Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Nokon kjem til å tolke

Litteraturprofessor Frode Helmich Pedersen har undervist litteraturstudentar om Jon Fosses Nokon kjem til å komme i mange år. Først las han stykket på ein måte, så fann han ein ny måte å lese på. For ikkje lenge sidan, akkurat i det han stod og underviste, kom han fram til ein tredje tolking.

– Du har gjort ei nylesing av Jon Fosses Nokon kjem til å komme. Kva er det du har kome fram til?

– Viss vi er einige om å lese stykket realistisk – ein kan jo også lese det reint symbolsk – men viss vi les det realistisk, har eg sjølv bevega meg mellom tre ulike tolkingar. Eg har undervist litteraturstudentar om dette stykket i mange år, og las det først på ein måte, så på ein annan måte. Sist eg underviste, kom eg til å tenkje på ein tredje måte då eg stod og snakka. Alle dei tre måtane å lese på gir ei ulik forståing av kva det eigentleg er som skjer i stykket. Og eg trur det er nettopp det som gjer at stykket er så slitesterkt.

– Og kva er så desse tre tolkingane?

– Den mest nærliggande for ein førstegongslesar er at dei to hovudkarakterane, han og ho, har eit felles prosjekt om å oppsøke tosemd og isolasjon for å dyrke kjærleiken. Men det blir forpurra av angsten for at det skal kome nokon og forstyrre, og så skjer jo det også, med denne naboen. Dette er den første varianten, ein symbiose som blir øydelagd av den sjukelege sjalusien til den aldrande mannen. Den neste tolkingsmåten handlar om kvifor dei handterer så dårleg at det dukkar opp ein nabo på tunet. Om ein les stykket frå perspektivet til den sjalu mannen, så er det fleire ting som tyder på at ho ønsker seg bort frå han, at det er det ho djupast sett vil. Og så har du den tredje tolkinga. Der kan du lese stykket som at den eldre mannen i relasjonen regisserer det som skjer, etter eigne ønske og behov. Han får det som han vil, når han ligg i fosterstilling og gassar seg i sjukeleg sjalusi. Då blir det eit stykke om manipulasjon. Det er i korte trekk dei tre lesemåtane. Alle dei tre tolkingane kan sjølvsagt underbyggast ut frå lesing av teksten, med eksempel.  

– Og du skal publisere ein tekst om dette, med eksempel, for å underbygge desse tre tolkingsmåtane. Kor skal du publisere teksten din?

– Dette skal gjerast skikkeleg. Det blir ein vitskapleg artikkel. Kanskje i Edda?

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar