Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kvifor vil ikkje Oslo kjennast ved oss? Og: kva er gale med offside-taktikken i Sogndal?

Av Linda Eide

Er Oslo ein hovudstad i Noreg? Og er journalistar så vidsynte som dei vil ha det til sjølv?

Eg har budd to år i Oslo. Det har endra meg. Før orka eg ikkje målfolk. Dogmatiske, sutrete, overivrige. Opptekne av språket på resepten, femtilappen og meir nynorsk i NRK. I diskusjonane på gymnaset gjekk handa opp for å hundsa målfolk. Foredragshaldarar frå organisasjonen tufta på det mest velmeinte gode i det norske, vart sett på som ein kva som helst annan misjonær – og behandla som det. Kvifor komma til Voss og preika øyro fulle av målsaksvås? Eg skriv på nynorsk og treng vel ikkje nokon kamporganisasjon for det? Nei, fanatisme go home! Tak romperistaren og hugleiken din med deg og gang! (Her må eg vel skyta inn at gymnasdagane mine ikkje var av desse raudglødande og intellekt fremjande på seksti- og syttitalet, men fann stad i dei mest egosentriske åttiåra.)

Kvifor komma til Voss og preika øyro fulle av målsaksvås?

Nesten ein av flokken

Eg har budd to år i Oslo. Det har endra meg. Målfolk har vorte ålreite dyr, og eg har nesten vorte ein av flokken. Kvifor? Kvifor kan eg no forstå at det trengst ein kamporganisasjon, at det som før var dogmatisk i røynda er å setta hardt mot hardt? Eg trur det har noko med naivitet å gjera. Eg var truleg svært naiv (dette vesle ordet som er så greitt når du skal forklara feilslåtte spådommar). Eg trudde tida då by skydde land var forbi. At når året var 1988 og parabolantenna, flyet og Bladcentralen hadde bunde oss saman på alle måtar, kunne ikkje nokon lenger føle at dei sjølve låg lenger framme og var meir inn i tida. At dei hadde monopol på det interessante, det mest kulturelle. Eg trudde og, i min ungdommelege «verda er ein kjekk stad»-tilstand, at det å snakka dialekt ikkje utvida Oslo-folks pupillar ein millimeter lenger. Ikkje i ein hovudstad som har vorte ein av dei største nynorskkommunane i landet, ein by som husar folk frå heile verda. Ein stad der gebrokken knoting er å rekna som ein alminneleg språkvariant.

Ikkje som alle andre

Med desse tankelause tankane om at «eg er som alle andre», møtte eg Oslo ein haustdag i 1988. Vårdagen i 1990 då eg suste forbi bomstasjonen ved Skøyen i evig retning Vestlandet, måtte eg konstatera at ingen av tankane hadde fullført toårs-kontrakten.

Pressen, ikkje pressa – takk

Oslo lika meg ikkje. Oslo likar best sine eigne, Oslo vil helst ikkje vita av dei som av ein eller annan grunn må trekka inn til hovudstaden. Oslo ser ut mot Europa, og gløymer sine eigne. For Oslo er faktisk hovudstaden i Noreg, og eg er frå Noreg, så kvifor likar ikkje Oslo meg? Kvifor tykkjer Oslo at «tykkjer» er potittlandsk og bakpå?

Tida er no inne til å avsløra grunnen til mitt friviljuge indre eksil. Eg skulle gå på journa listhøgskulen på Skøyen i Oslo. Og skulle eg no fyrst til Oslo så var sjølvsagt journalist miljøet det beste å vera i. Eg hadde ingen andre tankar om det enn at her var fordoms fritt og høgt under taket. For folk som lever etter «vær varsam»-plakatens punkt 1.1; «Ytringsfrihet og trykkefrihet er grunnelementer i et demokrati. En fri uavhengig presse er blant de viktigste institusjoner i demokratiske samfunn»; dei er ein ikkje redd skal finna på å lata seg distrahera av ytre misdanningar som dialekt og nynorsk. Atter ein gong prisar eg den orsakinga som naiviteten gir meg. Norsk journalisthøgskule er, som namnet seier, ein skule for folk frå heile Noreg. For begge målformer, og med eit pensum som krev at du leverer to artikar på sidemålet og dermed eit to-timars kurs i nynorsk (ingenting i bokmål). Men ikkje eit einaste skriv på nynorsk, ikkje ei einaste forelesing på nynorsk. Noja, eg tykte ikkje det var så gale. Hadde stadig eit kjølig blikk i målsakslei. Begeret osv.

Telefonstormvarsel frå Frogner tek NRK like alvorleg som kystfiskarane tek kulingvarslet for Utsira Nord

Så kom det, det definitive omslaget: NRK har mange distriktskontor. Eitt av dei ligg i Oslo og heiter Østlandssendingen. Det kontoret skal dekka Oslo og Akershus. Østlandssendingen likar å framstå som flaggskipet av distriktskontora til NRK. Sprekt, kjapt, pågåande, avslørande. I eit slikt miljø høver sjølvsagt ikkje nynorsk, det kunne jo riva heile imitsjen overende. Likevel valde eg å ta den fyrste praksisperioden i radio,og den skulle gå føre seg i Østlandssendingen. Dei hadde avtale med skulen og eg tenkte ikkje i dei heile at dette kunne by på problem. Men radiolæraren, som hadde jobba i nettopp Østlandssendingen, og som var ansvarleg for opplegget, kjende jorda brenna under fotblada. Kva skandale kunne ikkje dette verta, nynorsk i Østlandssendingen! Dei gamle fruene  på Frogner ville organisera telefonstorm. Og telefonstormvarsel frå Frogner tek NRK like alvorleg som kystfiskarane tek kulingvarslet for Utsira Nord og Viking. I ei stille stund, midt under arbeidet med mitt livs fyrste radioinnslag, tok radiolæraren meg mildt tilsides. Med smidig røyst, som samstundes avslørte vissa om kva ho gav seg ut på, kom det lirkande:

– Du, det kan kanskje bli et problem med dialekten din, du. Det er jo flere slike som deg som har lagt om …

– Om? Om til bokmål? Meiner du at eg skal snakka bokmål?

– Ja, hvorfor ikke?

Øyro vibrerte, og eg trudde ikkje dei virka som dei skulle. Mi tru på mennesket fekk seg ein knekk, som enno ikkje er komme under nitti grader. Det trøysta litt at medelevar også sperra det meste av sansar opp på vidt gap. Etter denne dagen vart eg sur og trassig. Men

eg snakka i Østlandssendingen. Ikkje dialekt, men den mest papirknitrande skriftreine nynorsken som er komme ut på nokon frekvens. Og difor vart eg endå surare og endå meir trassig då redaksjonssjefen sin kommen tar på mitt fyrste innslag var denne:

– Greitt nok innslag for så vidt, men det var vel mye dialektpreget. Er du ikke enig?

Sviket

Så gjekk altså persienna opp til full musikk. Brått forstod eg han som eg hundsa på gymnaset. Brått skjøna eg at verda og verden ikkje er den same. Eg var svikta av folk som skulle tilhøyre mi eiga yrkesgruppe, ei yrkesgruppe som kler seg ut i klisjear og store ord om integritet. Ei yrkesgruppe som spelar på lag med alle snevre fordommar som finst, og som er livredd for å provosera ein einaste lydar eller lesar. Journalistane i Akersgata vil ikkje kjennast ved at dei sit i ei ussel gate i ein by som er hovudstaden for eit steinrøysland, der dei aller fleste bur utanfor denne byen og der nokon faktisk steller kyr og sau, og seier «itte» og «ikkje» og «itje».

Alt utanfor Oslo er distrikt.

Journalistane i Akersgata tenkjer seg kontor pulten i Fleet Street, eller ein annan stad i den store verda. Dei ser til augo når Sinsenkrysset, så flakkar blikket vilt og freidig over havet. Imellom ligg noko ein har døypt distrikt (frå latin «område», og då er vel strengt tatt også Oslo eit distrikt?) og distrikt er utkant og utkant aspirerer berre til avisartiklar med overskrifter som «Eiliv Schulhus skjøt 73 flaggspetter» (Trøndelag) (VG 12.10.90) og «Rottelik under klasserommet» (Askøy) (VG 13.10.90). Og når Dagbladet tek seg ein tur til Sogn og Fjordane, handlar det om sprit og pol, eller sensasjonell stripping i det utarma distriktet: «En overstadig beruset mannlig gjest var så begeistret at han kastet treskoen sin etter en forskremt stripperske. Marilyn er den første kvinne som offentlig har vist seg fram naken i Sogn og Fjordane fylke. Dermed fikk sogningene stripping før de fikk polutsalg» (Dagbladet 2.11.90)

Alt utanfor Oslo er distrikt. Når NRK legg Norge Rundt til Bergen, legg dei det til distriktet. Og når TV2 kjem til Bergen, er det av distriktsomsyn. Og når dagsnyttreporteren snakkar om «Universitetet», skal alle vita at det ikkje er Universitetet i Bergen eller Trondheim eller Tromsø, men i Oslo (hadde det vore i Bergen hadde me sagt det, ikkje sant?). Tillate nynorsk? – men kjære deg!

«Vi kan da ikke slippe til alskens dialekter». Det sa Egil Sundar i november i 1989 då han framleis sat som sjefsredaktør i Aftenposten. Eg spurte han kvifor Aftenposten ikkje tillet dei journalistane som vil det, å få skriva nynorsk. Motspørsmålet:

 – Men nynorsk er vel ikkje alskens dialektar?, fekk dette svaret;

– Nei, nynorsk normal er greitt nok, men det følger jo lett mye dialekt med det. Sa Sundar.

Og meinte vidare at det å ha nynorsk i Aftenposten ville vore ein provokasjon mot Aftenposten sine lesarar. Sundar er no sjef for all nyheitsdekking i NRK-TV. Men det er slett ikkje berre Sundar som fryktar for hovudstadsavisene sitt truverd som verdsorgan dersom det uhyggelege distrikts språket får blanda seg med det meir verdsvante bokmålet. VG, til dømes, tek omsyn til det store fleirtalet, som sjefredaktør Einar Hanseid seier det: «Språklig tar vi hensyn til det store flertallet av våre lesere som bruker bokmål». Men det faktum at berre 20,6 % av lesarane hans bur i Oslo, lét ikkje til å gi han noko empirisk tvisyn. Dagbladet og redaktør Erling Ramnefjell  har denne grunngjevinga for å bannlysa nynorsk i spaltene til det fordomsfrie og liberale organet, som alltid ligg framfor alle andre: «Hovedgrunnen er at vi er ei riksavis med sete i Oslo. Følgelig bruker vi det språket som er det mest utbredte i landet», seier Ramneljell og gir m.a.o. nynorskjournalistar lite høve til å få skriva nynorsk. Dagbladet har 27,8 % av sine lesarar i hovudstaden.

Så er det altså noko dei er redde for desse avisredaktørane. Desse store mennene, med store vidsynte hovud, som regjerer publikasjonar der mangfald, meiningsutveksling, samfunnsspegling og liberalisme rår. Det er noko som får dei til å pakka alle desse fine

orda inn i skapet og låsa dei inne der til nynorsken har komme seg ut av huset, og helst langt ned i Grensen. Er det assosiasjo nane til greip, silosaft, potetopptak og frukthaust kanskje? Men skulle det ikkje vera rimeleg å forlanga at slike opplyste folk burde kunne sjå gjennom, og vekk frå, fordommar som vart avlegs på 70-talet?

Sport, spårtare, sportyast

Sport heiter sport både på bokmål, nynorsk og engelsk. I Akersgata og på Marienlyst likar dei likevel best den internasjonale varianten.

Den kjem i alle høve langt føre den nynorske. Ingvar Stadheim held seg til sport med lang o og rrodlande r, og fekk sjølvsagt som fortent. For sjølv om Sogndal ligg nærare England enn Oslo gjer det, så gjer ikkje Sogndal det i Akersgata. Der nyttar det ikkje å seie badl og spel og så venta å verta teke på alvor når ein byrjar å preika om fire, fire, to og defensive flankespelarar.

Fotball og dialekt. Kan det kombinerast? Foto: Markus Spiske/Unsplash

Ingvar Stadheim er truleg det mest iaugnefallande offeret for Oslo-provinsialismen. Noko han delvis vedgår sjølv også, på direkte spørsmål:

– Dialekten vart det representative for meg som landslagstrenar, ikkje kunnskapane mine. Og det at eg snakka dialekt høvde ikkje for alle dei miljøa eg vanka i. I litt «finare» miljø fekk eg høyra at eg burde leggja om og snakka

bokmål.

– Meinte dei det ville tena deg som landslags trenar at du la om?

– Ja, dei gjorde vel gjerne det?

Fordi pressa då ville behandla deg betre?

– Tja kanskje, men aviskritikken var slett ikkje berre knytt til språket.

Men VG blottla vel innstillinga med å ha svekka tiltru til deg fordi du kom frå ein stad i landet der du ikkje ein gong fekk inn Sky

Channel?

– VG vedgjekk at dei gjorde ei blemme der, men det er klart at det at dei skreiv det viser noko av haldninga, ja. Kritikken mot meg

gjekk jo elles mykje på at eg ikkje hadde erfaring nok til å verta landslagstrenar. Men for Akersgate-miljøet er erfaring noko ein

berre får to stader; i Oslo eller i Utlandet. Eg vart faktisk overraska over denne veldig snevre haldninga. At eg hadde trent lag frå

Sogndal og juniorlandslaget i mange år, og at eg hadde hatt omgang med haugevis av journalistar frå lokalmiljøet talde ikkje på

nokon måte som erfaring for dei.

Verkar Sogndals-dialekten mindre internasjonal enn Oslo-mål?

– Kanskje – ja, eg trur faktisk det. Det er som med gode retorikarar, me let oss blenda av språket og gløymer innhaldet. Slik er vel

kanskje min dialekt, berre med omvendt forteikn. Forma slår negativt ut, og ingen bryr seg om innhaldet.

Kvifor la du ikkje om til bokmål?

– Eg modererte dialekten, det gjorde eg. Og eg hadde det med å komma med bokmålsord i intervju med bokmåls-journalistar, som eg

etterpå høyrde verka kunstige. Men eg kunne ikkje bevisst ha lagt om til bokmål. Eg kan ikkje lata vera å snakka slik det fell mest

naturleg. Eg trudde også dei fleste ville forstå det, og at eg ville tena på det i lengda. Men eg meiner ikkje å seia at eg vart urettvist

behandla av avisene på grunn av dialekten og berre det, det kan jo til og med ha vore sakleg kritikk. Ein vert jo fort sårbar når ein taper i fotball.

Klovnemann

– Ingvar Stadheim snakket en rar dialekt og måtte derfor gå når han ikke gjorde jobben bedre enn normalt dårlig.

Dette seier Esten Sæther, sjef for sportsredaksjonen i Dagbladet. Han er ein av dei få sportsjournalistane i Akersgata som ikkje lét

Stadheims fotballkunnskapar verta svekt av Sogndalsdialekten.

– En landslagstrener med en mer «normert» dialekt ville ikke blitt utsatt for en slik mobbing på grunnlag av resultatene.

– Så Stadheim vart mobba vekk frå trenarbenken?

– Ja. Stadheim stilte med et enormt handikap i utgangspunktet, dialekten. Dersom han skulle blitt akseptert måtte han ha gjort en svært god jobb. Og han gjorde ikke noen bedre jobb enn forgjengerne – men heller ikke noen dårligere. Det hele utvikla seg etter hvert til at Stadheim ble sett på som en klovn, og jeg hadde store problemer med å hindre Dagblad-journalistene i å kaste seg på denne klovnemann-bølgen. Det var et skikkelig press internt, der sportsjournalistene var de som presset minst på. Også i landslagstroppen ble det fleipa med Stadheim, herma etter han.

Ingvar Stadheim vart landslagstrenar fordi forbundet meinte han var dyktig nok. Kvifor hadde ikkje journalistane i Akersgata «oppdaga» Stadheim?

– Tja, det er jo generelt et uhyre lavt kunnskapsnivå blant sportsjournalistene her. Det er kanskje folk som selv har vært innom 5. og 6. divisjonsfotball, som «dømmer» landskampene,

Og som spelar på lag med fordommar om ytre ting som ikkje har med faget å gjera?

– Ja, for eksempel. Ingvar – og fleire?

Ingvar Stadheim vart mobba. Mobba av ei avis med over 340.000 lesarar, det er ikkje så kjekt. Dei fleste dialektbrukarar vert mobba i Oslo. Og sjølv om det ikkje alltid skjer gjennom VG, er avisene si oppfølging av den generelle mobbelysta med å forsterka henne.

Er det slik i tidsskriftartiklar også, at det skal vera konklusjonar? I så fall er det dette eg har freista å få fram, i korttekst: Oslo er hovudstaden i Noreg, men drøymerom eit tilvære som ein middels stor by i Europa. I ei slik draumeverd vert dei av Noregs innbyggjarar som tilfeldigvis ikkje er fødde og oppvaksne i denne vidsynte byen, oppfatta som nokre bremseklossar frå distriktet. Mykje av denne oppfatninga slår ut på språket.

Dialekten vert det tydelegaste teiknet på at ein kjem frå distriktet.

Dei fleste av oss toler litt erting på grunn av dialekten. Men dei fleste er også samde i hjartesukket til Ingvar Stadheim:

– Det gjer meg ingenting at nokon fleipar med dialekten. Men når den same fleipen vert framført for 50. gong, er det liksom ikkje så morosamt lenger. Og kanskje det er ein grunn til at mange personar som før dei kom til Oslo snakka utprega dialekt, no møter deg med eit «hei, åssen går det». Ville det skjedd om dei flytta til  Trondheim eller Lillehammer? Og ville Hallvard Flatland vore stor sjef i TVNorge dersom han ikkje hadde kvitta seg med den fæle telemarksdialekten?

Konklusjon

Er det slik i tidsskriftartiklar også, at det skal vera konklusjonar? I så fall er det dette eg har freista å få fram, i korttekst: Oslo er hovudstaden i Noreg, men drøymerom eit tilvære som ein middels stor by i Europa. I ei slik draumeverd vert dei av Noregs innbyggjarar som tilfeldigvis ikkje er fødde og oppvaksne i denne vidsynte byen, oppfatta som nokre bremseklossar frå distriktet. Mykje av denne oppfatninga slår ut på språket. Dialekten vert det tydelegaste teiknet på at ein kjem frå distriktet.

Oslo-pressa spelar på lag med dei fordommar som måtte vera om folk frå distriktet og dialektar. Og det gjeld altså ei presse som har døypt seg sjølv fordomsfri og liberal. I mange høve er det nettopp aviser og kringkasting som går føre i den provinsialistiske haldninga. Oslo har peika seg sjølv ut til å vera byen iNoreg som har augo vendt mot resten av verda.

I Ulvik, ein liten kommune i Hardanger, bur Olav Håkonson Hauge. Fruktdyrkarog lyrikar. Han har også omsett og attdikta mykje utanlandsk litteratur, mellom anna kinesisk. Men han høyrer sjølvsagt til unntaka av vidsynte menneske frå distrikta, saman med Arne Garborg, Geirr Tveit, Viggleik Eide, Kjartan Fløgstad, Edvard Hoem, Rune Hauge, Knut Åm.

At Bergen hadde omfattande samkvem med det store Tyskland lenge før nokon på Austlandet hadde høyrt «aber schnell», at Nord-Noreg dreiv handel med russarane fleire hundre år før Gorbatsjov vart ei vanleg glose i Oslo, at Skottland importerte vestnorske ord mangfaldige år før Graham Souness & Co gav Noreg juling på Ullevål, det provar sjølvsagt ikkje at eg har rett når eg påstår at Oslo er ein mindre vidsynt stad enn dei fleste andre stader i Noreg, slett ikkje. Kanskje tvilar du framleis. Men ta to år i Oslo og ring meg att  då dersom det ikkje hjelper.

Linda Eide (fødd 1969) er journalist og arbeider i NRK. Denne artikkelen vart opphaveleg publisert i Syn og Segn 1/1991 

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar