Eg må ha eit prosjekt, utan det blir eg uroleg og vantrivst.

I 1969 VAR Jon Fosse ti år. Det var før det lange håret, før han vart opprørsk, før han byrja å hata skulen, og før han fann fram til skrivinga i tolvårsalderen. Den gong budde han på Fosse, like før ein kjem til Strandebarm om ein køyrer utover Hardangerfjorden. Jon Olav, som han eigentleg heiter, vaks opp på eit småbruk heilt nær fjorden og bølgjene. I det eine huset på garden budde besteforeldra. I det andre Jon Olav, to søstrer og foreldra. Faren var handelsstyrar på Strandebarm Samyrkelag. Mora var heime. Jon Olav hang på Samyrkelaget med far sin, men han var ingen vennelaus einstøing og heller ingen lesehest. Det var ungar i kvart eit hus på Fosse, og ungane levde fritt i landskapet, i eiga fantasiverd og på fjorden. Det var fritt og gale og utan redningsvest. Det var ein god, trygg oppvekst i spennet mellom bedehus og ungdomshus.

 – Mange på din alder lengtar heim til barndomslandet. Er du komen dit?

– Far min blir 90 år til hausten. Eg tenkjer at eg har teke det for gitt at forelda mine er der. Det er sjølvsagt toskeskap! Eg lengtar ikkje tilbake. Eg er ikkje så knytt til Strandebarm, tvert imot. Eg er knytt til det Ingvar Moe snakka om som Vestlandet i meg. Men for meg er det noko godt, ikkje noko plagsamt, slik Ingvar meinte med det uttrykket.

– Kvifor er du ikkje knytt til Strandebarm?

– Det har med meg sjølv å gjera. Eg hadde det godt der, men var eit vanskeleg tilfelle for både meg sjølv og andre. Kanskje mest for meg sjølv.

– Men fjorden, fjella, regnet, vatnet?

– Hovudpersonen i Septologien sit og ser ut på bølgjene. Eg ser på mine indre bølgjer i tjukkaste Europa.

– Men du held ut?

– Ja, ja, ja. Eg har alltid vore tilpassingsdyktig. Eg må ikkje bu ein spesiell plass. Eg har levd på reise sidan eg var 30, på grunn av teateret. Eg har hatt mange ulike bustader.

– Og så har du jo hytta di på Dingja, og derifrå ser du havet. 

– Ja, det er godt å koma dit. Lyset der, det er forunderleg mildt og blått. Og å koma seg på sjøen. Og knausane og lyngen. Eg veit ikkje kvifor, men det gjer godt.

*

Fakta om Jon Fosse

Jon Fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarm i Hardanger. Han er i dag busett i statens æresbustad Grotten i Oslo, men også i Hainburg i Austerrike og på Frekhaug på Vestlandet.

Fosse vart cand.pilol. ved Universitetet i Bergen i 1987, med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han debuterte som forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart. Sidan har han gjeve ut romanar, dikt, barnebøker og essay, men er særleg kjend som dramatikar.

Tekstane er omsette til over 50 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda.

Fosse arbeider også som omsetjar og har skrive ei rekkje versjonar av teaterstykke signerte av andre forfattarar.

Jon Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for romanverket Trilogien.

Dei seinare åra har namnet Jon Fosse stadig oftare vorte nemnt i samband med Nobels litteraturpris.

Hausten 2019 lanserer Jon Fosse den første boka i romanverket SeptologienDet andre namnet. Boka blir lansert her i landet 6. september, men blir også lansert internasjonalt under bokmessa i Frankfurt.

Septologien er allereie seld til ei rekkje land, blant anna Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, England, Spania og Ungarn.

Cecilie Seiness er redaktør for fakta og dokumentar i Det Norske Samlaget, men er også redaktøren til Jon Fosse.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar