Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Det vi ikkje snakkar om

I ei tid som feirar tabubrot, er det eigentlege tabuet kanskje å hevde at tabu kan vere bra for oss.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

I dag er vi alle opne, opplyste og tolerante. Brot med tidlegare tiders konvensjonar og skamkjensle blir feira med hjarte og likes i sosiale medium.

Det eigentlege tabuet blir kanskje å insistere på at eit tabu også kan vere av det gode?

Thomas Hylland Eriksen, som er professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo, påpeikar i eit intervju i denne utgåva av Syn og Segn at det er gode grunnar til at ein som samfunn opererer med tabu. Hos Sigmund Freud er tabuet det som siviliserer mennesket og tek det vekk frå den dyriske naturen. I boka Totem og tabu framhevar han fadermordet og incest som tabu. Og dei fleste av oss er einige om at dette er tabu det er god grunn til å halde fast på.

For dei aller fleste av oss er også det å vere rasist, fascist, antisemitt eller nazist tabu. Vi ser ingen grunn til at det skal vere sosialt akseptert. Det siste året har eg arbeidd med ei bok om høgreekstremisme. Eg har brukt mykje tid med folk som kan skildrast med både ein og fleire av desse merkelappane. Mange av dei har omtrent same tabu som oss. Eg har snakka med folk som uttrykker soleklart rasistiske synspunkt, men som vegrar seg mot å bli kalla rasist. Eg har også møtt personar med politiske synspunkt som ligg så tett opp til nasjonalsosialismen at ein må ha spesiell interesse for politisk idéhistorie for å få auge på forskjellane. Men også dei uttrykte forakt for militærboots og snauskallekultur hos dei som sjølv omtalar seg som nazistar. Dei blir like dødeleg fornærma som alle andre om nokon skulle finne på å kalle dei rasist, fascist, antisemitt eller nazist.

Samfunnsforskarar ser aukande framandfrykt og rasisme som ein reaksjon på usikre tider og eskalerande sosiale forskjellar.

Filosofen Theodor Adorno skildra tilhengarane av slike idear som personar med ein autoritær karakter. Dette er personar som er konvensjonelle, lite fleksible, overkontrollerte og upersonlege. I tillegg er den autoritære karakteren utprega hierarkisk. Han bøllar med dei han meiner å ha under seg, og kryp for dei han oppfattar står over han. Ideen er vidareutvikla av samfunnsvitaren Karen Stenner. Ho skildrar hangen til det autoritære som ein psykologisk disposisjon. Han kan bli trigga av politisk uro og store omveltingar.

Innanfor desse forklåringsmodellane blir den høgreradikale eit slags offer for samfunnet, eigen personlegdom eller begge delar. Men det er litt vanskeleg å sjå filosofen Martin Heidegger i det lyset. Heidegger er ein del av den vestlege filosofiske kanon. Han er eit obligatorisk namn for alle som skal ta ex.phil. på universitetet. Og han var nazist.

Filosofen og forleggjaren Lars Holm-Hansen er for tida i gang med å omsetje Heideggers svarte hefte til norsk. Desse hefta vart skrivne i åra 1931–1959, men vart først publiserte i 2014, etter Heideggers eige ønske. I dei svarte hefta trer Heideggers nazisme og den sterke antisemittismen hans svært tydeleg fram. Holm-Hansen fortel i artikkelen sin kva det er som gjer at han vil publisere hefta.

Dei tabubrota som får hjarte og likes på sosiale medium, er av eit anna slag. Mange handlar om at den eines tabu er nokon andre sin fridom. Det er denne forståinga av tabu som er bakgrunnen for å intervjue Geir Hagland her i Syn og Segn. Han var den første opne homofile på Helgeland, og ein av dei mange pionerane som var med på å gjere homofile til ein synleg del av den norske kvardagen.

Andre tabubrot handlar om å plassere skuld og ansvar. Heiarop frå sidelinja er med på å frigjere den som har vore offer for handlingar som ikkje er sosialt akseptable, frå den skamma dei sjølv føler på grunn av det dei har blitt utsette for. Dette er ein premiss for metoo-kampanjen. I spalta Nett no skriv Olaug Nilssen om metoo i norsk forlagsbransje.

Eg er ny som redaktør i Syn og Segn. Dagen før eg fekk vite at eg hadde fått jobben, sykla eg i full fart nedover ein bakke. Det enda med eit brak. Eg flaug over styret og landa i asfalten med hovudet først. Etterpå børsta eg støvet av jakka og hasta vidare. Det viste seg å vere det dummaste eg kunne ha gjort akkurat då.

Krasjet hadde gitt meg hjerneristing. Det at eg ikkje stoppa opp, gjorde at han utvikla seg til å bli av det vondarta slaget. Så der sat eg, med ein spennande jobb og eit hovud som slett ikkje fungerte. Difor: Syn og Segn er framleis i ferd med å finne ei ny form. Det blir ingen revolusjon i nummer 1/2021, men det vil bli evolusjon gjennom året.

Kvifor fortel eg så detaljert om eige hovud? Truleg handlar det om eit særnorsk tabu. Den tyske journalisten Alva Gehrmann, som har budd i Noreg i fem år, set ord på det i essayet ho har skrive for Syn og Segn. Gehrmann skriv at det som synest å vere det mest uglesette av alt her i landet, er å sitte inne og å ikkje gjere noko. Tittelen på artikkelen er «Stillstand forbode». Eg satsar på å gjere det til motto for Syn og Segn.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør for Syn og Segn

Artikkelen var på trykk i Syn og Segn 1/2021

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar