Frå Utgåve 2-21
Skrive av Lene Wetteland

Ingenting er sant, og alt er mogleg

Russiske nettroll og nyttige idiotar er sysselsette i nettverk og påverknadsoperasjonar så omfattande at det er vanskeleg å tru at det er sant. Men ønsket om å bevara ei stormakt eller ein milliardformue er ein sterk motivasjon for mektige menn med ei rekkje verktøy for handa.

To russiske oligarkar med lang fartstid frå mafiaverksemd i Russland og kvitvasking av skitne pengar i Europa kjøper tilsynelatande utan store problem eit selskap i Noreg. Selskapet driv vedlikehald av teknologi for forsvaret til fleire NATO-land. Fleire uavhengige kjelder viser at dei to er tett knytte til det russiske regimet og forretningsmenn som er etterlyste internasjonalt for organisert kriminalitet. Lovgjeving om trygging av nasjonale interesser blir først ikkje sett som relevant i samband med kjøpet, men blir teken fram etter sterke reaksjonar i opposisjonen. Nokre månader tidlegare var Stortinget hacka av russiske krefter. Ein ingeniør i eit oljeselskap blei teken på fersken i det han hadde eitt av fleire møte med ein etterretningsoffiser frå den russiske ambassaden.

Samstundes, i ein straffekoloni i Russland, sit ein russisk korrupsjonsaktivist fengsla. Han har avdekt og publisert delar av dette omfattande nettverket av korrupsjon, nepotisme og kvitvasking heilt opp til presidenten. Dommen er frå ei sak som Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) seier er grunnlaus og politisk motivert. Han er funnen skuldig i ikkje å ha overhalde meldeplikta då han var i koma etter å ha blitt forgifta med ei nervegift som den russiske etterretninga er kjend for å bruka. Gifta hadde nokon plassert i trusa hans.

Det er vanskeleg å skilje fakta frå spekulasjonar når ein skriv om russisk etterretning, skriv Lene Wetteland. 

Det kunne ha vore plottet i ein litt for fantasifull episode av Netflix-serien om dei sovjetiske agentane i «The Americans», eller i ein Hollywood-film. Men det er hendingar frå nokre veker i byrjinga av 2021 i Noreg og nabolandet vårt Russland. Røynda kan verkeleg overgå fantasien når det gjeld russisk organisert kriminalitet og etterretning, og konspirasjonsteoriane står heller ikkje til sida for nokon av dei. Den britiske journalisten og forfattaren Peter Pomerantsev oppsummerer det godt med tittelen på si bok frå 2014: «Nothing is true and everything is possible.»[i]

Det er ikkje utan grunn at tallause bøker, seriar og filmar handlar om russisk spionasje og organisert kriminalitet. Spektakulære drap og drapsforsøk, kuppforsøk og skuldingar om å ha påverka presidentvalet i USA ved hjelp av trollfabrikkar og sosiale medium er både tragisk og inspirerande for kreative sjeler. Det gjer det sjølvsagt ikkje enklare å skilja mellom kva som er fakta, og kva som er spekulasjonar. Det verste er kanskje at altfor mykje av det er sant.

Høg risiko, høg vinst

Dagens russiske etterretning har ei lang historie og ein tradisjon tilbake til Sovjetunionen. Sjølv om namnet er endra frå KGB[ii] til FSB[iii], er hovudkvarteret Lubjanka det same, mykje av innhaldet er det same, og ein tidlegare KGB-agent er no president i landet. I tillegg har han teke med seg mange såkalla siloviki[iv] frå sitt eige nettverk til sentrale posisjonar både innanfor etterretning, regjering, føderal administrasjon og forretningsliv. Den sovjetiske etterretninga var tett knytt til det kommunistiske partiet den gongen, og avgjerande for å vedlikehalda det sovjetiske samfunnet som var basert på propaganda, frykt, straff og angiveri både heime og ute.

Dei russiske ekspertane Irina Borogan og Andrej Soldatov har skrive fleire bøker og artiklar om den sovjetiske og russiske etterretninga. Dei har ei slåande skildring av korleis etterretninga reagerte då resten av samfunnet opna opp etter at Sovjetunionen kollapsa på nittitalet. Sjefen for utanlandsetterretninga i KGB er sitert slik i boka deira Compatriots[v]: «[…] Avdeling A genererer og formulerer idear, produserer falske artiklar og publiserer litteratur og medierapportar under falskt namn. Sjebarsjin var blitt overtydd om at KGB (red.anm.) berre kunne bli redda gjennom å føre offentlegheita bak lyset, med andre ord gjennom å bruke dei metodane som KGBs avdeling A hadde brukt i utlandet gjennom fleire tiår.»

På mange måtar kan ein seia at dei lukkast, og situasjonen er lik både i utlandet og heime. Det er både ekstern, intern og ikkje minst personleg vinst og motivasjon som ligg til grunn for eit slikt opplegg.

Alle statar har som openberr oppgåve å verna om nasjonale interesser internasjonalt. Sovjetunionen var med alle sine manglar trass alt ei stormakt, frykta og respektert internasjonalt. Russland som arvtakarstat har mista mykje av dette og legg mykje av skulda på Boris Jeltsins framferd som president på nittitalet. Russiske styresmakter med Putin i førarsetet skal no reisa seg frå kneståande, som det heiter – og gjenreisa respekten for stormakta på fleire område, gjennom både militær slagkraft, økonomiske musklar og verdikrig i verdsopinionen. Russisk språk og populærkultur er framleis viktige element i det nære utland, det som tidlegare var Sovjetunionen. Etterretning og påverknad er viktige verktøy innanfor alle desse områda.

Ytre og indre fiendar

Eksterne forhold er gjerne først og fremst styrte av interne, og russiske styresmakter har sitt å styra med på heimebane. Økonomien har svikta, Russland sakkar etter på fleire område, og COVID-19-pandemien har for alvor vist kva for store utfordringar infrastruktur, sosiale tenester og helsevesen har. Stadig fleire russiske borgarar er blitt medvitne om rettane sine og krev dei i ord og handling, gjennom protestar på nett og i gatene også før pandemien slo til. Til og med gjennom val i ulike byar og fylke har kandidatar som ikkje er blitt førehandsgodkjende av regimet, blitt stemde fram til maktposisjon. Kritikken byrjar også å retta seg mot den allmektige Vladimir Putin. Under slike forhold er det alltid nyttig med ein felles fiende, gjerne ein som ein kan skulda for å samarbeida med det internasjonale samfunnet – som ikkje viser den respekten dei meiner er fortent.

Eit vasskilje for det russiske regimet var Bolotnaja-demonstrasjonane i Moskva i 2011 og 2012. Her viste folk gjennom masseprotestar at dei gjennomskoda Putins og Medvedevs pardans då dei bytte roller for ein presidentperiode. Sidan den gong har Putin og hans næraste frykta dei konsekvensane protestane kunne få, og stramma inn på fleire frontar. Føremålet er å straffa og isolera dei som tenkjer annleis, gjennom undertrykkjande lovgjeving, truslar og propaganda, og undergrava føremonane ved det demokratiske samfunnet dei promoterer. Slik vil dei visa at den russiske vegen er den beste, og at dei som kritiserer denne vegen, er forrædarar.

Mange av desse lovene er vage, definisjonane uklare og krava uoppnåelege. Som resultat er det nærast umogleg for ein russisk borgar å arrangera eller delta i ein demonstrasjon, eller å tileigna seg og dela kritisk informasjon. Endå vanskelegare er det for dei meir organiserte gruppene som er underlagde lovene om «utanlandske agentar» og «internasjonale uønskte organisasjonar».

Røynda kan verkeleg overgå fantasien, skriv Lene Wetteland. Foto: Unsplash

Organisasjonar som mottek midlar frå utlandet og driv såkalla politisk aktivitet, er sidan 2012 blitt tvinga til å klistra merkelappen «utanlandsk agent» på aktivitetane sine. Som konsekvens må dei underleggja seg urimelege rapporteringskrav og avgrensingar i aktivitet. Merkelappen stammar frå den kalde krigens dagar. Då vart alle som hadde kontakt med omverda, rekna som ein utanlandsk agent som bidrog til å undergrava det sovjetiske paradiset. I dag vekkjer merkelappen framleis slike assosiasjonar. Han er meint å byggja opp under påstanden om at ingen russarar ville ha kome med kritikk av eige regime, om det ikkje var for at dei er kjøpte og betalte av utanlandske statar og interesser. Det same er tilfellet med lova om uønskte internasjonale organisasjonar. Den gjer at ein russisk borgar risikerer fengsel og bøter dersom vedkomande har kontakt med ein slik internasjonal organisasjon.

Påstanden står sjølvsagt i grell kontrast til alt det desse aktivistane risikerer og utset seg og dei næraste for. Deira føremål er å gjera Russland betre for alle innbyggjarar, ikkje berre for dei med pengar og dei rette kontaktane. Opposisjonspolitikaren Boris Nemtsov, som blei drepen på open gate i Moskva 27. februar 2015, sa at hans mål eigentleg berre var at han ville bu i eit land som barna hans ikkje hadde lyst til å reisa frå. For slike utsegner blei han skoten fire gonger i ryggen rett utanfor Kremls veggar, og bakmennene er enno ikkje straffa. Titals journalistar, aktivistar, opposisjonspolitikarar og andre som har snakka ut, er blitt utsette for drapsforsøk eller drepne dei siste åra, både i Russland og i andre land som Storbritannia, Austerrike og Sverige.[vi]

Millionærnettverk

Sist, men slett ikkje minst er det personleg vinst som ligg til grunn for ønsket om å driva påverknadsarbeid både ute og heime. Avsløringane til mellom andre Aleksej Navalnyj og hans team viser at Vladimir Putin og hans næraste krets er blant dei rikaste mennene i verda. I januar sleppte Navalnyj og teamet ein video[vii] som kort etter lansering blei sett nesten 100 millionar gonger, med inngåande skildringar av Putins palass ved Svartehavskysten. Tidlegare har ikkje Putin og russiske statsmedium teke Navalnyjs namn i sin munn. Men her følte dei behov for å nekta for Putins forhold til eigedomen, og forklarte i staden at eigaren er ein av dei beste venene hans frå barndomen – Arkadij Rotenberg.[viii]

Men forsøket på bortforklaring er heller ei avsløring. Det er nettopp dette nettverket av rike, korrupte menn som legg til rette for store underslag, enorme statlege kontraktar til kvarandre og utveksling av sensitiv informasjon. Dei er rike menn som registrerer eigedom og formue på kvarandre, på ektefellar og barn, i land med betre rettsvesen og bankvesen enn det dei har i eige heimland. «Rike russarar har like mykje finansiell rikdom i utlandet som det heile den russiske befolkninga har i sjølve Russland», heiter det mellom anna i ein rapport frå 2017 med blant andre den kjende økonomen Thomas Piketty som medforfattar.[ix]

Dei involverte er blitt vane med ein svimlande rikdom og luksus og risikerer store straffer om dei nokon gong blir tiltalte. Denne rikdomen står og fell på at nettverket av menneske som er gjensidig avhengige av kvarandre, består. Det er desse tette banda mellom russiske investorar, organisert kriminalitet og det russiske regimet som gjer det så urovekkande for nasjonale tryggingsinteresser med oppkjøp som det av Bergen Engines i januar. Fleire truverdige kjelder viser at midlane som dei to sentrale kjøparane i Transmashholding, Iskander Makhmudov og Andrej Bokharev har, stammar frå grov korrupsjon, internasjonal kriminalitet og mafiaverksemd, i forståing med russiske styresmakter. Denne forståinga medfører utveksling av sensitiv informasjon til andre russiske bedrifter så vel som til den russiske staten, og er ei klar tryggingsutfordring.

Det tok altfor lang tid før den norske regjeringa såg denne problemstillinga, trass i at Noregs eigne trusselvurderingar peiker på nettopp faren ved den tette koplinga mellom politikk og økonomi, statleg og privat sektor, og mellom sivile og militære sfærar i land som Russland og Kina. «Etterretnings- og sikkerhetstjenestenes inngripen i alle sektorer er omfattende»,[x] skriv Etterretningstenesta i den ugraderte tryggleiksvurderinga si, Fokus, frå januar i år.

I tillegg til denne direkte tryggingspolitiske faren er det også eit menneskerettsleg aspekt ved eit slikt kjøp. I kjølvatnet av denne type transaksjonar er det mange skjebnar som ikkje får rettferd i sine respektive rettsvesen. Samstundes går oligarkane fri og investerer midlane i andre land med betre rettsvesen og eigedomsrett. Varslarar og gravejournalistar blir fengsla og forfølgde på ulike måtar. Anti-korrupsjonsaktivisten Aleksej Navalnyj blei forsøkt drepen med nervegift i trusa. Men det er han som no sit fengsla. Skattejuristen Sergej Magnitskij blei drepen i fengsel i 2009 og etterpå dømt for underslag i den same saka som han hadde teke stor risiko for å varsla mot. Oppkjøpet av Bergen Engines er i effekt kvitvasking av skitne pengar i land som Noreg, og bidrar til å oppretthalda eit menneskerettsfiendtleg system.

Mykje står på spel for russisk politisk og økonomisk elite. Terskelen blir då låg for å undergrava demokratiske rettsstatar elles i verda, svartmåla aktivistar i heimlandet og få kritiske røyster til å teia stilt. I kryssinga mellom såra stormakt og personleg rikdom er fleire metodar perfeksjonerte gjennom tiår for å sikra status quo for dei innvigde.

Propaganda og splid

Den norske trusselvurderinga Fokus for 2021 nemner «påvirkning» allereie på ei av dei første sidene. Det er eit reelt trugsmål som allereie har fått konsekvensar både i Noreg og andre land. Påverknad i andre statars politiske avgjerdsprosessar kan gå føre seg gjennom splid over eksisterande skiljelinjer, tvil over grunnleggjande demokratiske institusjonar og verdiar, og innsamling av ulik informasjon til bruk i ulike påverknadsprosessar.

Det smarte med mange av desse metodane er at det er særs vanskeleg å finna konkrete bevis som viser til konkret innverknad. Dei ansvarlege har jo ikkje direkte fått folk til å stemma på den eller den kandidaten, til dømes. Samstundes er også det å peika på at dei har lukkast, i seg sjølv med på å undergrava det samfunnet som er blitt utsett for påverknadsforsøket, institusjonane og dei demokratiske verdiane deira. Skal det så lite til som nokre meldingar på sosiale medium for at ein uerfaren kandidat blir vald i eit tradisjonsrikt demokratisk samfunn som er stolt av analytisk utdanning og kritisk tenking? Og som om ikkje dette var nok: Dersom det finst tilstrekkeleg bevis, og ein finn dei skuldige, smiler dei berre lurt og held fram med aktivitetane sine. Det er nemleg ikkje openbart korleis dei skal straffast, ettersom det er vanskeleg å bevisa at det er ein fiendtleg stat som har drive med organiserte handlingar, og aktiviteten fell mellom dei ulike kategoriane av lovgjeving. Og sist, men ikkje minst, det er ikkje ulovleg verken å lyga, dela feil informasjon eller å vera naglyj, eit russisk adjektiv som er særleg dekkande for ein som er skikkeleg frampå og står på sitt, vel vitande om at alle veit han lyg.

Risikoen er liten og vinsten høg. Det finst alltid nyttige idiotar som er viljuge til å bidra i byte mot merksemd eller pengar. Og eksisterande konfliktar å byggja vidare på finst overalt. Dersom desse metodane ikkje er effektive nok, er andre tilgjengelege verktøy drapsforsøk, kupp eller okkupasjon.

Troll som forvirrar

Dagens internasjonale relasjonar og krigføring beveger seg stadig lenger unna dei konvensjonelle metodane som er regulerte i eksisterande konvensjonar og protokollar. Ulike typar påverknad av interne prosessar i andre land, propaganda, uklare ansvarsforhold, og kamp om verdsopinionen tek over. Hendingane i Ukraina frå 2014 av er tydelege døme på ei slik gråsone. Det blir kalla hybridkrig[xi]. Krigen i Aust-Ukraina held fram. 10 000 menneske er drepne og to millionar på flukt[xii], men Russland nektar framleis for at det er russiske soldatar og materiale til stades. Annekteringa av den ukrainske Krim-halvøya og nedskytinga av Malaysia Airlines-flyet sommaren etter er grove hendingar og brot på folkeretten. Men ansvarsforholda er uklare, og Russland blokkerer løysingar i internasjonale forum. Både offisielle og uoffisielle russiske kjelder lukkast i å skapa forvirring og tvil med stadig ulike versjonar av hendingane i tradisjonelle medium og særleg på sosiale medium. Hovudføremålet er å presentera så mange ulike versjonar og stilla så mange spørsmål ved alle fakta at lesaren går seg vill i kva som er bevist, og kva som er propaganda.

Det skjer framleis grove overgrep på bakken. Samstundes har kampen om verdsopinionen på mange måtar flytta seg over i sosiale medium. Eit klart mål er påverknad av dei politiske avgjerdsprosessane. Omfanget av desse kampanjane på nett er så stort at det er vanskeleg å fatta, og organiseringa likeins. I kjellarar og store kontorbygningar kalla trollfabrikkar sit tusentals menneske med fleire brukarprofilar på ulike sosiale medium, såkalla nett-troll. Dei har som oppgåve å skriva betalte innlegg på ulike sosiale medium. Ifølgje den norske etterretningstenesta si tryggleiksvurdering Fokus 2021 stod russiske trollfabrikkar for innlegg som nådde ut til 126 millionar Facebook-, 20 millionar Instagram-, og 1,4 millionar Twitter‒brukarar for å påverka det amerikanske presidentvalet i 2016.[xiii]

I 2017 avslørte den amerikanske etterretninga eit slikt senter i St. Petersburg, Internet Research Agency (IRA), drive av Putins nære ven Jevgenij Prigozjin.[xiv] I tillegg til å driva slike fabrikkar er han kjend for å senda leigesoldatar til konfliktar i utlandet gjennom det private selskapet sitt Wagner. Han er også Putins kokk. Formuen hans som catering-mogul med leveransar til Kreml er avhengig av at regimet består. Det er ein sterk motivasjon til å bidra til påverknadsarbeid som tener regimet.

 

Det er ikkje ulovleg verken å lyga, dela feil informasjon, skriv Lene Wetteland. Foto: Unspash

Sergej K., eit tidlegare troll som gav intervju til Radio Free Europe[xv], fortel at det var fleire av kollegaene hans som arbeidde i fabrikken fordi dei var overtydde om at mange av problema i verda stammar frå USA. Dei ville rett og slett bidra. Andre visste godt kva dei gjekk til, og ville berre ha ein jobb. Krava var ikkje altfor høge. Løna var ok, i overkant av 500 USD per månad. Det var venta at ein skulle produsera rundt 120 kommentarar i løpet av eit 11 timars skift. Produserte du meir, tente du meir.

Fabrikken var sett saman av fleire avdelingar med rundt femten personar i kvar, med ulike ansvarsområde. Han skulle skriva i kommentarfelta til nettsidene til ulike russiskspråklege mediehus, slik som Radio Free Europe. Dei aller fleste skulle kommentera på russiske nettsider – anten positivt på statlege eller negativt mot uavhengige. Ei stor avdeling hadde engelsktalande troll. Andre skulle laga memes, eller lister over medium som skulle under åtak.

Han var sjølv overraska over kor gjennomført organiseringa var. Det var bunkar med SIM-kort for registrering av profilar, strategisk bruk av falske kontoar og bilete, og diskusjonar mellom troll i kommentarfelta for å gje inntrykk av at dei var ekte. Etter om lag eitt år hadde han fått nok og slutta på fabrikken. Han brukte over 100 ulike profilar i løpet av sin karriere. Det han hugsar aller best, er då han blei kontakta av ei kvinne som skreiv at han brukte Facebook-profilen til søstera hennar, som nett hadde døydd i ei bilulukke. «Karmaen min er øydelagd for tre liv framover», seier han til Radio Free Europe som forklaring på kvifor han vel å trassa teieplikta og fortelja om erfaringane sine.

Sergej K. arbeidde på trollfabrikken i 2018 og 2019, fleire år etter at fabrikkens innverknad i den amerikanske presidentvalkampen var blitt kjend. Tidleg i 2015 infiltrerte journalisten Ljudmila Savtsjuk ein trollfabrikk i St. Petersburg i samarbeid med den uavhengige avisa Novaja Gazeta. Hennar oppgåve var å driva ein blogg om stjerneteikn og romantikk og lura inn kommentarar om politikk innimellom. Først i slutten av februar 2015 kunne ho identifisera ein link mellom arbeidet med bloggen og det russiske regimet. Då opposisjonspolitikar Boris Nemtsov blei skoten på gata, fekk trolla direkte instruksjonar frå sjefane om kva dei skulle skriva. «Trollfabrikken arbeidde i takt med heile det statlege desinformasjons-komplekset. […] IRA, byrået som hadde tåkelagde band til Kreml, måtte i si rekkje tåkeleggje Kreml sine band til eit mord», skriv Peter Pomerantsev i intervjuet med Ljudmila i den nyaste boka si, This is not propaganda[xvi].

Ljudmilla tok store sjansar og lukkast i å få publisert unik informasjon frå fabrikken. Ho blei snart skuffa over oppfølginga. Ho valde å vera open om kva ho hadde gjort. Medan ho fekk mykje interesse internasjonalt, opplevde ho også truslar og trakassering. Det mest sjokkerande var at ingen verka overraska over avsløringane. Få, om nokon, blei straffa, trass i at det i 2018 blei kjent at det var oppretta tusenvis av falske kontoar som heldt fram med den undergravande aktiviteten i USA også etter valet. Over tretti millionar amerikanarar delte dette innhaldet blant vener og familie, skriv Pomerantsev med referanse til eit grundig forskingsprosjekt ved Oxford[xvii].

Splitt og hersk

Det interessante er at sjølv om fleire trollfabrikkar er blitt avslørte og praksisen er vida kjend, held dei fram med arbeidet for å påverka politiske prosessar. Og resultatet blir ikkje mindre effektivt. Mykje av oppskrifta på suksessen ligg i det at dei nører opp under allereie eksisterande konfliktar og skiljelinjer i samfunnet. Då er truverdet, engasjementet og argumenta allereie på plass. Ein treng berre ein hær som er villig til å bruka fleire timar om dagen på nett, med ulike språk, profilar og plattformer, til å skapa ein større brann ut av denne ulmande usemja. Kanskje er verken den eine eller andre sida av konflikten direkte til fordel for russiske interesser. Men når endemålet er å så splid i samfunnet og tvil om demokratiske institusjonar og verdiar, er det berre ein fordel.

Det finst alltid nyttige idiotar som er viljuge til å bidra i byte mot merksemd, skriv Lene Wetteland. Foto: Unspash

Oxford-rapporten som forska på valkampen i USA og tida etter, konkluderte med at åtaka var retta mot generell desinformasjon og polarisering av samfunnet. Særleg vart det lagt vekt på å provosera dei misnøgde stemmene til høgrevridde, våpenelskande Trump-supporterar. Men ein satsa også på å framheva stemmene til svarte borgarrettsaktivistar som åtvara mot å stemma på Trumps motkandidatar, og på latin-amerikanarar som ikkje stolte på institusjonane i det heile.[xviii] USA vil slita med desse konfliktlinjene i lang tid framover.

I Europa blei desinformasjonskampanjar intensiverte i forkant av vala til Europaparlamentet i mai 2018. Her var hovudmålet å undergrava sjølve samhaldet i EU og legitimiteten til parlamentet. Det var nok av tema å ta av: negative konsekvensar av innvandring, islams framvekst, påtvinga toleranse for såkalla utradisjonelle verdiar i tidlegare austblokkland, og så vidare. Ein rapport laga av Europakommisjonen[xix] identifiserte over 400 ulike typar desinformasjon i 2018, og over dobbelt så mange året etter.

Til hausten er det val her i landet. Tryggleiksvurderinga åtvarar om liknande operasjonar her også. Stortinget er blitt hacka to gonger sidan august. Det var like før russiske oligarkar med tette band til det russiske regimet kjøpte ei strategisk viktig norsk verksemd. Det er nok av skiljelinjer å nøra opp under fram mot valet her også. Det kan vera vaksinefordeling som del av den tradisjonelle by-og-land-konflikten, islam og innvandring eller kva for forhold Noreg skal og bør ha til Russland. I den sistnemnde diskusjonen trer det fram endå ein kategori hjelparar i påverknadsarbeidet til det russiske regimet, dei såkalla nyttige idiotane[xx].

Nyttige idiotar

Grunnen til at påverknadskampanjane på sosiale medium er så effektive, er ikkje berre at dei russiske trolla med falske profilar kan delta i dei eksisterande konfliktane. Det hjelper også at borgarar i dei aktuelle landa gjer det med reelle profilar og i prosessen forsvarar Russland eller russiske interesser. Etterretningstenestene i alle land opererer med ulike typar ressursar, assets, avhengig av personens motivasjon og etterretningstenesta si interesse for dei. Det er agentar og konfidensielle kontaktar som anten er trua eller betalte til å dela særleg interessant informasjon. Men det er også såkalla nyttige idiotar som bidrar til å polarisera debatt, trakassera meiningsmotstandarar og forsvara eit russisk verdisyn. Nokre av dei tek imot midlar frå russisk side. Andre er genuint begeistra for den russiske modellen. Atter andre får sårt etterlengta publisitet og merksemd i russiskstøtta medium, mens dei kan klaga over å bli truga til tausheit og bli utestengde av ålmenta i heimlandet grunna standpunkta sine.

Ei målgruppe for slik aktivitet er norske lesarar som kan tenkast å la seg påverka av dei mange ulike versjonane til å gløyma kva som er sanning og ikkje. Ei anna målgruppe er dei lokale innbyggjarane som er utsette for stadig propaganda om at dei likså godt kan innfinna seg med situasjonen, det er ingen som bryr seg om deira situasjon. Til dømes kan ein nyttig idiot vera ein marginal norsk lokalpolitikar som skriv reisebrev frå okkuperte Krim i norske aviser for å forvirra lesarane om kva som eigentleg skjedde der, og korleis forholda er. Samstundes får vedkomande brei omtale som medlem av ein norsk offentleg delegasjon i russiskspråklege medium. Slik bidrar vedkomande til påverknadskampanjen som framstiller det som om norske styresmakter aksepterer russisk kontroll over områda.[xxi]

Det kan også vera norske akademikarar som skriv kronikkar i russiske statlege medium der dei rosar Putin og fordømmer Vesten. Vidare framstiller dei legitim norsk debatt om til dømes avklaring av roller som forsøk på å få dei til å teia eller mista jobben. Det kan vera andre som deltek i debatt på sosiale medium med utstrekt bruk av stråmenn for å polarisera tonen. Andre stiller usaklege spørsmål for å få mindre tid til det eigentlege temaet på opne arrangement. Slik er dei med på å nytta seg av den frie debatten som demokratiske samfunn lik Noreg legg opp til, samstundes som dei kritiserer den same debatten og samfunnet.

Det dei ikkje seier, eller ser, er at deltaking i ein tilsvarande debatt i Russland kunne ført til arrestasjon, bøter, svartmåling, skot i ryggen eller nervegift i trusa. Og viss nokon peiker på paradoksa i utspela deira, tyr dei til endå ein utbreidd metode: «whatabout-ismar». Kva med Saudi-Arabia? Kva med USA og Guantanamo? Kva med NATOs overgrep? Alle er for så vidt viktige og interessante tema for diskusjon, men ikkje når temaet for dagens debatt er forsamlingsfridom i Russland.

Overfloda av informasjon krev meir av lesarane. Mange av oss er ikkje medvitne om dei informasjonsboblene me lever i, eller kor mange spor me legg etter oss på sosiale medium og internett. Me kan ikkje førestilla oss kor kynisk slik informasjon kan bli brukt. Me kan heller ikkje førestilla oss omfanget av påverknadskampanjar for ulike føremål. Me byrjar tvila på etablerte sanningar, grunnleggjande verdiar, og om det er nokon vits i det heile. Men det går an å bli meir medviten om eigen og andres aktivitet på nett. Nokre fakta er framleis fakta. Og det nyttar å gjera noko. Me vil ikkje la satire-profilen Darth Putin på Twitter få rett: «Diktatorar driv ikkje med propaganda for å få deg til å tru på noko. Vi gjer det for å få deg til å ikkje tru på noko som helst. Og endå viktigare: til å ikkje gjera noko.»[xxii]

 

Utdraget frå boka Compatriots og sitat frå Twitter er omsette til norsk av redaksjonen.

 

 

[i] Pomerantsev, Peter. «Nothing is true and everything is possible. Adventures in modern Russia.» Faber & Faber (September 21, 2017)

[ii] Komitet Gosudarstvennoj Besopasnosti, Komiteen for statleg tryggleik

[iii] Federal’naja Sluzjba Bezopasnosti, Føderal tryggleiksteneste

[iv] Personar med bakgrunn frå tryggingstenesta og det militære

[v] Soldatov, Andrei, Borogan, Irina. The Compatriots: the brutal and chaotic history of Russia’s exiles, emigrés, and agents abroad. New York, Public Affairs, 2019.

[vi] Sjå til dømes undersøkingar frå Bellingcat om kven som stod bak ikkje berre drapsforsøket på Navalnyj, men også andre aktivistar: https://www.bellingcat.com/news/uk-and-europe/2021/01/27/navalny-poison-squad-implicated-in-murders-of-three-russian-activists/. Eller TV 2 om rekkja av drap og drapsforsøk på eksil-tsjetsjenarar i Europa: https://www.tv2.no/a/11249686/

[vii] Putin’s Palace: Video med engelsk tekst tilgjengeleg her: https://www.youtube.com/watch?v=ipAnwilMncI

[viii] Sjå til dømes dei russiske gravejournalistane i Proekt.media: https://www.proekt.media/guide/arkadiy-rotenberg-krym/

[ix] Report: Russian Offshore Wealth Likely Equal To Country's Entire Household Wealth (rferl.org)

[x] Etterretningstenesta si ugraderte trusselvurdering Fokus 2021, s. 16. Henta på: https://www.forsvaret.no/aktuelt-og-presse/publikasjoner/fokus/rapporter/Fokus2021-web.pdf/_/attachment/inline/b9d52b53-0abe-4d1c-9c51-bf95796560bf:8dd66029b7efb38aab37d13e8b387d2e6ed0bd05/Fokus2021-web.pdf

[xi] Sjå til dømes: http://www.nupi.no/Skole/HHD-Artikler/2016/Hybrid-krigfoering-hva-er-det

[xii] Sjå til dømes: https://www.crisisgroup.org/europe-central-asia/eastern-europe/ukraine

[xiii] Fokus 2021, s 24.

[xiv] Inside the “Propaganda Kitchen” – a former Russian Troll Factory Employee speaks out: https://www.rferl.org/a/russian-troll-factory-hacking/31076160.html

[xv] "Наша норма – 120 комментов в день". Жизнь кремлевского тролля: https://www.svoboda.org/a/31065181.html

[xvi] Pomerantsev, Peter, “This is Not Propaganda” (London, Faber & Faber, 2019.)

[xvii] Howard, Philip, Bharath Ganesh et al, “The IRA, Social Media and political polarization in the United States, 2012-2018” https://digitalcommons.unl.edu/senatedocs/1/

[xviii] Ibid.

[xix] Joint Communication to The European Parliament, The European Council, The Council, The European Economic and Social Committee and The Committee of the Regions: Report on the Implementation of the Action Plan Against Disinformation. Brussels, 14.6.2019: https://eeas.europa.eu/sites/default/files/joint_report_on_disinformation.pdf

[xx] Ifølgje Wikipedia er ein nyttig idiot nokon som blir oppfatta som manipulert av ei politisk rørsle eller anna maktgruppe til, utan sjølv å forstå det, å gå deira ærend. Mange seier Vladimir Lenin nytta uttrykket først om Sovjetunionens støttespelarar i Vesten, men der er det framleis heftig debatt. https://no.wikipedia.org/wiki/Nyttig_idiot#:~:text=I%20Norge%20blir%20begrepet%20brukt,nyttige%20idioter%20for%20jurist%2Dstanden.

[xxi] Sjå til dømes gravesak i Vårt Land mars 2021: Norsk politiker gjør omstridte reiser for Russlands sak – Vårt Land - Norges største kristne dagsavis (vl.no)

[xxii] Twitter satire-profil @darthputinkgb: https://twitter.com/DarthPutinKGB/status/1197885617218215943