Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

– Eg meiner å hugse at Jon framstod som relativt smålåten og stillferdig

Ragnar Hovland skriv om sitt første møte med Jon Fosse. Det skjedde på Kielferga i 1983.

Eg møtte Jon Fosse første gong det året han debuterte, på eit seminar som Det Norske Samlaget arrangerte på Kiel-ferja! (Eg har alltid trudd at det var eit påfunn frå forlagsredaktør Sverre Tusvik, men han har no fortalt meg at det var Einar Økland som kom på det.) Så der var vi, altså, ein liten gjeng forfattarar og forlagsfolk på veg ut mot det store hav. Eg hadde ikkje lese boka til Fosse, men eg hadde jo høyrt om både boka og forfattaren og tenkt at den boka får eg vel lese ein gong. (Men det skjedde først mange år seinare, etter at eg hadde lese fleire av dei seinare bøkene hans og vore konsulent på fem–seks av dei.)

           Eg meiner å hugse at Jon framstod som relativt smålåten og stillferdig, men han blei absolutt lagd merke til då han, den yngste i laget, tok ordet og heldt eit vektig motinnlegg mot Kjartan Fløgstad og litteratursynet hans, og han var ikkje snauare enn at han erklærte seg som romantikar. Modig gjort i ei slik forsamling.

            Eg hugsar ikkje om vi prata så mykje saman, men nokre ord må vi vel ha veksla, på vestlendingars underfundige vis. Og Jon hadde alt den gongen den karakteristiske latteren sin. Men det var vanskeleg å førestille seg at vi ti år seinare skulle sitje saman i ei diger pappøskje og spele bjørn og hund! (Jon gjekk så opp i rolla at det var vanskeleg å få han til å slutte å bjeffe. Så er det jo heller ingen mangel på hundar i bøkene hans.)

            Eg har hatt relativt mykje med Jon å gjere gjennom desse førti åra, som skrivelærarkollega, reisekamerat, konsulentkollega, samtalepartnar og i mange møte i ymse litteratursamanhengar, den tida han dreiv med slikt. Han er stadig på farten, får ein inntrykk av, men han har slutta å dra på alskens teaterpremierar rundt om i verda. Og han viser seg sjeldan offentleg. Så eg reknar meg som privilegert som møter han to gonger i året på Kaffistova i Oslo. Mykje har skjedd i livet hans, han har blitt overdryst med prisar og utmerkingar, men det har tilsynelatande ikkje gått til hovudet på han. Det er framleis lett å kjenne att den debuterande 24-åringen frå Kiel-ferja. Men om han ville kalla seg romantikar i dag, er eg litt usikker på. Eg får spørje han ein gong.

Artikkelen vart første gong publisert i Syn og Segn 4/2023.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar