– Vladimir Putin ønskjer å fullføre det verken Katarina den store, Alexander ll eller Stalin klarte: å utslette sjølve den ukrainske identiteten, seier den ukrainske forfattaren Oksana Zabuzjko. Denne veka besøkte ho Noreg.
Stefan Ingvarson (SI): Korleis er det å skrive frå Polen om ein krig i heimlandet ditt?
Oksana Zabuzjko (OZ): Det er helg i dag, og eg har tatt fri frå skrivinga. I staden har eg og min polske agent besøkt Westerplatte. Nokre ting går ikkje å avskrive som tilfeldig. Inkludert det at eg sit i nettopp Gdansk, og skriv om ein ny krig i Europa. Det Gdansk som ingen ville døy for i 1939. Det Gdansk som har eit vennskapssamarbeid med Mariupol, som ingen vil døy for i 2022.
Difor kjenst det rett å reise til Westerplatte, halvøya i hamna i Gdansk, der andre verdskrig tok til. Der blei eg slått av tanken at Slangeøya i Svartehavet ein dag vil få ei liknande symbolsk rolle. Det var også ein av dei første stadane som blei angripe av russarane, og som like heroisk nekta å gi seg. Gdansk har blitt eit ladd landskap for meg i dag, her kjennest dåtidas krig meir levande, og dagens krig legg seg over fortidas minne. Eg prøvar å forstå kva dette betyr for meg og skrivinga mi. Perspektiv er viktig i denne merkelege krigen, som verda ser som det var eit slags akvarium. Krig som infotainment. Menneskeleg liding og død som utspeler seg på nett.
SI
Men krigen har også satt søkelyset på Ukraina.
OZ
Eg sit og skriv om dette emnet vel vitande om at det er første gong Ukraina har fått femten minutt i verdenspressa, og at vi for ein gongs skuld kan fortelje kven vi er. Den sjansen må vi nytte. Til no har Ukraina blitt rekna som ei uinteressant bakevje, men no ser verda, uventa, på oss med interesse og respekt – for vi står imot den russiske hæren, som alle har ansett som mektig og skremmande. Vi har gått frå å vere Ukrainakrisa til noko heltemodig. Eg er allergisk mot alle som nyttar ordet «krise» om det som skjer i heimlandet mitt, og om morda på sivile, massevaldtektene. Det ligg frykteleg ufølsamheit bak desse formuleringane. Bak ufølsamheita ligg manglande kunnskap og interesse. Då vi snakka før dette intervjuet, nemnde du kor lite av ukrainsk samtidslitteratur, som er omsett til svensk. Det overraskar meg ikkje i det heile. Det manglar omsetjarar. Språkundervisning har ikkje blitt prioritert, då det ikkje har blitt rekna som viktig. «Alle kan trass alt russisk.»
Det finns eit hierarki for kva språk som blir omsett. Det finns til og med ein samanheng mellom stridsvogner og bøker. Den tsjekkiske forfattaren Milan Kundera var den som sist prøvde å gjere verda merksam på dette. Når Europa kjenner seg trua av Moskva militært aukar interessa for den russiske litteraturen. Han meinte, kort fortalt, at sjølv kultur blir definert ut frå den sterkes rettar. Trugsmålet frå russiske stridsvogner gjorde det interessant å forsøke å forstå den russiske kulturen. Det er ein sørgjeleg konklusjon, men ikkje mindre sant. Russland er sjeldan med i analysen når maktforhold bak verdsettinga av kultur blir analysert i Europa.
I dag er vi med i noko som liknar det Kundera skildra, men omvendt. Verdas nyvekka interesse for ukrainsk litteratur har også ei direkte kopling til stridsvogner. Den ukrainske hærens uventa sterke motstand har generert denne interessa. Plutseleg er Ukraina ei bekymring for meir enn ein liten spesialisert skare… Men desse problema er eigentleg for kompliserte for eit intervju, eller til og med eit essay. Det er på tide å skrive bøker om dei.
SI
Korleis påverkar krigen den ukrainske kulturen og litteraturen i dag?
OZ
Etter 24. februar snakkar vi krigens språk. Alt har blitt svart-kvitt. Kunsten blir ein del av landets forsvar. Det er behov for å synge dei same songane, og gjere seg høyrt med ei stemme. Eit symbol på dette er soldatsongen om raud krossved frå første verdskrig, som høyrest over heile verda i dag. Dette er ikkje ei tid for det individuelle perspektiv, men ei tid for fellesskap og kamp.
La oss først gjere ein ting klart: Eg var i Polen alt i slutten av februar, og fekk nyhenda om den russiske invasjonen på eit hotellrom i Warszawa. Eg forsøker heile tida å finne ut kva tid eg kan reise heim, men for no er eg her og ser på det som skjer utanfrå.
SI
Men, korleis skal vi som prøvar å formidle ukrainske røyster og synspunkt i dag forhalde oss til at så mykje av det som blir sagt er underordna eit nasjonalt fellesskap, og kan opplevast som svart-kvitt og kategorisk?
OZ
Eg er ikkje einig i at dei individuelle stemmene ikkje blir høyrt. Rapporteringa frå Ukraina i dag er ei skildring av individuelle opplevingar. Sjølv Butsja består av mange ulike historier og erfaringar. Kvar ny forteljing fangar ein annan del av historia. Litteratur handlar om individ. Det kan vi ikkje minst sjå i den rike avlinga av sterke skildringar av krigen i Donbas som har kome ut i Ukraina sidan 2014. Mange er skrive av frivillige som sjølv har deltatt i krigen. Eit eksempel er Artem Tjech og romanen hans som er utgjeven på engelsk med tittelen, Absolute Zero. Ei anna skildring som har blitt ein bestseljar i Ukraina er Tamara Dudas roman Dottern.
SI
Så, når din forfattarkollega Jurij Andruchovytj hevda at krig ikkje er ei tid for romanar for åtte år sidan, så tok han feil?
OZ
Ja, han viste seg å ha feil. I alle fall når det gjeld romanar som forsøker å skildre faktiske hendingar. Det har også dukka opp ein anna type, mykje djupare litteratur som tek for seg dei uløyste knutane frå 1900-talet. Eit eksempel er Serhij Synhajivskyj og romanen Vagen til Asmara som skildrar den etiopiske hungersnauden 1983-1985 med ukrainske auger. Forfattaren arbeidde som sovjetisk tolk i Etiopia ved den tida og boka viser slåande parallellar mellom den sovjetiske rasismen i Afrika og den sovjetiske politikken i Ukraina. Det her er ei bok som burde bli omsett til fleire språk, og legge grunnlaget for ein djupare postkolonial forståing av Sovjetunionen. Hungersnauden i Etiopia blei brukt politisk til å presse tilbake uavhengighetsambisjonar i Eritrea og Tigray på måtar som minner om korleis Sovjetunionen brukte hungersnauden i Ukraina på 30-talet.
SI
Eg legg denne tittelen til den lange lista over ukrainsk litteratur som burde finnast på svensk.
I Sverige, i dag høyrer ein røyster som meiner at vi bør setje all russisk kultur på pause og i staden gje plass til ukrainsk kultur, som tidlegare ikkje blei høyrt. Går det å vere så kategorisk? Er ikkje russiske og ukrainske kunstnarar framfor alt individ?
OZ
Liknande debattar går i ukrainske sosiale medium. Denne krigen er på mange måtar uvanleg. I ein stor del av Ukraina finst ei form for kvardag, trass krigen. Det er på ingen måte ein vanlig kvardag, men trass. Til og med i Mariupol fanst det inn til det siste ei form for kvardag. Rundt om i landet held ein konsertar på T-baner og krisesenter. Midt i dette går og ein debatt om korleis ein skal forhalde seg til russisk kultur og om ein boikott av den er cancel culture.
Det er tid for ei nylesing av den russiske litteraturen og kulturen for at vi skal kunne forstå korleis den held fram med å forme mentaliteten i eit samhald som ikkje gjer skilnad på offer og gjerningsperson. Eg har formulert meg tydeleg om dette. I den russiske kulturen handlar det ikkje om å forsøke å forstå og rasjonalisere kriminaliteten, som i den klassiske britiske detektivsjangeren som legg opp til at kriminalitet kan forklarast ut frå anledning og motiv. Det første spørsmålet eg fekk då ein utanlandsk journalist ringte meg den 24. februar var veldig rett: «Men kva er det Putin eigentleg vil?». Eg ropte. Det var eit så openbart eksempel på denne sta drivkrafta til å forklare vondskap med rasjonelle motiv. Putin har jo, trass alt, snakka tydeleg heilt frå byrjinga: han vil øydelegge Ukraina som stat og nasjon. Men denne jakta på rasjonelle motiv er ikkje noko vestlege medium er åleine om, og heller ikkje den ukrainske offentlegheita såg ein direkte invasjon som ein reell moglegheit, rett og slett fordi det er ein så vanvitig idè, den manglar all logikk. Det er å skyte seg sjølv i foten.
Eg meiner at den russiske litteraturen har eigna seg til noko heilt anna enn å forsøke å rasjonelt forklare kriminaliteten. Den har forsøkt å unnskylde og rettferdiggjere vondskap, med å vise medkjensle for gjerningsmannen. Den ønskjer å sjå alle som eit offer. Sjølv i dag synes mange russarar meir synd på dei unge mennene som har blitt sendt inn i denne meiningslause krigen, enn på krigens offer. Sjølv i Vest er det mange som har lettare å synes synd på desse dårleg utrusta og trena gutane. Men om dei hadde hatt betre trening og utrustning hadde dei drepe fleire ukrainarar. Igjen er det gjerningsmannen som ber om forståing og medkjensle. Eit hovudbodskap i den klassiske russiske litteraturen er at ein skal vise medkjensle for gjerningsmannen. Som ein konsekvens av dette finst det ingen skyld og ingen skilnad mellom offer og gjerningsmann.
SI
Korleis ser debatten om dette ut på sosiale medium?
OZ
Mange meiner at vi ikkje kan halde heile grupper av menneske ansvarlege for det som skjer. Diskusjonane handlar om korleis ein skal kunne skilje russarar som står på den gode sida frå dei som støttar krigen, skilje såkalla «gode russarar». No har i og for seg sjølv konseptet «gode russarar» blitt gjenstand for memes og vitsar etter som det sjølvsagt er ei ganske absurd formulering. Søken etter anstendige russarar har vore eit hovudtema for desse diskusjonane. Ein delar den kontinuerlege innsatsen for å nå ut til russiske vener og slektningar, for å få fram sanninga om kva som skjer med russarar. Mange ukrainarar prøvar å overdøyve propagandaen som strøymer ut av dei russiske TV-apparata. Anstendigheit er den sjeldne vara alle prøvar å få tak i. Ein vil finne russarar som ikkje er opptatt av kor synd det er i dei sjølve akkurat no. Kjensla av urettvise er eit av dei tydlegaste symptoma på det moralske samanbrotet som pregar store delar av det russiske samfunnet.
Dei anstendige russarane er dei som held fram med å protestere og motsette seg krigen, som er fengsla, eller som har meldt seg frivillig i den ukrainske hæren. Ein anstendig russar arbeider aktivt for at heimlandet skal tape. Kvart kompromiss betyr å ofre ukrainarar.
Akkurat no, i lys av det som skjer, er det ikkje anstendig å halde fram russarar som endå eit offer for det russiske systemet. Eg har sjølv russiske vener og kjente som har levd under stort press sidan 2014, og som lid under det som skjer, men eg kan ikkje gløyme kva ein av dei sa for å beskrive sitt syn på saka; «Vi er alle delaktige og medskuldige i det som skjer, og vi kjem til å måtte betale for det.» Eg er den første til å forstå det dilemmaet desse menneska står i, men det dei seier må vurderast ut frå eit enkelt kriterium: Synes dei synd på ukrainarar i høve til brotsverka som er gjort, eller synest dei mest synd på seg sjølv? Det er vi som må ta hand om valdtekne kvinner og barn. Dei av oss som må lære å leve med å ha sett familiemedlemmer bli valdtekne. Eg veit at anstendige russarar er pressa av ein stat som viser eit stadig meir totalitært ansikt, men uansett korleis vi prøvar å beskrive posisjonen deira, og anslå talet, er det eigentleg berre ein ting å seie om anstendigheita deira: det er ikkje nok.
Når vi har prata om 1900-talet har vi vore alt for fiksert på ideologiane bak totalitær undertrykking og via for lite merksemd til gruppepsykologien som sameiner dei. Det er mogleg å skrelle av det ideologiske skalet og sjå at ulike totalitære samfunn blir styrt av ein veldig lik logikk. Ingen stadar er dette tydelegare enn i Russland, der språk, forklaringar og propaganda blir endra frå dag til dag. Det er umogleg å ta påstandane om at det er nazistar og narkomane som styrer Ukraina på alvor. Det einaste relevante med dei er essensen: at ukrainarane er vonde og må fjernast, medan russarar er sterke og har rett. Alt i det menneskelege tilværet reduserast til den sterkes rett. Det er til og med den sterkes rett som definerer logikken bak denne krigen: Blir ikkje russarane stogga i Ukraina, kjem dei til å fortsette inn i Polen og dei baltiske landa, og vidare til dei blir stogga.
SI
Korleis skal ein forstå dagens Russland som stat?
OZ
Eg beskriv dagens Russland som eit tsjekistisk imperium, det vil sei etter Tsjekaen, den første sovjetiske tryggingstenesta. Dei bytter jo namn på tryggingstenesta kvart tiande, femtande år, men uansett kva bokstavkombinasjon som gjeld for augneblinken ser den seg som ein og same ubrotne tradisjon. Nikita Khrusjtsjov var den einaste som gjorde eit ærleg forsøk på å reformere denne staten i staten og underordne partiet. Den maktbalansen varte fram til 1980-talet, men så snart tryggingstenesta i forbindelse med perestroikaen blei kvitt sin hovudkonkurrent, partiet, var det igjen einsam herre på toppen. Der partiet ein gong hadde vore, installerte dei no den russisk-ortodokse kyrkja, som best kan skildrast som ein slags sosial medvits manipulasjon. Det er svært lite i verksemda til den russisk-ortodokse som har den minste likskap med kristendommen, men den er desto meir effektiv når det gjeld det eigentlege oppdraget – å legitimere makt.
At dei tidlegare sovjetiske tryggingstenestene held fram med å eksistere som ein ubroten tradisjon, som ein organisasjon som aldri har trengt å forsone seg med si fortid, er ein av dei store ulærde leksene frå 1900-talet. Det byrjar med slutten av andre verdskrig, då Europa avgjer at der berre er ein bad guy og at det er Hitler. Blant dei som overvann Hitler finns det derimot ikkje nokon bad guys, tvert imot: det er dei som gjenskaper det gode. Dette trass at alle sigersmaktene stod bak krigsbrot: tenk berre på Dresden og Hiroshima, som er eit faktum, eller på millionar på millionar uskyldige liv, både blant eigne og utanlandske medborgarar, som Sovjetunionen hadde på sitt samvit. Alt dette var plutseleg vaska vekk.
Det er eit stort problem i dag at Sovjetunionen aldri blei stilt til ansvar for desse brotsverka. Eg oppfordrar ikkje til heksejakt, men eg vil påpeike at det ikkje berre er Russland som sjølv ikkje har forsona seg med si historie. Heller ikkje Vesten har gjort opp med den sovjetiske og russiske imperialismen i sitt eige syn på verda, eller for det faktum at det er tsjekistane direkte som styrer Russland i dag. Det er veldig viktig å minne om denne institusjonelle kontinuiteten frå 1918. «Ein gong KGB-offiser, alltid KGB-offiser», seier dei, og det er heilt sant. Alle som arbeider innanfor desse institusjonane ser seg sjølv som ein og same tradisjon og som ein del av den same styrande eliten, ein elite som alltid har stått over reglane som gjeld for vanlege dødelege. No går vi inn på detaljar, men om ein skal sjå på korleis tsjekistane sakte men sikkert gjekk ut over grensene som Khrusjtsjov ein gong hadde sett, må du byrje med å sjå på Jurij Andropovs tid ved makta tidleg på 1980-talet. Det var då ein byrja å reetablere tryggingstenestas posisjon. Dette går til og med å sjå i sovjetisk popkultur. Plutseleg byrja KGB-offiserane å bli framstilt som heltar. Sjølv i Vesten blir dei ein slags idealisert skapnad i spionsjangeren i bøker, og på film. På dette planet var det ein allianse mellom KGB og Hollywood. Kulminasjonen av denne utviklinga kom då Boris Jeltsin utnemnde Vladimir Putin, ein person som representerer tsjekistane og som er oppdratt i den tradisjonen, til sin etterfølgjar. Akkurat der og då er det tydelegare enn nokon gong at Vesten ikkje har lært noko av 1900-talet. Det vekte ingen oppstand og inga uro. Det blei ikkje opplevd på same måte som om ein person med bakgrunn i Gestapo var blitt ein høgtståande representant for Tyskland. Tvert imot. Mange i Vesten likte Putins kynisme. Dei av oss som er gamle nok hugsar kanskje då han deltok i Larry Kings talkshow, der han reagerte på katastrofen til ubåten Kursk med eit oppsiktsvekkande kaldhjarta glis, ein kynisme som tydeleg gjorde inntrykk på Larry King. Putin brydde seg ikkje om å late som at han var anstendig, og det fungerte. Denne haldninga var også på veg i Vesten.
SI
Som Silvio Berlusconi.
OZ
Berlusconi gjorde det same i Italia, og han og Putin blei fort gode vener. Kven som lærte seg kva av kven når det gjeld dei to får historia svare på, men dei var heilt klart på same bølgelengd. I Putin nådde ideala frå Andropov-tida sin kulminasjon. Den elegante, smidige og den flirande KGB-offiseren frå dåtidas sovjetiske TV-serie hadde no makta: vondskap i kostyme. Alt dette kan oppsummerast veldig kort: Om nokon spør Putin om kvifor han behandlar menneskeleg liding med eit ironisk smil, er svaret – for det kan eg. Kven kan stogge meg? Bak denne sarkasmen skjuler det seg botnlaus forakt for alle som ikkje høyrer til den vesle klikken deira. Det er akkurat slik der er innanfor den russiske tsjekisteliten i dag.
SI
Kva betyr det då for krigen i Ukraina at motstandaren er den kyniske, skruppellause TV-diktaturet du skildrar?
OZ
Krigen viser kva systemet er: stygt, grusamt, nådelaust og ynkeleg. Den viser eit land som kunne ha skapt velstand for sine innbyggarar til dagens råvareprisar, men som i staden er prega av fattigdom. Landets mektige hær er for ein stor del unge menn som aldri har sett eit anstendig toalett i heile sitt liv og som blir sjokkert av levestandarden i Kyivs forstader. Plyndringa av soldatane illustrerer med all ønskt tydelegheit kva elendigheit dei sjølv kjem frå. Dei ser verdien i å rydde opp brukte filler og undertøy. Krigen utsett Russland for omverda, den riv vekk maska dei har forsøkt å oppretthalde. Vesten ser eigentleg sanninga: forakta for folkeretten, for freden, for alle avtaler. Ein burde ha dratt desse konklusjonane tilbake i 2014 etter annekteringa av Krim, men så svelgde omverda den heil og håpa på det beste. Etter Butsja er det ikkje lenger mogleg å lukke auga. Det er heller ikkje mogleg å lukke auga for trugsmålet Russland kan vere mot andre land og folkeslag. Trass i at sanninga ligg ope, er mange budd på å ofre Ukrainas eksistens og ukrainske liv for å blidgjere Russland og «stogge» krigen. Dei som ønskjer å ofre Ukrainia i dag ser ikkje oss som eit fullverdig europeisk folk. Dei veit heller ikkje så mykje om oss. Dei har ikkje besøkt oss og sett at vi faktisk har bygd opp eit okei samhald ut i frå dei sovjetiske forutsetningane vi arva. Med kvart folkeopprør i Ukraina har nokre fleire vestlege vakna opp til at vi faktisk vil noko og har oppnådd noko, men alt for ofte blir Ukraina enno sett på som ei slags birolle. Dei fleste i Vesten er meir interessert i kva utviklinga i Kyiv kan seie om den moglege utviklinga i Russland. Kunne russarane også tatt ein slik veg? Svært få ser på Ukrainia i seg sjølv. Implisitt blir vi sett på som nesten dei same menneska. Sjølvsagt er alle ukrainarar som har sett spor etter seg på eit eller anna felt enno russarar. Det er namnet dei får. Det skjer ei total samanblanding av oss som folk, og mange gjentek den slitne frasen «broderfolk», som verken forklarar eller betrar nokon av dei verkelege problema. Om du vil snakke om broderlege menneske, vil eg heller snakke om polakkane som for tida stiller opp for alle ukrainarar som har flykta. I Polen snakkar ein om tsjekkarane, polakkane og russarane som dei opphavlege brørne. Om ein søker etter forståing, er det snarare dit eg vil sjå.
SI
Det er kanskje ikkje så rart at ein postkolonial diskusjon om den russiske litteraturen byrjar i akkurat Ukraina og Polen. Til forskjell frå Russlands nasjonalpoet Pusjkin, som er ein fritalande imperialist, skreiv dei toneangivande polske og ukrainske 1800-tallsdiktarane Adam Mickiewicz og Taras Shevchoenko så tydeleg i opposisjon til det russiske imperiet. Romantikkens innverknad er veldig levande i alle desse tre landa.
OZ
Ja, det er merkeleg kor aktuelle det enno er. Det er som om desse tankane og motsetnadene har ligge i ryggen og berre venta på å bli vekt til live igjen. Såra ser ut til å vere heilt friske. Eg likar Shevchenkos forakt og ironi for den såkalla store russiske kulturen. Han har ingen respekt for det og er ikkje det minste imponert. Det er forfriskande. Direkte epokegjerande er diktet hans «Kaukasus», som kanskje er det første direkte antikoloniale diktet i europeisk litteratur på 1800-talet. Det fangar verkeleg imperialismens logikk og fungerer nærast som ei slags brosjyre mot den. Ukrainsk popkultur er full av direkte sitat frå den, sitat som brukast for å setje ord på korleis ein opplever den russiske imperialismen som ein vampyr som sug blodet ut av andre folk. Han teiknar bildet av eit uendeleg imperium som eigentleg ikkje ønskjer anna enn å utvide og utvide, og sluke fleire menneske og land.
Ei anna stemme som fortenar fornya merksemd er den amerikanske slavisten Ewa Thompson. Hennar Imperial Knowledge: Russian Literature and Colonialism frå 2000 er kanskje den mest innovative analysen av russisk litteratur skrive på fleire tiår. Du nemnde tidlegare at få svenskar har lest ukrainske forfattarar, men kor mange svenske slavistar har lest Thompson? Ideane hennar fekk heller ikkje noko større gjennomslag. Det er ein motvilje mot å bruke den postkoloniale forskingas innsikt på Russland, og dette gjeld i prinsippet heile det vitskaplege feltet i Vesten. Tvert imot har mange vald å bevare eit idealisert syn på den russiske kulturen og litteraturen. Kjenner du til Suzanne Massie? Du er kanskje for ung… Ho skreiv ei bok på starten av 1980-talet som heiter Land of the Firebird: The beauty of Old Russia.«Det vakre gamle Russland». – Det er altså det ho kallar det blodige russiske imperiet og alle landa det hadde lagt under seg. Det er verdt å lese den boka, om så berre for at det knapt går å finne ei større samling dumskap og feilaktige påstandar. Då eg kom til USA på starten av 1990-talet kom eg for første gong i kontakt med denne boka, som då nærast vart rekna som ein bibel av dei lokale slavistane. Ho hadde fått ein heilt ubegripeleg posisjon i den engelsktalande verda og hadde blant anna fungert som rådgivar for Ronald Reagan. I dag er ho sjølv, heldigvis, nesten gløymt, men tankane til menneske ho har etterlete seg har ingen fått vekk. Eg hadde sjølv nesten gløymt ho då eg snubla over ein notis i ei russisk avis for eit år sidan, der det sto at akkurat denne Suzanne Massie hadde fått russisk statsborgarskap av Putin sjølv. Ho hadde søkt om det og bede om å få leve sine siste dagar i Sankt Petersburg. Det står enno mykje att å avklare om hennar relasjon til Sovjetunionen og kva verknad ho hadde på krinsen rundt Reagan, men basert på det vi snakkar om akkurat no, kan vi avgrense oss til å slå fast at det var nettopp stemmer som hennar som forsinka ein postkolonial diskusjon innanfor dei vestslaviske studia.
SI
Kva bør vi tenkje på når vi vurderer Ukraina som ein kolonisert stad?
OZ
Det er eit veldig vanskelig spørsmål. Det er så mange aspekt av vår koloniale fortid vi enno ikkje heilt har forstått eller avklart sjølv. Det er først når vi byrjar forstå korleis Ukrainas særpreg trass alt overlevde sovjetperioden frå hungersnauden og utover. Eg trur at begrepet «subaltern» som både brukast i feminisme og postkoloniale studium, fangar betre opp essensen av Ukrainas forhold til Russland, enn begrep som «kolonisert» og «erobra». Det er i brytningspunktet mellom feminisme og postkoloniale studiar eg ser mange inngangar til ei djupare forståing av Ukraina. Det er mykje å gjere. Nyleg blei eg ferdig med eit langt essay om kvifor ukrainaren Anton Tsjekhov sannsynlegvis aldri kunne ha blitt ein ukrainskspråkeleg forfattar. Det er på tide å beskrive konsekvensane av Alexander ll sitt dekret som gjorde det ukrainske språket forbode. I praksis innebar det ei kriminalisering av den ukrainske identiteten. Vi er vande å beskrive lova som eit forbod mot det ukrainske språket, men i utgangspunktet var russarane ute etter heile den ukrainske pressa, identiteten og kulturen. Det dei ønskja å forhindre var ei modernisering basert på ukrainsk sjølvmedvit. Eigentleg starta det tidlegare, på 1860-talet, rett etter det polske opprøret mot tsaren. Fram til Stalin blei desse forboda følgd av massive deportasjonar som ville viske ut grensa mellom ukrainarar og russarar. Då blei deportasjonane erstatta av kunstig svolt, nakkeskott og Gulag.
Putins politikk i dag er ei direkte arvtakar etter desse forgjengarane. Når russiske soldatar i dag går inn i okkuperte byar og brenn ukrainske lærebøker og deretter erstattar dei med russiske skulebøker, er det ingenting Putin har funne på – han fører vidare ein storrussisk politikk som er meir enn hundre og femti år gammal. Essensen i denne politikken er å sjå det ukrainske som ein fiende. Putin er tiltrekt av ideen om å vere den som iscenesett den endelege løysinga på Russlands problem med Ukraina. Han ønskjer å fullføre det verken Katarina den store, Alexander ll eller Stalin klarte: å utslette sjølve den ukrainske identiteten. Denne krigen handlar om Ukrainas overleving.
SI
Er det her vi set punktum for samtalen?
OZ
Eg trur det er ein bra stad å avslutte.
Då dette intervjuet blei gjennomført, var Oksana Zabuzjko på eit forfattaropphald i Gdansk. Der skreiv ho eit essay om krigen.
Teksten er omsett frå svensk av Olina Nesje-Roset.
Av Stefan Ingvarson. Foto: Agnete Brun