Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Solbjørgs song

Ho peiker nase til den gode smaken, til det pene og ordentlege. Sissel Solbjørg Bjugn er min forfattar.

Av Ellisiv Lindkvist

Eg bakar verdas beste brød med kim og kli.

Den finaste fitta i Nordland er mi.

Kven kan lese diktet «Heltinnetrinnet» utan å hugse dei linjene? Åh, dette fandenivaldske! Dikt-egets suverenitet som bryt med så mange kvinners tause skrik og undertrykking; no skal det bli andre bollar, no skal det bli brød med kli! Ho seier rett ut: mi er den finaste. For ikkje å snakke om brøda: dei er verdas beste. Bjugn peiker nase til den gode smaken, til det pene og ordentlege. Ho viser fingeren til det strenge og modernistiske som har heimsøkt vår skjønnlitteratur og blitt liggande som, ei til tider, noko klam hand. Her er artige rim, som ikkje er arkaiske. Bjugn sparer ikkje eingong på utropsteikna!(Noko som gjer at eg – som er vaksen opp med ei streng rasjonering av utropsteikn – no med ein tanke til Bjugn, i større grad skeiar ut og bruker utropsteikn.)Eg oppdaga forfattarskapet til Sissel Solbjørg Bjugn da eg var tidleg i tjueåra, eg studerte nordisk og litteraturvitskap i Tromsø. Her las vi dei gamle klassikarane, der seksualiteten måtte tolkast inn i subtile omskrivingar. Og da å oppdage Bjugn sine dikt, som beskriv seksualiteten på så direkte vis! Ordet fitte, knapt høyrt som noko anna enn skjellsord, blir i eit dikt som «Heltinnetrinnet» snudd til noko positivt og livsbejaande. Det er ei subversiv handling, eit feministisk statement. Eg blir vilt begeistra: Dette er min forfattar. Den geografiske nærleiken er med på å gi meg auka eigarskap til forfattarskapet. Ho er fødd på Setermoen, eg eit nordnorsk steinkast (fem mil) unna, i Brøstadbotn. Og eg finn fleire likheiter som verkar inspirerande på ein forfattar in spe, fødd langt frå den litterære allfarvegen. Eg kjenner meg igjen i det feministiske, det humoristiske, det nordnorske. Eg vil også sprenge sjangrar og utvide rommet! Eg er også god til å bake brød!

Ellisiv Lindkvist skriv om Sissel Solbjørg Bjugn. Foto: Blunderbuss/ Anna-Julia Granberg

Røre og slåst

I 2018 kom Samlaget med to bøker av og om Sissel Solbjørg Bjugn. Tor Eystein Øverås er redaktør for Skrive, teikne, røre og slåst! Av og om Sissel Solbjørg Bjugn. Han teiknar eit nyansert bilde av ein nær venn gjennom tjue år, både gjennom eit omfangsrikt biografisk riss og gjennom presentasjonen av tekstar Bjugn har hatt på trykk i aviser, tidsskrift og antologiar – først essay og prosa, deretter dikt og kortprosa. Øverås har også sett saman bolkar frå ulike intervju med Bjugn, under tematiske overskrifter som: «Om litteratur», «Om skrivinga», «Om trua», «Om sølibatet»(!). Enkelte titlar og enkeltdikt har fått eigne kapittel, men boka kviler i stor grad på Bjugns eigne ord og tekstar. Øverås er testamentert rettigheitene til Bjugns forfattarskap, og i gravferda hennar heldt han ein tale som kan lesast i essaysamlinga I dette landskap (Gyldendal, 2012).

Ho viser fingeren til det strenge og modernistiske som har heimsøkt vår skjønnlitteratur.

Sjonglering og Bjugnlering. Dikt og tekstar i samling 1972–1999 består av dei seks diktsamlingane Bjugn rakk å gi ut. Ei etterlengta utgiving om ein ikkje har alle førsteutgåvene i bokhylla. Omslaga var viktige for Bjugn, mange hugsar nok den legendariske «Fiskebolleboksen» frå debuten hennar Den første avisa på Lofotveggen (Samlaget, 1978). I denne nyutgivinga får bøkene stå som da dei først kom ut. Altså er både forside og bakside med. Og fonten og sidestørrelsen står som da dei først blei utgitt. Den vesle (i fysisk forstand) boka Depp frå 1999 skil seg frå den gjengse diktsamlinga, med skrivemaskin-skrifttypar og små sider, og 2018-utgivinga klarer langt på veg å behalde dette originale inntrykket. Dei ulike titlane er delte med fargekode, noko som tar seg godt ut og gjer det enkelt å finne fram mellom samlingane.

Litterære masker

Sissel Solbjørg Bjugns dikting strekker seg utover og inkluderer teikningar, kollasjar, intertekst, metatekst, vedkjenning, humor og sitat frå både songar og reklame. Ho klarer å kombinere det høge og det låge, det morosame og intellektuelle, råskap, humor og popkulturelle referansar med religiøse referansar. Det nordnorske, det feministiske, det lokale, det universelle: Merkelappane vil ingen ende ta. Ho er vanskeleg å sette i bås fordi ho sprenger dei alle. I eit essay om å skrive for barn seier ho: «Solbjørg vil skrive realistisk. Bjugn vil skrive surrealistisk. Sissel vil skrive katolsk.»[1] Med ulike variantar av namnet leiker ho med identiteten og dikt-eget: Sissel, di Sissi, Bjugnlering, SS Bjugn, Solbjørg.

Eg er også god til å bake brød!

Ho plasserte seg i ein vedkjenningstradisjon saman med Augustin, Hans Jæger og Eminem.[2] Men det at ho i tillegg blir rompoet og pave, viser korleis ho tar sitt eige tilsynelatande biografiske eg ut i ein fiksjon som nærmar seg det fantastiske. Ho tar ei open og plastisk rolle, slik ein kan ta av og på masker. I eit intervju iVinduet i 1994 sa ho det slik:

Eg vil inn ein stad mellom Dorothe Engelbretsdatter og Kate Bush. Kate Bush, legedotter og rockeartist, debuterte samtidig med meg. Ho har eg følgt med sidan da. Dorothe Engelbrets- datter, prestedotter og prestekone, debuterte i 1678. Ho har eg nyleg begynt å lese. Som Bush bruker eg litterære masker. Som Engelbretsdatter lagar eg sjølvironiske omskrivingar av namnet mitt. Hos oss alle tre finst det ein spiritualitet, ein kristen spiritualitet.[3]

Det lyriske eget lener seg mot forfattaren og vedkjenner med høg stemme, for så i neste augneblink å lene seg mot litteraturhistoria, ho vippar fram og tilbake, klarar ho å halde balansen? Ho treng ikkje det, ho kastar seg fram, ut i det ukjente, ut i verdsrommet, ho flyg, og kvifor ikkje okkupere Vatikanet med det same?

Tor-Eystein Øverås gav ut bok om Sissel Solbjørg Bjugn. Foto: Julie Pike/Gyldendal

Heltinnetrinnet

Øverås plasserer dei tre siste diktsamlingane som ei eiga linje i forfattarskapet: «kjærleik, erotikk, seksualitet, depresjon – ofte i vedkjennande form – blir tydelege som tema frå og med Bye, bye, ikkje minst i ‘Heltinnetrinnet’, og kjem også til uttrykk i Tornekysset og Depp».[4] Dette kan eg like: seksualitet og depresjon! Det er tematikk eg sirklar rundt i mitt eige forfattarskap. Debutboka mi, kortprosasamlinga Alt jeg skriver er sant (2007), har små vedkjennande tekstar ofte om nettopp seksualitet og depresjon, iblanda humor. Eit av teaterstykka mine har eg gitt tittelen Heltinnesinne (2011), ein direkte hommage til Bjugn. Ho har vore – og er – ei av mine heltinner, oh, kulturkvinne.

«Ooh, it gets dark, it gets lonely. On the other side from you.» Syng Kate Bush, ei av Bjugns heltinner, i sin debut-singel. Bjugn identifiserte seg med Kate Bush; debut-singelen Wuthering Heights er nærmast eit destillat av den klassiske romanen Wuthering Heights av Emily Brontë. Sjølv refererer Bjugn til ei anna Brontë-søster i diktet «Heltinnetrinnet», Charlotte Brontë og hennar roman Jane Eyre – ein roman som opnar med den berømte setninga «There was no possibility of taking a walk that day».Setninga blir nemnd fleire gongar i diktet, og ein kan lese store delar av diktet opp mot Jane Eyre. Diktet blei først publisert i Dagbladet i 1988og kom seinare med i samlinga Bye, Bye i 1989.

There was no possibility of taking a walk that day.

Vi forlet ikkje senga mi på fleire dagar.

Ikkje at eg klagar.

«Heltinnetrinnet» sin undertittel er «Eit kjærligheitsdikt». (Legg merke til den nordnorske skrivemåten av ordet kjærleik.) Slik Jane Eyre oppdagar at Rochester er gift og skjuler den galne kona si på loftet, skriv Bjugn om sin elskar, som også er ektemannen til ei anna kvinne.

Du er meister i å gjere di Sissi kåt.

Var du enda ikkje ekspert

i å svelge gråt …

Rochester var ein mann som skjulte gråten, lukka seg inne og gjorde seg hard. Det er Jane som trenger gjennom skalet og finn ein open og lidenskapeleg, om enn prega mann. Ein heltinnemanøver, berre dét.

Eg les om igjen, igjen

romanbøkene til søstrene Brontë.

Søstrene Bjugn har ikkje småtteri

å identifisere seg med.

Kven klarer å vere så heilstøypt som Jane Eyre? Så trufast og moralsk uklanderleg? Nei, det er jammen ikkje småtteri å identifisere seg med henne! Ein kan jo legge til at det har vore, og er, eit større krav til kvinner om å forstå menn enn omvendt, og at Bertha Mason på loftet ikkje blei møtt med særleg forståing. Det har Jean Rhys problematisert i romanen Wide Sargasso Sea frå 1966.

Bjugn beskriv seksualiteten langt meir direkte enn Charlotte Brontë hadde moglegheit til i 1847. Men det handlar ikkje berre om sex, det handlar også om barnløyse, om å skrive, å vere ei stemme. «Ein gong menstruasjonen min uteblei / var eg sannelig og handla babytøy». Det ligg ei sårbarheit og eit sakn og murrar like under brødbaking og kopulering i «Heltinnetrinnet». Ho ønskjer seg noko meir og noko anna enn det som er og blir. Sjølv om ho heller er Sissel barnlaus enn Sissel ordlaus. Heller Sissel verbal enn Sissel galen. Heller den som fører ordet, slik Jane Eyre gjer i romanen om seg sjølv, enn den galne kvinna på loftet, som blir ei av alle dei kvinnene som må døy. Fleire har tolka «the mad woman in the attick» som Jane Eyres undertrykte og ville side. Diktets Sissel seier at ho kunne blitt venninne med kona til elskaren, ja ikkje berre venninne, men villvenninne.

Villvenninner gir kvarandre såper.

Villvenninner har enno gamle kåper.

Villvenninner veit ingenting

men dei håper.

Dei håper, begge to, og «di Sissi» har kanskje ikkje same grepet om elskaren som Jane hadde om Rochester. Men det såg stygt ut for Jane Eyre også; ho døydde nesten på vegen med sin ulastelege moral. Korleis skal ei Sissi i vår tid klare eit slikt gudfryktig heltinnesteg?

There was no possibility of taking a walk that day.

Jane Eyre braut med herr Rochester og gjekk sin veg

Eg er redd for å ta det gudfryktige heltinnesteg.

Jane Eyre har eit strengt kristent verdsbilde, og for henne er forslaget frå Rochester om å leve med han utan å ha blitt ført saman av Gud, utenkeleg. Derfor tar ho det steget at ho forlèt han, og alt ho eig. Men Sissel i diktet blir, ho legg kabal, onanerer og ventar. Vi lever i ei tid da ein må kunne seie at ein utanomekteskapleg relasjon er relativt vanleg, medan det gudfryktige speler ei langt mindre rolle for dei fleste av oss. Likevel piner det eget at ho ikkje tar dette avgjerande steget som ho gir heltestatus. Diktet, som ved første augekast kan verke enkelt og naivt med referansar til barnesongar og artige enderim, kan lesast opp mot eit av historias litterære meisterverk. Og like lett som Bjugn siterer barnesongar, refererer ho til Purcell og Händel. Nettopp dette mangefasetterte set eg stor pris på hos Bjugn, laga med intellektuelle referansar, hand i hand med humor, sex og brødbaking.

Barn og brød

Bjugn kjem tilbake til brødbaking. I antologien Kvinne og kunstnar (Samlaget, 1983) har Bjugn ein tekst som heiter «Da Coca-Cola ble til Cocac-Ola», og som er tatt med i Øverås si bok.[5] Det er ein interessant tekst nettopp til ein antologi som handlar om å vere kvinneleg kunstnar. Bjugn (som forblei barnlaus) får i historia besøk av to barn. Ho forsøker først å avvise dei, seier at ho arbeider, men lar seg overtale til å sleppe dei inn. Ho har bakt brød, og dei vil smake. Ho vil først seie nei, men igjen gir ho etter.

– Kan du nekte to barn brød? undrar Tone på.

Eg tenkjer meg om.

Nei eg kan vel ikkje det, seier eg endeleg.

Forteljinga om Cocac-Ola blir til i samarbeid med, eller i det minste på oppfordring frå jenta som har komme på besøk. Jenta veit at det er Bjugns jobb å finne på forteljingar, og krev eit eventyr. Teksten handlar om å bli avbroten i arbeidet og sluttar idet forteljinga om Cocac-Ola tar til. Da forfattaren nærmast gir seg over og aksepterer besøket, oppstår det noko. Ho viser gjennom teksten at denne avbrytinga, sjølve livet som bankar på døra, er med på å skape teksten. For kvinner og kunstnarar har livet vore fullt av den typen avbrytingar. Kanskje kan noko nytt oppstå i desse avbrytingane, også for ein barnlaus kvinneleg kunstnar? Eller kan ein like gjerne lese det motsett? At ho viser det frustrerande i avbrytinga? Barna som drar ho bort frå skrivinga og et opp brødet? Vi får ikkje sjølve historia om Cocac-Ola, vi veit ikkje om ho blir noko å samle på. Bjugn understrekar fleire gonger at poesi er arbeid, og sjølv trong ho periodar med isolasjon.

Mannspoetar

Forordet til Sjonglering og bjugnlering er det Einar Økland som har fått æra av å skrive. Allereie i første setning av forordet karakteriserer han henne som «påfallande ung og yr», han legg rettnok til eit «og original» like etter. Seinare skriv han at «Sissel Bjugn (var) ei mørkhåra slank, vakker og påfallande kvinne».

Sissel Solbjørg Bjugn med Einar Økland. Foto: Samlaget

Mykje kan seiast om kjønn, eg seier ingenting, for å parafrasere Bjugn. Ho seier det også slik:

Punktert lyrikk. Hump. På

felgen, på felgen. Ler de

skadefro, mannspoetar og

Paal-Helgen? Berre ha det

gøy. Eg er avgjort ikkje

dykkar kjøretøy.

(Frå Depp 1999[6])

Eit resignert sukk, vi går vidare, mannspoetane vel sine køyretøy, og no finst det klede for allslags vêr, det er rett og slett store moglegheiter for å ta ein tur nett denne dagen. Og kva slags tur skal det vere? Vent og sjå. I 2021 finst det mange køyretøy. Oppgåve mens du går tur: Tenk på ein mannleg poet som er slank og vakker. Såpass bør du unne deg.

Kven klarer å vere så heilstøypt som Jane Eyre? Så trufast og moralsk uklanderleg?

Farvel poesi

Den første og tredje diktsamlinga har «Dikt og tekstar» som sjangernemning, medan Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! har undertittelen ei bok om gruva. Når vi kjem til den fjerde utgivinga, Bye Bye (1989), står det poesi som sjanger. Det står to gongar, både bye, bye og poesi. Tittelen med sjangerspesifikasjon blir gjentatt. Sjølve tittelen består også av ei gjentaking, bye gonger fire. Det er altså eit grundig farvel til poesien.

Titteldiktet «Bye, bye» har undertittelen «eit rompoem». Bjugn skriv om ei romferd ho, poeten, deltar i, og som er tettpakka med dramatikk. Ikkje nødvendigvis den type dramatikk ein kunne forventa på ei romferd: «Han gav meg to kyss i kabinen og tre kyss på dekket. /

Kva var nobelprisen i litteratur mot herretekke?» Det er i denne samlinga ho nokre sider tidlegare, i «Heltinnetrinnet», har sagt at ho heller er Sissel barnlaus enn Sissel språklaus.

Ho er ikkje språklaus, ho skriv. Ho skriv i dialog med den litterære kanon, samtidig som ho utvidar det litterære rommet ved å ta poesien ut i sjølvaste verds-rommet.

Alle i romferja New Vision arbeidar med sitt.

Eg, første poeten i verdsrommet, bør skrive litt.

(…)

Eg var kvit som salmar og han var gospelsvart.

På nytt blei vi heitaste paret i moderne romfart.

Her finst ingen grenser, ho kan gjere kva ho vil! Kvifor ikkje føde eit barn? Eit ekte himmel-barn. Den første fødselen i verdsrommet: her kjem ei fullkommen brun dotter. Men kor lenge fekk Sissel vere i himmelen? Ho krasjlandar på sin eigen veranda. Diktet blir avslutta med ein amputasjon: Det finst ingen mann, inga dotter og inga romferd.

God dag skrivemaskin, god dag verandaverd!

Adjø, fantasi og romferjeferd!

Bye, bye, bye bye, over ei side blir gjentatt og rammar inn diktet. Ho har kanskje eit eige rom, kanskje eit heilt hus, kanskje til og med utsikt, men ho sit aleine med skrivemaskinen. Er alle desse farvela eit varsel om det som skal komme med diktsamlinga Depp? Også der er det eit kort einstavingsord som er gjennomgangstema. Hennar «ha det» til diktinga blir avslutta med eit depp.

Mennene skal teie

I mellomtida kjem den religiøse samlinga Tornekysset (1992). Det religiøse er likevel ikkje nytt for Bjugn. I «Heltinnetrinnet» seiest det: «Hadde eg mariareine hender / var mi nakenheit som ei nonnedrakt /da skulle du ha sett puling / reint ut sagt.» I «Bye bye» er det ikkje berre ord som salmar og gospelsvart. Det at ho – bokstaveleg talt – er i himmelen når ho føder, gir assosiasjonar til ein metafysisk himmel, til ein meir berømt fødsel, og dottera får namnet Christa. Dette er altså ein melaninrik, kvinneleg Jesus. Dei religiøse referansane er alt anna enn fromme og søndagsskuleaktige. Med eit gamaldags teologisyn kunne ein tenkt at dette nærma seg blasfemi, men Bjugn tok religion på djupaste alvor.

Den religiøse diktinga er med på å gjere henne motstraums.

Bjugn har no vore katolikk i tjue år og ønskjer å påverke den katolske kyrkja. Ho er ikkje redd for å seie at boka har eit bodskap, (noko mange forfattarar kvir seg for,) ho går enda lenger og framstiller boka nærmast som brukslitteratur. «Boka har tre oppgaver: Være en poetisk stemme for den katolske legkvinne. Finne nye poetiske måter å drive kristen forkynning på. Og finne poetiske argumenter for kvinnelige prester i den katolske kirken.»[7] Ho overskriv det kjente sitatet til Paulus om at kvinner skal teie i forsamlingar, til: «Liksom i alle kristne kyrkjelydar skal mennene / teie i kyrkjelydsamlingane når kvinnene taler. Paulus første brev til korintarane (ajourført av S. S. Bjugn).» (frå Tornekysset[8]).

På omslaget til Tornekysset er det eit måleri av ei nonne, og Bjugn siktar enda høgare når ho skriv eit dikt om seg sjølv som pave, med den talande tittelen «Pave Julian dør»– skrive som ein song med eit gjennomgåande refreng: «Enn om dei prøver med forgifta oliven … / Enn om dei vel dolken, stiletten, glaskniven …». Alle kvinner må jo døy.

Den religiøse diktinga er med på å gjere henne motstraums. Da eg las henne som tjueåring, fann eg det religiøse framandt og rart. No finn eg det både fascinerande, utfordrande og at det føyer seg inn i det uføreseielege med forfattarskapnaden hennar. Det som likevel er aller mest motstraums, er det ho seier om sølibatet. I titteldiktet «Tornekysset, eit pasjonsdikt» er seksualiteten framleis sterkt til stades, men ho undertrykker og prøver å temme han. «Dette kysset eg ikkje gir han, dette / stadig tilbakehaldne kysset.»[9] Denne setninga blir gjenteken fleire gonger, som om ho no skal leve opp til det heltinnetrinnet ho ikkje klarte i førre diktsamling. Denne gongen skal ho kontrollere seg sjølv, denne gongen skal ho ikkje gi seg over. I eit intervju med Karin Westrheim i Dagbladet i 1992 forklarar ho sølibatet med at det gir skaparkraft:

Det er klart at jeg tenker at «åh, nå skulle det ha vært godt med en skikkelig omfavning», særlig når jeg sitter på kafé med venninna mi og ser på flotte menn. Men det blir med det. Sølibatet valgte meg, nå har jeg gjort det til mitt. Slik har jeg levd i fem år, og jeg mener at det gir grobunn for åndelig vekst. Å tøyle lidenskapen gir skaperkraft innen kunsten. Jeg lever et disiplinert liv, og føler meg vel nå.[10]

Kvinner døyr fordi dei blir gløymde, får færre rosande omtalar, dårlegare wikipedia-artiklar og mindre plass i historia.

Tornekysset er skriven for å påverke, det skulle likevel meir til for å få ei reell endring i den katolske kyrkja, og Bjugn mista tolmodet. Da Rosemarie Køhn blei første kvinnelege biskop i Noreg, melde Bjugn seg inn i statskyrkja. Det er eit farvel til katolisismen (om enn ikkje religionen), ho har tatt farvel med seksualiteten og sagt bye bye til poesien. Kva gjenstår når Depp, som blir den siste diktsamlinga hennar, kjem i 1999? Formatet er mindre, dikta kortare, og tittelen minner ikkje om den tidlegare glupskheita.

Depp, depp, depp

Ein komedie om ein depresjon, slik karakteriserte eg mitt eige teaterstykke Jeg er ikke slik (Det Norske Teatret 2007). Derfor finn eg meg fort heime i Depp, som er mørk, men likevel kallar på både latter og oppstemtheit. Humor er ein måte å takle det (lettare) depressive på, eller i det minste halde det på ei armlengds avstand. Berre baksideteksten: «Johnny Depp, sa høna på haugen»; eg kan knapt tenke meg ein meir fyndig baksidetekst. Det vesle ordet depp blir eit gjennomgangsord brukt på ulike måtar frå Johnny Depp til kulturdep og i lydliknande variantar som dip, drep, rep, R.I.P. Eller som her:

Veggtilvegg-deppe. Sa høna på

Haugen. Ikkje Pål si, men mi.

Svart, mørk og lystig, ja, kvifor ikkje? Kvifor ikkje le så lenge ein klarar, og forsøke å halde demonane under sitt eige vegg-til-vegg-deppe. Jo meir eg les, jo fleire dikt vil eg trekke fram. Eg vil ta bilete og legge ut på sosiale medium. Sjå her! Sjå på dette! Kanskje er det fordi mange av dikta går på rim, eller er det rytmen, gjentakingane, som gjer at eg blir gåande med dei i hovudet, slik ein kan få ein song på hjernen, eg nærmast nynnar, «Alle damer må jo dø, må jo må jo dø».

Burde eg ikkje melde meg inn i statskyrkja igjen og alltid skrive nynorsk?

Eit ekko frå underhaldningskulturens estetisering av den døde kvinna og kulturens forbruk av kvinner som rekvisittar, som objekt. Må jo dø, må jo dø. Diktet er blitt kalla dødsdiktet og opnar slik:

Dø ein dag diverre må

Grete Waitz og Lille Graah

Lille, Lille Graah //

Kristensen og Kyrkjebø.

Alle damer må jo dø.

Må jo, må jo dø.

Og damene døyr. Dei døyr på TV og i film, lik blir parterte, og vi får sjå nærbilde av unge, vakre og lemlesta kvinner. Kvinner døyr fordi dei blir gløymde, får færre rosande omtalar,

dårlegare wikipedia-artiklar og mindre plass i historia. Må jo, må jo dø.

Mi Sissel

Også Sissel Solbjørg Bjugn måtte døy altfor tidleg, berre 62 år gamal. Eg skulle gjerne sett fleire bøker frå hennar side. Bjugn hadde planlagt å skrive meir, for ho samla notat til eit romanprosjekt, og nokre av desse notata er tatt med i slutten av boka om henne. For eksempel står det «akk / klimakterium / klim-akk-terium» på eit ark, på eit anna står det «Loliten». Sjølv brukte eg omskrivinga «Lalito» i Oh, Kulturmannen (2017). Eit utropsteikn bevilga eg meg òg. Lalito, Loliten, kor blei du av? Det finst ingen Loliten, og eit akk, for klimakteriet, står igjen som ein potensiell stafettpinne. Men Depp finst, Bye Bye finst, Heltinnetrinnet finst, Tornekysset finst. Alle Bjugns dikt er no blitt tilgjengelege for oss som vil vere i eit stort verdsrom med ein forfattar som gjekk sine eigne vegar, i alle retningar.

Sissel, mi, Sissel, tenker eg insisterande. Eg vil at ho skal vere min forfattar. Solbjørg er ein sjølvsagd del av min personlege kanon. Bjugn er ei av mine heltinner. Og forresten, burde eg ikkje melde meg inn i statskyrkja igjen og alltid skrive nynorsk? Det seiest gjerne at Bjugn er ein forfattar for forfattarane, for min generasjon, eller kanskje generasjonane over. Derfor er ho kanskje ikkje så kjent som ho burde vere, og det finst folk som ikkje har høyrt om henne (også forfattarar – sjokk!). I ei litterær offentlegheit som blir snevra inn, der det kan verke som forlaga blir reddare for det smale og rare, der innkjøpsordninga er under press og forlag opplever smekkar ved at gode utgivingar blir nulla, kan det vere verdt å sjå på Bjugns forfattarskap og minne oss om at også det rare, absurde, surrealistiske, feministiske, religiøse, nordnorske har ein verdi. At vi må våge å la dei litterære romma vere store og elastiske for nye sisseler og nye solbjørger som vil sjonglere og bjugnlere. Eg vil vere i desse romma, saman med det morosame og fandenivaldske, ein nordnorsk feminist som bakar veldig gode brød.

Vi er fleire som ikkje vil gløyme forfattarskapet, som vil fortsette å insistere på hennar posisjon i historia, saman med dei udødelege. Den finaste fitta, R.I.P.

Ellisiv Lindkvist er forfattar og dramatikar.

  • Fakta
  • Sissel Solbjørg Bjugn (1947–2011). Debuterte med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen i 1978.
  • For den fekk ho Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Notar


[1] I antologien Å skrive for barn: 17 barnebokforfattarar presenterer seg. Redigert av Tone Birkeland, Samlaget 1982. Gjengitt i Skrive, teikne, røre og slåst! Tor Eystein Øverås (red.), s. 87.

[2] Bilde av Bjugns bekjennelseskart, Øverås s. 71.

[3] Til Merete Morken Andersen, Vinduet nr. 1/1994. Øverås, s. 226.

[4] Øverås, s. 67.

[5] Øverås, s. 106.

[6] Sjonglering og bjugnlering, dikt og tekstar i samling 1972–1999, Sissel Solbjørg Bjugn, Samlaget 2018, s. 396.

[7] Til Nordlands Framtid, 31. oktober 1992. Øverås, s. 193.

[8] Bjugn, s. 374.

[9] Bjugn, s. 339.

[10] Øverås, s. 221.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar