Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Under arbeid: Martin Ingebrigtsen

Boka startar med eit dikt eg skreiv då eg fekk vite at far min var død, fortel Martin Ingebrigtsen. I vår gir han ut diktsamlinga Bukk & Sigd. Her fortel han om arbeidet med diktsamlinga.


Av Astrid S. Dypvik

Syn og Segns lesarar kjenner han som sjefen for denne spalta. Men Martin Ingebrigtsen er også poet. I vår gir han ut si andre diktsamling, trøst. menneske. Martin bur i Trondheim, ein by som definitivt set sitt preg både på poeten og på poesien hans. Vi møter landemerke som Nidarosdomen og Jonsvatnet, men også bydelar som Othilienborg, Nardo og Risvollan.

– Natt til 19.08.20. er opningsdiktet i den nye samlinga di?

– Boka startar med eit dikt eg skreiv då eg fekk vite at far min var død. Eg hadde ikkje noko forhold til han. Poesi er måten eg uttrykker meg på, så dei kjenslene som då melder seg, kjem gjerne ut som dikt. Det andre diktet – og det tredje, for den saks skuld – handlar også om døden. Som eit fundamentalt vilkår, men også som ei avgrensing som det er mogleg å bryte ut av. Eg skriv mykje om spøkelse og gudar, fordi dei har evna til å krysse den grensa. Når ein skal sjonglere med sånne tankar, så verka det fornuftig å starte med det diktet som skildrar den praktiske, private sorga. Den som ikkje leier ut i fantastiske og fabulerande funderingar, men som berre er.

– I denne samlinga handlar det mykje om å skrive. Kan du fortelje om korleis du har jobba med teksten?

– Då snakkar vi om det tredje diktet, som er åtti sider langt og heiter poetikk. Ein stor del av det diktet skildrar prosessen med eitt einskilt dikt; eg syner fram skisser og kommenterer. Som regel mislikar eg dikt som handlar om å skrive dikt. Det kan godt hende eg endar med å mislike dette også. Eg skal ikkje kokettere med at eg skreiv det motvillig, men eg har hatt ein viss skepsis undervegs. Det begynte som eit dikt om Andrej Tarkovskij, eg såg nesten alle filmane hans om igjen under pandemien. Eg berre ville skrive noko om han. Og frå det utvikla det seg til eit dikt om masse ting eg har lese og forhalde meg til, ikkje berre under pandemien, men sånn generelt. Litt etter innfallsmetoden. Og på eit eller anna tidspunkt så vart det riktig og viktig å gå frå det til å snakke om det å skrive dikt. Og når eg først skulle skrive om det, så ville eg skrive om praksisen i det. Og fordi det å skrive dikt er ein måte å leve på, så begynte også dette diktet på eit eller anna tidspunkt også å handle om døden.

– Korleis kjenner du på deg at diktet har funne si endelege form?

– Dikt blir aldri ferdige, men når diktet kastar av seg energi som (forhåpentlegvis) er større enn summen av bilda som samhandlar i det, og heile greia ligg godt i kjeften når eg les det opp, så set eg strek. Eg må alltid lese det for publikum for å vere sikker. Eg hadde faktisk ei greie i går der eg las opp heile boka for eit lite publikum (2,5 time opplesing!). Og då kunne eg konkludere med at ho er nesten ferdig, men ikkje så ferdig som eg skulle ønske. Det er siste delen av boka som ikkje er i mål. Eg trudde han var det, men han er ikkje det, og eg veit ikkje kvifor. Det var ei kjensle som festa seg mens eg las teksten høgt for folk, og som er 100 prosent rett. Så no må eg inn og finne ut av det. 

Martin Ingebrigtsen (f. 1984) er poet og forlagsredaktør og er busett i Trondheim. Les diktet natt til 19.08.20 her.

Foto: William Howe

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar