Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Det er ikkje nok med varme hender

Lill Sverresdatter Larsen er leiar i Norsk Sykepleierforbund. Ho vil at politikarane skal snakke meir om kunnskap og mindre om hender.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Kva tenkjer du når du høyrer politikarar snakke om sjukepleiarar og varme hender?

– Varme hender var eit uttrykk som frå gamalt av vart forstått som eit praktisk yrke, gjort med varme, forstått som omsorg. Men det er ikkje nok med hender. Det må ligge kunnskap bak handlingane. Sjukepleiarar gjer arbeid med heile kroppen. Vi jobbar med hendene i lag med pasienten, men vi jobbar ikkje med hendene åleine. Grunnen til at vi ofte er skeptiske til snakk om varme hender, er at orda i dag blir brukte av politikarar på ein måte som usynleggjer kunnskapen som ligg bak handlingane, eller på ein måte som er nedlatande. Til dømes snakkar ein gjerne om varme hender både når ein snakkar om arbeidet til ein ufaglært assistent, ein miljøarbeidar og til ein sjukepleiar. Som om alle dei ulike gruppene skulle gjere det same. Det er difor vi blir så leie av å høyre at vi treng fleire hender i helsevesenet. Det vi treng, reint faktisk, er fleire kompetente folk.

Det er nok mange som snakkar om varme hender fordi dei vil vise at det ligg omsorg i arbeidet, men det er skadeleg for oss om ein ikkje anerkjenner kompetansen til sjukepleiarane. Ei undersøking vi har gjort blant medlemene våre, viser at i tjue prosent av vaktene der ein skulle ha hatt ein sjukepleiar, er sjukepleiarane erstatta av personell med lågare kompetanse, som regel ikkje ein helsefagarbeidar, men ein assistent utan formell helsekompetanse. I Troms, Finnmark og i Innlandet er talet så høgt som 25 prosent. Det er ein auka risiko for pasientane. Det er også eit spørsmål om beredskap i kommunane.

Korleis går ein fram for å forklare ein byråkrat eller ein politikar korleis kunnskap kan finnast i hendene?

det er skadeleg for oss om ein ikkje anerkjenner kompetansen til sjukepleiarane.

– Eg har jobba i helsevesenet sidan eg var 17. Arbeidet eg gjorde som ufaglært, var gjort i beste meining. Men med utdanning har eg for eksempel lært om korleis ein skal løfte ein sjuk pasient for å unngå forverring i pust eller smerte, og om korleis ein skal auke sirkulasjonen hos pasientar for å unngå liggesår. Då må ein legge putene og lakenet på ein spesiell måte, og ein må vite kor ofte og korleis ein skal snu ein pasient. Det kan høyrast lite ut, men liggesår er smertefullt og farleg, det kan føre til sepsis og død for eldre menneske på sjukehus og sjukeheimar. Når ein steller sår, treng ein å vite kva medikament ein pasient går på, nokre kan til dømes redusere sårtilheiling, så ein må vurdere når det er best å stelle sår ut frå det, og ut frå luftstraum og temperatur i rommet og temperaturen på vatnet ein reinsar såret med. Ein lærer seg også korleis ein ser nekrotisert, øydelagt vev som må fjernast. Eg gjer ting annleis etter å ha lært meir. Men eg har jo dei same hendene, dei er like varme, eller strengt tatt, mine er like kalde.

Du har doktorgrad. Og det er jo eit teoretisk arbeid, men kanskje også praktisk?

– Doktorgraden min handla om organisering av tenester for personar med demens i dei samiske forvaltningsområda. Det har iallfall ein svært praktisk relevans. Målet er å få betre kvalitet på tilbodet. Utgangspunktet var lovverket som seier korleis tenestetilbodet skal vere, men eg har sett på korleis lovverk blir implementert i praksis. Doktorgraden vart skriven på engelsk. Men det har vore veldig viktig for meg å skrive om arbeidet på norsk og å formidle. Kunnskapen må nå fram, både i politikken og i praksisfeltet.

Foto: Norsk Sykepleierforbund

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar