Av Laura Djupvik
det er ei tid for å gå langs vatn og kaste flate steinar, seier mormor
det er ei tid for å springe på setra og vere ung
det er ei tid for tomme hender, men så tar den tida slutt og det blir ei tid for travle hender
det er ei tid for å bere vatn og ei for å bere høy
ei tid for å få straum i huset
ei tid for å føde ungar – og ein av dei kjem like gjerne med rumpa først
ei tid for å slite seg fullstendig ut
for å legge seg ned og håpe på søvn
for å rive sund gamle klede og så sy dei i hop slik at alle har noko å ha på seg
det er alltid ei tid for å mate hunden, noko hunden minner mormor på heilt til han ein
dag ikkje orkar meir og blir køyrd bort
det blir ei tid for brå død
ei tid for etterlengta død
mormor seier at ho ikkje lenger trur på dette med at det er ei tid for alt
det blir ikkje ei tid for å besøke søstera i Amerika
ein kveld ho kjem inn etter fjøsstellet har ungane blitt vaksne
om kvelden, i lyset frå leselampa, er det ei tid for å strikke
mormor syng gjerne ein salme
røysta hennar rommar så mange tonar
skjelvande, dirrande
som om denne tida kan løyse opp alle tider
og berre augneblinken finst
Laura Djupvik er forfattar.
Diktet er ein del av Strikkehistorier som er eit prosjekt under arbeid.
Illustrasjon: Laura Djupvik