Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Eg vil så gjerne få danse med deg

Om korleis Åge Aleksandersen blei Åge Aleksandersen

Av Ragnar Hovland

i liv og latter spør du mæ

om regnet og om sola

og svaran som æ gir dæ

e itj dæm æ hadd

i går

I songlyrikken dannar salmen og rocketeksten ytterpunkta. Der salmane tenderer mot å dunke svara og konklusjonane inn i bøygde hovud, skrik rocketeksten ut spørsmål den ikkje ventar å få svar på. Ja, eit svar ville nærmast bli oppfatta som ei fornærming. Salmen gjer greie for dei til tider kompliserte forhold mellom mennesket og Gud, medan rocken held seg på heilt motsett kant. Dette er ein arv frå dei musikalske genrane som sto fadder til rocken; bluesen og countrymusikken. Når Robert Johnson syng at han har «hellhounds on my trail», så er ikkje dette nokon billeg og forfengeleg biletbruk. Hos dei største bluesartistane finn vi ei reell kjensle av å vere fordømte, av å ha inngått ei pakt med djevelen. Prisen dei betalte var å gi avkall på lykka og aldri finne fred. Dette levde dei med, og dette pregar biletbruken deira. På den andre sida: Jimmie Rodgers og Hank Williams var også fullt klar over dette.

Det demoniske

Denne underliggande kjensla, og denne biletbruken, finn vi igjen i rocken, og eg vil tru at både Jimi Hendrix, Janis Joplin, John Lennon, Eric Clapton (for å ta ein ikkje-død), Jim Morrison og mange andre har kjent noko av det same som Robert Johnson.

Eg skal likevel i det følgjande ikkje leggje så stor vekt på det demoniske.

(Eit døme: Det at songarinna Patti Smith har trekt seg tilbake frå rocken, kan sjåast som eit forsøk på å bryte denne pakta.)

Eg skal likevel i det følgjande ikkje leggje så stor vekt på det demoniske. Eg finn det rettare å understreke at det er snakk om to svært forskjellige haldningar hos forfattarane av salme- og rocketekstane. På den eine sida det sikre (haldninga kan likevel tilsynelatande vere spørjande), på den andre det spørjande, tvilande og usikre. (Eg ser difor sjølvsagt heilt bort frå umulege hybridar som den såkalla kristenrocken, og ymse Kristus- og Krishna-hyllingar som heilt urettvist har fått snike seg inn i rocken.)

Skilnaden kan uttrykkast ved bruk av grammatiske tider: Der salmen brukar futurum og kondisjonalis, brukar rocken presens og preteritum.

Alt dette er sjølvsagt ei grov forenkling, men ei grov forenkling er ein bra ting å begynne med.

Der salmen viser harmoni og ordna tilhøve (i motsetnad til kaos), er det i rocken ikkje sjeldan ein trugande undertone, der den vedtatte orden blir rokka (rocka) ved. Det finst ingen eigentleg motsetnad til kaos. Det trygge er den kjære du – men du har ein lei tendens til å stikke av før morgonen gryr, åleine eller saman med Ein Annan, eller mister i verste fall livet i motorsykkelulykker (jf Leader of the Pack). I alle tilfelle sit eg igjen åleine, lost and blue. Rocken på sitt beste handlar om mennesket åleine i verda, og verda er komplisert, vond og uforståeleg. Positive verdiar har, forutan du, musikken og dansen. (Rocken kan i påfallande sterk grad seiast å vere ein sjølvreflekterande genre.) Mylderet av plater med dans som einaste innhald, særleg dei siste 5─6 åra, seier mykje om kva for tider vi lever i.

Det siterbare

Men motvekta til det ofte negative innhaldet i tekstane ligg naturleg nok først og fremst i musikken, den drivande rytmen, og den energien tekstane blir framførte med. Like lite som salmen kan lausrivast frå sin kontekst, kan rocketeksten det (kven som syng, ryktet og utsjånaden hans/hennar, platecoveret, kva samanheng den blir presentert i, kven ein er forelska i nett no osb.).

Det siterbare spelar utan tvil ei minst like stor rolle for rocken sitt publikum som for salmens. Det er ikkje mykje ein treng. Oftast held det med ei linje, kanskje berre eit par ord som kan gaulast ut. «What are we living for?» er t.d. eit godt spørsmål. Og då er det like godt å ikkje vite at «two-roomed apartment on the second floor» er svaret. «Ba-ba-ba-ba-ba-ba-ba-ba-ba» kopla med «I can’t control myself» er ei gyldig utsegn til alle tider.

Men dette skal faktisk handle om det norske, og eit naturleg spørsmål er kvifor det skal det. Eg har aldri kunna vore med på å istemme noko hyllingsrop til norsk rock, dette med at den skulle vere minst like god som den utanlandske, og at no syng dei på norsk og brukar til og med, og det utan å skjemmast, dialækta si. For målstrevarar og idealistar er nok slikt viktig, men det er ikkje av omsut for rocken at dei seier det.

Har du hørt sagnet om Lykkeveien?

Det er sagnet om livets vei.

Om eg ikkje minnest feil var dette opninga på songen «Lykkeveien» med The Vanguards, ein gong nær midten av sekstitalet. Det var norsk tekst. Var det då norsk rock? Kva er det i tilfelle som gjer den norsk? At ein «brukar dialækta si»? Dette er noko av det denne artikkelen truleg ikkje vil gi svar på.

Du sei æ e en drømmer…

(«Barnehender»)

Vi har til overmål definert rocken som ein spørjande, tvilande genre. Spørsmåla kan vere meir eller mindre retoriske, hovudsaka er at det finst noko usikkert, at den som syng ikkje har heile oversikta.

Langs vegen

For å få vite noko om den norske måten å gjere det på, har eg valt å følgje den trønderske rockaren og folkelege poeten Åge Aleksandersen langsetter norske vegar, med innlagde ferjekøar. Ikkje på grunn av noka nasegrus beundring for alt han har gjort, men fordi han er ein av dei få som har gått dette løpet som har hatt nok å stille opp med (og som på sett og vis er den same; ein mann som Jahn Teigen utelukkar seg sjølv ganske klart), og fordi den utviklinga han har gjennomgått, frå 1972 til 1984, på mange måtar er forbiletleg og på same tid seier mykje om utviklinga av norsk venstreside og «ungdomsrørsle». (At norsk venstreside, og fleire med den, har trykt Aleksandersen til seg, ser eg som mykje meir forståeleg enn den nokså absurde dyrkinga av heilt ubetydelege grannelandsfenomen som Trille og Marie Bergman.) Det er på mange måtar ein norsk bildungsroman om ein mann som på sett og vis klarte å halde på sin integritet og bli seg sjølv. Vi skal sjå at Åge Aleksandersen blir Åge Aleksandersen. Bortsett frå det skal vi, for å prøve å halde oss innanfor tradisjonen, ikkje gå noko klart oppmerkt løp. Vi lar Aleksandersen føre oss. «You ain’t going nowhere,» som ein kjent mann sa.

Prudence: Tomorrow may be vanished

Sjølv med notidsauge held plata Tomorrow may be vanished med Namsos-gruppa Prudence mål slik nokolunde. Med tydelege røter i folk-rock av typen Fairport Convention og Lindisfarne og meir enn ein dash Jethro Tull, opnar dei med eit kutt som heiter «North in the Country» (ikkje av Aleksandersen). Der beklagar dei seg mellom anna over «the plastic atmosphere» (slik ein gjeme gjorde i den tid) og ber på draumen om å dra «north in the country» (til djupaste Nord-Trøndelag, går eg ut frå) «where they appreciate our music» og «where people are much warmer». Omgrepet plastic atmosphere, det uekte og kommersielle, står sentralt i produksjonen til Prudence og seinare til Aleksandersen og Sambandet. Og det er svært tydeleg at guttane i Prudence er rake motsetninga til denne plastikkatmosfæren. Ja, det er som dei berre ropar ut: Vi er ærlege, vi spelar ærleg musikk frå Trøndelag, sjå på skjegget vårt, sjå denne mannen, Terje Tysland heiter han, sjå på det uflidde håret hans, sjå det ærlege knappetrekkspelet han spelar på!

Her er nokre sentrale linjer:

Wish you welcome to this life

surely hope that you’ll survive …

In a way I wish that you would never be much older

never have to face the hard and cold realities

(«14 Pages»)

Så kan ein spørje seg om dette er norsk rock, eller om tekstane på velmeint gymnasiast- engelsk gjer at det er noko anna. I alle fall ser vi kor dei står. Verda er både hard og kald, den, og det er sanneleg ikkje så greit å vite kva ein skal gjere med det. Haldninga er vagt avstandtakande samfunnskritisk med innlagde mystifiseringar av Tolkien-typen.

Ikkje utan sjølvironi

Prudence er ei alvorleg og kjenslevar gruppe, men på ingen måte utan sjølvironi, humor og livslyst. Det vitnar t.d. tittelen på LP nr. 2, Drunk and Happy (1973) om. Her finst også tilløp til sosialt medvit;

All the times I´ve seen the old hard men

going from work at half past four

(«Sawmill»)

På neste plate, Prudence.No. 3, er for første gong klart framstilt ein konflikt som Aleksandersen fleire gonger skal kome tilbake til: Den kunstige, glatte og marknadsorienterte (plastic atmosphere) musikken kontra den ærlege og ekte (sjølvsagt representert ved Prudence). I songen «Rock’n Rouge» går han til angrep på m.a. glam-rocken (som var ei dominerande retning tidleg på 70-talet, representert ved t.d. The Sweet og Gary Glitter, der utøvarane var kjende for å bruke mascara og gull-laméklede) og meir outrerte gimmick-makarar som Alice Cooper. Her er djup moralsk patos:

Perversities sell good these days

maybe you even could kill on stage

then you’re going to be

the fastest climber the industry

ever has seen

(«Rock’n Rouge»)

Særleg raffinert er det ikkje.

No kjem vendepunktet. Prudence skulle kome til å gi ut to plater til, begge i 1975, men før det kjem same år eit solo-album frå Aleksandersen, 7800 Namsos, med tekstar på trøndersk. (Med nokre få og ubetydelege unntak var det no ingen veg tilbake.) Aleksandersen har teke eit stort skritt på vegen til å bli Aleksandersen. På denne plata kan vi t.d. høyre den klassiske Elton John-låten «Langt igjen til Royal Albert Hall», «Stakkars Hansen» som strauk med i status-jaget, «Tomme stola», ein av Aleksandersens mange road-songar. Eg er umåteleg varsam med å snakke om frigjering ved å ta i bruk sitt eige språk, men ei slags frigjering var det nok for Aleksandersen. (Så forsiktig, så forsiktig, på platecoveret blir det gjort merksam på at tekstane på trøndsk ikkje betyr at dette er lått og løye.)

Ei hard verd

Ingen veg tilbake. Siste studio-plata til Prudence, Takk te dokk, har berre norske (trøndske) tekstar, m.a. det celebre oppgjeret med trønder-rolla i «Æ e trønder æ» og den bort imot genialt ironiske «Ingen trur», der ingen lenger trur verken på gode tider, 17. mai, Jesus Kristus, pop-musikken eller noko som helst. Krisa er komen, men ein tar ho med godt humør.

Politisk er desse platene ikkje så forskjellige frå dei første Prudence-platene. Verda er hard, «sovva godt no mens du kainn», vi er einsame, utviklinga sprengde vekk Tiendeholmen som var så fin å bade på, vi bør passe oss for materialismen.

Så er spranget til neste plate dess større. I 1975─76 gjorde politiseringa av Norge svære skritt framover, må vi gå ut frå, og plata Mot i brystet, mord i blikket, Bomben und Granaten, er så tidsmessig og riktig at det er ein fryd. Her finn ein alt. Ikkje berre har alle tekstane (som i seg sjølve seier over dobbelt så mykje som nødvendig) innleiande kommentarar som fortel kva dei handlar om, til og med utforminga av platecoveret er overlaten til folket sjølv; ein elev i vidaregåande skule med coverdesign som særoppgåve.

Å lese gjennom tekstarket er som å lese eit nummer av Profil frå same tidsrom. Alt er med og alt stemmer: Kapitalens rasering av verda kontra det verdsbiletet som slagersongarane gir, mannfolk og krigslyst, fråflyttinga, dei gløymde eldre, den falske nostalgien, bukkinga for makta, utbyttinga av den 3. verda og folkets knyting av folkets eigne nevar:

og hainna som er utstrekt, ho ber

men snart så vill ho knyt sæ

og fingran vill flætt sæ i hop

sånn at dæm bli stærk

nei aildri meir ligg og bli trampa i støvet

dæm vill reis sæ og vis at dæm å e stærk

(«Syden-brosjyre»)

Eg kan ikkje dy meg, her er nokre linjer til:

Tordenskjold og fantomet

muskelkraft og tæl

du må aildri gløm at du e ein mainn

r tøff sønn vær hard

så går det bra

(«Mot i brystet… »)

I songen «Det lukta så rart» er det bra tilløp, med litt velvilje kan ei faktisk spørje seg kva det no er som luktar så rart, men alt blir øydelagt av sluttlinjene:

Det va ingen som savna ho

ingen som trudd

at gamla hadd sjøl gjort det slutt

Eg veit ikkje kor godt Aleksandersen hadde det med seg sjølv på og etter denne plata. Alt er ikkje dårleg, men det er lite å få frysingar på ryggen av. Og på avstand ser ein klart at Mot i brystet innleidde ei nedgangstid for Aleksandersen. Lp’ane Lirekassa (1977) og French only (1979) er svake plater, den siste verkar direkte slapp. (Det seier sitt når han tar med ei nyinnspeling av «14 Pages» frå første Prudence-plata. Same songen finst også på Dains me mæ og er blitt Aleksandersens «Little Deuce Coupe». Innbarka Beach Boys-samlarar vil vite kva eg snakkar om.) Og eg seier ikkje at det er fordi Aleksandersen er blitt meir direkte politisk, men han har på seg ein frakk som både klør og er for trang. (På French only er han forresten tilbake i det allmennmenneskelege med ferieturar, fest, fyll og ungdom, hykleri og einsemd.) Ei anna plate frå 1979, Stavanger ensemblets Ta ein kjangs; viser korleis det kan gjerast, og gjer Aleksandersen til ein gammal mann over natta. French only inneheld likevel ein interessant tekst, «Stanga haue i væggen», som er eit slags forsøk på å danse charleston i ei våt skoøskje, og beskriv nokså dekkande eit norsk syndrom:

æ vill værra likedan

som aill ainneran aill toillingan

aill tomsmgan aill borgeran

som trur at dæm kain ailt

og veit ailt

om aille mainn

Men vegen går vidare, det finst stadig nye ferjer, og det er dessutan både regn og sol. LP’en Ramp (1980) dekker både dette og meir til. Ikkje berre det, den innleier ein trilogi (dei to andre er Dains med mæ og Levva livet) det står respekt av. Det er der Aleksandersen til slutt openberrar seg som Åge Aleksandersen og finn ut at dét er ein bra ting å vere.

Terje Tysland. Foto: Wikipedia

Etter denne historiske gjennomgangen vil ein ha fått det inntrykket at Aleksandersen er ein flittig kronikør av norske enkeltfenomen med nase for dei skiftande politiske vindar, utan noko vidare perspektiv på det han gjer. Og noko sant er det i det. Eg har mora meg (noja, skal eg vere ærleg, så var det ikkje moro) med å lage ei liste over dei enkeltsaker han har vore innom, og her er eit utdrag: kommersiell popmusikk, den grå kvardagen, fråflytting, einsemd, kjenslekulde, statusjag, den 3. verda, krigen, atombomba, dei homofile, dei eldre, ungdommen, knark og piller, feriereiser, pornografi, 1. mai, turnéliv, samliv. Om dette var heile sanninga, ville han ikkje kunne påkalle noka større interesse i denne samanhengen. Men sjølvsagt er det meir. Og spesielt dei to siste platene gir ei avklaring på kor vi har Aleksandersen, kva for hovudkonfliktar som finst i produksjonen hans ─ og, om vi går tilbake til utgangspunktet, kva han gjer for å bekjempe sine demonar. Kort sagt, kva forsøk han gjer på å løyse menneskets og rockens djupe konfliktar.

Norge mitt Norge

no kjæm vi igjæn

Vi bli nå’n få tima

så drar vi igjæn

(«Norge mitt Norge»)

Først og fremst er det den same gamle historia, dømt til å vere på evig vandring, on the road, med berre nokre få fristunder inn imellom. Ei lagnadsbestemt vandring som sluttar slik:

Grådig grafsa dæm ti sæ ailt hain hadd å gi dæm

No e hain tom og dæm e lei og vi ha no nytt

(«Tomme stola»)

Det er dette ein skal leve med, men ein kan drøyme, t.d. om Rio de Janeiro:

Når tankan bli for tung

og vein dein e så lang

og fjellan ailt for høg

og dalan ailt for trang

(«Rio de Janeiro»)

Naturleg nok har han alltid håpet om at det kan bli annleis og forbanninga ein gong bli broten:

Kjent det på kroppen

du såg det godt på mæ

livet på vein e alein

skjønt du va lei dæ

på ailt det du itj sa

drar du mot nå

eller ifra?

Det finns ein sang bortom fjellet

bakom sangen eitt fjell

men vein ska itj eig mæ

dein må slæpp ein dag

du må veint vi ska grei det ilag

(«Det finns ein sang bortom fjellet»)

Lengten etter å bryte forbanninga, å endeleg finne ro, kan gi seg ekstreme utslag, som i før

siterte «Stanga haue i væggen», eller som her:

Æ vil vær ein lykkelig gjennomsnittsmainn

eller kvinne

i eitt gjennomsnittslainn

i ein jobb som æ like

og eit liv som itj sprike

der vi føle vi e med

og kainn bestæm

haind i haind

(«Gjennomsnittsmainn»)

Det går visseleg an å leva i kvardagen og, men hyllinga av det normale kan bli ufrivillig komisk:

I fjor dro vi ned te Larvik

va ein herlig ferie det

begge ungan brun

å’n pappa

brun og god hain med

(«Fire pils og ein pizza»)

Forholdet til det andre kjønn, til den kjære, du, er når alt kjem til alt det rocken står og fell med. Tradisjonen tilseier at dette er noko flyktig, skjørt og usikkert. Ein morgon vaknar eg og ho/han er borte. Her bryt Aleksandersen kraftig med tradisjonen. Det er forbløffande lite jenter på dei vegane der han fer. Det einaste sidespranget eg har kunna registrere er denne Lillian (eller heitte ho Lill, Ann Sofie eller Anne?) som det ikkje blei så vellykka med («For sein»). I staden hyllar han den eine kjære og familielivet, som står for den harmonien som er motsetninga både til det lagnadsbestemte livet på vegen og den vonde og farlege verda utanfor. Og i skildringa av forholdet mellom to menneske (eller tre, barnet er ofte med) er Aleksandersen utan tvil på sitt beste.

Åge Aleksandersen – levva livet.

På dei to siste platene har han nådd fram til ei avklaring og ei ro som kan verke velgjerande på den som lyttar. Songen «Dains me dæ» er høgdepunktet av det Aleksandersen har gjort. Medan han tidlegare ikkje visste at det var noko som heitte å antyde, er han no fullkomen herre over verkemidla:

Vi ropa høgt opp mot himmeln

og vi hadd så my å gi

og vår’n dein hadd vi i oss

oh du herlige tid

ein sped liten bekk dein vart snart te ei elv

uten fossa og stryk

Æ har så løst te å dains me dæ

stryk dæ over håret å vær god med dæ

det e så my æ skoilla sagt te dæ

men æ får liksom itj te å sei det

Vi anar korleis det går, men får likevel det nødvendige suget på slutten:

Og løvet vart gult og trærn visna

og det kom storm og regn

og høsten dein hadd vi i oss

og dein skoill bli der læng

ein sped liten bekk dein vart snart te ei elv

med fossa og stryk

Ekstra tydeleg, men på langt nær med same eleganse, er haldninga på nokre av spora på suksess-LP’en Levva livet:

Æ syns at atomkrig det e jævlig

men at høsten kain vær fin

og det beste her på jorda

det e å vaerra din

Men når det bles som værst på toppan

og når galskapen får rå

ska vi hold omkring/ kvarandre

og vi veit det her ska gå

Ein kan jo spørje seg kva slags sans for proporsjonar dette er. Utflytande, og ikkje altfor interessant, finn vi det same i «Æ like ikke», der Aleksandersen har dette alternativet til Reagan, Andropov, Willoch og dei andre:

Men æ e glad i månen

og sola

og trærn som veks

på jorda

og æ elske havet

og det å værra glad i dæ

Meir røyndomsnær og realistisk trøystefull er

han i «Lys og varme»:

og ailt ska bli

mykji lys og mykji varme

tru og håp

det kain du få med

mange tåra

tunge stunda

e æ redd før at det bli

Eller i «Skin sola»:

Liv i lag e ikke lett

å levva

Gråt og latter

det går haind i haind

kanskje hadd vi tenkt oss

nokka ainna

men åran dæm har vist

det e nok sånn

For å vise at Aleksandersen no beherskar verkemidla sine, vil eg ta med nokre linjer frå «Hain va sju», også fordi det kanskje er den songen der Aleksandersen mest vellykka set opp mot kvarandre kaos (verda) og harmoni (familien):

Ein kveld vi satt der foran tv’n

æ va sliten hain va sju, hain sa te mæ e’n bresjnev farl’i

koffer slåss dæm sånn ska’n tru

Hain villa vit om streik va farlig

e solidaritet ett lainn

om gud itj hjalp

når ailt gikk gæli

om æ koinn ligg i lag med hainn

Det som kunne blitt ein tradisjonelt sentimental barnet-spør-song, blir redda på målstreken.

Men det store problemet no, både for Aleksandersen og oss, er at han har nådd ein posisjon der han eigentleg ikkje lenger kan råkast av kritikk. Det er fleire årsaker til det. Det ekte alvoret og den profesjonaliteten som pregar dei to siste platene gjer at ein kvir seg for å skrape i noko. Det andre er mottakinga desse platene har fått. Aleksandersens omfamning av og trøystefulle ord til den kjære, i skuggen av atombomba, kopla med eit stadig levande sosialt engasjement, blir ein slags moderne fireside-talks, ord og tonar til å gi oss trøyst og kveik i kvardagens strev. Vi klarer oss ikkje lenger utan Aleksandersen, og det er, som sagt, minst eit like stort problem for Aleksandersen som for oss. Åge Aleksandersen er blitt Åge Aleksandersen, og han tilhøyrer oss. Ja han er som oss, ein liten mann som er redd for Sovjet og USA og atombomba og glad i familien sin, berre med den skilnaden at han er dømd til å gi oss stadig meir og vi vil drive han ut på vegen igjen. Aleksandersen har fått ein posisjon som det er farleg å ha. Det er ikkje det at eg ikkje unnar han å ha det godt med seg sjølv, men eg vil håpe at han framleis legg seg sine eigne ord på hjartet:

Og natta dein skal sønges bort

og da’n ska dainses inn

i vår svakhet

og vår storhet

ska vi leit og finn

(«Regnbuen og luftslottet»)

Ragnar Hovland (fødd 1952) er forfattar og tidlegare lektor i Kvinnherad.

Frå 1972 til 1984 ferdast forfattaren saman med Åge Åleksandersen i hans tekstrike, langs norske vegar med innlagde ferjekøar. Det kunne ein iallfall lese i Syn og Segn 4/1984 der denne artikkelen vart trykt første gong.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar