Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Rapport frå det andre Amerika

Om korleis poesien kan redde oss frå falske nyhende og fåkunne.

Rune F. Hjemås og Mathias R. Samuelsen

Det er valår i USA. I NRK vil korrespondent Tove Bjørgaas gradvis få meir plass i sendeskjemaet fram mot hausten, og kommentatorar landet rundt gjer seg klare til å rykke inn i avisspaltene ved første teikn til ei ny meiningsmåling. På desse tider kan ein få inntrykk av at Noreg er det landet i verda som held seg med flest USA-ekspertar per capita. Vi engasjerer oss personleg i politiske analysar på delstatsnivå og les detaljerte rapportar frå primærvalkampen til partia.

Sjølv om all denne ekspertisen blomstrar opp med jamne mellomrom, sit vi som arbeider med litteratur, ofte med ei kjensle av at det er noko som manglar i bildet. Den politiske journalistikken gjer lett folk til eksempel eller representantar for ulike grupper. Vi får intervju med ein og annan farmer, valmedarbeidar, småbutikkeigar eller barnefamilie, men dei langsame og tidkrevjande ytringane er det sjeldan plass til. Straumen av informasjon gir ikkje eit utfyllande bilde av tilstanden. Dei spontane kjenslene har nok sin rettmessige plass, men dei kjenslene som blir artikulerte og foredla litterært, kan seie oss meir.

Ein seier gjerne at poesien er ein smal sjanger, men da gløymer ein kva han kastar av seg. Både som språklaboratorium og som små filosofimaskinar gjer dikta seg gjeldande i større diskursar som når ut til breie lag av folket. I USA, der ytringsfridommen for tida er trua på fleire hald – juridisk, økonomisk og sosialt –, er stemmene som tvingar lesaren til å konsentrere seg, til å kjenne empati, ekstremt viktige. Ikkje minst no som nasjonen står overfor eit nytt presidentval, som kan bli skjebnesvangert både for amerikanarar og folk i resten av verda.

Poetry Magazine er eit av dei aller viktigaste tidsskrifta for poesi i den engelskspråklege verda. Foto: Faksimilie av Poetry Magazine utgåve 1. 2024.

Frå nasjonsbygging til nynorsk

Den amerikanske poesien har alltid vore eit motstandsprosjekt. Frå nasjonsbygginga og distanseringa frå den britiske litteraturtradisjonen på 1800-talet, gjennom modernismens formeksperiment grunna i ønske om å dikte på eit eige mål, til i dag, der det mest interessante som blir skrive, skildrar marginale stemmer som talar i opposisjon til fordummande journalistisk og politisk retorikk. Oppsummert kan ein seie at den amerikanske poesien ikkje godtar at historia blir skriven av dei som ønsker å tene på henne.

Vi har den siste tida jobba med antologien Ny amerikansk poesi 2, som kjem ut på Samlaget i vår. Antologien skriv seg inn i ein stolt tradisjon hos forlaget. Sidan 1960-talet har Samlaget vore ein kanal for amerikansk poesi, men også for minoritetsstemmer. Da Paal-Helge Haugen redigerte antologien Det nye amerikanske huset i 1970, freista han ikkje å gjere eit historisk sveip, slik Paal Brekke hadde gjort med sin Amerikansk lyrikk på Aschehoug i 1957. Haugen samla samtidige, ferske og viktige stemmer. I forordet distanserer han seg jamvel frå det mest naturlege førelegget i tida, Donald Allens New American Poetry frå 1959. For den unge Haugen var sjølv ti år for lenge sidan, allereie gammalt nytt. Gjennom Samlaget sin Orion-serie fekk vi ni år seinare ei utgiving som bøtte på eit gapande hol i gjendiktinga av amerikansk poesi til da, Ivar Teigum si Svarte amerikanske dikt. Boka presenterte eit breitt spekter av afroamerikansk poesi, med namn som Langston Hughes, Lucille Clifton, Henry Dumas og Etheridge Knight. Dette var den første antologien av sitt slag i Noreg, kanskje òg i Norden.

Når ein snakkar om nord-amerikansk poesi i dag, tenker dei fleste norske lesarar truleg på beatpoetane. Desse blei presenterte framifrå på norsk av Jan Erik Vold og Olav Angell på 1970- og 80-talet. Bildet mange sat att med, var dessverre at det ikkje har vore så mykje å hente frå USA sidan den gong. Vi har gjort det vi kan for å motbevise dette. Den amerikanske poesien har alltid vore knytt til uttrykk frå marginaliserte grupper og til kamp, og når ein skal gjendikte desse utrykka, finn dei ein naturleg klang på nynorsk – eit faktum det verkar som fleire og fleire unge norske poetar har merka seg dei siste åra. Gjendiktingar av forfattarar som Ariana Reines, Ocean Vuong, Thalia Field, Nathaniel Farrell, Julian Talamantez Brolaski og Claudia Rankine har funne ein god heim hos Samlaget. Dei siste åra har forlaget gjennom serien «Norsk røyndom» og forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring styrkt den naturlege koplinga mellom nynorsk og minoritetsstemmer.

Ei anna verd

Det første bandet av Ny amerikansk poesi kom ut i 2018. Når ein ser seg tilbake no, er det vanskeleg å tru at det ikkje har gått meir enn drygt fem år. Verda var på mange måtar ei anna da. I USA hadde Donald Trump nyleg blitt vald til president, og media rann over av spekulasjonar om kor ille det kunne gå. Ikkje lenge etter skulle eit lite virus ved namn Sars-CoV-2 starte si lange ferd rundt kloden. Koronapandemien prega store delar av verdssamfunnet i nesten to år, med nedstengingar, sosiale restriksjonar og fleire millionar døde globalt. Midt i dette tapte Trump gjenvalet, og Joe Biden blei ny president. Den 6. januar 2021 gjekk forsmådde tilhengjarar av Trump til valdeleg angrep på kongressbygningen, ei ekstrem hending som sjokkerte tv-sjåarar over heile verda og skaka det amerikanske demokratiet i grunnvollane.

I skrivande stund går det føre seg fleire rettsprosessar i kjølvatnet av storminga, også mot ekspresidenten sjølv, som spelte ei sentral rolle i det heile. Samtidig er valkampen til neste presidentval i full gang. Skal ein tru stemningsrapportane derfrå, ser Trumps veg tilbake til Det kvite huset urovekkande kort ut. Korleis er det mogleg at den mannen kanskje kan bli president igjen?

            Desse fem siste åra har vi vore vitne til eit USA der polariseringa mellom ulike grupper har blitt hardare. Avstanden mellom myndigheitene og folk flest kan for mange verke stor, og mistilliten rettar seg i aukande grad også mot media. I podkastar, nettforum og såkalla alternative nyheitsmedium får konspirasjonsteoriar vekse fritt. Meiningar som inntil for få år sidan ville vore sett på som sprø av dei fleste, er no gjengs oppfatning for eit overraskande og skremmande stort antal menneske.

Magasintrøbbel

Heller ikkje poesimiljøet har vore skåna for konfliktar og omveltingar i tida som har gått sidan den førre antologien. Her er det på sin plass å minne om at det litterære systemet i USA ikkje liknar det vi er vande med her heime. Det finst ikkje ein normalkontrakt eller noka innkjøpsordning. Størsteparten av poesien blir gitt ut på mellomstore og små forlag som ofte blir drivne på idealistisk grunnlag. Dei store, kommersielle forlaga er ikkje pådrivarar for sjangeren, for å seie det forsiktig. Om ein poet er heldig, så har hen ei stilling på eit universitet, der undervisning fyller store delar av arbeidstida. Det er altså mindre rom for å bruke tid på det langsame litterære arbeidet.

Litteraturmagasina er derfor ei langt viktigare plattform for ny poesi i USA enn her, og det er gjennom desse vi stort sett held oss oppdaterte. Derfor var det med gru og overrasking vi var vitne til at ei av dei viktigaste kjeldene våre, Poetry Magazine, måtte trekke tilbake september-utgåva si i 2020. Dette var første gong noko slikt skjedde i magasinet si over hundre år lange historie! Årsaka var at Poetry publiserte Michael Dickmans dikt Scholls Ferry Rd. I diktet kjem ei gammal, bortkommen kvinne med rasistiske utsegner. Sjølv om konteksten er ei skildring av demens, og orda ikkje uttrykker forfattarens eigne haldningar, blei dette for mykje for mange, nok til at redaktør Don Share til slutt måtte beklage og gå av. Ein opprivande og aggressiv storm på sosiale medium er spora ein sit att med, diktet til Dickman kan ein no berre finne som skjermdrop på Reddit.

Utskiftingane i redaksjonen hindra likevel ikkje at Poetry kort tid seinare hamna i trøbbel igjen. Denne gongen gjaldt det eit spesialnummer der alle bidragsytarane var innsette i fengsel. Det blei avdekt at eit av dikta var skrive av ein mann som var dømt for oppbevaring og spreiing av materiale som viste overgrep mot barn. Fleire av lesarane av magasinet hadde kjent att namnet på bidragsytaren, som tidlegare hadde undervist på eit amerikansk universitet. Atter kom det sterke reaksjonar, men denne gongen måtte ingen gå av.

Auka politisering

Desse hendingane er berre to av mange som har skaka det litterære USA dei siste åra, og dei markerer at det har skjedd eit skifte i feltet. Folk har mista posisjonane sine, og nye har tatt plassen deira. Det blir skrive annleis, men også lese annleis – der nokon blir meir forsiktige, kvesser andre blyanten og går hardare til verks. Mykje kan knytast til konfliktar som rører seg i samfunnet elles, og er ikkje unikt for poesien som kunstfelt. Den auka politiseringa av kulturen ser vi generelt i heile landet. Metoo, Black Lives Matter, reproduktive rettar, urfolksrettar, LHBTQA+ og klimaopprør er kampsoner som har prega alle kunstformer.

Det er ikkje eine og aleine den såkalla woke-kulturen som skapar merksemd («såkalla» fordi mykje av det høgresida, slik som her heime, yndar å kalle woke, rett og slett handlar om vanleg folkeskikk). Demokrati og ytringsfridom står no på spel i ein meir akutt grad enn for berre nokre år sidan. Eit skremmande eksempel er korleis grupper frå ytre høgre, saman med konservative religiøse foreldre, har vore svært aktive i å sensurere og kansellere bøker dei ikkje liker innhaldet i, frå skulebiblioteka i republikansk-dominerte valkretsar. Dette gjeld særleg bøker som tar opp tema som rase, historie, seksuell orientering og kjønn. Kjente forfattarar som Toni Morrison og Margaret Atwood er blant dei som har fått flest av sine bøker røska ut av bibliotekshyllene. PEN America sin index of school book bans frå skuleåret 2022/23 viser 3362 tilfelle av bokforbod. Dette gjeld så mykje som 1557 unike boktitlar.

Med dårlegare tilgang på kvalitetsbøker i offentlege bibliotek blir både barn og vaksne i enda større grad overlatne til skjermbasert underhaldning og tidtrøyte. I ei verd der algoritmar overalt er med på å drive fram ekstreme motsetnader og sementere svart-kvite oppfatningar, er det ei dårleg utvikling. Meir enn nokon gong treng vi tekstar som er tenkte og skrivne av menneske. Tekstar jobba fram på eit språk som ikkje er forma for å konsolidere makt, spreie hat eller selje varer, tekstar ein kan lese utan å gi avkall på alt av personvern og integritet. Kanskje er det her poesien sitt revolusjonære potensial kjem sterkast til syne i dag – nettopp gjennom at han insisterer på forma si og tillèt seg å føresette ein fokusert lesar. Å plukke opp ei bok av papir, vie tid og konsentrasjon til å lese henne, er ei meir radikal handling enn mange i dag kanskje tenker over.

Politikk og identitet er ofte to sider av same sak i ny, amerikansk poesi. Foto: David Todd MacCarthy/Unsplash.

Avkastning

I Ny amerikansk poesi 2 presenterer vi åtte amerikanske samtidspoetar som er ulike i uttrykket, men har det til felles at poesien deira på ein eller annan måte er forma av aktivisme og systemkritikk. Enten det handlar om krig, vald, klima, kolonialisme, familierelasjonar, klasse, minoritetserfaringar eller seksuell identitet, skriv poetane vi har valt ut, med eit alvor og ein språkleg presisjon som fordrar at lesaren bremsar ned og tar ein pause frå merksemdsøkonomiens konstante flaum av data og informasjon. Å investere tid i å lese kvalitetslitteratur gir alltid god avkastning, i form av utvida perspektiv og rom for djupare refleksjon. Det meiner vi desse åtte poetane er gode døme på.

            Ein kan hevde at all litteratur er politisk, på ein eller annan måte, men ikkje all litteratur maktar å opne for dialog. Poetane vi har tatt med i utvalet vårt, skriv politisk utan å vere tendensiøse, dei snakkar frå levra og hjartet og hjernen. Vi vil gjerne trekke fram to av dei, Orlando White og Solmaz Sharif, fordi desse illustrerer godt kva som står på spel – lokalt, som i urfolksblikket på nasjonen innanfrå hos White, og globalt i Sharifs meir omflakkande perspektiv, som er prega av hennar eigen familiebakgrunn frå Iran.

Språkstadar

Blant poetar med familiebakgrunn frå andre delar av verda enn USA er Orlando White ein «native» i rett forstand av ordet, noko som likevel gjer han til ein del av ein minoritet i dagens USA. White kjem frå Tólikan i Arizona og er del av urfolksgruppa diné (navaho), den største i USA. Han har til no gitt ut to diktsamlingar, Bone Light (2009) og LETTERRS (2015). Desse utmerker seg med eit nitid fokus på språk og typografi, heilt ned til det minste skiljeteikn.

Orlando White er poet. Foto: Greywolf Press

For White er språket like mykje form og figurar som semantikk. På papiret ser ein òg at stilla får mykje plass hos Orlando White.  Han nærmar seg det konkretpoetiske når han i fleire av dikta sine ser på bokstavane som knoklar, eller lar dei opptre som karakterar. På liknande måte som når stiliserte figurer med hovuda åtskilde frå kroppen viser til dame- og herretoalett på offentlege stadar, blir bokstavane i og j til ein mannleg og ein kvinneleg karakter hos White. Relasjonen mellom dei gir språket liv på ein, ja, bokstaveleg måte. White brukar språket litt slik eit barn leiker med figurer. Her får fantasien spele seg ut på sidene.

«Native poets» har sidan 1970-talet vore markante innslag i den amerikanske poesien, men det var først med antologien New Poets of Native Nations, somi 2018 samla og sette ei rekke sentrale stemmer inn i ein tydeleg kontekst, at desse nådde eit breitt poesilesande publikum. Noko av det denne utgivinga undersøkte, var spørsmålet om land og opphav. Redaktør Heid E. Erdrich set fingeren på dette i forordet, der ho skriv: «Desse dikta skapar ein stad vi kan dra til. Staden til denne poesien kjennest heimleg, sjølv om han kjem frå mange nasjonar. Native nations er vårt heimland, våre politiske kroppar, arven vår og staden som gjer oss til dei vi er som urfolk i USA.»

Whites dikt gir oss slike språkstader. Gjennom sitt fokus på det materielle i teksten teiknar han kart over barndom, samtid og opphav. I tillegg til dikta frå Whites to bøker har vi tatt med eit par av hans nyare «eittordsdikt», som førebels berre har vore publiserte i tidsskrift. Desse dikta utforskar diné-språket, som både visuelt og innhaldsmessig skil seg frå majoritetsspråket engelsk. Det er ikkje snakk om å underleggjere eit framandt språk, men å vise korleis orda og teksten kjem frå plassen og tilværet. Med alle våre ulike dialektar har vi nordmenn ei unik moglegheit til å kjenne på, om ikkje anna, eit snev av kva det betyr å høyre heime i eit mål, og kva det inneber når det blir tatt ifrå deg. Å vinne tilbake eit språk er noko ein gjer ved å praktisere det, la det kople seg på dei omkringliggande måla. Her finst det ikkje noko verktøy som er betre enn poesien.

Diasporadraumar

Der poesien og den poetiske verda til White er i det lokale, eller nasjonale, teiknar Solmaz Sharif tekstliner som skapar andre forflyttingar og politiske aksar. Sharif blei fødd i Istanbul i 1983, men har foreldre frå Iran og identifiserer seg som iransk-amerikanar. Ho er ein av fleire poetar i vårt utval som skildrar det amerikanske med eit blikk utanfrå.

Solmaz Sharif blir i år for første gong presentert på norsk i år. Foto: Shipman Agency

Sharif debuterte med diktsamlinga Look i 2016 og følgde opp med Customs i 2022. Customs, som kan omsettast både som den staden ved grenseovergangar der tollarar sjekkar passet og bagasjen din, og som «skikkar» eller «rutinar», blei mellom anna hylla av Jessica Gigot i The New York Times Book Review for «meisterleg å røre seg gjennom eksillandskapet med alle sine kompliserte sorgprosessar [og] med overbevising og pålitelegheit få lesaren til å føle seg velkommen». I boka skriv Sharif ut frå erfaringa av å mangle tilhøyrsle, noko ho mellom anna uttrykker gjennom å låne språk og stemningsleie frå ingenmannslandet på ankomstterminalar, der ein går i transitt mellom kontrollar, sikkerheitssjekkar og utspørjingar, heile tida under oppsikt av mistenksame vakter. I dikta til Sharif er dette også eit bilde på korleis mange opplever det å leve i amerikanske byar i dag, spesielt viss du tilhøyrer ein minoritet. Kva seier krava ein nasjon stiller til immigrantane sine, om dei verdiane som gjeld for å vere ein akseptert borgar i landet?

Mens Look var ei meir konseptuelt orientert bok, der Sharif mellom anna brukte den militære ordlista til det amerikanske forsvarsdepartementet til å utforske korleis språk blir symbol på statsstøtta makt og vald, har Customs eit meir samla og, kanskje, personleg «eg». Sharif skildrar her ein mellomposisjon der forteljaren verken kjenner seg heilt iransk eller heilt amerikansk. Å vere ei blanding av desse to nasjonane, som dessutan er erklærte fiendar, skapar ei særeiga eksistensiell spenning.

Ei reise til Iran, skildra i diktet «Eit elles», får poeten til å innsjå at det nostalgiske bildet av heimlandet som diasporaen gjerne drøymer om, ikkje lenger har så mykje med realitetane å gjere. Heimlandet er ikkje noko ein berre kan reise tilbake til og, som på eit museum, finne i same stand som den gongen ein drog. Eksilet har ikkje ein slutt. Fråværet av ein heim kjem til uttrykk i syntaksen, gjennom brotne parentesar og dikt som gjerne sluttar brått, utan ein avklart destinasjon.

Når ein les Sharifs poesi, er det umogleg å ikkje ha med seg bakteppet, USAs krigføring og konflikten i Midtausten, konsekvensane av den stadig pågåande imperialismen, den israelske regjeringa sin krig mot lokalbefolkninga i Gaza og kor pengane til denne krigføringa kjem ifrå. Vi tar for gitt at vi kan flytte på oss, at vi med passa våre kan flykte viss det skulle bli nødvendig. Men dette er ikkje tilfelle for størsteparten av befolkninga på jorda. Sjølv om det ikkje blir trykt opp i trynet på deg, så handlar Sharifs tekstar om liv og død.

Lys og mørke

Ein seier at det er i krisetider kunsten blomstrar. Ved inngangen til 2024 , med Trump i valkampmodus og ein 81 år gammal president med dårleg oppslutning som motkandidat, med klimakrise, økonomisk tilbakegang og krigar i Ukraina og Gaza, finst det med andre ord mange grunnar til å følge ekstra godt med på det som skjer innanfor kunsten og poesien. Vi håpar antologien Ny amerikansk poesi 2 kan vere eit bidrag til å løfte fram noko av dette, og at vi også kan inspirere lesaren til å leite vidare på eiga hand. For det finst mange stemmer der ute det er verdt å lytte til, tekstar det er verdt å leite fram, og kanskje er det nettopp i den nye poesien vi kan finne litt av det håpet vi treng når utsiktene er mørke.

Rune F. Hjemås (f. 1982) er forfattar og redaktør. Han bur for tida i Adrianstua, Trondheim kommunes forfattarbustad.  Han debuterte som forfattar i 2008 med kortprosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd (Det Norske Samlaget). Han driv også forlaget Beijing Trondheim. I år er han redaktør for ein diktantologi med dikt frå USA, saman med Matthias R. Samuelsen.

Mathias R. Samuelsen (f. 1985) er poet og omsetjar, og debuterte som forfattar i 2009 med diktsamlinga Utredning om trengsel (Kolon Forlag). Han er stipendiat ved institutt for språk og litteratur ved NTNU og driv forlaget Beijing Trondheim saman med Rune F. Hjemås. I år er Samuelsen og Hjemås også redaktørar for ein antologi med ny poesi frå USA.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar