Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

– Ein kjem ingen veg utan handverket. Ein må ha det med for å kunne lage kunst

Folkemusikar Benedicte Maurseth lyttar på ein heilt spesiell måte når ho høyrer slåttespel.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Du er kunstnar og likar kanskje ikkje å snakke om felespel som eit handverk?

– Ein kjem ingen veg utan handverket. Ein må ha det med for å kunne lage kunst. Det er det første. Forskjellen er ikkje så stor, eigentleg. For ein felespelar er handverket samansett. Du har det fysiske instrumentet: bogen, fela, kroppen din, hender, øyre, pusten og minnet ditt. Ein brukar mange år på å trene til det blir ein automatikk i det. Kroppen hugsar korleis du gjer det. Det er også innsikt i sjølve handverket, ein må ha eit repertoar, ei stilforståing og så må ein kunne historia knytt til stilen, i mitt tilfelle er det slåttemusikken frå Hardanger. Ein må også få erfaring med å framføre for publikum og ikkje berre sitte for seg sjølv. Det tek eit heilt liv å lære sjølve handverket. Det med uttrykk og musisering kjem parallelt. Du kan uttrykke deg utan å kunne sjølve handverket, lage lyd, improvisere og utforske. Men for å spele ein slått må du lære handverket først.

Om eg høyrer slåttemusikk, ser eg han også for meg i hovudet

– Det lønner seg kanskje å vere i god form?

– Det er viktig å vere i god form fysisk, og meir generelt. Jo meir avslappa ein er, jo betre. Som strykar er ein jo også utsett for belastningar på grunn av måten ein held instrumentet på, ein får lett vondt i nakke og skuldrer, eller ein får nedsett høyrsle. Då blir ein meir fleksibel i kroppen. Det er også ein fordel å ha det bra mentalt. Det er like viktig å trene sinn og konsentrasjon, anten det er gjennom meditasjon eller gjennom å gå i fjellet. Ein må kunne vere veldig til stades, sjølv om ein er glad i musikken, så er det ikkje gitt at ein klarer det.

– Vi som ikkje er musikarar, lyttar til musikken med øyret, kanskje hovudet. Lyttar du på ein annan måte?

– Om eg høyrer slåttemusikk, ser eg han også for meg i hovudet. Eg brukar ikkje notar, men lærer alt på øyret. Eg har visuelt minne, eg ser for meg korleis eg skal gjere det. Når det gjeld annan musikk, lyttar eg meir distansert. Når det er slåttespel, klarar eg ikkje distansere meg. Det blir veldig fort analytisk, det er slik og slik klang, han gjorde det og det. Eg lyttar elles på ulike måtar, nokon gongar er det musikk som går i bakgrunnen. Andre gongar er det meir bevisst lytting, for å få påfyll og idear, for å finne ut kva som er mogleg å gjere. Ein må opne medvitet for å unngå å gjenta seg sjølv, sjølv om ein sjølvsagt alltid gjer det. Tidlegare var slåttespelet veldig tett knytt opp til funksjon; ein skulle spele til bryllaup, spele til dans, eller spele for at nokon skulle smake på ølet. No spelar ein stort sett på konsertar, til utgivingar eller kanskje til dans. Ein lyttar annleis til musikken når ein dansar.

Foto: Ingvill Skeie Ljones

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar