Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Under arbeid med Kaisa Aglen

Og slik gjekk det til då Kaisa Aglen jobba med Eit større regn.

Tekst: Martin Ingebrigtsen

Kaisa Aglen sin poesi er avmålt, grundig og lågmælt. I dette diktet er borna dei som reddar seg sjølv, og dermed kanskje også dei vaksne. Men det er noko som truar, eit fråvær av lys. Kven er det som står og ser ut av vindauget, mot barnet på plassen, og tenkjer dette? Diktet handlar ikkje om relasjonen mellom dei to, men baserer seg på ein kanskje heilt dagleg og enkel tanke, ei uro ein kan kjenne om ein så er familie, nabo eller framand. Poeten gjer det enkelt for oss å trå inn i scenen og tenke tanken: Desse små som skal springe frå oss, er vi gode nok til å klargjere vegen?    

Hugsar du når og korleis du fekk ideen til diktet?

Det var for nokre år sidan, eg var på kafé etter å ha vore på biblioteket og sanka ein god bunke diktbøker. Eg hadde ingen konkret idé, men gjorde lause skisser til diktmanus som eg nesten visste kvar skulle. 

Korleis har du jobba med det?

Dette er eit av dei sjeldne dikta som «kom» i sin heilskap. Vanlegvis har eg veldig mange rundar med veldig ulike utkast, men her har eg berre fjerna litt frå førsteskissa og deretter teke ein runde til med innstramming. 

Er diktet ferdig?

Eg reknar det som ferdig. Eg brukar gjere det når flyten i teksta kjennest rett, og vidare redigering gjer diktet dårlegare. 

Martin Ingebrigtsen (f. 1984) er poet og forlagsredaktør og er busett i Trondheim. Her kan du lese Kaisa Aglens dikt Eit større regn.

Foto: Det Norske Samlaget

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar