Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Subjektiv kulturkrigar

Danby Chois bok Kanseller meg hvis du kan er eit spegelbilete av problemet den kritiserer, men den legg opp til ein diskusjon om ytringsfridom som samfunnet openbert treng å ta.

Anja Sletteland

I boka Kanseller meg hvis du kan tek redaktøren i kulturavisa Subjekt Danby Choi eit oppgjer med det han meiner er ei autoritær dreiing i offentlegheita, kulturfeltet og delar av akademia, der forfattaren legg skulda på «woke» og identitetspolitikk. Problemet er at Choi ikkje ser at han sjølv er ein del av den same kulturen og på fleire måtar står fram som eit spegelbilete av aktivistane han kritiserer. Boka er likevel viktig lesnad fordi forfattaren legg alle korta på bordet, så det blir mogleg å diskutera både premissen og argumentasjonen.

Det problematiske her er at Choi krev at hans eiga, spesifikke tolking av både ytringsfridom og diskriminering skal reknast som den einaste legitime posisjonen

Choi blir ofte misforstått som ein representant for ytre høgre, ettersom hans tydelegaste prosjekt synest å vera å kritisera nye sosiale rørsler som åtvarar mot strukturell rasisme, sexisme, homofobi og transfobi. Han argumenterer overtydande for at verdisynet hans snarare er det motsette. For det første representerer han ein klassisk liberalistisk ståstad, og den fremste kampsaka hans er å forsvara ytringsfridommen. For det andre er han kritisk til diskriminering, berre på ein annan måte enn dei han kallar «wokistane».

Begge desse posisjonane er, etter mitt syn, heilt legitime. Det problematiske her er at Choi krev at hans eiga, spesifikke tolking av både ytringsfridom og diskriminering skal reknast som den einaste legitime posisjonen, og at samfunnet skal behandla motstandarane hans som ein trussel mot ytringsfridommen.

Konfliktens kjerne

Akkurat kva Choi og meiningsmotstandarane hans eigentleg er usamde om, kjem berre fram mellom linjene i boka. Choi trekkjer fram ei rekkje døme på «woke» utsegn, men han prøver aldri å forstå kva dei faktisk seier. Han hevdar at identitetspolitiske aktivistar konstruerer problem som ikkje finst, berre for å sjølv framstå som «dei gode», og at dei stigmatiserer andre som vil snakka om reelle problem, som «dei vonde». Som døme viser han til at han ofte blir skulda for å vera rasist eller fascist når han tek til motmæle.

Eg har forska på ugjennomtrengjelege konfliktar i mange år, og har følgt med på dei fleste av debattane som Choi skriv om i boka. Viss eg skulle forklara konflikten mellom Choi og meiningsmotstandarane hans veldig kort, ville eg starta med kvifor dei ønskjer å ekskludera kvarandre frå samtalen.

Den britiske antropologen Mary Douglas viste i det banebrytande verket Reint og ureint frå 1966 at kva sosiale fenomen ein ønskjer å kvitta seg med, altså kva ein ser på som ureint, heng saman med grunnleggjande oppfatningar om samfunnet. Douglas syner at folk tek avstand frå «det ureine» ut frå to ulike ordenar i samfunnet, som ho forklarer med den enkle analogien hierarki og symmetri.

Med bakgrunn i denne modellen kan posisjonen til Danby Choi forklarast ut frå eit symmetrisk samfunnssyn: Han tek utgangspunkt i at menneske er frie og like, noko som gjer at grupper som får eit moralsk overtak i samfunnsdebatten, truar likeverdet til andre. Alle teikn til overtak blir dermed «ureine» element som må vaskast bort. Gruppa som Choi kallar «woke», opplever samfunnet som hierarkisk og urettferdig, og kjempar for likeverd for utsette grupper. Frå deira perspektiv er det «anti-woke»-krefter som truar ytringsfridommen og kampen for likeverd, og som derfor framstår som ureine. 

Sjølv meiner eg at begge posisjonane gir meining på sine eigne premissar og burde vera legitime å fremja i offentlegheita. Utfordringa er at konfliktar som spring ut av motstridande samfunnsordenar, set i verk sanksjonar mot «dei ureine» som verkar heilt urimelege for dei som blir ramma. Det fører raskt til ein negativ spiral av fiendskap.

Kanselleringskultur utan nyansar

Kanseller meg hvis du kan handlar, ikkje overraskande, om fenomenet kjent som kanselleringskultur. Omgrepet viser til kampanjar for å stilna meiningsmotstandarar som særleg er utbreidde i USA, der arbeidstakarar knapt har noko stillingsvern og politikken er organisert som ein kamp mellom «dei gode» og «dei vonde». I boka åtvarar Choi om at denne kulturen er på frammarsj i Noreg. Eg er i utgangspunktet samd i at det finst tendensar til ein slik kultur, men ikkje i analysen til Choi av korleis den ser ut, eller korleis den fungerer.

Choi trekkjer fram ganske mange døme på eksklusjonsforsøk frå «wokistar» som samla utgjer «kanselleringskulturen» han åtvarar mot. Døma kjenner eg igjen frå mi eiga forsking på korleis grupper prøver å ekskludera stemmene til andre i samfunnsdebatten. I dette arbeidet har eg funne tre utbreidde strategiar, som eg har kalla antagonisme, McCarthyisme og paternalisme.

Antagonisme er ein uunngåeleg strategi for alle som vil uttala seg i ei konfliktsak: Ved å beskriva sin eigen posisjon må ein både framstilla nokon som «motstandaren» og – medvite eller umedvite – usynleggjera alle dei som ikkje passar inn i konfliktaksen. McCarthyisme handlar om å aktivt prøva å hindra motstandarar frå å komma til orde, og er ein strategi mange nyttar når dei kjenner seg eksistensielt trua. Paternalisme er ein meir liberal strategi som er særleg effektiv i spørsmål eller tidsperiodar der mange er årvakne for og kritiske til McCarthyisme. Denne strategien går ut på å ta eigarskap til liberale verdiar som ytringsfridom og mangfald, og bruka dei til å definera saka som skal diskuterast, og til å bestemma kven som får lov til å seia kva, og på kva måte.

Spegelbiletet

I boka gjer Choi seg skuldig i alle dei tre hovudformene for eksklusjon. Antagonismen hans mot woke og identitetspolitikk framstiller ei veldig samansett rørsle som uniform, dogmatisk og autoritær. Når han enkelte stader får med seg at det finst intern usemje i denne leiren, tolkar han det som «dobbeltmoralisme». Det rigide tolkingsskjemaet til Choi gjer at han systematisk misforstår og mistenkeleggjer heilt vanlege ytringar om likeverd.

Choi argumenterer eksplisitt for å innføra McCarthyistiske tiltak for å få bukt med woke. Han hevdar at det «må vurderast som ein ny og avgjerande leiarkompetanse å stå imot det identitetspolitiske presset», og krev at «institusjonane våre» må læra seg å «omgå og om nødvendig heilt ignorera pøbelropa». Han krev også at resten av pressa skal oppfatta språkbruken til wokistane som «manipulerande teknikkar».

Prosjektet i boka er gjennomført paternalistisk. Hovudstrategien til forfattaren er å definera formålet med og rammene for ytringsfridommen og krevja at alle rettar seg etter spelereglane han har teikna opp. Dermed gjer han «ytringsfridom» til eit våpenomgrep for å delegitimera motstandarar, som er akkurat det same som han skuldar wokistane for å gjera med omgrepet «rasisme».

Forfattarens spelereglar for samfunnsdebatten byggjer på den kjende «trykkokar-teorien». Denne teorien seier at ekstreme ytringar må ventilerast i offentlegheita for å unngå at dei «eksploderer» og konfliktar eskalerer til vald. Det har vore mykje debatt om denne teorien, særleg i åra etter 22. juli. Motstykket til trykkokar-teorien seier at ekstreme haldningar snarare blir normaliserte når dei får fritt spelerom i offentlegheita. Sjølv trur eg svaret er kontekstavhengig og noko som bør diskuterast vidare. Men Choi framstiller trykkokar-teorien som det einaste legitime synet og avfeiar normalisering som noko den amerikanske høgresida trur på.

Ungdomsskule på speed

Så kva ligg bak Danby Chois aggressive oppgjer med woke? Han gir eit detaljert, om enn ikkje så reflektert, svar i boka. Det heile starta med den såkalla kulturprofil-saka, der Gaute Drevdal, tidlegare redaktør for Natt og Dag, blei skulda for ei rekkje seksuelle overgrep og seinare dømt.[1] Choi var ein del av det same miljøet og kjende både Drevdal og fleire av kvinnene godt. Så snart rykta om valdtekt begynte å svirra, var det som ei bombe detonerte og sprengde heile vennekretsen hans i filler.

Choi beskriv kulturen i dette miljøet som ein ungdomsskule på speed der ingen vaksne var til stades. Dei var unge og rusa og la sjela i det å vera innafor, blant «dei kule» som likte dei rette tinga og stod for dei rette verdiane. Då Choi trudde meir på Drevdal enn på kvinnene, om enn nølande, hamna han på «feil side» og blei rekna som urein. Seinare tok Choi med seg den same logikken inn i offentlegheita. Boka gir inntrykk av at han i dag tolkar heile samfunnsdebatten som om den var ein konkurranse om moralsk og kulturell kapital, der han søkjer oppreising etter eit smertefullt tap.

Eit gutturalt brøl

For lesarar som berre kjenner til, og kanskje støttar, ei av sidene i denne konflikten, vil nok boka berre stadfesta utgangsposisjonen deira: Anten er Choi ein modig krigar som står imot press frå dei moralposerande wokistane som truar ytringsfridommen, eller så er boka eit systematisk angrep på ytringsfridommen til aktivistar som kjempar for utsette grupper.

Eg les den mest som eit uttrykk for ein ganske forståeleg frustrasjon som kanskje dei fleste som deltek aktivt i kulturkrigen, har kjent på kroppen. Boka er skriven som ein tirade, nærast eit gutturalt brøl i tekstform, som eg meiner er ein heilt adekvat reaksjon på kor frykteleg det faktisk kan kjennast å bli behandla som «urein».

Choi sjølv vil nok neppe gå god for ein slik lesnad, ettersom han hevdar å vera den saklege og objektive i dette sakskomplekset. Men i motsetnad til han meiner eg at det er lov å brøla. I alle fall ei stund. Så burde vi begynna å diskutera strukturelle vilkår for å løysa konfliktane som Choi så aktivt bidreg til med denne boka.  

*

Anja Sletteland er ekspert på kommunikasjon i konfliktsituasjonar. Ho har mellom anna skrive doktorgrad om kampen om korleis Israel–Palestina-konflikten skal løysast, og to bøker om korleis seksuell trakassering kan gjerast til eit meir handterleg problem.

Foto: Astrid Waller/Aschehoug

Litteratur:

Choi, Danby. 2023. Kanseller meg hvis du kan. Mitt oppgjør med woke. Aschehoug

Douglas, Mary. 1966/1997. Rent og urent. En analyse av forestillinger omkring urenhet og tabu. Pax Labyrint


[1] Gaute Drevdal blei dømt i tingretten for ni valdtekter og seksuell omgang med ein mindreårig. Han anka saka til lagmannsretten, der han blei dømt til fengsel og erstatning for ei valdtekt og seksuell omgang med ein mindreårig, dømt til erstatning for fire valdtekter og frifunnen for fire av valdtektene på bakgrunn av bevisstillinga.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar