Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Stille stunder og karneval

Nynorskfolket har alltid uroa seg over at språket ikkje er fint nok. Samstundes har ein også vore uroa over at det er for fint. Slik var det også då Fyrebilsbibelen, den første bibelomsetjinga til nynorsk, kom for hundre år sidan.

Av Jan Inge Sørbø

I år er det hundre år sidan Fyrebilsbibelen, den første komplette bibelomsetjinga i nynorsk språkdrakt, var ferdig. Ambisjonen om å bruka nynorsken på bibelske tekstar er like gammal som nynorsken sjølv. Ivar Aasen omsette nokre utvalde bibeltekstar alt på 1850-talet.[1]

Ja, ein kan kanskje seia at ambisjonen er eldre enn nynorsken, sidan fleire prøvde seg på dialekt-omsetjingar før nynorsken på nokon måte var etablert. Eg er svak for Ivar Brovolds romsdalsvariant av Lukas-evangeliet frå 1853:

Daa gløste Jessus utover aa saag mykje Folk, so va komna aat naa, aa sa aat naa Filippus: (..)

Aa daa Jessus veste, dei velle komme aa ta’n mæ voll aa gjær’n te Kong, so smeit’n se onda aa kom se oppaa Fjeille aatleine.

Noko av det første Det Norske Samlaget gjorde etter stiftinga i 1868, var å leggja ein plan for å få Bibelen i nynorsk språkdrakt. Dei gav ut bibeldelar etter kvart som dei vart ferdige, og NT var ferdig i 1889. Det Norske Samlaget var organisert som ein slags bokklubb; ein melde seg inn, betalte ein kontingent og abonnerte på dei skriftene som kom. I utgangspunktet spela skjønnlitteraturen lita rolle; Samlaget var medeigar i Noregs Boklag, som gav ut mykje av diktinga. Det var viktige kulturelle skrifter, ofte sakprosa, som dominerte. Ei særleg rolle spela salmane til Blix, som kom ut anonymt og i fleire og fleire hefte med tittelen «Nokre salmar».

Alt er «fyrebils»

Sjølve tilblivingshistoria til bibelskriftene skal eg ikkje skriva om. Det eg er oppteken av, er forholdet mellom nynorsk skjønnlitteratur og bibelarbeidet.

Ambisjonen om å bruka nynorsken på bibelske tekstar er like gammal som nynorsken sjølv.

Og sidan eg byrja med Aasen, kan eg nemna eit nyare namn: Paal-Helge Haugen sa ein gong på eit komitémøte i Kyrkjeakademiet at «heretter vil eg ikkje lesa nokon annan Bibel enn Fyrebilsbibelen». Sidan han etter den tid har spela ei viktig rolle i den nyaste bibelomsetjinga, den som kom i 2011, har han truleg brote den lovnaden. Men han hadde stor sans for prosjektet – og ikkje minst tittelen – eller kallenamnet. Det ligg noko messiansk i det; kvar ei omsetjing av Ordet er førebels. For vi ser i stykkevis og kjenner i stykkevis, men ein gong skal vi sjå andlet til andlet – først i den messianske tida vil det som er «fyrebils», vera over. Det kan vi leggja oss på hjarta når vi kranglar om kva som er den beste omsetjinga.

Ser vi på heile rekkja av omsetjarar som var innom bibelarbeidet, er det ikkje så få som også var aktive skjønnlitterære forfattarar. Også journalisten og sakprosaforfattaren – og matematikaren – Olaus Fjørtoft var ute med ei omsetjing på eit tidleg tidspunkt; han var sterkt kritisk til religionsundervisninga og kyrkjeleg dogmatikk. Han ville gje borna bibelteksten på deira eige mål, så kunne dei sjekka sjølv det prestane la ut om tekstane. Han omsette bergpreika, og den er ikkje enkel å leva opp til, verken for prestar eller andre.

Det ligg noko messiansk i det; kvar ei omsetjing av Ordet er førebels.

Jarle Bondevik har laga ei liste over alle bibelomsetjingar til nynorsk i Og ordet vart nynorsk. Dei skjønnlitterære forfattarane eg finn i Bondeviks framstilling, er Aasen, Blix, Matias Skard, Ivar Mortensson-Egnund, Adolf Mauritz Steenbock Arctander, som var Faust-omsetjar og diktar, Alexander Seippel, Lars Eskeland, Johannes Barstad og Anders Hovden. Overgangane til skjønnlitteraturen er flytande; Ivar Mortensson-Egnund var til dømes ein mangfaldig diktar som skreiv mytisk-lyriske tekstar, elles skreiv mange av omsetjarane salmar, men var meir engasjerte i andre delar av skriftlivet.

Foto: Eilif Petersen/Nasjonalmuseet.

Både politisk og teologisk var det eit stort mangfald i den gruppa som søkte departementet om midlar til bibelarbeidet. Og tek vi med folk som enten hadde omsett litt på eiga hand, som Fjørtoft, eller som støtta omsetjingssaka i embets medfør, blir mangfaldet endå større. Arne Garborg, som på 1880-talet skreiv sin aller skarpaste religionskritikk, inspirert av fransk rasjonalistisk opplysning, var ein av underskrivarane. I andre enden av skalaen kan vi nemna Peter Hognestad, professor på Menighetsfakultetet og seinare biskop, ein konservativ teolog.

Teologisk spenner omsetjarane frå konfesjonell luthersk kristendom til teosofi og mystikk, som hos Ivar Mortensson-Egnund, og politisk frå anarkisme til den mest ansvarlege delen av Venstre. Her er grundtvigianarar og pietistar. Og tek vi med Garborg, så er han på underskrivingstidspunktet, tidleg på 1880-talet, anarkist og ateist.

Det sjølvsagde

Dei var altså usamde om svært mykje, men samde om at Bibelen burde koma på landsmålet. For å forstå dette må vi tenkja oss tilbake til ei tid der kristendommen var ei heilt sjølvsagd ramme, både for lovgjeving og som rituell ramme for alle. Det fanst religionskritikk, men sjølv harde religionskritikarar som til dømes Kielland og Garborg døypte sine eigne born. Vår tid er prega både av sekularisering og livssynsmessig mangfald, så vi opplever ikkje lenger det heilt sjølvsagde i at ein må kjenna Bibelen og bruka liturgien. Difor forstår vi heller ikkje utan vidare kor sjølvsagt det var, også for religionskritikarane, at Bibelen måtte koma ut på landsmål.

Landsmålet må romma alle stilnivå – ikkje minst dei høge.

Som både Per Halse og Jarle Bondevik har synt, var det store debattar kring dette. Motstanden mot omsetjing av Bibelen til landsmål kom likevel ikkje frå religionskritikarane i landsmålsleiren, men frå dei som var skeptiske til målsaka, og som meinte at folkemålet ikkje var ei verdig språkform. Aasen sjølv ville venta til språket var skikkeleg etablert.

Jarle Bondevik skriv om dei ulike tildriva til omsetjingsarbeidet, og han nemner det pedagogiske, at det skulle bli lettare for bygdeborn å lesa bibeltekstar, det kristelege, at ein skulle forstå ordet og koma til tru, det demokratiske, at lekfolket skulle få lettare tilgang, og det nasjonale, at dei høgste tekstane skulle liggja føre på nasjonalspråket. For folk som Fjørtoft og Garborg var nok dei to siste avgjerande. For Garborgs del var den nynorske liturgien og bibelarbeidet eit tildriv til å venda tilbake til teologien og utforma si eiga oppfatning av Jesus, som han publiserer i Jesus Messias i 1907. Den oppfatninga som kjem fram her, skil seg mykje frå religionskritikken frå 1880-talet, men framleis avviser han skarpt både treeiningslæra, forsoningslæra, eskatologien, læra om to utgangar og så vidare. Det som står att, er etikken og trua på ein kjærleg, ikkje-dømmande Gud. Garborg las sjølv Det nye testamentet på gresk då han skreiv denne boka. Men han var også oppteken av at lekfolk skulle kunna lesa seg fram til dette sjølv, og då måtte dei ha ein lett tilgjengeleg tekst. Dei demokratiske og nasjonale motiva spela såleis ei rolle som var overordna dei konfesjonelt teologiske.

For kulturens høiere materier

Men det finst eit motiv til, trur eg, og det har å gjera med nynorsken som litterært uttrykk. Kva slags språk skulle nynorsken vera? Ei berømt utsegn frå filosofen Marcus Jacob Monrad var at Aasens innsamlingsarbeid og rekonstruksjon av det norske språket han fann i dialektane, var godt og heiderleg arbeid – men at det ikkje kunne brukast til «høiere materier», og til det rekna Monrad teateret og filosofien. Målet kunne brukast til å skriva ned folkloristiske tekstar, og eventuelt laga nye tekstar som sprang ut av folkediktinga sin tradisjon. Det provoserte Monrad at Aasen laga eit teaterspel, for då braut han seg inn i kulturens høiere materier.

Frå Aasens synspunkt var dette heilt sjølvsagt. Dialekten er eit heilt språk, han manglar berre skriftleg uttrykk, skreiv han. Og når han skaffa dette skriftlege uttrykket, så måtte landsmålet kunna brukast til alt. Han demonstrerte det med å omsetja store tekstar som Hamlets monolog «To be or not to be», «Klokka» av Schiller – og altså Bibelen. Den språkpolitiske grunngjevinga er at landsmålet må romma alle stilnivå – ikkje minst dei høge. Men denne argumentasjonen står i ei viss spenning til den demokratiske argumentasjonsrekkja. Ei formulering som vart brukt, var at det ikkje skulle vera noko i bibelteksten som ikkje ein bonde kunne forstå. Då tenkjer ein altså på språket, ikkje på det teologiske innhaldet – som kan vera krevjande nok også for den språklærde. Då Samlaget søkte Stortinget om midlar til å arbeida fram ei omsetjing av Det nye testamentet, skreiv dei at ein skulle fylgja Ivar Aasens norm, noko som var klårgjerande fordi målsituasjonen var litt kaotisk på den tida , «Samt at sproget bør lægges saa nær ind til det nuværende Talesprog som muligt er uden at der stødes an mod den bibelske Sprogtones Værdighed».[2]

Dette er interessant og framfor alt ambivalent: nær talespråket og med enkel stil, men med værdighed, altså høg stil. Det er ikkje berre bibelspråkets problem, i endå større grad er det nynorskens problem.

Høgstilen rommar hovud og hjarta, mellomstilen armar og musklar, lågstilen mage, tarm og kjønnsorgan.

Og her kan vi kanskje ta ein sving innom Vergils hjul, som har spela ei hovudrolle i diskusjonen om stilnivå. Vergil, den romerske forfattaren av Ænæiden, verket om Romas grunnlegging, skriv tre verk: Det er den høgstemde Ænæiden, som er skriven etter mønster av Illiaden, så er det verket Georgica, om storbøndene, og så er det Bukolica, som handlar om enkle folk i botnen av det sosiale universet, gjerne gjetarar eller bonde- og småbrukarlaget. Hjulet er tenkt som ein visuell metafor: eit hjul delt i tre av tre eiker. Gjennom mellomalderen utvikla det seg eit heilt system, der ein plasserte inn ikkje berre litterære verk og ord, men også gjenstandar og yrke i dette systemet.

Aineias’ flukt frå Troja. Maleri av Pompeo Batoni, ca. 1750

I høgstilen er helten konge eller hærførar, han rid på ein gangar, og reiskapen hans er sverdet. I mellomstilen har vi bonden som køyrer med okse og brukar plogen, i lågstilen gjetaren som har eit esel (i beste fall) eller ein sau, og har ein stav som reiskap. Lista kan utvidast til kroppsdelar: Høgstilen rommar hovud og hjarta, mellomstilen armar og musklar, lågstilen mage, tarm og kjønnsorgan. Maten kan ein også dela inn; ved riddarens bord er det steikt kjøt og vin, bonden har solid brød, medan den arme gjetaren lever av erter (som set spor i tarmen).

Ein som boltrar seg i desse stilkontrastane, er Johan Herman Wessel, som har lågstilyrke i tragediens høgstilroller, i Kierlighed uden Strømper. Det er skreddaren som elskar tenestejenta, han heiter Johan von Ehrenpreis, og han kan ikkje gifte seg, fordi han ikkje har strømper. I dette dramaet er det ein kulinarisk detalj at ein stadig et erter på scenen – «Å hvor mit Hierte smerter – giv mig Erter!». Det er komisk fordi høgstil-hjarta står i kontrast til lågstil-ertene.

Lukta av fjøs

I den grad nynorsken trong Bibelen, var det truleg i første omgang fordi dei trong å visa at dei kunne bruka norsk språk som høgspråk. Nynorskfolk har i fleire fasar blitt møtte med tilrop om at det luktar fjøs, og som sitert vart Monrad støytt når fjøsmålet var brukt om høiere materier.

Folk gret då dei høyrde Ordet på sitt eige språk.

Men i den grad nynorskfolket trong Bibelen, var det – slik var det demokratiske argumentet – fordi dei ville ha ein tekst som var lett å forstå, ein tekst på sitt eige hjartespråk. Den tidlege mottakinga av nynorsk bibelomsetjing og nynorske salmar er full av historier – meir eller mindre sanne – om at folk gret då dei høyrde Ordet på sitt eige språk. Den unge Matias Orheim vart så gripen av Ludvig Hopes nynorske preiker at han vende om og vart pietist – i alle fall inntil vidare.

Denne orienteringa både opp og ned svarer til ein stilistisk konflikt i nynorsken sjølv. Ja, ein konflikt, ikkje berre eit mangfald. Olav Aukrust skreiv ei rekkje brev til svigerinna si, Margit Blekastad, som han var svært glad i. Ein stad i desse breva hevar han peikefingeren; Margit har skrive noko som bryt med den høgnorske språknorma. Det må vi ikkje tillata oss, formanar han.

Men den same Aukrust skreiv dei villaste karnevalsdikta i norsk litteratur, «Bilbeistet» og «Aktion på Tande», der bannskapen lyner og lyser både på og mellom linjene.

På eit seinare tidspunkt i nynorskens historie leverer Kjartan Fløgstad ei prinsipiell forståing av nynorsken som «folkets språk», forstått i (ny)marxistisk forstand. Og dette folkespråket forklarer han med Bakhtins karnevalsbegrep. I folket levde det heile tida eit potensielt opprør, og før dette kunne gjera seg gjeldande i revolusjonær politikk, ytra det seg i dei folkelege festane, som snudde opp ned på alle hierarki, spotta alle heilage sanningar, og ovra seg i veldige salvar av banning og sverting.

I folket levde det heile tida eit potensielt opprør.

Fløgstad les Bakhtin som ein slags lingvistikkens revolusjonære, og reknar med at motparten hans er borgarskapet og kapitalismen. Ei anna fortolking er at Bakhtin levde under Stalin, og at det han skriv om folkeleg opprør i kamuflerte former, like gjerne kan brukast i eit oppgjer med det sovjetiske tyranniet under Stalin.

Stalin skal vi la vera i fred, men spenninga mellom høgt og lågt i nynorsken skal vi halda fast ved.

Erobringa av høgspråket

Ein kan kanskje seia at ein av dei verkelege suksess-historiene i nynorsken er erobringa av høgspråket. Ein lukkast med det gjennom salmediktinga, den nynorske liturgien og ikkje minst bibelspråket. Det er også ein imponerande konsentrert innsats, at ein greier å skapa ei eiga nynorsk salmebok, ei eiga bibelomsetjing og eit departementalt godkjent liturgisk språk på om lag 70 år. Ikkje minst er salmediktinga viktig, og omfattande. Elias Blix, Anders Hovden og Mathias Skard, seinare også Matias Orheim (meir knytt til bedehuset), er jo store diktarar, og heile materialet til Nynorsk Salmebok blir altså til frå Elias Blix publiserer «Nokre salmar» i 1869 til Nynorsk Salmebok kom ut i 1925. Vi må også nemna Bernt Støylen, som skreiv både originalsalmar og laga svært gode omsetjingar.

På 1990-talet var Kjartan Fløgstad festspeldiktar på Dei nynorske festspela. Då vart det skipa eit seminar, og ein av dei som hadde innlegg der, var sosiologen Dag Østerberg. Han hadde ei betraktning om dei ulike formene for nynorsk, som han – frå sin sobre riksmålssynstad – hadde observert. Vergils hjul sveiv i bakgrunnen når han delte inn mellom den «høytidsfulle-dikteriske: Hans Henrik Holms malmfuru, Aukrusts Fjell-Norig, Tor Jonssons ord om at du er nærast når du er fjernast, og utallige andre strofer om sevja som stig og sjelas togn. (…) Her er alvoret djupt og kjærleiken i og utanfor heimen så edel at den er for fin for byfolket, med sine frukt- og tobakksforretninger på hvert gatehjørne (…) Det store spelet kan bare foregå på nynorsk og i ren norsk natur.»

Kjartan Fløgstad Foto: Hans Jørgen Brun/Gyldendal.

Og den andre hovudtypen nynorsk er «den offentlig byråkratiske, med sine gledesløse forbud – Bøyg Dykk ikkje ut! – som det sto under togvinduene i gamle dager: og sine like gledesløse påbud om glede, som når dosent Åse Gruda Skard var på skjermen og pratet om hvor viktig det var med ‘leik i heimen’: Slik heimeleik vil man helst slippe å være med på, fordi den foregår etter læreboka eller leseboka til Nordahl Rolfsen: Heime og ute – same keisemd.»

Hos Fløgstad, som han har den største respekt for, finn han ein tredje type nynorsk, tradisjonen frå Vinje, lystig, uærbødig, norsk og internasjonal på same tid. «Når man leser Fløgstad, Økland, Hoem, Kaldestad, virker det morsomt å være nynorskmann.»[3]

Uroa over at nynorsken ikkje var fin nok, var berre den eine sida av saka.

Tilbake til skriftordet: For nynorsken, som språk og ikkje minst som litteraturspråk, var det avgjerande at dei greidde å skapa tekstar i høgstilen, og høgtida frå kyrkjerom og liturgi «døypte» og «kristna» nynorsken – både ved at han vart kvitt ryktet som gudlaust språk, knytt til Fjørtoft, Garborg og Steinsvik, og ved at han erobra høgstilen. Og den same Garborg, som jo var i stadig bevegelse, skreiv heile bøker i bibelsk høgstil – særleg Den burtkomne Faderen og Heimkomin Son, som har stilen til andaktsbøker og kunne vore skrivne «to be read aloud in Churches», som det stod på tittelbladet i King James Bible, den første autoriserte engelske omsetjinga frå 1611.

Men uroa over at nynorsken ikkje var fin nok, var berre den eine sida av saka. Det andre ein kunne uroa seg over, var at han vart for fin.

Argumentet for å laga ein nynorsk bibel var jo også at folket skulle få Guds ord på sitt eige mål. På folkemålet. Og folkemålet var folkeleg. Som Østerberg peikar på, er det ei linje i nynorsken frå Vinje, der ein er uærbødig, frekk, utfordrande, oppsøker fesjå og marknadsplassar, skriv om kyr og sau, om folk som oppfører seg som dyr – heile det karnevalistisk-opprørske potensialet ligg der i nynorsken. Og blir nynorsken eit kyrkjespråk, så blir denne dimensjonen borte.

Einar Økland er ein av dei som meiner at erobringa av høgspråket, som bibelomsetjarane lukkast med, var ein Pyrrhos-siger for nynorsken. Dei lukkast med salmar, men greidde aldri å skriva porno, sa Økland om dette ein gong.

Og dermed peikar han på eit paradoks som nynorsk litteratur har trivla etter å løysa. Den tidlegaste fasen var uorganisert, blomstrande og kaotisk; Aasens normal var berre eitt alternativ, og nynorsken vart ofte oppfatta som lågspråk og lågstil.

Så slo salme- og bibelspråket gjennom, og nynorsken vart høgstil og andaktsspråk. Så erobra ein departementa og utvikla den nynorske byråkratstilen, som Østerberg driv ap med.

Høgt oppe og langt nede

Men i litteraturen var fascinasjonen ofte sterkast ved det som var høgt oppe og langt nede; ein søkte opp i høge sky og ned på havsens botnar. Olav Aukrust laga ein stor syntese av dette; han ville samla inn alt det folkelege, grove, førkristne og burleske, og reinsa det og forelda det. Vegen går frå Hamar i Hellom med sine grove dikt og opp til Himmelvarden og Solrenninga. Krafta kjem frå det folkelege, men det må reinsast. Jakob Sande har ingen teori om dette, men praktiserer det. Han er grov, subversiv, stundom grotesk («Likfunn»), ofte opprørsk mot predikantar og bibelspråk – og ein vedunderleg salmediktar av ein tre–fire salmar. Han viser fram mangfaldet i nynorsken.

Medan Fløgstad primært forstår nynorsken som folkeleg-subversiv, ut frå ei førestilling om at folket, i tydinga nynorsk-folket, kan flyta saman med industriproletariatet,og bli det historiske subjektet. Men i karnevalisme-omgrepet sitt misser han den reinsande funksjonen som karnevalet skulle ha, og som det har til dømes hos Aukrust: Det veldige fylleslaget i «Aktion på Tande» endar i ei pinsestemning i siste strofe.

Denne spenninga var i nynorsken på 1860-talet, og ho er der framleis. Vinje skreiv sine karnevalsreportasjar, og Garborg let Fante-Thomas ta fram dette stoffet i Fred. Talane hans er både opprørske og karnevalistiske. Men i Volda sat Johannes Barstad og redigerte tidsskriftet Stille Stunder, der bibelspråket og salmetonen fekk dominera.

Tilbake til bibelspråket: I tilbakeblikk må ein vel seia at det var meir høgstil enn folkeleg språk i dei nynorske biblane. Dei var aldri «folkelege».

Dei lukkast med å skrive salmar, men dei greidde aldri å skriva porno.

Ivar Mortensson-Egnund omsette i si tid salme 23 slik: «Jahve er min hjuring.» Omsetjinga vart publisert i 1922, året etter Fyrebelsbibelen. Hjuring er eit ord som er uprega av andaktsspråket. Det er genuint folkeleg. Men i 1921-bibelen er Herren min hyrding. Då har ein forlate det folkelege; det fanst ingen gjetar i Noreg som omtala seg sjølv som hyrding. Det er eit dansk ord, som tyder gjetar i Danmark, men prest (pastor) i Noreg. Det gode sjokket som det opphavlege biletet innebar, at Gud blir omtala som innehavar av eit lågstil- og lågprestisjeyrke – det blir borte, fordi hyrding er eit reint andaktsord.

Ein har bruk for høgstilen, som ligg til dei bibelske emna. Men stundom dukkar det opp lågstilmarkørar, som når Jesus rid inn i Jerusalem på eit asen – eit lågstildyr – og ikkje på ein gangar. Det skaper heile spenninga i teksten.

Om eg, i god preikarstil, skal slutte med ein appell, må det bli at vi må få fleire asen og hjuringar, både i nynorsk litteratur og ikkje minst i dei nynorske biblane.

Jan Inge Sørbø er forfattar og professor ved Høgskulen i Volda.

Foto: Høgskolen i Volda

Notar


[1] Jarle Bondevik trykker hans omsetjing av 1. Mos 1 i Og ordet vart nynorsk.

[2] Bondevik, s. 54.

[3] Syn og Segn 1/1995.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar