Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Det vanskelege r-ordet

Om kvifor ei pølse ikkje alltid berre ei pølse.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

For nokre år sidan, då barnehagen til ei av døtrene mine skulle ha 17. mai-fest, fekk eg ein e-post. Han var frå barnehagen. Det stod at det skulle serverast fiskepinnar i lompe til barna. Dei bad oss om å ta med kake. Ein av foreldra protesterte mot menyen. Ho kravde pølser. Barnehagen svarte nei og viste til kosthaldsråd om å kutte kjøtforbruket. Det utvikla seg til ei lang e-postutveksling der heile foreldregruppa var inkludert. Den misfornøgde forelderen skreiv blant anna at det å droppe pølser av omsyn til nokon sine religiøse påbod var eit angrep på norsk kultur.

Fest med fiskepinner

Ein forelder svarte at det var fint med fest og topp med fiskepinnar. Elles var det stille. Eg kunne ha svart at eg er glad for barn i ein barnehage der ungane har foreldre med bakgrunn frå mange ulike land, og for at barnehagen vil ta omsyn til det. Men eg skreiv ingenting. Grunnen er at eg var sikker på at alle i foreldregruppa, utanom det eine paret, uansett var einige med meg. Den siste tida har eg lese fleire bøker om rasisme i Noreg. Dei er fulle av historier som dette. Det handlar om ting som blir sagde, gjerne i forbifarten, og om andre som ikkje seier eit knyst. Sett i lys av samfunnsklimaet dei siste åra var det vel også naivt av meg å tenkje at alle som var inkluderte i e-postutvekslinga, kjende seg like trygge som meg på at alle – utanom det eine paret – ikkje ønskte kulturkamp i barnehagen.

Tankane som var overalt 

I boka Ikkje ver redd sånne som meg skriv poeten og samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali om sin reaksjon på terrorangrepet 22. juli 2011. Først vart ho letta fordi gjerningsmannen ikkje var muslim. Så vart ho ramma av ei kjensle av sorg og skuld. Terroristen hadde gjennomført angrepet fordi han hata slike som henne, innvandrarar med islam som religion. Ali var elev på ungdomsskolen den gongen. Ho skildrar terrorangrepet som eit vendepunkt i livet. Det skapte ei usikkerheit som gjorde at ho byrja sjå både seg sjølv og omgivnadene i eit nytt lys. Då eg las Alis tekst første gong, var det med ei sterk kjensle av ubehag. Det kjendest feil. Diverre var det ikkje så vanskeleg å forstå kvar Alis tankar kom frå. Dei var rundt oss, overalt.

I sommar kom boka Utøyakortet. Her viser tidlegare SV-politikar Snorre Valen korleis framandfiendtlege haldningar paradoksalt nok fekk større plass i den offentlege samtalen etter 22. juli. Saman med mange frå AUF-miljøet tek Valen til orde for at samfunnet bør ta eit større oppgjer med 22. juli-terroristen sine islam- og innvandringsfiendtlege tankar. Denne samtalen er viktig. Og han bør handle om langt meir enn å plassere direkte og indirekte skuld og ansvar.

Dette tankegodset

Det er viktig å diskutere kva dette tankegodset er, og kva det gjer med oss. For vi er jo slett ikkje einige om kva rasisme og framandfiendtlegheit er. Kvar går eigentleg grensa mellom å vere kritisk og konfronterande og å vere fiendtleg eller eventuelt hatsk? Kva skal folk måtte tole, i ytringsfridomens namn? Og når blir konfrontasjonen så sterk at han er samfunnsskadeleg? Nokon vil meine at pølsehistoria mi iallfall ikkje høyrer heime i diskusjonen om rasisme. Ho handlar om kultur, eventuelt religion eller integrering, ikkje om å lage hierarki mellom kvasivitskaplege «menneskerasar». Men for den som blir gjord til problem, er det lite truleg at forskjellen er så stor.

Korleis leve saman

Vi treng ikkje berre eit oppgjer. Vi treng også å diskutere korleis vi skal leve saman, sjølv om vi er forskjellige. I denne utgåva av Syn og Segn seier journalisten Aon Raza Naqvi at dei historiene vi fortel om andre menneske, må endre seg. Dei må ha langt fleire nyansar. Sjølv gav han ut boka Third culture kids i 2019, som handlar om ungdom som lever med fleire kulturar, fordi det var den boka han sjølv sakna i oppveksten.

I eit essay her i Syn og Segn argumenterer Dubie Toa-Kwapong, som er doktorgradsstipendiat i antropologi, for at vi også må endre dei historiene vi fortel om oss sjølve. Det er så lett å tenkje at Noreg si fleirkulturelle historie handlar om innvandring. Men som ein av dei fremste sjøfartsnasjonane i verda har vi ei lang historie med å reise ut. Nokre av dei nordmennene som reiste ut, tok arbeid i den transatlantiske slavehandelen. Det at så få kjenner til denne historia, får konsekvensar for korleis vi ser på det fleirkulturelle Noreg i dag, skriv Toa-Kwapong. Ei pølse er ikkje alltid berre ei pølse. Sjølv trur eg det blir lettare for oss som er majoritetsnordmenn, å snakke om alt dette andre gjennom å lytte til og ta innover oss dei historiene vi får frå dei som har namn og ansikt som gjer at dei stadig får spørsmål av typen «men kvar kjem du eigentleg frå?». 

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn

Artikkelen var trykt i Syn og Segn 3-2021.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar