Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Syn og Segn til ditt bibliotek

Kulturrådet har oppretta ei ny ordning for innkjøp og formidling av kulturtidsskrift i bibliotek.

Vi vil gjerne at de skal bli kjent med tidsskriftet vårt.

Syn og Segn er eit ålmennkulturelt tidsskrift som trykker artiklar om aktuelle saker frå samfunn, politikk og kultur. Dei siste utgåvene har tatt opp tema som konflikten mellom by og land, rasisme og kolonialhistorie, Russland og Ukraina og identitet og kulturelt mangfald.

Syn og Segn bidreg til ein opplyst samfunnsdebatt. Både for demokratiet vårt og for ytringsfridomen er det viktig med arenaer der det er rom for refleksjon og lange tankar. Vi er ei motvekt til oppjaga tempo og polarisering.

Syn og Segn trykker artiklar av landets beste skribentar, som til dømes forfattarane Olaug Nilssen, Frode Grytten og Ole Robert Sunde, litteraturkritikaren Eivind Myklebust som også skriv fast for Klassekampen og Sigri Sandberg, som er  kjent som friluftslivspaltist i A-magasinet til Aftenposten.

Syn og Segn synest nynorsk er fint i dikt og trykker eit nyskrive poesi i kvar utgåve. Diktet som gav tittel til haustens mest omtalte diktsamling; Kvit norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn vart første gong publisert i Syn og Segn.

Syn og Segn legg stor vekt på formidling. Mange av skribentane våre er gode føredragshaldarar og stiller gjerne opp i debattar og samtalar. Vi har eigne nettsider, er aktiv i sosiale medium og lagar også podcast.

Syn og Segn legg vekt på kvalitet og på godt språk. Artiklane våre står seg godt over tid. Fleire av tekstene frå Syn og Segn står på pensumlister på norske universitet og høgskular.

Syn og Seg vart starta i 1894 av Arne Garborg og Rasmus Flo og Syn blir gitt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Vi kjem med fire utgåver i året og er det einaste tidsskriftet på nynorsk som er retta mot eit ålment publikum.

Astrid Sverresdotter Dypvik, som er forfattar og historikar, er redaktør for Syn og Segn.

Innkjøpsordninga for Kulturtidsskrift er administrert av Tekstallmenningen og bestillingar blir gjort gjennom nettsida deira.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar