Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Krigen i Jemen – Noregs ansvar

Av Øystein Windstad

Det er ikkje ulovleg for norskeigde selskap å selje våpen eller militært utstyr via underselskap til land som er i krig. Men er det rett?

Grusen på bakken knasar mot skoa, blandar seg med spede, lystige stemmer. Slitne studentar subbar heimover i krøllete festklede dei nettopp har vakna i.

Eg strekker meg etter kaffikoppen medan eg tittar ut av vindauget. Tøyen og hovudstaden er i ferd med å vakne til liv.

Lyden av småbarnsfamiliane frå gata blandar seg med vibrering og ringelyd. «Det er eit nummer frå Jemen», seier eg. Blikket til kona mi Wojoud stivnar. Ho sperrar opp auga. Krigen i heimlandet hennar har nett starta. Saudi-Arabia har saman med Dei sameinte arabiske emirata, Qatar og Bahrain sendt over 200 krigsfly over landet for å slå ned houthi-opprørarane, som vil kvitte seg med ei regjering støtta av Saudi-Arabia. Jemen er det fattigaste arabiske landet, og det har vore uro der i mange år. Men dette er første gongen det kjem bilete av pulveriserte sivile bustadstrok.

Røysta i andre enden er velkjent. Det er svigermor. Stemma er fatta og roleg, men alvoret skin gjennom. «Det går bra med oss, vi har ikkje sove på fire døgn, men vi har det fint», seier ho. «Akkurat no lagar eg mat», held ho fram. Grunnen til at dei ikkje greier å sove, er den øyredøyvande lyden av saudiarabiske kampfly og knitring frå lett antiluftskyts som like gjerne kunne ha kasta småstein etter dei høgteknologiske kampflymaskinene.

Eg rekk ikkje å fullføre setninga før Wojoud med eit rykk tek telefonen til seg.

«De treng ikkje bekymre dykk, vi har det bra», insisterer svigermor. Men dei heva augebryna til Wojoud fortel meg noko anna.

ROMANTIKK TIL KAMPFLY

Det øvre middelklassestrøket dei bur i, er straumlaust, men dei har aggregat som gjer at dei har straum nok til å ringe ut – av og til. Skuldrene til Wojoud glir sakte ned. Svigermor er på høgtalar, og ho fortel muntert: «Du veit at takka vere denne krigen kan vi endeleg ha romantiske middagar med stearinlys!»

Vi flirer høgt, på den befriande måten. Latteren rekk ikkje å ebbe ut. Over høgtalaren høyrer vi brått eit stigande drønn frå eit kampfly som kjem nærmare og nærmare barndomsheimen til Wojoud. Plutseleg kjem eit enormt brak. Vi høyrer lydar av glas som blir knust. Svigermor skrik for full kraft, og med ei kvinnestemme som går så lyst og så høgt at det stikk langt inn i mergen. Sidan blir alt stille. Linja blir broten. Når vi ringer tilbake, kjem vi rett til svararen. Har det skjedd, det vi har frykta aller mest? Det skal gå timar før vi får svaret.

DEN VENLEGE MANNEN

Eg er på veg mot heisen i blokka der eg bur.

«Det er plass til fleire», seier naboen med brei totendialekt. Han ser på meg med eit venleg smil og held heisdøra open. Den høgreiste, alltid kronisk blide og fatta mannen skal ut på tur saman med kona og hunden, fortel han. Den vanlege runden rundt nabolaget i Tøyen-gatene.

Praten med naboen og den like hyggelege kona rekk aldri å bli platt eller kjedeleg på veg ned dei fem etasjane. Dei held alltid dørene for dei som bur i blokka, alltid med det trygge, imøtekomande smilet. I eit lite minutt får dei tankane mine om Jemen, krigen og familien til å sleppe taket.

«Før eg flytta til Oslo, jobba eg i mange år på Raufoss, på fabrikken der», seier han.

«På den norske våpenfabrikken, på Nammo?» spør eg.

Mannen nikkar.

Gangen er ikkje lenger fylt av smilande stemmer. Tankane om jagarflya, bombene og kva som skjer og kan ha skjedd i Jemen, er brått tilbake. Det kvernar i hovudet på meg. Kan det vere at våpen og militært utstyr som er laga her i Noreg, kanskje til og med av den hyggelege naboen eller ein kollega av han, no blir brukt av dei som slepper bombene vi høyrde lyden av over telefonen?

MADE IN NORWAY

Både Wojoud og eg jobbar som journalistar. Kvar dag ser vi bilete på skjermane frå hendingar rundt om i verda. Frå krigar. Dei gjer noko med oss. Som til dømes bilete av knust betong og pilarar som har kollapsa. Framfor ruinane – ein tynn gut på rundt sju år. Auga hans har ingen svarte pupillar. Blikket er kvitt og dekt av ei hinne. Hovudet hans heller på skakke, og det kvite blikket er tomt. Bak han ligg ruinane av det som dagen før var Jemens einaste rehabiliteringssenter for blinde barn. Saudiarabiske bombefly har vore på tokt igjen. Noko av vår tids fremste ingeniørkunst, utstyrt med svært presise måleinstrument og elektroniske auge har blitt sleppt frå stor høgde. Og forandra klasserom for blinde barn til støv.

Synet av ruinane gjer at vi byrjar å grave. I tal frå Statistisk sentralbyrå. I årsmeldingar frå statseigde norske våpenselskap. I rapportar frå norske frivillige organisasjonar. På kvar sin måte fortel alle desse små straumane av informasjon det same: Noreg har selt militært utstyr til alle dei fem landa som er med i krigen i Jemen. Vi finn dokumentasjon på at den drepande, eksploderande delen av Hellfire-raketten, den som blir brukt av den Saudi-leia koalisjonen, blir laga i Noreg.

Krigen i Jemen starta 26. mars 2015. Den 31. mars blir vi dei første journalistane som stiller spørsmål om norsk-laga våpen er brukte i denne krigen, i ein artikkel publisert i Ny Tid. Vi avdekkjer at Noreg sel ammunisjon til ein av dei mest aktive partane i krigen, skulda for massive menneskerettsbrot og drap av sivile. Vi stiller spørsmål ved kva konsekvensar det kan få at vi sel norsk avansert teknologi til leiarane av desse landa. Leiarar som forbyr politiske parti, og som møter frie, tenkjande stemmer med piskeslag eller halshogging. Vi lurer på kva dei norske politiske partia tenkjer.

Salet av militært utstyr til dei rike totalitære arabiske Golf-statane starta i 2002. Rett etter at Kjell Magne Bondevik blei vald til statsminister, han med slagordet om alle «verdiane».

I dag er Saudi-Arabia og Emirata verdas største importør av våpen. Salet held fram under den raudgrøne regjeringa og Jens Stoltenberg. Til no har Noreg selt militært utstyr til Saudi-Arabia, Emirata og Qatar for rundt ein milliard kroner. I 2014, året før krigen starta, eksporterte Noreg til Golf-statane for 56 millionar kroner. Då krigen starta, blei eksporten femdobla til 319 millionar kroner i 2016.

PRAGMATISK POLITIKK

På veg inn til Stortinget går eg mellom løver meisla ut av stein. Båe løvene held ein oppreist urokkeleg posisjon.

Handtrykket til Christian Tybring-Gjedde frå FrP er fast i det han venleg helsar og spør om eg vil ha ein kopp kaffi før intervjuet startar.

«Skal vi ha ein forsvarsindustri, må vi også akseptere at det er nokon som kjøper det som blir produsert», fortel Tybring-Gjedde.

Han viser til at det er over 130 bedrifter som produserer militært utstyr i Noreg.

«Dei omset for 12 milliardar kroner i året», fortel han, som sjølv tidlegare har jobba med våpeneksport den tida han var underdirektør i Forsvarsdepartementet.

I likskap med FrP og Tybring-Gjedde meiner også fleirtalet på Stortinget at salet skal fortsette. SV, Venstre og KrF er kritiske, grunna krigen i Jemen.

«Vi må ikkje bli meir katolske enn paven», svarar Tybring-Gjedde på spørsmål om konsekvensane av å selje militært utstyr til dei rike og totalitære Golf-statane. «Kor mange er det ikkje som kjøper olje frå Saudi-Arabia? Det gjer heile verda, og det er difor dei har så mykje pengar. Vi kan ikkje late som vi er meir prinsipielle enn andre.»

Christian Tybring-Gjedde trekkjer fram det same som presseavdelinga til Høgre, Ap og Utanriksdepartementet seier: At Noreg sel såkalla B-materiell til dei nemnde landa. Det er militært materiell som blir brukt til blant anna overvaking, og som ikkje direkte blir brukt til å ta liv. Og at Noreg har blant verdas strengaste regelverk for kven vi sel våpen til.          

Alle partia på Stortinget har vedteke at vi ikkje skal selje våpen til land i krig, eller der krig truar. Eller land som er truande til å bruke våpena mot eigne folk.

I mellomtida held krigen i Jemen fram, noko som betyr at 21 millionar menneske i dag står i fare for å døy eller bli alvorleg sjuke av underernæring. Mykje på grunn av at så godt som all mat og medisinar i landet blir importert, og at den einaste hamna som forsyner folket, blir blokkert og bomba av Saudi-Arabia.

INDIREKTE VÅPENSAL

Det blir spreidd ein video på nettet av opprørarar og militære dykkarar som prøver å bryte blokaden. Froskemennene heng ved sida av ein gul, torpedoforma gjenstand. På sida av undervassfartøyet står ein raud og gul logo. Merket til Kongsberg Gruppen, som Staten eig halvparten av.

Dykkarane ropar «Gud er stor», og fangsten deira blir omtalt i internasjonale medium som Daily Mail. Den norskproduserte undervassdronen som dykkarane har fått tak i, har blitt brukt av saudiarabiske marinefartøy, eller deira amerikanske allierte og støttespelarar. Dronen er produsert av det amerikanske selskapet Hydroid, som er heileigd av Kongsberg Gruppen. Det er ikkje ulovleg for norskeigde selskap å selje våpen eller militært utstyr via underselskap til land som er i krig, med mindre svært mange av delane er laga i Noreg. Teknologien kan vere utvikla i Noreg, dronen produsert i eit anna land, og overskotet av salet kjem tilbake til Noreg.

Ein post langt nede i oversikta frå Statistisk sentralbyrå står i kontrast til det som blir sagt på Stortinget. Svart på kvitt står det at Noreg har eksportert 60 tonn med ammunisjon til Emirata, etter at dei gjekk inn i krigen i Jemen i 2015. Dette er ein eksport som kjem til å fortsette i fleire år. Emirata har flest soldatar på bakken i Jemen og er den mest aktive parten i den Saudi-leia koalisjonen. Kongedømmet har fått kritikk frå mellom andre Human Rights Watch for krigsbrotsverk. Som bombing av sivile eller forsvinning, fengsling og tortur av folk som er kritiske til krigen, eller det som skjer i dei områda av Jemen som no er under kontroll av Emirata. Samtidig er Emirata godkjente av Utanriksdepartementet som mottakar av norske våpen og ammunisjon.

Kommunikasjonssjefen i Utanriksdepartementet, Frode Overland Andersen, forklarar kvifor i eit Ny Tid-intervju i mai 2016. Ifølge regelverket er det ikkje greitt å selje våpen til partane i ein borgarkrig, seier han. Men Utanriksdepartementet tolkar reglane slik at det er greitt å selje våpena til andre statar som er part i ein borgarkrig.

«Dei sjølvpålagde restriksjonane frå 1959-vedtaket gjer at vi ikkje sel våpen og ammunisjon til partane i ein borgarkrig. Praksis har vore at intervenerande statar som deltek i legitime forsvarsoperasjonar i andre land, ikkje blir omfatta av 1959-vedtaket», forklarer han.

Vidare graving om krigen og Jemen viser at tonna med norsk ammunisjon har blitt laga på Raufoss og fabrikken til Nammo – det andre store norske våpenselskapet, der også staten eig halvparten av aksjane.

Eg tenkjer på naboen då eg går heim frå kontoret og mot blokka på Tøyen.

UMERKT AMMUNISJON

Smilet er framleis på plass. Naboen held døra for meg, eg er på tur inn i heisen. Denne gongen står heisen, så vi får litt ekstra tid til å prate.

«Eg jobba på fabrikken i nesten 15 år, før eg flytta til Oslo. Det var ein svært farleg jobb, det kunne skje ulykker ofte. Det var nok at det var eit lite sandkorn under skoa, så kunne det bli gnist og eksplosjon ved samlebandet», fortel han. «Vi har laga alt frå ammunisjon til delar som no snart køyrer rundt på planeten Mars. Tenk det!»

Rundt 6000 nordmenn jobbar i våpenindustrien her i landet, som også produserer avansert høgteknologisk utstyr som mellom anna blir kjøpt av amerikanske NASA. Kongsberg Gruppen lagar delar til rakettane som det europeiske romprogrammet ESA skyt opp i verdsrommet.

«Eg hugsar at då USA gjekk til krig etter 11. september, blei vi bedne om å lage umerkt ammunisjon», fortel han, og held fram: «– noko som betyr at ammunisjonen ikkje kan sporast, og at han veldig fort kan hamne hjå grupper eller land som amerikanarane allierer seg med, men som vi ikkje nødvendigvis er så begeistra for å samarbeide med. Det er ikkje desse som skal ha våpena våre. Det er det våre allierte i NATO som skal. Land som har same syn på verda som oss», seier naboen, vi går side om side. «Men produksjonen av den umerkte ammunisjonen blei det slutt på, takk og pris.»

KVAR NORDMANN SIN VÅPENAKSJE

I januar 2018 blei det kjent at regjeringa ikkje lenger sel ammunisjon til Emirata, på grunn av krigen i Jemen. Det blei òg slutt på eksport av overvakingsutstyr og anna militært materiell til Saudi-Arabia hausten 2018. Ifølge tal frå Redd Barna har 85 000 barn i Jemen døydd av svolt etter at krigen starta.

Krigen er ikkje over, og det er noko alle i Noreg tener på. Kvar og ein av oss har blitt rundt 300 kroner rikare på våpensalet. Etter krigsutbrotet i 2015 investerte Oljefondet i verdas største våpenselskap Raytheon. Selskapet er den største våpeneksportøren til Saudi-Arabia og Emirata. Grunna krigen i Jemen skaut aksjekursen i veret med 40 prosent. I 2016 gjekk Oljefondet inn med nesten 3 milliardar kroner i Raytheon. I 2017 blei dei lønsame investeringane auka til nesten 4,5 milliardar kroner. Vi er rundt fem millionar som bur i Noreg. Det vil seie at alle nordmenn eig aksjar i Raytheon for rundt 900 kroner, og at verdiane av desse aksjane har stige med rundt 300 kroner etter at krigen starta.

LIVSTEIKN

Eg tek opp telefonen. Det må vere den 40-ande gongen eg slår nummeret til Jemen. Wojoud sit stille ved sida av meg. Ho stirar tomt og stivt ut i rommet. Peikefingeren min når siffera på telefonen igjen. Wojoud rettar seg brått opp då vi båe høyrer ringetonen, etter fleire timar.

«Mamma», ropar Wojoud høgt og spørjande. Det er svigermor som svarar kaldt og roleg i den andre enden. «Det gjekk bra med oss! Det gjekk bra denne gongen», fortel ho og held fram: «Vindauga er blåste inn, og det er mykje glasbrot overalt. Men vi er alle i live og uskadde».

Den hurtige pusten til Wojoud roar seg sakte ned, medan ho får alle dei forsikringane ho treng.

«Straumen er ikkje tilbake. Men, du hugsar dei stearinlysa eg snakka om? Vi har tent dei no, og endeleg kan vi jo ha den romantiske middagen!» Latteren er tilbake i båe endar av telefonen. Men han er spent denne gongen. Ein ny rakett kan kome når som helst.

Motvillig fortel svigermor at rakettane slo ned like ved og i eit nabohus. Der budde det ei kvinne som mista mannen dei første dagane i krigen. Ho budde i huset med dei fire borna sine.

Vi blir begge stille og trekkjer pusten djupt. Vi må slå oss til ro med at det gjekk bra med våre, denne gongen. Ei ro det er vanskeleg å forsone seg med. Tankane flyg til intervjua eg har gjort, svara frå politikarane og eit enkelt ord, omdømme, som vi ofte har møtt i debatten om krigen og våpeneksporten.

VÅRT ANSVAR

Konsekvensane av eit mogleg tapt omdømme vil for nokre vere eit mogleg mindre overskot. Faren for nokre prosent mindre utbytte. Nokre negative oppslag som fører til ekstra styremøte. Eller fleire rundar med dei politiske rådgjevarane og juristane i departementet. For andre er konsekvensane av det som skjer, noko heilt anna. Det gjer det vanskeleg å sove, fjerde veka på rad. Fordi du aldri veit om svigermor vil overleve eller ikkje. For svigerfamilien luktar det stramt når dei går i nabolaget. Det riv i nasen når dei går forbi ruinane. Dei som levde der, har enno ikkje blitt henta ut.

Det er i knust betong, i hjarte på eitt, fire og sju år som har slutta å slå, du finn det gravlagt. Det som blir omtala som eit mogleg tapt omdømme. Omdømmet spør ikkje om liv, død, rett, gale, sundrivne barnekroppar eller korleis vi får meir pengar til pensjonane våre. Det er spørsmålet om noko får negative konsekvensar for eit konsern. Eller eit parti. Det er då eg tenkjer: Det er på tide med nye spørsmål. At folk her heime får vite om desse ruinane. Og kva som eigentleg ligg gravlagt der.

Øystein Windstad har master i undersøkande journalistikk og jobbar i dag som gravejournalist i Fagbladet.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar