Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Denne gongen handlar det om Gud

Syn og Segn nummer 4-2021 er ute, og temaet for denne utgåva er Gud og vi andre. I år er det hundre år sidan den første bibelomsetjinga i nynorsk språkdrakt, den såkalla Fyrebilsbiblelen, var ferdig. Anders Aschim, som er professor i religion og etikk ved Høgskulen i Volda, skildrar i sin artikkel eit dugnadsarbeid heilt utanom det vanlege. Jan Inge Sørbø skriv om kvifor anarkistar og fritenkjarar som Arne Garborg og Olaus Fjørtoft var så opptatt av å få bibelen på nynorsk, Fjørtofts kronargument var faktisk at ungane sjølv skulle kunne sjekke at prestane ikkje dreiv med vranglære. Sørbø sirklar også inn det nynorske språket sitt evige dilemma; det må vere fint, men ikkje for fint.

Skodespelaren Svein Tindberg, mannen bak teateroppsetjingar som Abrahams barn og Markusvangeliet, er i haust aktuell med oppsetjinga Gudspartikkelen. I eit intervju i Syn og Segn fortel han at han lenge såg det som idiotisk å tru på noko ein ikkje kan bevise. Men no har han endra mening og reknar seg som eit truande menneske.  

Forfattar Mette Karlsvik intervjua Simon James Eide frå Extinction Rebellion i Noreg om kvifor han slutta i lærarjobben på Voksen skole for å bli klimaaktivist på heiltid.

Marianne Dolpen, som fram til i haust var sauebonde i Rennebu i Trøndelag, fortel i artikkelen Den siste bonden på Tysksæter om kvifor ho blir den siste i sin familie som driv gard.  

Elles bidrar Anne Kalvig, professor ved universitetet i Stavanger med artikkel om Gud og den nyåndelege rørsla. Laura Djupvik byr på smakebitar frå ein serie dikt som har fått tittelen Strikkehistorier. Dramatikaren Ellisiv Lindkvist skriv om korleis forfattaren Sissel Solbjørg Bjugn har påverka hennar eigen forfattarskap. Kritikaren Eivind Myklebust skriv om den litterære klassikaren En landsbyprests dagbok av Georges Bernanos.  Mona Huang har laga ein teikneserie. Ketil Zachariassen, som er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø, har skrive ein artikkel om fiskeværet Nyksund i Vesterålen, ein stad staten betalte folk for å flytte vekk frå, men som no er i ferd med å reise seg att som mål for turistar.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar