Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Det var slik det byrja

Jon Fosse takka nynorsken då han fekk nobelprisen. Og nynorsken burde takke Fosse. 

Astrid Sverresdotter Dypvik


Eg kan framleis hugse første gong eg las ein tekst av Jon Fosse. Det var ein stålgrå trøndersk haustdag. Eg sat i tredje etasje i eit raudmåla skulebygg. I klasserommet var unge rygger luta over pulten, med baken plassert på knirkete stolar. Framfor oss hadde vi blanke ark og eit oppgåvesett med heildagsprøve i norsk. Teksten som var plukka ut i oppgåva for litterær analyse, lyste med ei kraft som var langt sterkare enn lysstoffrøyra i taket. 

Det var då det byrja. Då skjedde det noko. Kanskje var det då musikken kom til deg. Der og då, og sidan har du ikkje komme deg klar. Og etterpå, etter at barneklubben i ungdomshuset var slutt, og du skulle gå heim. Alle skulle gå kvar til sitt, og ingen gjorde det. Då gjekk vi langs vegen. Då gjekk ein gjeng gutar og jenter langs vegen, bort frå der nokon budde, i retning av der andre budde.  

Eg hadde aldri høyrt om Jon Fosse før. Men eg hugsar at det stod at han var frå Strandebarm i Hardanger og var lærar på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Resten av dagen min handla om vegen langs fjorden, vinden og regnet og lyden av bølgjene som slo, og om den jenta, ho som hovudpersonen ikkje tør snakke til. Det er få forfattarar ein kan lese nokre få setningar av og straks merke eit temperament og ein stil som er så distinkt at han alltid liknar på seg sjølv. Fosse er ein slik forfattar. Mange år, og mange lesne bøker seinare, står framleis dette møtet, denne haustdagen, med eit utdrag frå romanen Naustet, som ein stad der noko byrja for meg.

Det var ikkje musikken som kom til meg, men nynorsken. Det hadde eigentleg vore på gang ei stund. På dette tidspunktet var nynorsk definitivt eit sidemål for meg. Eg voks opp i Trøndelag og hadde bokmål som opplæringsspråk l på skulen, men norsklæraren min var ei ivrig målkvinne. Ho sa at nynorsk passa for oss trønderar, fordi vi kan bruke både bøyingsmønster og ordstilling frå vår eiga dialekt. På den vidaregåande skulen eg gjekk på, fanst eit aktivt målungdomslag. Sjølv var eg open for det meste som var ukonvensjonelt, på den tida. Og nynorsk var definitivt motstraums i Orkdalen i 1990-åra. Men nynorsken var ikkje min. Eg skreiv ein hakkete nynorsk, full av bøyingsfeil og bokmålsord. Men Jon Fosse fekk både fjord, bølgjer, vind og regn – fenomen som definitivt er svært kvardagslege både i Trøndelag og på Vestlandet – til å kjennast som del av ei mystisk og samstundes uendeleg vakker verd. På grunn av han ville eg at nynorsk skulle vere mitt språk.  

Jon Fosse takka nynorsken då han fekk nobelprisen i litteratur. Og eg synest at alle vi som er glade i nynorsk, bør takke Jon Fosse for at han har brukt språket vårt på ein måte som ingen andre har gjort før han. Dette er første gongen ein nynorskforfattar får denne prisen. Og det er sensasjonelt for eit såpass lite språk.  

Denne trønderske haustdagen då eg las Jon Fosse for første gong, handla mykje om litterære verkemiddel, forteljarposisjon og ikkje minst bodskapen i teksten. Og det hadde jo vore ei god historie om denne dagen også var starten på mitt ønske om å skrive bøker sjølv, eller den dagen eg fann ut at eg ville bli journalist, eventuelt at læraren min etterpå kom bort til meg og sa at eg burde satse på skriving. Men det skjedde ikkje. Etter det eg kan hugse, fekk eg ei usedvanleg lunken tilbakemelding på teksten. Eg trur kanskje til og med læraren skreiv at dette med litterær analyse kanskje ikkje var det eg burde satse på framover. Og det gjorde eg jo heller ikkje. Men eg satsa på nynorsken.

Mi glede over nynorsk hadde sjølvsagt, og heldigvis, også andre kjelder, Olav H. Hauge og Ragnar Hovland, til dømes. Og det har stadig kome nye til, Kjartan Fløgstad, Olaug Nilssen, Gunhild Øyehaug og Agnes Ravatn, vekeavisa Dag og Tid, Syn og Segn og ikkje minst alle dei rare og festlege folka eg har treft innanfor nynorskverda. Vi som er opptatt av nynorsken, veit at framtida for språket vårt må sikrast gjennom lovverk og aktiv kulturpolitikk. Men vi kjem ingen veg utan kjærleik eller engasjement, og heller ikkje utan litteraturen. Denne hausten har det gått mang ein nynorsking og sett seg stolt i kring for Jon Fosses skuld. Eg satsar på at dette betyr ei lysande framtid for nynorsken og for Jon Fosse. I denne utgåva har Syn og Segn vore så heldige å få trykke ein tidlegare upublisert tekst av Jon Fosse, teaterteksten Leika leiken som han skreiv for Bergen Internasjonale Litteraturfestival. Dermed er Syn og Segn den første til å publisere ein tekst av den nyslåtte nobelprisvinnaren i litteratur.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar