Har du fått nok av harde ord og hastige konklusjonar på tynt grunnlag? Er du litt lei av å scrolle på ein flimrande skjerm?
Prøv papir, ettertanke og tekstar som lever lenge.
Prøv Syn og Segn her.
Syn og Segn er eit almennkulturelt tidsskrift. Vi skriv om aktuelle saker frå samfunn, politikk og kultur. På nynorsk.
I år skal vi skrive om hender, hjarte og hjerne. Blant anna. Du kan lese om korleis to tvillingsystrer set i stand ein sveitservilla i vestlandsbygda Evanger, på miljøvenleg vis sjølvsagt. Siri Helle, forfattar av boka Med berre nevane skal skrive om mentoren sin, Jon Bojer Godal. Vi skal også skrive om situasjonen for norsk språk på våre universitet, og om skeiv kulturhistorie i Japan. I tillegg skal vi sjå systematisk på korleis Vladimir Putin, Victor Orban og den polske regjeringa steg for steg undergrev demokrati og rettsstat. Her har vi fått med oss jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde på laget.
Syn og Segn har i tillegg ei fast poesispalte. Her presenterer poeten Martin Ingebrigtsen flunkande nye, nynorske dikt.
Syn og Segn kjem med fire utgåver i året.
Her får du årsabonnement til introduksjonspris. Berre 300 kroner.