Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

– Eg trur ikkje vi forstår det enno

Gina Winje jobbar som agent for Jon Fosses forfattarskap internasjonalt. Ho har travle dagar.

Nobelprisen løftar dette til eit heilt anna nivå enn før. Eg trur ikkje vi forstår det enno. Alle forlag som har gitt ut Fosse før, vil gi ut meir, seier Gina Winje i Winje Agency.

– Eg jobba særleg mykje med å selje Septologien då den kom, og merkar at det no kjem til å opne seg nye språkområde for litteraturen hans, der det tidlegare ikkje er gjort noko. Det er ikkje eg som må gjere innsalet no. Nobelprisen har ein heilt eigen aura. Det er ein heilt spesiell døropnar ut i verda.

– Men viss vi ser på tida før prisen, kva var det som gjorde at Septologien slo så godt an?

– Det er jo dei gode kritikkane, då. Og så handlar det om at ein må ha gode forleggjarar og gode omsetjarar. Det handlar også om å kome inn i den pågåande samtalen om litteraturen. Det som har skjedd med Fosse dei siste åra, er at samtalen om litteraturen hans har blitt veldig internasjonal: Heile verda har lese Fosse saman. Det har stått svært rosande omtalar av bøkene hans i The Guardian, i New York Times og i The New Yorker, og folk over heile verda har lese det. Ein skal aldri undervurdere samspelet i den litterære samtalen. Det at begeistringa for Fosse er så stor overalt, handlar om at han har ei eiga litterær røyst. Denne røysta byd heile verda på noko som trengst. Ein blir, som ein seier, invitert inn i dette Fosse-universet som er så unikt og fint, anten ein er i Hardanger eller i Mongolia. Det er universelt, seier Winje.

Intervjuet vart først publisert i Syn og Segn 4/2023.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar