Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

«… den fordømrade klokka!»

I dag blir han hylla som eit geni. Men kva sa kritikarane då han debuterte? Om mottakinga av Jon Fosses debutroman Raudt, svart.

Trond Haugen

I år er det 40 år sidan Jon Fosse debuterte med romanen Raudt, svart. I dag er det ingen tvil om at det var ei eineståande hending, men korleis såg det ut i 1983? Korleis las kritikarane denne merkelege romanen skriven av ein 23-åring frå Strandebarm, før ein kunne ana at han skulle bli nobelprismottakaren Jon Fosse?

Raudt, svart vart gjeven ut på forlaget Samlaget på seinvinteren 1983. Etter å ha vorte presentert på vårlistene frå forlaget, stod den fyrste omtalen av romanen på prent 28. mars i Sogn Dagblad. Det var ein usignert artikkel som truleg var ei samanstilling av vårkatalogen til Samlaget og innsideteksten frå smussomslaget på boka: «Historia er fortald i eit fortetta, suggererande språk, og dramatikken og spenninga ligg like mykje på det psykologiske planet som i dei ytre hendingane.» (Bra, Sverre Tusvik!) I løpet av dei neste månadene vart romanen meld i nærare 20 lokale, regionale og riksdekkjande aviser over store delar av landet. Hovudvekta av meldingane stod i nynorsk-pressa: Sogn Dagblad, Dag og Tid, Gula Tidend, Hardanger Folkeblad, Stavanger Aftenblad, Rogalands Avis, Sunnmørsposten, Haugesunds Avis og avisa Valdres. Men boka vart òg meld i Arbeiderbladet, Bergens Tidende, Adresseavisen og Vårt Land, og etter kvart jamvel i Aftenposten (i august).[1] Tabloidavisene Dagbladet og VG glimra med sitt fråvær.

Språk og form

Cecilie N. Seiness har allereie presentert hovudtrekka i den kritiske mottakinga av Raudt, svart: «Debutant Jon Fosse vart ikkje møtt med hurrarop av kritikarane, men han trong heller ikkje mista livsmotet», skreiv ho i sin raske gjennomgangi boka Jon Fosse. Poet på Guds jord frå 2009 (Seiness 2009, s. 80).

Det stemmer, men eg har lyst til å utdjupe: Faktum er at svært mange – og ofte unge – kritikarar var begeistra og beit seg merke i det eksperimentelle språket i romanen; kritikken i 1983 var kort og god oppteken av språket og forma i Jon Fosses debut.

Faktum er at svært mange – og ofte unge – kritikarar var begeistra

Ein av dei som verkeleg las Raudt, svart på romanens eigne premissar, var den unge forfattaren Truls Horvei. Meldinga hans stod i avisa Hadeland 14. juni 1983 og hadde tittelen «Sterk, talentfull debutroman». Slik innleia Horvei meldinga si:

Jon Fosse debuterer i vår med romanen «Raudt, svart». Det er på alle måter blitt en
spennende og god bok som vitner om et stort talent. Først og fremst er det språket som hever romanen godt over gjennomsnittet. Fosse har klart å skape et nytt og eget språk i en tid der klisjéene stadig stikker sine hoder fram, der handling teller mer enn språk. Språket i «Raudt, svart» er suggererende og ekspressivt: det kretser om en del symboler som gjentas og forfølges gjennom hele boken. Noen vil kanskje si at romanen har for mange gjentakelser. Personlig synes jeg det er en styrke. 

Framsida av Raudt, svart 1982-utgåva. Foto: Nasjonalbiblioteket

Horvei, som er født i Bergen i 1957, var berre eit par år eldre enn Fosse då han melde boka. Alt i 1977 hadde han hatt dikt på trykk saman med andre unge forfattarar i antologien Unge tanker (Bokklubbens lyrikkvenner). I 1988 debuterte han som lyrikar med diktsamlinga Havfruehester på Grøndahl forlag. I 1982 sat Jon Fosse – i kraft av å ha vunne StudVest sin novellekonkurranse i 1980/81 – i juryen som kåra Horvei til ein av vinnarane i dikt- og fotokonkurransen i StudVest for 1982/83. Det er kanskje ikkje så overraskande at ein ung kritikar med lyriske ambisjonar sette pris på dei språklege kvalitetane hos Fosse, og anerkjente talentet hans. Men Horvei maktar også å gje ei relativt konkret presisering av desse kvalitetane: «et nytt og eget språk», «suggererende og ekspressivt» med «symboler som gjentas og forfølges gjennom hele boken».

Horvei var heller ikkje framand for sjølve handlinga i boka. Han gjev ein rask parafrase av historia om den namnlause gymnasiasten og gitaristen sitt isolerte liv i ei vestlandsbygd, samstundes som han understrekar at det er assosiasjonsspranga og medvitsstraumen hos hovudpersonen som driv handlinga framover. «[…] [B]oka er ‘påfallende’ realistisk for å være en modernistisk roman», skriv Horvei mot slutten av meldinga.  

Når vi ser attende på denne kritikken i dag, førti år og ein nobelpris seinare, er det vanskeleg ikkje å lesa Horvei sin opningskarakteristikk av Raudt, svart som eit slags kritisk prisme – ikkje berre for Fosse sin debutroman, men for heile forfattarskapen. Dette kritiske prismet minner oss på kva fasettar det alltid er naudsynt å undersøkje hos Fosse: språket, symbola, medvitsstraumen og modernismen. Fleire av kritikkane frå 1983 tok for seg dei same fasettane, om enn med ulik grad av utvikling og kritisk presisjon. Dei vart også gjenstand for ulike smaksvurderingar.

Ustoppeleg undergang

Den aller fyrste ordentlege meldinga av Raudt, svart kom eit par månader før Horvei si. Torsdag 21. april kunne Dag og Tid sine lesarar studere oppslaget «Ung, nynorsk debutant», skrive av litteraturvitaren Hans H. Skei. Skei, som berre nokre få år tidlegare hadde disputert på ei avhandling om forfattarskapen til William Faulkner, tykte det var ein spanande debut. Ikkje overraskande var han fyrst og fremst oppteken av Fosses forteljarteknikk. Han peika på korleis tankane, erindringane og angsten til hovudpersonen fungerte som tilbakeskodande og føregripande årsaksforklaringar som braut opp den strenge kronologien i forteljinga og bidrog til å etablere hovudpersonens outsider-posisjon. Både i haldning og veremåte var hovudpersonen, ifølgje Skei, typisk for «den nye generasjonen av forfattarar». Dette gav forteljinga, meinte han, ei kjensle av ustoppeleg undergang (jf. 80-talets omgrep «no future-generasjonen»).

Allereie i den fyrste kritikken av Raudt, svart finn vi med andre ord ei solid anerkjenning av Fosse si særeigne legering av form og innhald

Den seinare professoren ved Universitetet i Oslo såg denne negative, resignerte livskjensla som eit mogleg ankepunkt mot romanen, men enda likevel i ei vilkårslaus positiv vurdering av Fosses språk og skrivemåte:

Det Fosse skriv om kan verka lite og avgrensa, kanskje til og med privat og personleg i meste laget. Men gjennom skrivemåten klarer forfattaren likevel å formidle at dette gjeld andre òg, og det er nettopp i skrivemåten Fosse har sin styrke. Av og til kan enkelte bilete eller symbol (vekkarklokka t.d.) bli for viktige, sjølv om funksjonen dei har er klår og viktig. Likevel er det nettopp ei biletskapande evne som kjennemerker stilen, overraskande vendingar, nye og gode samanlikningar, parallellar og oppattakingar er brukte med moderasjon. Språket får ofte nesten ei suggererande kraft: orda, ordsamansetningane, periodane er viktige i seg sjølve: i rytmen og rørsla i språket ligg mykje av meininga som teksten elles har vanskeleg for å formidle.    

Allereie i den fyrste kritikken av Raudt, svart finn vi med andre ord ei solid anerkjenning av Fosse si særeigne legering av form og innhald, i ein skrivemåte som nyttar symbol, overraskande vendingar, gode samanlikningar, parallellar og gjentakingar, og i eit språk med ein heilt eigen rytme og rørsle. Ifølgje Skei gjev dette eit løfte for framtida (Bra sett, Skei!).

Bannskap

Måndag 25. april kom den fyrste eintydig negative kritikken av Fosses debut. Då avrådde misjonsprest og pastor Kaare Horgan boka i meldinga «Jakten etter lykken kan ikke anbefales» i den kristne bergensavisa Dagen. Grunngjevinga var at romanen var full av bannskap og målbar ei negativ innstilling til livet.

Dagen etterpå, tysdag 26. april, melde Aksel Rolf Arnesen Raudt, svart i Adresseavisen i Trondheim. Arnesen, som var født i Bergen i 1926, var på denne tida framleis lektor ved Steinkjer landsgymnas og fast bokmeldar i Adresseavisen. Kritikken hans hadde tittelen «Oppsiktsvekkende», og gjekk rett på sak: «Her er en romandebut som er oppsiktsvekkende god. Jon Fosse heter forfatteren, og han er bare 24 år.» Meldinga til Arnesen gjev ei god og sympatisk tematisk lesing av romanen, som han vidareformidlar tydeleg til lesarane. Han er m.a. tidleg ute med å peike på to sider ved romanen som seinare skulle vise seg å bli kjernetrekk ved forfattarskapen til Fosse: at hovudpersonen er namnlaus, og at boka i ein forstand handlar om menneskeleg kontaktløyse. 

Slik vart Jon Fosses debutroman meld i Dag og Tid. Foto: Faksimile frå Dag og Tid

Det kritiske blikket til Arnesen er klårt, og han har ei var kjensle for dei litterære sidene ved tematikken. Kan hende heng det saman med at han nokre år tidlegare hadde gjeve ut boka Dikt og diktforståelse til bruk på gymnaset?

Journalisten Erling Bø melde romanen i Vårt Land 29. april under tittelen «Grått og keisamt om framangjøring». Sunnmøringen sin konklusjon får stå som døme på den litterære vurderingas kompleksitet: «Om han har talent? Vi veit ikkje, enno. Jon Fosse er flink til å skildre augneblinken, men neppe ein god forfattar.»

Ei stor framtid

I målrørsla – og Fosse – si eiga avis Gula Tidend var det forfattaren Herman Starheimsæter som melde debutromanen under tittelen «Stort talent på leiting etter form». Starheimsæter hadde sjølv debutert med diktsamlinga Lungeblæretre i 1980, og den omfattande meldinga er reservert positiv. Sjølv om han meinte det på mange måtar var «ein imponerande roman Jon Fosse har skrive», syntest han òg at romanen var maniert:

Fosse har dessutan ein hang til språkleg manér, verre enn den argaste Jonas Lie. I kvar einaste vesle setning skal han ha med eit «meiner han», «ser han», «veit han», «smiler han». Fleire stader er språket upresist og ordstillingen noko underleg.

Starheimsæter avsluttar likevel svært positivt: «Eg vil spå han ei stor framtid som romanforfattar.» (God spådom, Starheimsæter!)

Meldinga «Seksualundertrykkelse i mer enn flink debut» frå Arbeiderbladet 18. mai, signert Sven Gjesdahl, sakna eit tydelegare åtak på kyrkjas seksualundertrykking i romanen, men anerkjente det unge opprøret som ein eigen stil: «Men det er også stilen. En slags huggende rock som nettopp er ment som overkjørsel. For velartikulert til å være pønk. Mer hvit smerte enn blues.» 

Ein annan og meir kjent forfattar frå same generasjonen som Gjesdahl melde Raudt, svart i Stavanger Aftenblad. Under tittelen «Ung på gymnas anno 1980» las Tor Obrestad romanen som ei nihilistisk forteljing om frigjering, som like gjerne kunne vorte skriven førti–femti år tidlegare. Obrestad er ein av debutromanens strengaste kritikarar, samstundes som han kanskje aller tydelegast tolkar han innafor ei modernistisk litteraturhistorisk ramme:

Romanen er ikkje spesielt dyktig formulert. Forfattaren har villa bruke eit modernistisk symbolapparat han ikkje heilt har grepet over: død rotte, ei klokke som stadig kjem tikkande inn i soga (typisk Vesaas-grep), stiliserte drag ved personane som opptrer, og ei dveling av dei meir ufyselege sidene ved kvardagen.

Gula Tidend om Jon Fosse i 1982. Foto: Faksimile frå Gula Tidend

Den rytmiske gjentakinga av desse formelle elementa i historia virkar noko påklistra og stiv. Bileta, eller «modernismen» er ikkje heilt integrerte i det for så vidt nokså greie og realistiske handlingsforløpet.

Uansett er ikkje Obrestad vilkårslaust avvisande: «Likevel er det ein slags intensitet i denne romanen som gjer han leseverdig», skriv han, og legg til: «Han er temmeleg nøyaktig i bruken av realistiske og presise detaljar, og han har eit forbausande godt grep om dialogen, det er ein musikalitet i replikkane som er fin.»

Depresjon og psykose

Veka etter fekk Fosse ein røff omgang i Rogalands Avis. Det var forfattaren, omsetjaren og kritikaren Jan Askelund som skreiv meldinga, og den raske rabelaiske oppramsinga hans av utviklinga til hovudpersonen i Raudt, svart er både teken på kornet og svært morosam å lesa:

Han går frå depresjon inn i psykose gjennom mislykka speling, doping og ligging. Det endar med sjølvmord, etter vitjing av mora og ei jamngammal misjonsjente. Han går frå vondt til verre.

Medan Askelund kritiserte Fosse for å drive med litterære konstruksjonar, kopla lektor og kritikar Finn Stenstad debutboka til litteraturdebatten i Dagbladet sine spaltar på 80-talet. Debatten hadde bakgrunn i intervjuet Simen Skjønsberg gjorde med fire forfattarar frå den nye generasjonen – Jan Kjærstad, Torgeir Schjerven, Cindy Haug og Jan Faye Braadland, som stod på trykk laurdag 9. april. Intervjuet innleia ein debatt om politisk engasjement i litteraturen vs. kunst for kunstens skuld, eller realisme vs. modernisme. Som dei fleste andre avisdebattar var han full av raske generaliseringar og misforståingar, men han sette òg tydeleg fingeren på det språkkritiske medvitet i litteraturen frå 80-talsgenerasjonen. I Arbeiderpartiets organ i Narvik, avisa Fremover, kommenterte Finn Stenstad den 25. mai at Jon Fosses Raudt, svart var eit mindre vellukka døme på den litteraturen Kjærstad, Haug og Schjerven hadde gjort seg til talspersonar for i Dagblad-debatten.  

Det er underhaldande å lesa kritikken av Jon Fosse frå 1983. Eg kan anbefale det til alle med ei viss historisk interesse. Det er likevel umogleg å gå gjennom alle meldingane på ein fullgod måte. Om ein fer med harelabb, så går det på eit vis. I Sunnmørsposten 28. mai skreiv journalist Kjetil Tandstad, redaktør i Dag og Tid frå 1976 til 1980, om språkkjensla til Fosse og trakk liner til James Joyce og Virginia Wolff. I avisa Valdres 7. juni skreiv Jostein Turtumøygard ein innhaldsorientert kritikk med stor innleving og den talande tittelen «Det kunne vore din son –». Medan Rune Hallheim, mangeårig journalist i Haugesunds Avis og seinare bokmeldar i Aftenposten, opna meldinga si med følgjande humoristiske inngang: «Kva er det i Hardanger Sunnhordalandske Dampskipsselskap sitt distrikt som gjer at folk der får ein slik ubendig trong til å skrive bøker?» Hallheims estetiske konklusjon lyt likevel kunna kallast ein skivebom sett frå ettertida: «Om det aldri så mykje kan vera gyldige uttrykk for den gymnasiale livstrøttheit vert det ikkje kunst av det. Stoffet har ikkje funne si form.» (Nokon måtte seia det, Hallheim!)

Slik vart romanen Raudt, svart presentert av forlaget i 1983.

I Bergens Tidende 11. juni var det den rutinerte universitetslektoren og litteraturkritikaren Eiliv Eide som melde romanen under tittelen «Livet som langsomt selvmord». Eide var over 60 år i 1983. Om lag 20 år tidlegare melde han debuten til Dag Solstad, Spiraler. Han er med andre ord ein av dei eldste fyrstelesarane av Jon Fosses litteratur. Han understrekar at romanen høyrer til i den realismekritiske tradisjonen med å setje inn nokre ironiske (?) spørsmålsteikn i parentesar: «Men måten han forteller den på, er spesiell, og den virkelighet (?) den gjengir (?) er dyster og på mange vis forstemmende, på de fleste vis forstemmende.» Sjølv om Eide er ein vel orientert lesar med blikk for Fosse sine gjentakingar og særeigne språklege rytme, verkar meldinga i dag litt traurig og føreseieleg.

Dag og Tid sette standarden for korleis ein moderne lesar skulle lesa Jon Fosse.

Fyrst etter at Sigbjørn Heie hadde trekt Fosse fram som eit av fleire tips til «Sommerlesnad» i avisa Strilen 11. juni, og statsvitaren Elling Tjønneland hadde samanlikna gjentakingane hos Fosse med impotente «jammerhakk i platen» i Telen, dagsavisa for Notodden, Hjartdal og Sauherad, den 10. august, kom meldinga av Jon Fosses Raudt, svart i Aftenposten. Då hadde det vorte haust, og gått nesten eit halvt år sidan boka vart meld i Dag og Tid.

Med sans for sproget

Johan Fr. Heyerdahls kritikk i Aftenposten 27. august, «På kanten av stupet», illustrerer eit av dei viktigaste poenga i ein studie av den kritiske mottakinga av Jon Fosses Raudt, svart: Ho var dominert av vestlandsavisene og nynorskpressa. Einskilde store regionsaviser som Adresseavisen, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad hadde rett nok bringa romanen ut til sine lesarar. Men andre regionar, som indre Austlandet og Sørlandet, var merkeleg tagale. Med nokre viktige unnatak gjeld det same for den riksdekkjande pressa. Dag og Tid sette standarden for korleis ein moderne lesar skulle lesa Jon Fosse. Arbeiderbladet og Vårt Land følgde opp med kritikkar i tråd med sine redaksjonelle profilar. Dagbladet og VG melde aldri debuten, medan Aftenposten melde han eit halvt år for seint. Det stemmer difor ikkje heilt at nynorskforfattaren Fosse vart ignorert av dei riksdekkjande avisene, men tendensen er klår. Heyerdahl, som hadde vore redaktør i Den norske Bokklubben frå 1965 til 1983, skreiv uansett ei melding som minner oss om kor traust berre den gamle tanta i Akersgata kan vera. I august 1983 slo Aftenposten fast, i ein lukkeleg augneblink av framsyn, at Jon Fosse hadde «sans for sproget»(!).

I tillegg   vart Raudt, svart også meld i to tidsskrifter. Det var Finn Tveito som skreiv kritikken av boka i nr. 2 og 3 frå den 12. årgangen av bladet til Norsk Målungdom, Folkemål. Tveito sat i redaksjonen og var jamgamal med Fosse. Han hadde utdanning frå musikklina på Bergen lærerhøgskole, og var i gang med litteraturstudia ved Universitetet i Bergen. Tveito disputerte seinare på ein doktorgrad om forfattaren Samuel Beckett, og han gjer ei god lesing av Raudt, svart. Tveito opnar meldinga med å tolke fargane raudt og svart som uttrykk for hovudpersonen sin livgjevande lidenskap på den eine sida og angst og irrasjonalitet på den andre. Han skildrar vidare korleis tilbakeblikka og føregripingane til hovudpersonen kan bli forståtte som den modernistiske forteljarteknikken indre monolog, og meiner Fosse meistrar denne skrivemåten godt.

Intervju med Jon Fosse i Folkemål. Foto: Faksimile frå Folkemål

Som ein av dei ytst få kritikarane av Fosses debutroman tek Tveito seg tid til å sitere sentrale passasjar i romanen og samanliknar mellom anna ei scene der hovudpersonen sender sykkelen sin på sjøen, med den velkjente scena frå Dag Solstad sin roman Gymnaslærer Pedersen, der tre unge radikalarar syklar over fjorden til AKP-ml-leir på Håøya. I motsetnad til dei tre politisk engasjerte ungdomane er hovudpersonen i Raudt, svart ifølgje Tveito «hjelpelaus og fortapt, og berre det». Også Tveito trekkjer fram einsemda som eit av dei sentrale temaa i boka. Ved sida av Truls Horvei i avisa Hadeland er kanskje Tveito den som kjem tettast på ei presis utgreiing av skrivemåten til Fosse. Eg siterer eit langt avsnitt frå Tveitos kritikkfagleg sterke bokmelding i Folkemål:

Oppattaking er elles eit mykje nytta verkemiddel i boka. Dette kan verka einsformig ved første blikk, heilt til ein oppdagar at dette er brukt for betre å karakterisera hovudpersonen. I staden for å nemna at han fleire gonger høyrer ei vekkjeklokke ringja, vert ordet «vekkjeklokke» teke opp att fleire gonger. Det knappe og intense språket verkar i det heile illustrerande for hovudpersonens merkelege evne til å sjå detaljar og samanhengar andre ikkje ser. Akkurat korleis vekkjeklokka skal tolkast symbolsk vert då ikkje så viktig, ein legg mest merke til tikkinga og pulsen både i klokka og i hovudpersonen, og i det språklege uttrykket. Eit slik samanfall mellom tekniske og innhaldsmessige sider ved ein roman er heller sjeldsynt i dag. Ein kan ikkje anna enn å verta gripen av denne skildringa, men ikkje på same måten som ein har vorte gripen tidlegare av forteljingar om menneske i opprør mot omverda. «Raudt, svart» har sitt eige særpreg, sin eigen rytme, på grunn av det drivande og fortetta språket liknar ikkje dette på noko anna ein har lese.      

Ein litterær felleskultur

I artikkelen «Hvem sin pris?» i Klassekampen 11. oktober i år stilte Vagant-redaktøren Audun Lindholm spørsmål om ikkje nobelprismottakaren Jon Fosse eigentleg var resultatet av ein litterær kultur «der forlagene brukte penger på å opprettholde poetologiske diskusjoner og på oversettelser av det beste som diktes og tenkes.» Det er ein viktig ettertanke. Men kvifor melde ikkje Dagbladet og VG årets nobelprismottakar i 1983? Hadde forfallet alt byrja? Er det bortfallet av ein litterær felleskultur vi oppdagar når vi studerer den kritiske mottakinga av Jon Fosses debut Raudt, svart?

Det er vanskeleg å ikkje bli litt blank i augo av dei mange unge kritikarane som både identifiserte seg med tematikk og skildring av mannleg einsemd i romanen

Eg er eigentleg ikkje tilhengjar av kjappe og bastante historiske påstandar. Men det er uansett interessant å reflektere over den tydelege vestlands- og nynorskdominansen i den kritiske mottakinga av Raudt, svart i 1983. Ein ting er at det kanskje ikkje er så rart at nynorskpressa var meir mottakeleg for ein nynorsk debutant. Men kva med modernisten Fosse? Var det modernismen hans som ikkje var så interessant for dei riksdekkjande tabloidavisene? Var det vestlandsmodernismen hans som verken trefte kritikarane på Austlandet eller Sørlandet?

Gjennomgangen av heile den kritiske resepsjonen av Jon Fosses Raudt, svart frå 1983/84 har uansett demonstrert eit par viktige historiske og kritikkhistoriske poeng. Det er vanskeleg å ikkje bli litt blank i augo av dei mange unge kritikarane som både identifiserte seg med tematikk og skildring av mannleg einsemd i romanen, og bokas språkkritiske og eksperimenterande form. Kritikarar (og forfattarkritikarar) frå høgskule- og universitetsmiljøa, som Truls Horvei, Finn Tveito, Hans H. Skei, Aksel Rolf Arnesen og Herman Starheimsæter, visste godt korleis dei skulle lesa Jon Fosses litteratur. Dei var innforståtte med det eksperimentelle modernistiske prosjektet, og fleire av dei freistar vise korleis Fosse løyser formproblemet i den moderne litteraturen.

Nokre av kritikarane bidrog jamvel til å plassere Jon Fosse i den unge, språkkritiske generasjonen som debatterte om litteraturen skulle vera politisk eller kunst for kunsten si eiga skuld i Dagbladet våren og sumaren 1983. Det var ei rolle Fosse sjølv stadfesta i ei rekkje intervju frå Folkemål («– Den ytre handlinga kjem i andre rekkje»), Dag og tid («– Litteratur mest nyttig ved å vere unyttig») og Gula Tidend («– Få inn erotikken og musikken i norsktimane»). 23-åringen markerte på den eine sida sine sterke band til den europeiske modernismen. På den andre sida insisterte han på at målet hans var å foreine modernismen med den tradisjonelle bygderomanen. I intervjuet frå Dag og Tid melde han seg direkte på litteraturdebatten i Dagbladet, både ved å kritisere sosialrealismen til ml-forfattarane og ved å ta til motmæle mot åtaket frå Erling Gjelsvik på den nye generasjonen i Dagbladet.     

Den veldige mannsdominansen

Ein annan ting ein ikkje kjem unna når ein les alle desse meldingane av ein nynorsk debutant frå 1983, er den veldige mannsdominansen. Ingen av meldingane av Raudt, svart vi har funne i arkivet til Nasjonalbiblioteket, er skriven av ei kvinne! Med atterhald om at det kan finnast einskilde meldingar av boka i aviser som enno ikkje er digitaliserte, så lyt eg tilstå at eg synest det er rart. Var vestlandsmodernismen ei mannegreie? Stod mennene sterkare på Vestlandet enn elles i landet? Dominerte mennene dei vestlandske universitetsmiljøa? Eller var det tematikken i Raudt, svart som vippa damene av pinnen: ung mann, einsemd, gitar, impotens og sjølvmord? Det skulle ein jo strengt teke ikkje tru!  

Uansett og heilt til slutt; tittelen på denne gjennomgangen av den kritiske mottakinga av Jon Fosses debutroman Raudt, svart er «… den fordømrade klokka!». Han er henta frå bokmeldinga til Atle Næss, som melde debutanten Fosse under tittelen «Raudt, svart, desperat» i litteraturtidsskriftet Vinduet. Ikkje eingong i litteraturtidsskrifta på 80-talet var det nok å vera modernist:

Romanen er slett ikke dårlig skrevet. Lange, lange passasjer uten avsnitt der tidsplan veksler i en slags diskrét bevissthetsstrøm dominerer. Serier med monomane gjentagelser speiler utvilsomt hovedpersonenes sinnstilstand, men det kan ikke benektes at de til tider trettet iallfall denne leseren. På hybelen tikker det ei klokke, som både er en slags siste forbindelse til den normale, regulerte verden og den beroligende hjertebanken i hybelens noenlunde sikre fostertilværelse. Men klokka dukker opp på snart annenhver side, og det spørs om den ikke krysser grensen mellom ladet symbol og skapaktig manér. Man blir rett og slett så lei den fordømrade klokka!

Artikkelen er basert på eit føredrag som vart halde på Fosse-symposiet på Litteraturhuset i Bergen i samband med Festspillene i Bergen 1. juni 2023.

Trond Haugen er forskingsbibliotekar ved Nasonalbiblioteket

Foto i topp av artikkelen: Ottar Fyllingsnes/Dag og Tid

Litteratur:

Anonym. 1983. «Intens, spennande og dyster romandebut», i Sogn Dagblad 28.03.83.

Arnesen, Aksel Rolf. 1983. «Oppsiktsvekkende», i Adresseavisen 26.04.83.

Askelund, Jan. 1983. «Frå vondt til verre», i Rogalands Avis 23.05.83.

Bø, Erling. 1983. «Grått og keisamt om framangjøring», i Vårt Land 29.04.83.

Fosse, Jon. 1983. Raudt, svart. Oslo: Samlaget.

Furuseth, Sissel, Jahn Holljen Thon og Eirik Vassenden (red.). 2020. Norsk litteraturkritikks historie 1870–2012. Oslo: Universitetsforlaget.

Gjesdahl, Sven. 1983. «Seksualundertrykkelse i mer enn flink debut», i Arbeiderbladet 18.05.83.

Eide, Eiliv. 1983. «Livet som langsomt selvmord», i Bergens Tidende 11.06.83.

Hallheim, Rune. 1983. «Gymnasial formuleringskunst», i Haugesunds Avis 08.06.83.

Heie, Sigbjørn. 1983. «Sommerlesnad», i avisa Strilen 11.06.83.

Heyerdahl, Johan Fr. 1983. «På kanten av stupet», i Aftenposten 27.08.83. 

Horgan, Kaare. 1983. «Jakten etter lykken kan ikke anbefales», i avisa Dagen 25.04.83.

Horvei, Truls. 1983. «Sterk, talentfull debutroman», i avisa Hadeland 14.07.83.

Lindholm, Audun. 2023. «Hvem sin pris?», i Klassekampen 11.10.23.

Nilsen, Jan Arthur. 1983. «Mennesket i krise», i Finnmark Dagblad 24.11.83.

Næss, Atle. 1984. «Raudt, svart, desperat», i Vinduet 2/1984.

Obrestad, Tor. 1983. «Ung på gymnas anno 1980», i Stavanger Aftenblad 19.05.83.

Skjønsberg, Simen. 1983. «Møte med en ny generasjon diktere: Sterke meninger, hett engasjement» (intervju), i Dagbladet 09.04.83.

Seiness, Cecilie N. 2009. Jon Fosse. Poet på Guds jord. Oslo: Samlaget.

Skei, Hans H. 1983. «Ung, nynorsk debutant», i Dag og Tid 21.04.83.

Starheimsæter, Herman. 1983. «Stort talent på leiting etter form», i Gula Tidend 07.05.83.

Stenstad, Finn. 1983. «All denne sjelenød», i Fremover 25.05.83.

Tandstad, Kjetil. 1983. «Desperat debut», i Sunnmørsposten 28.05.83.

Tjønneland, Elling. 1983. «Naglet til det vonde», i avisa Telen 10.08.83.

Turtumøygard, Jostein. 1983. «Det kunne vore din son –», i avisa Valdres 07.06.83.

Tveito, Finn. 1983. «Sterk romandebut frå Jon Fosse», i bladet Folkemål 2–3/1983.


[1] I dag er svært mange av desse kritikkane digitaliserte i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek: bokhylla.no. Eg har fått hjelp av to bibliotekarstudentar frå OsloMet, Jenny Søbyskogen og Nicolai Alexander Holck, til å kartleggje dei meldingane av Raudt, svart som er digitaliserte. Eg tek høgde for at det kan finnast andre meldingar av debuten til Fosse i aviser og tidsskrift som ikkje er digitaliserte.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar