Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Det er den einaste gongen eg har freista meg som skodespelar.

Av Jon Fosse

Ragnar, gode ven, du blir sytti år, det er ikkje til å fatta, men det er nok sant, og eg vil sjølvsagt nytta dette høvet som baud seg til å gratulera deg så mykje med den store åremålsdagen. Ragnar – gratulerer!

Fyrste gong vi møttest må ha vore i 1982 – det er førti år sidan, det – då Samlaget samla ein del av forfattarane sine og sende dei på seglas med Kiel-ferja. Det er mogeleg at eg hugsar feil, slik det gjerne blir med åra, og at denne seglasen gjekk føre seg i 1983. Men slik eg hugsar det hadde eg enno ikkje debutert, det gjorde eg vinteren 1983, medan du alt hadde debutert så det song etter med Alltid fleire dagar, og alt hadde gjeve ut fleire bøker, og hadde eit etablert namn med glans – du ein lang og tynn mann med halvlangt hår og bart, du var verkeleg ein å sjå opp til.

         Eg minnest at då vi vi gjekk på land i Kiel så la du ut åleine, så verdsvan måtte du vera, medan Otto Hageberg – gode avlidne Otto – og eg og nokre andre vestlandske forfattarar tusla fomlande av garde i samla flokk.

         Seinare vart vi godt kjende, ikkje minst dei åra, fem var det vel, då vi underviste saman på det nyskipa Skrivekunstakademiet i Hordaland. Vi to hadde saman ansvaret for heilårskurset i såkalla skapande skriving. Som lærar var du helst tagal, og det var eg òg, men sidan ingen av oss sa noko så tenkte eg vel at ein av oss måtte gjera det, og så gjorde eg det. Den mest kjende eleven vår var den då tjue år gamle Karl Ove Knausgård. Rolf Sagen – gode avliden ven – var akademileiar. Oss tre saman var i dei åra dei fast tilsette lærarane ved Skrivekunstakademiet. Eg minnest at vi tre no og då fekk oss rikeleg med øl og mat på no nedlagde «Ugla», mellom sjøfolk som hadde gjort si teneste og som gjerne heldt seg der med halvliterane sine frå kaféen opna om morgonen. Ein gong, kjem det føre meg, kom det til småkrangling mellom Rolf og meg om kven som kom til å leva lengst.

         Men før det var vi saman ei vekes tid på eit «vidareutdanningskurs» i kunsten å skriva dramatikk, eg trur det var på noko som heitte Alver Hotell. Det var Rolf som hadde fått føre seg at vestlandsforfattarane trong læra seg skriva dramatikk. Noko ingen av oss lærde, i alle fall ikkje på det kurset. Eg veit at du påstår at Tom Remlov, kursleiar, og eg nesten byrja slåst i baren om kvelden, det galdt ein disputt om Guds eksistens. Det kan vera at du hugsar rett.

         Men eg slutta på Skrivekunstakademiet, og du slutta der. Og vi vart begge tilsette i fast kvart stilling som «hovudkonsulent» på Samlaget, for det meste fekk vi tilsendt manus og skreiv fråsegner, men nokre gonger kvart år møttest vi til konsulentmøte i dei gamle fine lokala til Samlaget i Trondheimsveien. Det vart ofte nærast stille møte (noko eg jo kjende godt til frå kvekarmøta eg stundom gjekk på). Meg tok etter kvart dramatikken, og eg slutta som konsulent. Men no og då møttest vi då òg, ved ymse høve. Eitt av dei var då du skulle lansera barneboka Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen. Det er den einaste gongen eg har freista meg som skodespelar. Eg var hunden Samuel og du var bjørnen Alfred. Og begge sat i ei pappøskje der på scenen. Det eg minnest klarte vi oss godt.

Ragnar Hovland og Jon Fosse som bjørnen Alfred og hunden Samuel. Foto: Arkiv

         Vi har begge hatt vårt i livet. Du vart alvorleg sjuk, og det etter at det var avtalt at vi skulle lesa opp saman i Köln. Eg minnest at eg skreiv til deg at eg ikkje ville reisa dersom du ikkje kunne det, og at eg var reisetrøytt og helst ville bli heime og om det gjorde deg noko om du eventuelt måtte reisa åleine. Du svarte at det gjorde det, men det var uvisst om du fekk lov av lækjarane til å reisa. Du fekk fyrst forlata sjukehuset dagen før vi drog. Og då vi sat fredsamt i baren på hotellet bestemte vi oss for å ta alt fredeleg og roleg. Noko eg trur vi klarte

         Det er så mange minne. Då eg vart tildelt «Grotten» intervjua du meg utkledd som «Lynvingen», og filmen vart synt som del av showet, heitte det kanskje, «Vestlandsrevyen», som gjekk på «Losjen» i Bergen.

         Eg har brukt opp min spalteplass og vel så det. Men eg vil berre ha sagt at eg har stor glede av å møtast for prat om eitt og hitt på Kaffistova i Oslo, der vi no har fått for vane å møtast. Lat oss halda fram med å møtast der i mange mange år framover.

Din gamle ven

Jon

Jon Fosse er forfattar.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar