Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Du og eg, Norsk Ordbog

Norsk Ordbog av Ivar Aasen, plar eg svara, når nokon spør kva bok eg hadde teke med meg til ei aud øy. Men meiner eg det?

Kristin Fridtun

Nokre folk er slik laga at dei ikkje finn hugnad i tankeeksperiment. Eg har røynt det sjølv og lese om det i boka Hvem er du? (2020) av Rolf Marvin Bøe Lindgren og Petter Schjerven. Der lærer me rett mykje om Dei fem store-modellen (eng. The big five), som ligg til grunn for mange personlegdomstestar.

            Fantasi er eit av draga som vert kartlagd i testane. Skåren vår fortel ikkje fyrst og fremst kor mykje fantasi me har, skriv Lindgren og Schjerven, men korleis me brukar han: «De som skårer høyt, er altså åpne for, og nysgjerrige på, spekulering, mens de som skårer lavt, i større grad ser på slikt som bortkastet tid. De kan la seg irritere over svevende drømmere og fantasifulle tankespill.»[1]

            Eg har høg skår på fantasi. Ja, eg er mellom dei femten prosent mest spekuleringsglade, om me skal tru testresultatet. Spørsmålet om kva bok eg ville ha teke med meg til ei aud øy, kan sysselsetja meg i timevis. Særleg om eg vert beden om å grunngje valet mitt.

Høgtida ‘gjøre Stads for En’

Eg skriv dette i juni 2023, nesten på dagen 150 år etter at det siste arket i Norsk Ordbog låg ferdig frå prenteverket (20. juni 1873).[2] Boka vert ofte rekna som eit av hovudverka – eller sjølve hovudverket – til Ivar Aasen. Den fulle tittelen er Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Då skjønar me kva opplegget er: Boka har oppslagsformer og bruksdøme på norsk (landsmål) og uttydingar på dansk.

            Presist kor mange oppslagsord ordboka har, er det ingen som veit for visst. Det er vanleg å seia kring 40 000 eller 45 000.[3] Hovudsaka er at det er mange ord. Eller nei, hovudsaka er at det ikkje er fleire ord enn det trass alt er, at Aasen greidde å styra seg. Tilfanget hans var ovstort, men boka er likevel ikkje større enn at ho lett får plass i eit berenett saman med solkrem og handklede, om nokon skulle vera så galne at dei vil ha henne til strandlesnad.

Ivar Aasen omtalte Norsk Ordbog som sitt største verk. Foto: Fri lisens

            Me som gjerne vil ha eit påskot til å skriva om ordboka, har mange merkedagar å velja mellom. For arbeidet stod på lenge. Berre eit par år etter at Aasen hadde gjeve ut Ordbog over det norske Folkesprog (1850), sat han med ei stor og ny ordsamling, og han harmast over at «saa mange ægte gode og gamle Ord» ikkje var komne med i ordboka.[4] Han hadde òg oppdaga at mange av oppslagsorda hadde fleire bruksområde og tydingar enn dei som var nemnde i boka. Dessutan tykte han ikkje at han hadde fått retteleg sving på uttydingane, og han var misnøgd med stavemåten til nokre av oppslagsorda. På toppen av det heile vart ordboka utseld heller snøgt.

            I staden for å laga eit tillegg til ordboka måtte han koma med ei omarbeidd og frittståande utgåve, fann han ut i 1855. Han gjekk i gang med å samla og sila tilfang og laga ei rad ulike register.

«det største og fornemste af mine Arbeider»

Sjølve bokskrivinga tok til i august 1865. I dagboka hans kan me sjå korleis arbeidet skreid fram. Den 11. mai 1869 var ein stor dag: «Endelig færdig med S», skriv han.[5] Det er bokstaven med avgjort flest oppslagsord. Den 4. desember 1869 var han ferdig med ø, som då var siste bokstaven. Høveleg nok hadde eg eit stykke om Norsk Ordbog på prent i Dag og Tid 4. desember 2009: «I dag er det hundre og førti år sidan Ivar Aasen gjorde ferdig manuskriptet til Norsk Ordbog» (frå ingressen). Men manuskriptet var ikkje prenteferdig den dagen. Mange rundar med omarbeiding og korrekturlesing stod att.

            Ordboka kom fyrst ut som åtte åtskilde hefte. Det fyrste låg føre 25. mars 1871. Det åttande og siste kom 21. juni 1873.

            Kvifor brukar eg tid på å syna kor digert og langdrygt arbeidet var? Det er då ålment kjent at Aasen var seig og disiplinert, ja, at han hadde ein umåteleg stor kapasitet for konsentrert slit, som Aasen-biograf Stephen J. Walton skriv.[6] Men dette prosjektet var stort sjølv til Aasen å vera. I eit brev til broren Jon I. Aasen omtalar han ordboka som «det største og fornemste af mine Arbeider».[7]

            Dette store og fornemme verket har vore med meg på kafear, scener, hytteturar, lesesalar, hotellrom og ei rad hyblar og heimekontor. Visst kan det vera med meg til ei øy.

Første side i første utgåve av Ivar Aasens Norsk Ordbog. Foto: Nasjonalbiblioteket/Skjermpump

Prøver eg å vera original?

Tankeleikar er best når dei lokkar fram artige og uventa svar. Og svara skal helst koma snøgt. Det er ikkje meininga at me skal kartleggja alle premissane for spørsmålet eller sitja og vega ulike framlegg mot kvarandre. Om nokon spør kven me helst vil sitja fast i heisen med, gjeld det å koka i hop eit svar, ikkje spørja og grava om kor lenge heisen står still, kor romsleg han er, eller om alarmknappen verkar. Dei opplagde svara er det òg klokt å styra unna, same kor sanne dei er. Det er keisamt når folk svarar at dei vil sitja fast i heisen med ektemaken.

            Kan henda er det opplagt og keisamt at den boka eg ville ha teke med meg til ei aud øy, er ei Aasen-ordbok. Men det å gå for sjangeren ordbok er vel temmeleg uvanleg, statistisk sett. Eg trur det er vanlegare å vilja ta med seg eit stort, forteljande verk som ein kan søkka ned i og vera i lenge, gjerne noko medrivande som får ein til å gløyma tid og stad. Eller seier eg det fordi eg vil få mitt eige svar til å verka meir originalt? Og fordi det gjev meg høve til å seia at eg synest at ordbøker er skikkeleg medrivande?

            Svara me kjem med i slike tankeleikar, seier rett mykje om oss sjølve. Det er gaman og sjølvframstilling i éin smekk.

            Gjennom å svara «Norsk Ordbog» kan eg lett og greitt få fram at eg er alvorleg interessert i språk, framfor alt nynorsk, og at eg ikkje støkk av store, gamle bøker. Eg vedgår gjerne at eg likar å verta oppfatta som ein litt rar gluping. Men er det difor eg vel Norsk Ordbog? Nei, eg trur, med handa på hjarta, at det er omsynet til mitt eige velvære på øya som veg tyngst. Norsk Ordbog er etter alt å døma den boka som kan gje meg mest glede, kveik og trøyst over lengst tid.

            Og det er ikkje berre fordi eg synest det er spanande med språk. Særs mange trådar i livet mitt har eit feste i denne boka.

Romantikar, ja visst

Morssida mi, farssida mi, dei formative tjueåra, kjærastar, viktige skriveprosjekt – alt heng på eit eller anna vis i hop med Norsk Ordbog. Det slitne eksemplaret mitt er ein minnebank.

Nokre av koplingane mellom boka og livet mitt kan verka søkte, men det er no eingong slik at eg tenkjer på Ivar Aasen så godt som kvar dag. Dimed har han fått ein finger med i mange minne. Når eg sit åleine på øya og ventar på å døy (eg er særs upraktisk og overlever nok ikkje lenge), vil eg gjerne ha med meg ei bok som rommar flest mogleg sider av livet mitt og bind meg i hop med mange menneske.

I Norsk Ordbog renn slekta til far min og mor mi saman. Farssida er full av nynorskbrukarar, og endå eg er oppvaksen i bokmålsland, lærte eg tidleg å vyrda Ivar Aasen og vera stolt over at eg er fjernt i slekt med målfolk som få har høyrt om i dag.

Kristin Fridtun er i slekt med Rasmus Flo. Og det er forfattar Gunhild Øyehaug og. Foto: Helge Skodvin/Kolon Forlag

            Attover i greina til farfar min, som kom frå garden Fridtun på Flo i Stryn, finn me til dømes Rasmus Flo (1851–1905), som saman med Arne Garborg utforma midlandsnormalen og grunnla Syn og Segn (der var Moltke Moe òg med). Rasmus var bror til tipptippoldemor mi Anne, og eg har skrytt mykje av dette slektskapsbandet. Nyleg vart eg merksam på at Gunnhild Øyehaug òg plar skryta av at ho er i slekt med Rasmus Flo. Me er bundne saman gjennom mor til Rasmus, Ragnhild Amundsdotter Flo (1807–1896). Med mindre Gunnhild og eg har gått oss vill i alle lekkane, er Ragnhild vår sams tipptipptippoldemor.

            Medan skrivehugen min truleg kjem frå farssida, kjem talemålet mitt frå morssida. I dag er målet mitt ei blanding av så mangt, men i botnen ligg stangedialekta til mor og mormor. Ein av grunnane til at eg bytte hovudmål frå bokmål til nynorsk då eg var nitten, var at eg endeleg såg samanhengen mellom nynorsken og talemålet på flatbygdene og fekk brennande lyst til å skriva slikt som eg før berre hadde sagt.

            Til dømes att. Ein kan bruka att i bokmål òg («få att penger»), men kor mange gjer det? Eg tykkjer framleis, etter sytten år som nynorsking, at det er digg å kunna skriva setningar som «ho gløymde att veska si», «kan du ta att døra?» og «så fint å sjå deg att». Takk, Ivar Aasen.

Ordbokstund med bestemor

Like etter målbytet mitt spurde mormor (f. 1933) meg om kvifor i all verda eg skreiv nynorsk. Skriving driv ho knapt med sjølv, og ho har ofte fortalt om kor keitt det var å skriva på skulen, der ho ikkje fekk lov til å bruka den handa som for henne var rett (venstre).

Eg sa at noko av det beste med nynorsk var at eg kunne bruka ord frå dialekta vår. Så sprang eg og henta eksemplaret mitt av Norsk Ordbog (2003-utgåva, redigert av Kristoffer Kruken og Terje Aarset) og sette meg attmed henne. Sei nokre ord, sa eg, så skal du sjå at dei står inni her!

            Kva ord me var innom, hugsar eg ikkje grant, men eg gissar at nokre av dei nedanfor var med (måleføreforma står i kursiv, oppslagsform i NO i feit, så utdrag frå uttydinga): enkomst (einkom, enkom ‘ene og alene, kun for een Tings Skyld’), hævle (hevla ‘give sig, sagtne, stilles; standse i Farten’), åkkle (okla ‘Ankel, Fodled’), trevali (travarleg, travleg ‘møisom, besværlig’), ugjæl (ugjerd ‘Uskik, slet Brug el. Maneer’) og unau (unaadig ‘urolig, utaalig, skrigende; om spæde Børn’).

            I dag finn eg nokre av desse orda i Bokmålsordboka òg, men mormor hadde aldri sett dei i ei ordbok før. «Kan du skriva dette?» sa ho.

Huglagd ‘elsket, paatænkt med Kjærlighed’

At Norsk Ordbog har vikla seg inn i kjærleikslivet mitt, er heller ikkje så underleg, for det einaste som hugtek meg like mykje som nynorsk, er kvinner. Dei som var saman med meg i den nyfrelste perioden min, vart lei av gnålet mitt om Aasen og tilvisingane mine til ordboka. Eg vart vonbroten der og då, men no i ettertid skjønar eg dei godt. Ho eg er gift med, har aldri vorte lei, men etter eit par månaders sambuarskap la ho ned forbod mot å slå opp i ordbøker ved middagsbordet.

Jamvel kjønnsidentiteten min og godhugen min for norsk transrørsle har eit band til ordboka. I 2015 gav eg ut boka Kjønn og ukjønn, som krinsar om ein merknad som står i artikkelen om kjønn (landsmål kyn) i Norsk Ordbog. Aasen opplyste der at ordet kjønn «er lidet brugeligt». Med det meinte han at ordet var lite i bruk i målføra.

Det tyder ikkje at verda var fri for normer og førestillingar om kjønn på 1800-talet. Slikt hadde dei i fullt mål. Folk nytta berre andre ord når dei prata om det.

Opplysninga skok meg likevel. Eg var så lei av å kava med min eigen kjønnsidentitet og få kommentarar om den kjønnslege framtoningen min, og ei verd der ordet kjønn ikkje vart nemnt, læt som ein draum. Dimed skreiv eg ei bok om historia til kjønn, med merknaden i Norsk Ordbog som raud tråd. Og eg hadde den beste og skeivaste sleppfesten eg har hatt til no. Tina Åmodt las, og eg hadde ein panelsamtale med Luca Dalen Espseth og Christine Marie Jentoft.

            Men skal eg berre sitja med boka i fanget og mimra der ute på øya? Kva med å faktisk lesa i henne?

Frå A til Øyværing

Eg kjem til å trenga pausar frå kjenslestormane mine, og Norsk Ordbog bognar av intellektuelt stimulerande tilfang. Fortalen, til dømes. Her skriv Aasen klårt og klokt om ordboka, språkstoda og avgjerdene han har teke. Eg kan ikkje skjøna anna enn at det beste og syrlegaste som er skrive om etymologi, står her:

Ordenes Oprindelse er noget, som Folk jævnlig spørge om; men det er da ogsaa en Sag, som ofte er saa dunkel, at man ikke tør sige noget derom. (…) Det er derfor ærgerligt, at man skal see saa mange falske Afledninger paa Prent og endog i Bøger, som netop skulde give Oplysning om Sproget, idet der rask væk opstilles Forklaringer, hvori der ikke er taget det mindste Hensyn til Ordenes gamle Form eller til de beslægtede Sprog. Det var dog bedre at beholde sine Tanker for sig selv end at lede sine Læsere på Afveie ved falske Formodninger.[8]

Og så har me dei kring 45 000 oppslagsorda, som går frå A til – eg tullar ikkje – Øyværing (‘Øeboer’). Kan henda rekk eg å lesa boka frå perm til perm både framlengs og baklengs før eg kreperer, men det morosamaste er å slå opp på ein vilkårleg stad og lata assosiasjonane ta meg vidare derfrå. Eg har alt oppdaga mange gilde ord og råkande definisjonar på det viset.

            Noko av det Aasen la mest vekt på i ordbokarbeidet, var nettopp definisjonane. Dei er stutthogne og presise. Men det som òg er fint, i alle fall når ein sit på ei folketom øy og treng tidtrøyte, er at mange av definisjonane ber i seg kimen til små scener og forteljingar:

Bein, n. Been, Knogle. G. N. bein. Paa Østlandet ogsaa i Betydningen: Fod (Læg), som paa andre Steder er fremmedt og ofte giver Anledning til Misforstaaelse.

gardfløygd, adj. om et Kreatur, som har vant sig til at springe over Gjærderne. Nordre Berg. Paa Toten: gardfløyg. Andre St. gardløypt, Tel. gardhard (garhar), Smaal. gardill (garill), Lister.

Klumsebite (i’), m. Middel hvorved man faar En til at tie. I Spøg om en Skræmsel, eller ogsaa en Gave, som En har faaet for at holde sin Mund og ikke klage. Oftest Klumsabite. Nordre Berg. I Stjordalen Klaambaattaa, maaske med anden Betydning.

Øydeluft, f. Usund Luft i et Rum som har staaet længe tomt og tillukket. Nogle St. Øydnelukt.

Eg kan levande sjå føre meg at eg sit på øya og drøymer og diktar, syg til meg nye ord og kjenner meg rik som har teke med meg så godt som eit heilt språk.

Kjem eg til å verta lei av boka? Det vil eg tru. Men eg kjem neppe til å angra på valet.

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
Foto av Kristin Fridtun: Linda Bournane Engelberth

Litteratur

Djupedal, Reidar (utgj.) (1958.) Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Band 2. Oslo: Samlaget.

Djupedal, Reidar (utgj.) (1960). Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Band 3. Oslo: Samlaget.

Lindgren, Rolf Marvin Bøe og Petter Schjerven (2020). Hvem er du? Hvordan forstå deg sjølv – og alle andre. Bergen: Vigmostad & Bjørke.

Walton, Stephen J. (1996). Ivar Aasens kropp. Oslo: Samlaget.

Aasen, Ivar (2003). Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Ny utgåve ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset. Oslo: Samlaget.

Notar


[1] Lindgren og Schjerven (2020, 38)

[2] Det eg skriv om ordboka i denne artikkelen, byggjer på Stephen J. Walton si utgreiing i biografien Ivar Aasens kropp (1996, 524–555) og innleiinga til Kristoffer Kruken og Terje Aarset i Norsk Ordbog (2003, IX–XXXVI).

[3] Nynorsk kultursentrum nemner talet 40 000 på nettsida om Norsk Ordbog (https://nynorsk.no/om-nynorsk/ivar-aasen/dikt-og-verk/norsk-ordbog/), sett 24.6.2023. I føreordet til 2003-utgåva nyttar Kruken og Aarset talet 45 000. Sjå òg Walton (1996, 543–544).

[4] Aasen (2003, 3)

[5] Djupedal (1960, 272)

[6] Walton (1996, 534)

[7] Djupedal (1958, 118)

[8] Aasen (2003, 13)

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar