Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

– Byggebransjen har alltid vore litt lyssky

Forfattar Einar Hakaas seier at ein må følgje pengane om ein vil sikre ordna arbeidsforhold byggebransjen.

– Du har skrive fleire bøker om svart arbeid og kriminalitet i byggebransjen; den siste er Moderne slaver i Norge. Men når var det eigentleg at byggebransjen vart så ille?

– Byggebransjen har alltid vore litt lyssky, ein stad med mykje korrupsjon, det har slett ikkje vore uvanleg at underentreprenørar har betalt ein formann for å få eit oppdrag. Det skjedde eit stort skifte på 1990-talet. Då kom svenske og danske handverkarar inn. Dei kom frå land med ordna arbeidsforhold til ein norsk byggebransje der det var heilt Texas, med korrupsjon og svart arbeid. Etter austutvidinga av EU kom den store bølga av arbeidsfolk austfrå. Og då tok det heilt av. Mange av dei nye arbeidsfolka opplevde å bli utnytta. Det kom også inn folk frå tredjeland med falske pass frå EU-land. Arbeidsfolka kjem stort sett frå land med høg arbeidsløyse og er eigentleg berre ute etter å skaffe seg eit levebrød.

– Det kan verke som om det er umogleg å få tak i handverkarar som faktisk er fast tilsette i eit firma. Dei fleste ser ut til å vere sjølvstendig næringsdrivande lausarbeidarar?

Når reglar ikkje blir handheva, mister folk respekten for dei.

– I og med at eg har skrive så mykje om dette, må eg halde min eigen sti rein, og eg kjenner til dette problemet. Ein har til dømes kontrakt med ein norsk entrepenør, så finn han ein underleverandør der ting ikkje er på stell. Men mange av dei ikkje-norske i byggebransjen byrjar få orden på ting. Det handlar om integrering. Polske og litauiske firma klarar å tilpasse seg norske reglar og norske forhold. For mange startar arbeidskarrieren i Noreg med at dei blir lurte av ein nordmann, så av ein landsmann. Så byrjar ein for seg sjølv, får trøbbel med skattemyndigheitene. Og så tilpassar ein seg.

– Gjer norske styresmakter nok for å hindre arbeidslivskriminalitet i byggebransjen?

– Eg saknar vilje hos styresmaktene til å ta tak i dette. Noko av problemet ligg i at vi har eit ineffektivt arbeidstilsyn. Vi har også eit nasjonalt etterretningssenter for arbeidslivskriminalitet, underlagt Kripos. Begge leverer rapportar som er gode. Men dei gjer ikkje noko med det på ein effektiv måte. Arbeidstilsynet har kanskje ikkje rett verktøykasse. Dei sjekkar gjerne høgda på rekkverk og vinkel på stigar, at folk har HMS-kort, og at det er ein HMS-ansvarleg på arbeidsplassen. Men å oppdage og gjere noko med arbeidslivskriminalitet …

Det finst sjølvsagt unntak. Ein må følgje pengane og sjå kven som tener på det og stille dei til ansvar. Ein må også klare å etterforske på ein slik måte at ein greier å få folk tiltalte. Det skjer for sjeldan. Så arbeidslivskriminalitet lønner seg likevel. Nyleg fekk vi ei lov mot lønnstjuveri. Alle politiske parti slutta opp om det, men eg trur det er ei lov som ikkje får praktisk tyding. Det er vanskeleg å bevise lønnstjuveri. Det er også vanskeleg for politiet å etterforske det. Kvar gong det kjem ei ny lov, som til dømes EUs vikarbyrådirektiv, seier ein at Arbeidstilsynet skal sørgje for at regelverket blir følgt opp. Men det er 700 eller 800 personar som jobbar i Arbeidstilsynet i heile landet, og det er utenkjeleg at dei skal kunne handheve desse nye reglane, i tillegg til det dei gjer frå før. Og når reglar ikkje blir handheva, mister folk respekten for dei. Med kvar regelendring får mange av advokatkontora i landet i oppdrag å finne smotthola i det nye regelverket.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar