Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Difor boikottar vi Litteraturfestivalen

– Om festivalen inviterer meg til å delta i eit program utan russarar stiller eg gjerne opp, seier Ljuba Jakimtsjuk.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

Ljuba Jakimtsjuk er poet og dramatikar og ein av fleire ukrainske forfattarar som ifølgje avisa Klassekampen takka nei til å delta på Litteraturfestivalen på Lillehammer i protest mot programmet. I den nyaste utgåva av Syn og Segn skriv Jakimtsjuk om sin eigen flukt frå Kyiv etter at krigen starta, og her forklarer Jakimtsjuk kvifor ho ikkje ville delta på festivalen på Lillehammer.

Kvifor sa du nei til Litteraturfestivalen?

– Kultur er ei mjuk form for makt som er viktig i sosio-politiske prosessar. I russisk kultur blir Russland forstått som ein stat utan grenser. Nyleg uttalte ein representant russiske myndigheiter at Asia får frå Vladivostok til Lisboa. Innanfor denne imperialistiske tankegangen finst ingen plass for Europa. Den polske forfattaren Adam Mickiewicz skildra dette trekket i den russiske kulturen i sine føredrag om slavisk litteratur i Paris. Diverre held den moderne russiske kulturen fram i denne klassiske imperialist-tradisjonen.

– Og difor er det uaktuelt å delta på ein festival med russarar på programmet?

– Vi er ikkje interesserte i å slost for fridomen vår, mot russarane, på denne festivalen. Vi fortener å ha ei røyst utanfor den imperialistiske russiske konteksten. Om festvalen inviterer meg til å delta i eit program utan russarar stiller eg gjerne opp. Dette handlar ikkje om å rive over kulturelle band. Vi vil ta eit steg ut av den russiske konteksten.

Er det eit prinsipp for deg å ikkje delta på festival og arrangement der russiske forfattarar deltek?

– Å vere tilstades på ein festival saman med russarar er å stø opp om stemmene deira. Eit av arrangementa på Norsk Litteraturfestival har tittelen «Russland og nabolandene – en statusrapport». Her er ein russar invitert til å snakke, og ingen frå dei unemnde nabolanda. Dette er ei klassisk imperialistisk tilnærming. Kira Jarmysj er pressetalskvinne for Alexei Navlany, som i strid med internasjonal lov stør opp om annekteringa av Krim. Jarmysj hjelper han med det. Sjølv om ein er imot Putin, er det ikkje dermed sagt at ein også er anti-imperialist eller at ein ikkje har ei sjåvinistisk innstilling til ukrainarar. Det var imperialistar og sjåvinistar som gjorde den russiske invasjonen i Ukraina mogleg. Som ein kontrast til dette byd festivalen på programpunktet «Litteratur frå Ukraina». Ùkrainarar blir ikkje behandla som subjekt, men som objekt, som Russlands hygglege naboland. 

– Er det eit prinsipp for deg å ikkje delta på festival og arrangement der russiske forfattarar  deltek?

– Eg vil kunne vurdere å delta på ein festival saman med uskuldige russarar etter at ein internasjonal krigsforbrytardomstol har stilt dei russarane som er ansvarlege for krigen mot Ukraina for retten, dette vil måtte inkludere dei såkalla opposisjonelle som stør opp om den russiske ekspansjonspolitikken på Krim. No har eg ikkje lyst til å hjelpe til med å spreie dei imperialistiske narrativa om Russland i verda. Ein gjer politikarar som Navalny og hans like til nye Putin-ar. Russisk kultur er ei mjuk form for makt som tener akkurat dette føremålet. Og dei det går ut over er sivile ukrainarar. Dei blir myrda, valdteke, såra og gjort til flyktningar. Byane våre blir øydelagt og plyndra.

Spelar det ein rolle for deg om dei russiske forfattarane er imot krigen eller ikkje?

– Det som betyr noko er om russarane vil at Ukraina skal vinne krigen og om dei vil gi tilbake ukrainsk territorium til ukrainarar. Alle desse erklæringane om fred og venskap er falsk humanisme. Eg har ikkje tid eller lyst til å vere med på eit slikt spel i ei tid der ukrainske borgarar, også folk eg kjenner og bryr meg om, døyr kvar einaste dag.

– Korleis skal du arbeide for å spreie kunnskap om krigen framover?

– Eg er klar til å stille på alle festivalar som ikkje spreier russiske narrativ på eit tidspunkt der ukrainarar døyr som følgje av desse mytane.

– Kvar er du no og kva planar har du framover?  

– No er eg i Wien. Eg kom nett hit frå Kyiv, der eg ikkje har vore sidan slutten av mars. Eg og sonen min reiste frå Ukraina medan det regna rakettar over landet. På den tida var det harde kampar ved Kyiv. No har alle fått vite om folkemordet på ukrainarar i Butsja og Irpin, som ligg 25 kilometer frå huset vårt. Eg var i Kyiv for å besøke mannen min. No er eg i gang med ein litteraturturné. Sist helg var eg på bokmessa i Warzawa, no skal eg reise til Zagreb, Praha, Salzburg, Berlin og Lisboa. 

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar