Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Bente Riise

Les meir






Redaksjonsråd
Solveig Brandal
Ola E. Bø
Trond Idås
Sverre Tusvik
Ola Mestad
Aud Søyland
Liv Tørres
Nina Teigland

Syn og Segn 4/11 ute no: Himmelstormaren Yoko Ono møter unemnelege redslar
24.11.11


– Eg hamna i ein posisjon der eg kunne vere ei bru mellom så mange, mange ting, seier Yoko Ono. Les heile det ærlege og vakre intervjuet Bjørn Hatterud gjorde etter eit møte med kunstnaren på Island i det ferske nummeret av Syn og Segn.

Steve Sem-Sandberg skriv om den estetiske unntakstilstanden kring vitneslitteraturen, og tek til orde for at dei unemnelege redslane må tåle å bli skildra i skjønnlitteraturen, medan Øyvind Glosvik skriv om kva vi kan lære av organisasjonsteorien til Roald Amundsen.

I det nye nummeret av Syn og Segn kan du òg lese Einar Askestad om det spennande kjærleikslivet til Fernando Pessoa, og Tormod E. Eitrheim skriv om den planlagde monstervegen over Hardangervidda.
Les meir


Julegåvetilbod frå Syn og Segn
16.11.11

Har du nokon du ikkje veit kva du skal gje til jul i år? Svaret er eit gåveabonnement på Syn og Segn. Abonnementet gir også medlemskap i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og rabatt på alle bøker frå forlaget!


Les meir


Bente Riise tildelt Nynorsk redaktørpris for 2011
24.10.11


Bente Riise, redaktør for tidsskriftet Syn og Segn, er tildelt Nynorsk redaktørpris for 2011.

– Riise gjer eit framifrå arbeid for tidsskriftet og for nynorsk mediespråk. Det betyr mykje at tradisjonsrike publikasjonar som Syn og Segn når stadig vidare ut og rekrutterer nye skribentar, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.
Les meir


Syn og Segn 3/11 ute no: Ny nasjonal krigspolitikk og ubetinga kjærleik til Monaco
20.09.11



Krigen i Afghanistan er tapt, skriv Bård Vegar Solhjell. I det ferske nummeret av Syn og Segn føreslår han ein ny doktrine for å avgjere om og når Noreg bør gå med i krig.

Øyvind Strømmen skriv om den veksande høgreekstreme radikaliseringa på nettet, og Bjørn Hatterud skriv om korleis det er å elske Monaco, og om skamma som følgjer med.

Det nye nummeret av Syn og Segn inneheld også ein vakker fotoserie av Eivind H. Natvig som tek bilete av dei små tinga i kvardagen og Anna Kleiva har skrive eit gripande og personleg intervju av Eldrid Lunden.
Les meir


Syn og Segn 2/11 er ute: Vestlandet blånar




Frukttrea blømer i Hardanger, men politisk blånar det på vestlandet. Bjørn H. Amland skriv om opprørsvilje mot monstermaster og detaljstyring frå Oslo. Håvard Bjelland har laga ein sterk fotodokumentar om norske soldatar i Afghanistan, og Trond Idås skriv om journalistar som får helseproblem etter tøffe oppdrag. Det nye nummeret av Syn og Segn har også ei novelle av Gyrðir Elíasson, nyleg vinnar av Nordisk råds litteraturpris.




Les meir


Nytt nummer ute no. Syn og Segn 1/11




Når olja tek slutt, må vi setje vår lit til fiskeriet. Dei neste femti åra kjem Noreg til å måtte gå gjennom store forandringar. Det treng ikkje nødvendigvis bli vakkert, skriv Gunnar Grytås. Magnhild Folkvord skriv om kvinnelege straffangar under andre verdskrigen og Helge Torvund forklarar påverknaden Mindfulness har hatt på vestleg poesi og psykologi.







Les meir


Syn og Segn 4/10


I 1960 vann Abebe Bikila OL-gull i Roma som den første afrikanaren i verda. Sigeren var eit viktig symbol for heile verda, skriv Svein Sæter. Her heime piner stadig fleire norske menn og kvinner seg opp bratte bakkar og gjennom maratonløp? Dette skriv Øystein Orten og Erika Fatland om i Syn og Segn nr. 4.

Les meir


Syn og Segn kåra til årets nordiske tidsskrift!

Syn og Segn er kåra til Nordisk tidsskrift 2010 av ein uavhengig nordisk fagjury. Prisen vart delt ut på bokmessa i Helsingfors 29. oktober. Hurra! Hurra! Hurra!

Dermed er det ein norsk vinnar i denne tevlinga for andre år på rad. Bli abonnent og få årets mest prisvinnande tidsskrift direkte i postkassen!

Les meir


Lyntog i Noreg – berre ein draum? - Syn og Segn 3/10






Les artikkelen til Jørg Westermann som tar tak i debatten om grunnlaget for lyntog i Noreg, og stiller jernbaneverket til ansvar. Arnhild Skre Hulda Garborgs biograf skriv om korleis ekteparet Garborg skapte Hulda sitt liv om til litteratur. Syn og Segn redaksjonen har samla ein del av våre beste humoristar og forfattarar for å svare kort og underhaldande om det finst ein eigen vestlandsk humor.

Les meir


I Putins bilete - Syn og Segn 2/10






Salet av Orkla Media skapte store bølgjer i 2006. Styreleiar Stein Erik Hagen svikta då det gjaldt som mest, og konsernsjef Dag J. Opedal pressa gjennom salet til Mecom. I ettertid er fleire aviser blitt tappa for eigenkapital og ressursar, skriv Kjetil Haanes Syn og Segn nr. 2





Les meir


Fleire artiklar i arkivet
03.03.11 - Nytt nummer ute no. Syn og Segn 1/11
11.11.10 - Syn og Segn 4/10
29.10.10 - Syn og Segn kåra til årets nordiske tidsskrift!
13.09.10 - Lyntog i Noreg – berre ein draum? - Syn og Segn 3/10
25.05.10 - I Putins bilete - Syn og Segn 2/10
25.05.10 - Frå blogg til fengsel - kreative utvegar i Russland og Kaukasus
26.03.10 - Heilt heim - Syn og Segn 1/10
25.03.10 - Moderne liv på bygda - Syn og Segn 4/09
24.03.10 - Fascismen veks i Europa - Syn og Segn 3/09
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07