Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

– Det er for lite fokus på gamal gris i Noreg

Jon Fredrik Skauge er bonde og kulturformidlar. Han laga sin eigen lin som 16 åring. No vil han perfeksjonere skinkeproduksjonen.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Eg voks opp på gard og var mykje saman med besteforeldra mine. Frå eg var fire–fem år gamal, sat eg ved vevstolen i lag med farmor når ho skulle veve filleryer. Eg hugsar kor artig det var. Eg likte godt å vere med på å bestemme fargar. Eg var nok veldig bestemt alt som femåring på kva fargar som passa saman og ikkje. Så interessa for handverk kom tidleg. Eg har alltid hatt ei særleg interesse for tekstilar, meir enn for det som har vore dei typiske handverka for menn, til dømes treskjering og smedarbeid. Det har eg ikkje drive mykje med.

Eg treng ikkje noka oppskrift på matrettene farmor mi brukte å lage. Eg hugsar med blikket korleis ho gjorde det.

– Eg meiner å ha høyrt at du laga ditt eige lin alt som svært ung mann?

– Det var vel då eg var 16, altså for 29 år sidan. Det starta faktisk med at det var interesse for lin i landbrukssamanheng. Ein ville sjå om det var mogleg å få i gang ein norsk linoljeproduksjon. Så det vart sådd eit lite felt hos oss, som vi handterte vidare. Produksjonen frå det første året enda opp som spisebrikker som eg framleis brukar i dag.

– Du har levert både kjøt- og mjølkeprodukt til Michelin-stjernerestauranten Credo i Trondheim. Er tradisjonshandverk også viktig for deg når du produserer mat?

– Også det er ein arv som det er viktig å forvalte. Eg har vakse opp med norsk salt skinke, ikkje med serranoskinke. Og for å seie det rett ut: Det er for lite fokus på gamal gris i Noreg. Akkurat no driv eg på og et av purka Siv-Erna som er sju år gamal. Du må kanskje sensurere det namnet? Vi kjøper langtidsmodna skinke frå andre land. Produksjonen her i landet er stort sett så industriell at det knapt er nokon som har kjent smaken ein får i ei skinke som har hange i ei bu i sju år.

– Du har utdanning som historikar frå NTNU. Er samspelet mellom praktisk og teoretisk kunnskap viktig for deg?

– Dette burde eg vel ha tenkt meir på. Eg har jo studert både historie og kunsthistorie. Kunnskapen min er basert på ulike typar empiri. Eg har sett så mange dukar av ein bestemt type, eller sett så mange sølvskeier av eit bestemt slag at eg lett kan sjå kva tid dei kjem frå. Samstundes har eg lese meg til vidare kunnskapar. For meg er blikket viktig. Ein har eit spesielt blikk når ein jobbar praktisk. Eg treng ikkje noka oppskrift på matrettene farmor mi brukte å lage. Eg hugsar med blikket korleis ho gjorde det. Det er noko som sit. Den teoretiske kunnskapen min er tett knytt til det praktiske.

Då eg jobba for Bunad- og folkedraktrådet i Valdres, var eg rådgivar. Det er ein teoretisk jobb, eg skulle gi råd om korleis ein skulle gjere ting ut frå historisk kunnskap. For meg var det viktig også å kunne handverket reint praktisk, å kunne sy bunader. Det å kunne det praktiske gjorde også at eg forstod det teoretiske betre. For meg er det viktig å ha både ein praktisk og ein teoretisk inngang til tradisjonshandverk. Det er ulike skoleretningar her, nokon er berre opptatt av det praktiske. Men eg synest det gir ein høgare verdi å lære det teoretiske og sette den praktiske kunnskapen inn i ein større samanheng.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar